Karoline Erdal med nytt NM-Gull og VM-uttak!

Postet av Førde IL den 11. Jan 2016


Etter Norgescup-siger og nytt NM-gull i helga, fekk Karoline Erdal (18) frå Førde IL Skiskyting måndag 11.01.16 gladmeldinga om at ho er ein av tre utøvarar som skal representere Norge i Cheile Gradistei i Romania når junior-VM vert arrangert frå 27. januar til 2. februar!


Klipp frå firda.no 10.01.2016:

Denne helga har Karoline drøymt om

Gårsdagens siger i Norgescupen, vart toppa med NM-tittel for skiskyttar Karoline Erdal søndag.

– Det har vore ei utruleg helg for min del, seier ei glad Karoline Erdal til Firda, medan ho står å ventar på premiesermonien etter helgas NM-renn i fellesstart.

Så godt gjekk det på fellesstarten, at Erdal ventar på å bli krona som norgesmeister, etter å ha slått knockout på konkurrentane.

Måtte i kjellaren etter krefter

Men som på våre kantar har det vore utfordrande tilhøve på Lillehammer. Kulden gjorde skiføret særs tungt.

– Eg trudde ikkje at det gjekk så fort i dag, men når eg går først i mål, så må det ha gått bra fort. Det var godt å kunne innkassere sesongens to første sigra, og dei kom på eit godt tidspunkt, seier Erdal.

På sprinten laurdag skaut Erdal berre ein bom, medan ho på søndagens fellesstart måtte sjå tre skot gå utanfor blinken.

– Det er ekstra moro å vinne fellesstart. Då veit ein korleis det har gått når ein kryssar mållinja, og ein startar saman.

VM-tur i kikkerten

Helgas konkurranse var og uttaksrenn til det kommande junior-VM i Romania. Før helga låg ikkje 18-åringen frå Førde så godt an med tanke på å få ein av Norge sine plassar.

– Eg har nok styrka sjansane mine i helga. Men eg vil ikkje forskotere noko, så eg får vente å sjå til uttaket vert klart neste veke, seier Erdal.

– Men eg kjende at eg det var ekstra press på meg laurdag. Då var eg spent. Likevel greidde eg å prestere, så under dagens renn kunne eg senke skuldrene, legg ho til.

Dei to sigrane gjer og at Erdal no har klatra til topps på samanlagtlista i Norgescupen.

– Neste runde går i Stryn, men om eg skulle bli teken ut til VM, så er eg ikkje sikker på om eg har høve til å delta der, seier Førde-jenta før ho lyt avslutte telefonsamtalen for å rekke premiesermonien.

http://www.firda.no/sport/forde/skiskyting/denne-h...





Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc