FIL Sommaridrettskulen 2017

FIL Sommaridrettskulen 2017

19. Jun. 09:00 - 15:00

Beskrivelse:

Førde IL arrangerer sommaridrettskule dei 2 første vekene etter skuleslutt mellom måndag 19. juni og fredag 30. juni 2017 (veke 25 og 26).

Tilbodet passar for alle barn frå 1. klasse t.o.m. 5. klasse. For å ha ei større kvalitetssikring på aktivitetane og gruppene, har vi sett eit øvre tak på 250 barn per veke. Påmelding etter «førstemann til mølla» prinsippet.

Sommaridrettskulen føregår på dagtid, alle vekedagar kl. 09:00 – 15:00.

Aktivitetstilbodet er breitt og varierer litt frå år til år. Planen i år er m.a. bading, friidrett, orientering, fjelltur, ballspel, bowling, dans, natursti og turn (vi tek atterhald om mulige endring i aktivitetane).

Vi organiserer gruppene etter alder, skule og klasse. Det vil være inntil 25 born og 2 til 3 instruktørar i kvar gruppe.

Obs! Barn som normalt har behov for assistent på skulen, må ha med seg assistent også her.

PRISAR: Kr. 950 for 1 veke, kr. 1750 for 2 veker (+ gebyr til påmeldingsløysinga). NB! Du finner altså 3 ulike "billett" typar i nedtrekksmenyen.

Påmeldingsfrist er fredag 19. mai 2016

Påmelding skjer elektronisk gjennom heimesida til Førde IL -> gruppe FIL Sommaridrett: http://sommaridrett.fordeidrettslag.no. Påmeldinga er bindande sidan det er betaling ved påmelding.

Spørsmål kan rettast til Fredrik Hanssen mob.nr. 90265493 eller på e-post sommaridrett@fordeidrettslag.no som går til Fredrik Hanssen + styreleiar i Førde IL.


FIL Sommaridrettskulen. Påmeldingsskriv 2017.pdf

Påmelding


Powered by: Bloc