Dugnadsliste Førde Opp

Postet av Førde IL - Langrenn den 30. Aug 2017

Her finn de dugnadsliste for Førde Opp 2. september:

Førde Opp 2017 Dugnadsliste.docx



Trening for 2005 og eldre

Postet av Førde IL - Langrenn den 30. Aug 2017

Det var trenarmøte 28. august, og der vart ein einige om følgjande økter fram til haustferien:

Torsdag 31.aug. kl 18.00 - Rulleski Langeland

(Førde Opp Laurdag 2. september)

Tysdag 5.sep. kl 18.00 - Intervall Soleide-Vie. Oppmøte "gamle sementen på Vie"

Torsdag 7.sep kl 18.00 - Rulleski Langeland

Tysdag 12.sep kl 18.00 - Intervall Hafstadfjellet. Oppmøte "Bunnpris"

Torsdag 14.sep kl 18.00 - Rulleski Langeland

Tysdag 19.sep kl 18.00 - Reset. Intervall langs Langelandsvatnet.

Torsdag 21.sep kl 18.00 - Rulleski Langeland

Tysdag 26.sep kl 18.00 - Intervall Soleide-Vie. Oppmøte "gamle sementen på Vie"

Torsdag 28.sep kl 18.00 - Rulleski Langeland.

Tysdag 2.okt kl 18.00 - Intervall Hafstadfjellet. Oppmøte "Bunnpris"

Torsdag 5.okt kl 18.00 - Rulleski Langeland.

"Haustferie - ny plan etter haustferien og trenermøte litt før".

Trenarmøte bestemte at aldersgrensa for desse øktene er utøvarar fødde i 2005. Utøvarar som er yngre er velkomne, men må då ha med foreldre.

Ikkje noko aldersgrense for å gå på rulleski! Bruk anlegget på Langeland og lag eigne grupper, som kan reise opp i lag. Er du nybegynner så bruker du stadion eller flata oppe i sprinten, til du vert tryggare.

Styret har fått ei gåve og vil investere i rulleski, som nybegynnerar kan få låne. (Meir info kjem frå styret når dette er klart).

Rulleskøyter er godt brukandes, billig og særs bra for å utvikle balanse og hurtigheit.  

Mange spennande aktiviteter kjem til å skje i haust, blant anna:

Samling med Gøran Tefre og Øystein Pettersen i slutten av september,

Enivest skiskule med JR-landslagstrenar Geir Endre Rogn og Gøran Tefre,

Offisiell åpning av rulleskianlegget 15.oktober med rulleski-skirenn, mm.

Meir info kjem på heimesida til klubben og på ski-krinsen etter kvart.


Helsing Eivind



Førde Opp 2017

Postet av Førde IL - Langrenn den 23. Aug 2017


Førde Opp vert arrangert laurdag 2 september og Førde langrenn har, som tidlegare år, ansvar for mellom anna pakking av startnummer, påmelding, utdeling av startnummer, tidtaking, vakter på toppen og anna. Vi treng dugnadsfolk denne laurdagen, og håper at de vil hive dykk rundt og melde tilbake. Gje gjerne melding om du ønskjer å vere i sekretariatet ved rådhuset, eller på toppen. Om mange melder seg blir det berre nokre timer på kvar.  Ta kontakt med Bjørn Kristian Sunde, 47903713 ved spørsmål.

For meir informasjon om arrangementet sjå https://fordeopp.no/om/



Kontingent Enivest skiskule oktober 2017

Postet av Førde IL - Langrenn den 22. Aug 2017

Deltakarkontingent for Enivest skiskule i oktober 2017 er kr. 800,- for løparar frå Førde idrettslag. Kontingent skal ved påmelding betalast til konto 3705 34 39544 Førde idrettslag - langrenn.



Foredrag med Øystein "Pølsa" Pettersen 28. september

Postet av Førde IL - Langrenn den 22. Aug 2017

Torsdag 28. september kan du få med deg foredrag med Øystein "Pølsa" Pettersen her i Førde. Det er Enivest Skiskule som er arrangør, og meir informasjon finn du på deira facebook-side.

https://www.facebook.com/event... 



Fellestrening på rulleski

Postet av Førde IL - Langrenn den 21. Aug 2017


Tysdag  22. august og torsdag 24. august vert det fellestrening på rulleski, på Langeland kl. 18.

Vel møtt!