Nordplan stemnet

Postet av Førde IL - Symjing den 23. Jan 2017

Siste stemnet i heile Norge før påmeldingsfristen til LÅMØ går ut, vart avvikla i Førde mandag kveld. Det var berre LÅMØ øvelser, og det vart gjort heilt enkelt. 4 baner og manuell tidtaking. Dommerne fekk ein siste gjennomgang før LÅMØ.

Det var også idag satt fleire nye perser, selv om flerie av utøverane var på stemne igår, så forebedra dei seg meir. Vi fekk også enda ein utøver klar for LÅMØ.

Det var nesten berre Førde symjarar, men også Sivert Verhage fra Florø og Natalie Kristine Skau fra Lørenskog/Rælingen. Sivert satser ikkje mot LÅMØ, men det gjer Natalie. Ho mangla ein øvelse for å kunne være med på LÅMØ Øst, så ho tok like godt turen over fjellet, berre for å svømme 100 butterfly. Det er utrulig kult at noken gjer det. Og no kan ho glede seg til å være med på LÅMØ.

Resultater Nordplanstemnet 230117.pdf



LÅMØ kvalifisering i Bergen.

Postet av Førde IL - Symjing den 22. Jan 2017

Stine Myrland (under)var den einaste jenta fra FIL Symjing som var med på LÅMØ kvalikk i Bergen. Ho klarte å kvalifisere seg til LÅMØ, og blir med det, einaste jenta fra klubben. Fil symjing har veldig få jenter, så det er utrolig gøy at ho gjer det så bra. Stine satte mange presonlige rekorder i Bergen, og ho er på rekordjakt i forhold til LÅMØ rekordene til FIL Symjing. Stine skal no fokusere alt inn mot LÅMØ. Vi kan sjå av tidene til Stine, at ho ofte avslutter sterkt på siste 50, så med litt løpsopplegg trening og stemne erfaring, så klarer ho nok også å svømme enda litt fortere.

Henrik Stubhaug (under) hadde også eit veldig godt stemne. Han låg litt utsatt til i gruppa si i forhold til LÅMØ kvalikk, men med helgas imponerende svømming, så er han også klar for LÅMØ. På 200 bryst, så svømte han også inn til 2:51:30, ei så god tid at han klarte kvalifiserings kravet til Nordsjøstemnet i November. Henrik snuser også på LÅMØ rekorden i 14 års klassen på denne øvelsen.

Totalt var det 9 symjarar frå Førde i Bergen. Alle hadde store rekordforbedringer, og nokre debuterte også på fleire av øvelsane. Mykje spenning var knytt til 04 klassen, der det er uhyre tett blandt dei 24 som får være med til LÅMØ. Det har vert ei veldig god helg for Førde symjarane, Så dei har ihvertfall ikkje svekka sjangsane sine. Dei yngre symjarane tok mange sjumils svømmetak i helga, og fekk registrert nye tider på øvelser dei ikkje hadde svømt før, og noen forbedra også gamle tider.

Elisabeth var med som lagleiar, og ho seie at ho aldri har vert med på liknande på noke stemne før. Ho er meget stolt over symjarane, og deiras prestasjoner. Ikkje berre tidene som blir oppnådd, men også at mange som har slitt litt med enkelte øvelser, no ser ut til å ha knekt koden. Dette gir motivasjon til videre innsats, og mykje moro langt inn i framtiden.



Treningsleir i Årdal

Postet av Førde IL - Symjing den 22. Jan 2017

Denne gjengen var på treningsleir i Årdal i regi av Sogn og Fjordane symjekrins. Fra Førde var Ingrid, Reinert, Maren og Mardon representert.

Symjarane har hatt ein god helg med masse innputt og hard trening, både i vann og på land. Dei har kvar, svømt ca 18.000 meter i helga. Tilbakemeldingane var svært gode, og symjarane likte opplegget og bassenget. Her vil dei gjerne tilbake, og dei håper at klubben i Årdal vil arrangere eit symjestemne.

Trenarane denne helga var (bak til høyre) Sander Smørdal og Alexander Mokkelbost. To trenere som har vert mange ganger på treningsleir med symjarar fra krinsen.

No er det berre tre veker til LÅMØ, så no er det full sjerpings og bare svømming som gjelder fram til 10-12 Februar.



Trøndersvøm 2017

Postet av Førde IL - Symjing den 15. Jan 2017

Trøndersvøm 2017 gjekk av stabelen i helga. Førde IL Symjing med Reinert S. Erland på startstreken var kvalifisert og påmeldt til 7 øvelser. Han endte opp med 9 personlige rekorder.

400 Fri, åpna stemnet på fredagen, og han satte like godt pers både på 200 og 400 fri underveis. Heile heatet var omtrent samla ved 200 passering, men etter det, så skilte det seg ut ein firer bande i tet. Reinert låg sist av dei fire heilt til det gjenstod 50 meter. Då hadde han så mykje krutt til overs, at han avslutta siste 50 med ein 37 runde etter å ha svømt jevne 41 runder, så han tok like greit heat seieren. Det var utrulig gøy å følge. Slutt tida blei 5:22:07, som er pers med nesten 9 sekund.

