Årsmøte Førde Idrettslag torsdag 24. april 19:00

Postet av Førde IL den 18. Mar 2014

Styret i Førde IL hovudlaget kallar med dette inn til årsmøte 2013 torsdag 24. april 2014 kl. 19:00 på Førdehuset (utstillingsalen).

Årsmelding og rekneskap vert behandla samla for Førde IL sine særgrupper. Særgruppene må sørge for at minst eitt styremedlem er tilstades.

Vinnarar av Førde IL sitt Toppidrettsstipend 2013 og Finn Friis Hafstad Minnefond sitt stipend vert kunngjorde. Utdeling av stipenda vert 17. mai 2014.

Sak 1. Godkjenning av innkalling og sakliste

Framlegg: Innkallinga og saklista vert godkjend

Sak 2. Konstituering

a) Val av dirigent.

Framlegg: A.Steen

b) Val av skrivar.

Framlegg:

c) Val av 2 personar til å skrive under protokollen.

Framlegg:

Sak 3. Årsmelding 2013

Framlegg: Årsmeldinga for 2013 vert godkjend

Sak 4. Konsernrekneskap 2013 med revisorberetning.

Framlegg: Rekneskapen for 2013 vert godkjend

Sak 5. Kontingent for 2015

Framlegg: Kontingenten vert uendra: Kr.150.- for barn og kr. 250.- for vaksen.

Sak 6. Budsjett 2014

Framlegg: Budsjettet vert godkjent

Sak 7. Innkomne saker

Frå FIL Langrenn: Forslag til produksjonsanlegg på Langeland (sjå vedlegg)

Framlegg: Til møtet

Sak 8. Val etter vedtektene

Framlegg: Valkomiteen sitt framlegg.

SERVERING.

UTLODDING AV SYKKEL.

Førde, 18.mars 2014

Styret




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc