Flott avisartikkel om turnavslutninga i Førdehuset tysdag 30. mai !

Postet av Førde IL - Turn den 31. Mai 2017

Jentene meiner turn er den ultimate idretten. No er det 200 på venteliste i Førde

TURNFRELSTE: F.v. Amina Nygård, Hedda Førde Midtbø, Sunniva Vold Sæbø og Kristine Krakhellen var nokre av dei 180 turnarane som fekk vist seg fram under avslutninga i Førdehuset. Foto: Ivar Bruvik Sætre

Av firda.no

Lenke til firda-reportasjen 31.05.17

FØRDE: Turn er blitt så populært at born må vente i fleire år for å få plass.

– Vi blir mjuke, sterke og får betre kroppskontroll. Det er utruleg kjekt!

Det seier Kristine Krakhellen (12), som er ein av dei 180 aktive turnarane i Førde IL Turn. Tysdag viste dei fram kunstane sine på den årlege avslutninga i Førdehuset.

Turnarar frå barnehagealder og opp til slutten av tenåra, både gutar og jenter, skulle ut i elden. Dei gjekk i spagaten, tok saltoar journalisten berre kan drøyme om å vite namnet på og stilte seg opp på kvarandre som stødige korthus.

Sjå video heilt nedst i saka.

Fleire år på venteliste

Jentene Firda snakkar med har gått på turn i fleire år. Dei seier det er mange frå sjuandeklasse på Slåtten skule som driv med idretten.

– Til å begynne med var det få som gjekk. Men så spreidde ordet seg blant venner, og så fekk fleire lyst å begynne, seier dei.

Tysdagens oppvising i Førdehuset var for venner, familie og slekt. Turnarane viste fram programma som dei hadde deltatt med i det årlege turnstemnet i fylket, som blei halde i Måløy i april. Neste år skal Førde ha stemnet.

Jentene seier dei var litt nervøse i starten, men det gjekk seg til.

– Det blei kjekkare og kjekkare etter kvart.

Det er ikkje noko foreldra dykkar tvingar dykk på?

Nei, dette vil vi. Eg stod fleire år på venteliste for å bli med, seier Krakhellen.

Dette er vanskelegare enn det ser ut, og det ser jo eigentleg ganske vanskeleg ut. Jentene gjekk opp i bru som ingenting. Foto: Ivar Bruvik Sætre

Manglar ringar og frittståande golv

Og det er ho ikkje åleine om. Det er rundt 180 aktive turnarar i idrettslaget, men det står 200 på venteliste. Hege Kristiansen, som sit i styret i Førde IL Turn, seier dette er på grunn av plass- og utstyrsmangel.

– Mange barn må vente i fleire år før det er plass. Det er forferdeleg trist, seier ho.

Dei fleste turnarane kjem frå Førde, men nokre kjem frå Gaular, Naustdal, Jølster og Flora for å delta. Dei fleste turnarane er mellom 6 og 14 år gamle.

Kristiansen og Førde IL jobbar aktivt med å få opp ein basishall i Førde. Ein slik hall vil gjere at turngruppa kan samle utstyr og trenarar på éin plass, som gjer at dei kan samkøyre treningar og nytte instruktørane betre.

VIL HA BASISHALL: Hege Kristiansen i Førde IL Turn-styret, hovudinstruktør Susanne Wilhelm og turnstemneansvarleg Kjersti Støfring. Foto: Ivar Bruvik Sætre

– No er vi spreidd rundt i ulike gymsalar, og vi manglar heilt elementære turnapparat som ringar og frittståande golv. Det gjer at vi har måtte stå over store turnsamlingar, der det er heilt nødvendig med frittståande golv, seier Kristiansen.

Ho meiner at ein basishall kan doble talet på turnutøvarar, men understrekar at den kan brukast av alle idrettar.

– Turn er alle idrettars mor. Aksel Lund Svindal kjempar jo for turn som basistrening for toppidrettsutøvarar. Det er eit utruleg godt utgangspunkt for all sport, seier ho.

Foto: Ivar Bruvik Sætre




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc