Antidopingseminar på Scandic Sunnfjord Hotell

Antidopingseminar på Scandic Sunnfjord Hotell

26. Jan. 18:00 - 19:00

Beskrivelse:

Førde IL og Førde IL Fotball ønskjer eit sterkare fokus på ein dopfri idrett, og har nyleg blitt sertifisert som "Rent Idrettslag" hos Antidoping Norge.

Torsdag 26. januar kl. 18:00 blir foreldre og utøvarar over 15 år bli inviterte til informasjon om Antidoping-prosjektet på "Amfi Eikås" på Scandic Sunnfjord Hotel.

Her vil ein representant frå Antidoping Norge som informerer om korleis vi skal jobbe for å halde idretten rein, og ta klubben og medlemmane gjennom prosjekta «Rein idrett» og «Rein utøvar». Målet er å sertifisere idrettslaget som eit Reint Idrettslag. Les gjerne meir her: http://www.antidoping.no/ren-idrett/.

Eit samarbeid med Antidoping Norge forpliktar at vi tek konseptet "ren idrett" seriøst. Difor forventar Førde IL Hovudstyret at alle særidrettsgruppene prioriterer dette seminaret, og for dei gruppene med seniorutøvarar er det oppmøteplikt.

Seminaret er gratis, men sidan det kun er 104 plassar på "Amfi Eikås" så lyt vi registrere påmeldingar innan måndag 23. januar.

Kvelden i forkant blir leiarar og trenerar i Førde IL invitert til same antidopingseminar på FIL-huset kl. 18:00.


Sportsleg helsing

Førde Idrettslag Førde IL Fotball
Tor Starheim, styreleiar Tone Lin Støfring Skovro, dagleg leiar


Ren idrett - invitasjon til antidoping seminar på FILhuset 25.01.16 og Scandic 26.01.17.pdf


Antidoping-policy for Førde IL:

http://www.fordeidrettslag.no/p/24425/antidopingsp...

Kommentarer

Du må logge inn for å poste i veggen.

Påmelding

Administratorer

Tor Starheim

tor.starheim@gmail.com

Tone Lin Støfring Skovro

tone.lin@forde-fotball.no

Powered by: Bloc