Dei andre øvelsane, så forbedra han seg litt, og var generelt fornøyd med gennomførelsen. På 200 medley, så åpna han sterkt, og satte ny pers på 50 fly, før han avslutta på 2:59:77. På siste øvelse på stemnet, så svømte han 200 rygg. Ein øvelse han har hatt litt stang ut på i det siste. Han åpna knallsterkt, og som einaste utøver i heatet, så valgte han å ikkje bruke ryggstarteren, men han hadde den klart beste starten, og holdt farten heile vegen. Til 100 passering, var han 6 sekund forran persen sin på 100 rygg, og til slutt persa han med 6,5 sekund. Ny tid 2:55:77, som satte prikken over ièn på eit vellukka stemne.

Bassenget er saltholdig, av ein slik mengde at det føles som å svømme i havet. Det var veldig uvandt, men det skal gi ein bedre flyteemne, som favoriserer større og tyngre svømmere. Stemnet samler mange av dei beste utøverane i landet, og det er veldig motiverende å sjå og svømme illag med dei. Ikkje ofte man er med på eit stemne der vi ser tider på 50 sekund på 100 fri, og det av svømmere med fullskjegg og uten badehette, som heilt tydelig berre er der for å bygge selvtillitt framfor NM.

Reinert er klar til start i bane 8.




Klubbkveld for treningsgruppa.

Postet av Førde IL - Symjing den 11. Jan 2017

Onsdag 11/1 hadde vi klubbkveld på FIL huset i Hafstadparken.

Det var ca 40 personer, både utøvere og foreldre var representert.

Peppes Pizza i Førde leverte 15 pizzaer og drikke. Kaffi kom fra Sunnfjord Catering.

Det vart holde eit kostholdsforedrag av Hanne Lien fra Lien Helse. Under foredraget, så kom det fram mykje god informasjon om kosthold og viktige faktorer i mat rutiner og kva utøverane treng av mat og drikke for å ha overskudd i hverdagen til både skule og trening. Foreldra tok bilder og noterte flittig etterkvart som Hanne viste og fortalte. Det var nok noken, både unger og voksne, som har fått noko å tenke på i forhold til kostholdet. Også på trener sida, så er det viktig å ha med seg, at når man trener så lange økter som vi gjer i svømminga, så er næring viktig.

Hanne Lien holder foredrag om kosthold.

Nordplan og Sparebanken Vest holdt også kvart sine innlegg om kva slags arbeidsoppgaver dei har. Dei fekk presentert seg for symjarane og foreldra, slik at gruppa får eit forhold til sine sponsorar. Sponsorar er viktige av mange grunner. Det økonomiske er selvsagt viktig, men også det visuelle. Det å sjå ein utøver med sponsormerker på klea, det gjer noko med både utøver og publikum.




Tre Førdesymjarar var på Asker Open.

Postet av Førde IL - Symjing den 8. Jan 2017

Asker Open vart arrangert i helga. Det er eit stort stemne på austlandet, som mange av landets beste deltek på. Førde hadde tre symjarar på stemnet, og dei kom alle heim med premier i sekken. Men best av alt, dei satte mange flotte personlige rekorder.

fra vestre: Nikolai, Simen og Andreas.

Nikolai Satte fleire gode tider, og gjorde eit godt hogg på 200 bryst og 100 butterfly persane sine. Det har lugga litt på bryst tidligare, men no har han jobba litt ekstra med teknikken, og trent godt i jula, så det er godt at det viser igjen på resultatene.

Simen kom under 6 minutt på 400 fri for første gang, og den følelsen er bare deilig. Det er ein milepæl som er oppnådd, og da er det godt å starte stemnet på ein slik måte. Han persa også på fleire øvelser, og på stemnets siste øvelse, så persa han på favoritt øvelsen, 100 butterfly. Der svømte han inn på 1:26:25, som er ei forbedring med over 1 sekund. Det er lenge siden han har persa på den øvelsen, så det er nok ein ekstra vitamin innsrøytning å få det til.

Andreas er to år yngre enn dei to andre, men han gjorde sakene sine meget bra i Asker. Han svømte 400 fri på 5:39:26, noko som er ein forbedring av pers med ca 11 sekund. Han satte også to flotte persar på 50 bryst og 50 fly, der han også tok førsteplassen på 50 bryst. I klassen til Andreas, så møtte han ein av Norges aller beste i sin årsklasse, så det var litt tøft å hamle opp med han i alle øvelser, men på 100 rygg, så var han nesten heilt der oppe. Da svømte han på smått utrulege 1:21:92, som er den tredje beste tida på 100 rygg i 2006 klassen i heile Norge siste året. Han var berre 82/100 fra å vinne over Kristian Tronstad som er rangert som nr 2 i Norge i 2006 klassen. I tilleg så fekk Andreas marsjere inn på finaleheatet på 100 rygg, på samme måte som dei skal gjere på LÅMØ, så da var det ekstra godt å få unnagjort den opplevelsen. Da veit han kva han mest sannsynlig må igjennom fleire ganger på LÅMØ. Andreas var før stemnet rangert som nr 2 på region vest på LÅMØ øvelsane, så han får nok fleire finale innmarsjer der også.