Rulleski i Angedalen

Postet av Inga Kårstad Skaar den 23. Mai 2016

Startar opp med felles rulleskitrening for dei eldste i Angedalen torsdag 26. mai kl. 18.00. Hugs hjelm, refleksvest, drikkebelte og å gå roleg forbi hestane. Gå på høgre side av vegen, og ikkje fleire i bredda der vegen er svingete. Bruk ikkje musikk på øyra. Du må kunne kommunisere med dei andre.

(Dette er ei økt for dei som har gått ein del på rulleski. Er du nybegynner, bør du heller velje Hafstadparken eller lite trafikkerte vegar/parkeringsplasser. Yngre utøverar kan delta, men då må foreldre følgje med. Gjerne på sykkel.)

Torsdag har i mange år vert fast rulleskidag i langrennsgruppa. Vi vil prøve på det i år også, dersom interessa er der.

Tysdag har i mange år vert "intervall-dagen", og før det "roleg-fjelltur-dagen". Dersom det er interesse, så vil vi lage ein "tysdags-plan", som vil gå gjennom heile sommaren. Her er det ingen aldersgrense. På intervall har vi hatt turnusen: kupert, flatt, bratt - dvs.: Reset/Langeland - Vie/Soleide - Bruland/Hafstadfellet.

Pr. i dag har dei eldste som er i Førde, barmarkstrening på litt ulike dagar. Informasjon om desse øktene finn de på langrennsgruppa si facebook-side. Øktene som vert organisert via facebook, vert det for at ein del utøverar er opptekne med andre aktiviter og, og treng fleksibilitet.

Eldre utøverar frå andre klubbar er alltid velkommen til å delta på øktene våre.

23.06.2016 Eivind Skaar


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.