Vart heidra med idrettsprisar

Postet av Førde IL den 17. Mai 2016

Firda.no - Publisert: 17. mai 2016, kl. 21:51

Førde IL toppidrettsstipend og Finn Friis Hafstad Minnestipend vart delt ut under 17. mai-feiringa i Førdehuset.

Frå venstre Silvia Kapstad (styrkeløft), Torstein Bu (langrenn), Gjøran Tefre (langrenn), Karoline Erdal (skiskyting) og Håvard Gutubø Bogetveit (skiskyting). (Foto: Geir Ivar L. Ramsli, Firda)

Førde IL toppidrettsstipend:

Tor Starheim frå Førde Idrettslag kunne fortelje at Karoline Erdal mellom anna har vunne gull i junior-VM i skiskyting sprint, VM-bronse i stafett, pluss gull i junior-NM fellesstart.

I tillegg er Erdal òg ein særs dugande motbakkeløpar, langrennsløpar, skyttar og skifeltløpar.

Ho er òg teken ut på utviklingslandslaget i 2016/2017.

Silvia Kapstad var utteken på juniorlandslaget i styrkeløft hausten 2015, og har billett til junior-VM i Praha i september.

Ho har mellom anna vunne VM-sølv i benkpress med 132,5 kilo og VM-bronse i markløft med 192,5 kilo.

Kapstad vart i april Europameister for junior der ho vann alle disiplinar. Mellom anna braut Kapstad draumegrensa på 200 kilo i markløft, og ho sette ny personleg rekord samanlagt med 542,5 kilo.

Kapstad har òg spelt fotball for Førde sitt damelag, og ho har vore instruktør på Førde ILs Sommaridrettsskule i fleire år.

Gjøran Tefre er mellom anna rangert som Norges 50. beste langrennsløpar på herresida, og han debuterte i World CUP sesongen 2015/2016.

I desember 2015 var Tefre kåra til Årets idrettsnamn av Firda-lesarane, og kom i april med på allroundlaget til Thomas Alsgaard.

Håvard Gutubø Bogetveit fekk i februar sin første pallplass i verdscupen i skiskyting i Canmore i Canada då han som ankermann på det norske mixed stafettlaget gjekk inn til ein 3. plass.

Tre veker seinare tok han EM-bronse i mixed stafett i Russland.

Finn Friis Hafstad minnepris:

Torstein Bu vann sølvmedalje i langrenn for U23 på Meråker i 2016, og har hatt jamt gode topp 10 resultat i Norgescupen.

Komiteen for minnefondet har merka seg at Bu kan syne til sterke idrettsprestasjonar i sesongen 2015/2016, og at han er eit godt førebilete for dei andre langrennsløparane i Førde IL. Bu tek òg aktivt del på alle nivå i gruppa, heiter det grunngjevinga.

Lenke firda.no: http://www.firda.no/sport/forde/vintersport/heidra...






Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc