Karoline (19) utteken til World Cup i Østersund!

Postet av Førde IL den 28. Nov 2016

DEBUT: 19 år gamle Karoline Erdal er teken ut til verdscup for første gang i karriera. Her frå
Beitostølen tidlegare i november då ho vart beste norske i sesongopninga. (Foto: Berit Roald / NTB scanpix)


Karoline (19) klar for verdscup!

SKISKYTING: Eventyråret 2016 vil ingen ende ta for Karoline Erdal.

– Det er sjølvsagt veldig moro og veldig stort, seier Karoline Erdal.

19-åringen sit på Gardermoen då Firda snakkar med ho.

Destinasjon? Östersund og verdscup i skiskyting.

– Eg fekk beskjeden etter IBU-rennet på fredag. Dette er ein ny bonus for meg, seier Erdal.


Jubelår

Året 2016 har vore eit kanonår for den talentfulle skiskyttaren frå Førde, og det starta med at ho i januar vart ho sprintverdsmeister i ungdomsklassen i junior-VM. Tidleg i november vart ho beste norske i sesongopninga på Beitostølen med 4.-plass på fellesstarten.

Dette gjorde til at ho vart utteken til IBU-cupen på Beitostølen i helga som var. I sin internasjonale debut på seniornivå vart ho nummer sju på sprinten fredag.

Og no vert altså jubelåret toppa med verdscupdebut i Sverige kommande onsdag. Då står ho på startstreken på 15 kilometer normaldistanse.

– Å få gå World Cup allereie no blir ei veldig god erfaring for meg. Dette gler eg meg veldig til, seier Erdal.

Går fleire renn

I tillegg til normalen skal førdianaren også gå sprint laurdag og jaktstart søndag.

– Etter desse renna blir det fullt fokus på juniorsesongen. For det er junior-VM som er det store målet for sesongen i år, seier Erdal.

Junior-VM blir arrangert i Russland i slutten av februar.

Landslagstrenaren: – Ho er i form

Trenar for kvinnene sitt elitelandslandslag, Stian Eckhoff, seier følgande til Firda om at Karoline Erdal får prøve seg mot dei største stjernene i skiskyttarsirkuset denne veka:

– Vi har ein del som slit med skader og sjukdom, og då opna det seg opp rom for å ta med nokre juniorar. Det er både for læringa og opplevinga sin del. Å få vere med på verdscup vil vere motiverande, seier Eckhoff.

Landslagstrenar Stian Eckhoff. (Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix)

Landslagstrenaren er klar på at han ikkje forventar noko som helst når det gjeld prestasjonar i verdscupen.

– Ein må hugse at Karoline er junior og ho må ta stega naturleg. Men jenta er i form og det blir spennande å sjå ho mot dei beste. Det er nok nokre steg opp til toppen, men gjer ho eit godt løp skal ho vere fornøgd. Eg forventar ingenting, seier Eckhoff.

Verdscupveka i Östersund starta søndag med mix-stafettar. Johannes Thingnes Bø gjekk siste etappe for Norge, og han gjekk laget inn til siger.

Storebroren Tarjei slit framleis med helsa, og han er difor ikkje med.

UTTAK OG PROGRAM VERDSCUP ÖSTERSUND:

Kvinner:

Tiril Kampenhaug Eckhoff, Fossum IF

Fanny Horn Birkeland, Oslo SSL

Marte Olsbu, Froland IL

Ingrid Landmark Tandrevold, Fossum IF

Karoline Erdal, Førde IL

Ragnhild Femsteinevik, Hålandsdal IL

Menn:

Ole Einar Bjørndalen, Simostranda IL

Johannes Thingnes Bø, Markane IL

Emil Hegle Svendsen, Trondhjems Skiskyttere

Henrik L’Abée-Lund, Oslo SSL

Lars Helge Birkeland, Birkenes IL

Erlend Øvereng Bjøntegaard, IL Bevern

Vegard Bjørn Gjermundshaug, Alvdal IL

Program World Cup runde 1:

Onsdag 30. november kl. 18.00 Kvinner 15 km normalprogram

Torsdag 1. desember kl. 18:00 Menn 20 km normalprogram

Lørdag 3. desember kl. 11:45 Kvinner 7.5 km Sprint

Lørdag 3. desember kl. 14:45 Menn 10 km Sprint

Søndag 4. desember kl. 11:15 Kvinner 10 km jaktstart

Søndag 4. desember kl. 13:20 Menn 12.5 km jaktstart




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc