Årsmøte i Førde IL torsdag 31.03.2016 kl. 19:00

Årsmøte i Førde IL torsdag 31.03.2016 kl. 19:00

31. Mar. 19:00 - 20:30

Beskrivelse:

ÅRSMØTE FØRDE IL 2016

Det vert kalla inn til årsmøte i Førde IL torsdag 31. mars 2016 kl. 19:00 på FIL-huset.


  • Årsmelding og rekneskap vert handsama samla for Førde IL sine særgrupper. Særgruppene må sørge for at minst eitt styremedlem er tilstades

  • Vinnarar av Førde IL sitt Toppidrettsstipend 2015 og Finn Friis Hafstad Minnefond sitt stipend vert kunngjorde. Utdeling av stipenda vert 17. mai.


Årsmøtet sine oppgåver (§15 i Lov for Førde Idrettslag):

1)Godkjenne dei som har røysterett

Vi tek opp medlemsforteikning over kven som har røysterett frå kl. 18:30.


2)Godkjenne innkallinga, saklista og møtereglane

Framlegg: Innkalling, saklista og møtereglane vert godkjent


3) Velje:

a) Dirigent

Framlegg: Asbjørn Steen

b) Referent

Framlegg: Tor Opseth

c) 2 medlemmer til å skrive under protokollen

Framlegg: (to av dei frammøte)


4) Handsame idrettslaget si årsmelding, irekna eventuelle gruppeårsmeldingar

Framlegg: Årsmelding for Førde IL 2015 vert godkjent slik den ligg føre.


5) Handsame idrettslaget sin rekneskap i revidert stand

Revisor går gjennom konsernrekneskap og revisjonsmelding for Førde IL.

Framlegg: Årsrekneskap 2015 for Førde IL hovudlaget som syner eit overskot kr. 73.690 vert godkjent slik det ligg føre. Konsernrekneskap 2015 for Førde IL som syner eit resultat på

kr. ___________________________ vert godkjent slik det ligg føre.


6) Handsame forslag og saker

a) Frå styret: Ny NIF-lovnorm 2016 som også omfattar Førde Idrettslag

Framlegg: Årsmøtet i Førde IL godkjenner oppdatert «Lov for Førde Idrettslag» utarbeidd med bistand frå Sogn og Fjordane Idrettskrins.

b) Innspel om basishall – Førde IL Turn har bedt om ordet (framlegg mottatt innan fristen 16. mars).


7) Fastsetje medlemskontingenten

Medlemskontingenten har vore kr. 150 for born og kr. 250 for vaksne dei siste åra (vaksne = 16 år i medlemsåret). På årsmøtet i 2015 fekk fullmakt til å opprette ein rabattert medlemskontingent på «særskilte vilkår». Med ny NIF-lovnorm er minstesatsen for medlemsskap kr. 100.

Framlegg: Medlemskontingenten for 2017 forblir uendra kr. 150 for born og kr. 250 for vaksne.Styret får fullmakt til å innvilge rabattert medlemskontingent kr. 100 etter søknad på «særskilte vilkår».


8) Vedta idrettslaget sitt budsjett

Framlegg: Førde IL sitt budsjett 2016 blir godkjent slik det ligg føre.


9) Handsame idrettslaget sin organisasjonsplan

  • Førde IL har eit hovudstyre på 7 medlemmer og 2 vararepresentantar.
  • Revisor (1), kontrollutvalg (2 medlemmer), valkomité (4 medlemmer), Finn Friis Hafstad minnefond (4 medlemmer) som blir valgt på årsmøtet.
  • Førde IL har 13 særidrettsgrupper (fotball, handball, symjing, friidrett, orientering, turn, langrenn, alpint, skiskyting, hopp, innebandy, vektløfting, styrkeløft)
  • Vi har 3 aktivitetsgrupper (FørdeOpp, Sommaridrettskulen, Idrettsmerke), og
  • 3 nærmiljøgrupper (Angedalen, Haukedalen, Holsen).
  • Førde IL har aksjonærinteresser i 3 dotterselskap (FIL Eigedom og Sunnfjord Skisenter (100%) og Langeland Ski- og Fritidssenter (50%)).
  • Førde IL hovudlaget har tilsett ein dagleg leiar i 100 % stilling, men den reelle stillingsbrøken er 25 % sidan dagleg leiar er utleigd til Førde IL Fotball (50% - sponsor og arrangement) og FIL Eigedom (25 % som dagleg leiar). Dagleg leiar i Førde IL Fotball har vore innleigd som rekneskapsførar for Førde IL hovudlaget.
  • FIL Fotball, FIL Handball, FIL Symjing, FIL Turn og FIL Sommaridrettsskulen har i 2015 hatt tilsette / deltidtilsette i tillegg til dei nemnde. FørdeOpp og Langeland leiger inn nokre personalressursar, men aktiviteten her er i all hovudsak dugnadsbasert. Dei øvrige gruppene er utelukkande dugnadsbasert.
Framlegg: Årsmøtet godkjenner den gjeldande organisasjonsplanen under føresetnad av at økonomien er tilfredsstillande i dei respektive organisasjonsledd


10) Engasjere revisor til å revidere idrettslaget sine rekneskap

Framlegg: BDO Førde v/Kurt Inge Hyllestad.


11) Val

Innstilling frå Førde IL valkomitéen blir presentert i møtet.


  • ENKEL SERVERING
  • UTLODDING AV SYKKEL


Førde 29.02.2016 (revidert 17.03.2016)

Styret i Førde Idrettslag

Kommentarer

Du må logge inn for å poste i veggen.

Administratorer

Tor Starheim

tor.starheim@gmail.com

Powered by: Bloc