AdO cup med finale og klubbrekord for Førde symjarane

Postet av Førde IL - Symjing den 19. Jun 2017

Førde IL Symjing var representert på AdO cup i Bergen med fire symjarar i 50 meters bassenget. Ein eldre junior, og tre yngre juniorer. Dei satte mange flotte personlige rekorder, og to av dei symde finaler på lørdags kvelden.

2002 modellen Sivert Verhage symde nokre lange øvelser, og forbedra seg med neste 40 sekund på 800 fri. Han forbedra seg også på 400, og var for første gang under 5 minutt. Fri øvelsene er Sivert sin sterke stilart, og han svømte ein god 200 fri også, og kom inn på 2:17, og forbedra seg med 7 sekund i forhold til tidligere pers fra kortbane.

2006 modellen Ludvik Vassbotn Guldhav deltok på sitt første langbane stemne, og satte liksågodt ny pers på alle LÅMØ øvelsane. Han symde fleire korte distanser også, og forbedra seg mykje. Ludvik vant øvelsen 100 butterfly, som er ein blytung øvelse i langbane basseng. Det skal bli spennande å følge Ludvik i åra fremover.

2004 guttane Simen Furesund Grimeland og Reinert Solheim Erland fekk ein heilt spesiell opplevelse på lørdagen. Gjennom kvalifiseringa på fleire øvelser. Reinert kom til finalen på 100 butterfly, medan dei begge var i 100 fri finalen og 50 bryst finalen.

Reinert var storfavoritt til 50 bryst finalen, med ca 4 sekund margin til nr to i forhold til kvalifiserings tid. Spennings momentet var allikevell tilstedet for om Reinert kunne innfri, for han brukte mykje krefter på 100 fly og fri finalene. Men han symde allikevell fort nok i finalen til å ta seieren i land. Dette var utruleg god lærdom til dei unge gutane, som dei kan ta med seg vidare i symjekariæren.

På bildet: Reinert på pallen etter seier på 50 bryst, sammen med dei andre medalje vinnerne.

Simen satte heile seks nye personlige rekorder. Reinert satte tre nye personlige rekorder på stemnet inkludert forbedring av sin eigen klubbrekord på 200 butterfly på langbane.

No er det sommerferie for Førde symjarane, før dei starter oppkjøringa til ny sesong med treningsleir i Ebeltoft i Danmark i august.




Førdesprinten 2017

Postet av Førde IL - Symjing den 11. Jun 2017

Førdesprinten 2017 er over, og vi står igjen med mange gode minner. Det har vert en helg med uforglemmelige øyeblikk, og med mange nye inntrykk.

Organisasjonen rundt stemnet har fungert veldig bra, og vi har gjennomført eit knirkefritt arrangement. Litt tekniske utfordringer, men ikkje meir enn at det lot seg løyse med nokre kjappe fingre fra Rune Bakke i sekreteriatet. Vaktmester på huset måtte også trå til når ventliasjonen stoppet, og det ble veldig varmt i hallen. Men med en litt stor skiftenøkkel, så fikk han åpna for frisk luft igjen.

Den gamle svømmehallen i Førdehuset holdt stand denne gangen også, da ca 160 symjarar entra bassenget. Fleire av klubbane kommenterer at dei synes det kan være på tide å få ordna hallen, men bortsett fra det byggtekniske, så får vi berre gode tilbakemeldinger.

Førde IL symjing hadde ein rekord stor gjeng symjarar. Heile 50 symjarar deltok på stemnet. Det var mange persar, og mange medaljer på symjarane. At FIL Symjing kunne stille med 5 lag på 4X50 fri mix, og 6 lag på 4X50 lag medley, har aldri skjedd før. Pernille Berntsen, Even Stubhaug, Teis H. Malterud, August H. Malterud, Henrik Stubhaug, Reinert S. Erland og Andreas Hvidsten tok alle bestemanspremie i kvar sin årsklasse.

Reinert S. Erland overraska stort på 50 bryst, og satte ikkje berre ny personlig rekord, men kvalifiserte seg også til Nordsjøstemnet. Det betyr at Førde har no tre symjarar som er kvalifisert for Nordsjøstemnet i November. Pernille Berntsen og Henrik Stubhaug er begge kvalifisert på fleire øvelsar. Så no begynner treninga fram mot dette målet, også i håp om å klare fleire kvalikk krav.

Proffsport hadde også tatt turen til Førde. Dei leverer webshop løsningen som Førde IL Symjing har for kjøp av klubbkle og svømmeprodukter. Dei hadde laga seg til med stand, så ein kunne kjøpe diverse svømmerelaterte artikler, og ein kunne prøve kles kolleksjonen, og legge inn bestillinger med ein god rabatt.

Lenke til firda.no sin artikkel:

https://www.firda.no/symjing/forde/sport/har-aldri...



Symjegruppa på bowling

Postet av Førde IL - Symjing den 2. Jun 2017

Førde IL symjing var på sosial kveld på førde bowling.

Etter trening fredag, så bar det rett på pizza og bowling. Det var høg stemning, og symjarane hadde det kjempe kjekt. Fri slush, var veldig populært. Noen har nok fått litt nedkjøling i topplokket, men med den innsatsen som dei la ned på bowlinga, så var det nok heilt greit å kjøle seg ned.

Vi leigde heile bowlinghallen i to timer, så det var berre å kjøre på med speling. I ein sport der ein ikkje kan kommunisere verbalt mens man utøver sporten, så er slike sammenkomster veldig bra for å bygge miljø.

Uten foreldre tilstades, så var det fritt fram for opptil 20 piruetter før kast, armhevinger for hver kjegle som stod igjen, og alle tjuvtriks for å psyke ut motstandarane.