Leik og moro i Hafstadparken

Postet av Førde IL den 28. Okt 2023


Orienteringsgruppa i Førde har fått tildelt midlar som er øyremerka brukt på born og unge.
BUFDIR  (Barne, ungdoms- og familiedirektoratet), samt lokale støttespelarar, har gitt oss mogelegheit til å opprette eit lågterskeltilbod for aldersgruppa 8-12 år. Gratis trening / aktivitet 1 gong i veka. I tillegg til aktivitet vert det også kveldsmat i FIL-huset før ein reiser heim.

Lågterskeltilbod. Alle kan vere med. Gratis. Einaste ein treng er å ha klede som kan brukast til uteaktivitet. Aktiviteten vil i stor grad vere leik og moro - ikkje så mykje mot orientering. 

Første gong vert måndag 30. oktober. Kjenner du nokon som kan ha interesse av eit slikt tilbod?

Her kan du lese meir:  mor-O aktivitet born og unge.pdf 


Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.