Eit kapteinsteam av omsorgspersonar

Postet av Førde IL - Handball den 16. Des 2021

I tillegg til kaptein Oda Vindheim, har 2. divisjonslaget til Førde to visekapteinar: Målvakt Andrea Boge Solås (25) og kantspelar Veslemøy Risnes Kjønås (22). Begge studerer sjukepleie i Førde. Når vi veit at også Oda er sjukepleiestudent, så kan det seiast at Førde har eit kapteinteam  fylt med omsorgspersonar.

Veslemøy var ikkje med då Førde spelte  i 1. divisjon. Ho starta med handball som lita jente og var med oppover i aldersbestemte klassar i Førde, m.a. i Bring-serien og Lerøy-serien.

- Eg har ein eldre bror, Håvard, som spelte handball, og det låg litt i familien at det var kjekt. Så var eg eitt år i Bergen og spelte handball der, i NHHI, og så kom eg tilbake hit.

No er ho godt i gang med sjukepleiestudium, og har ein travel kvardag med trening, kampar, i tillegg til studiet. Likevel var det opplagt at ho ville vere med på å byggje opp eit nytt Førde-lag.

- Det var ein periode eg ikkje spelte handball, fordi det vart mykje , men eg oppdaga fort at eg sakna det, og eg er veldig glad for at eg vart med.

Kantspelaren har noterte seg for 22 mål i serien i år, ein del av dei på kontringar. Ho hugsar godt ein av kampane i Førdehuset i haust, der Førde leia med eitt mål kort tid før slutt.

Då kom ho åleine mot målvakta til Kjøkkelvik. Det enda med eit skot i stanga, og på tampen scora Kjøkkelvik to mål og vann 30-29.

- Eg fekk litt skuldkjensle, men så må vi tenke på at det var ikkje berre meg og det eine målet som gjorde at vi tapte, sjølv om det er lett å tenke at vi hadde vunne om eg hadde scora.

 

Trass i alle tapa i haust har Veslemøy hatt det veldig moro på handballbana.

-Eg har aldri tidlegare følt meg så sett, eg har fått mykje speletid, og eg synest det har vore veldig kjekt. Det er travelt med både handball og studium, men eg  trivst veldig godt med det.

Andrea Boge Solås spelte då Førde var i 1. divisjon, og såg at dei aller fleste av medspelarane forsvann etter nedrykket og i koronapausen frå mars 2020 til treningane kom i gang att i juni 2021. Likevel var ho klar då eit nytt lag skulle byggast.

- Ja, det var opplagt at eg ville vere med. Det var sjølvsagt kjipt å rykke ned, men eg var ikke klar for å gi meg med handball, så eg hadde veldig lyst til å vere med vidare.

Andrea kjem frå Dale og lærde å bli glad i handball der, men var glad for å få prøve seg på høgt nivå i 1. divisjon med Førde. Ho syntest det sleit på motivasjonen då koronaen gjorde at det var mykje av og på med trening, med trening utan kontakt. Men den lange pausen heilt utan handball fekk fram att motivasjonen.

- Så eg gledde meg veldig til å kome i gang att. Det er sjølvsagt kjipt at vi har tapt så mange kampar, men vi må ta med oss at mange av kampane var jamnspelte, og vi kunne godt ha teke poeng i ein del av dei. Så det er ikkje heilsvart. Eg har tru på at vi skal greie oss til slutt.

Koronarestriksjonane   gjer at den komande kampen som skulle ha gått i Bergen 18. desember mot Gneist, er utsett. Då er neste kamp mot Viking i Førdehuset 15. januar, og dette blir ein veldig viktig kamp, seier Andrea.

- Det er det einaste laget vi har teke to poeng mot,  så det kan bli heilt avgjerande å vinne også heimekampen.

Tekst og foto: Kjell Arvid Stølen.



Koronaen stansar oss - igjen

Postet av Førde IL - Handball den 14. Des 2021

Restriksjonane som regjeringa har innført for å få ned koronasmitten får fylgjer for handballen. Sett bort frå   Rema 1000-ligaen for menn og kvinner blir det stans i all kampaktivitet frå 15. desember til 11. januar. For 2. divisjonslaget vårt betyr det at ein kamp blir utsett, bortekampen mot Gneist, som skulle ha gått komande laurdag. Den neste kampen er heime mot Viking den 15. januar, så dersom forbodet mot kampar ikkje blir ført vidare, kan den gå som planlagt.

Når det gjeld trening, skriv Handballforbundet dette på si heimeside: Også treningsaktiviteten påvirkes. Norges Håndballforbund er i dialog med de rette instanser for å innhente avklaringer om hva de nye endringene innebærer for Håndball-Norge, og vil kommunisere dette når vi har fått bekreftet informasjon. 



Ekte handballglede i TH-serien

Postet av Førde IL - Handball den 25. Nov 2021

Førde sitt lag i TH-serien, helst kalla Førde United, (tilrettelagt handball) fekk storbesøk sist laurdag. 

I denne serien har vi alltid ei avsluttande regional turnering, vanlegvis i april. Vanlege rundar, gjerne fem i løpet av sesongen, består gjerne av lag frå Sogn og Fjordane som spelar seg imellom.

Men den avsluttande runden er som regel litt storstilt, og lag frå heile regionen samlast vekselvis i Førde og Bergen. 

I 2020 vart Førde sitt arrangement avlyst pga covid-19, og sist helg var meint som ei «erstatning» for den helga i fjor.

Vi fekk besøk av følgjande lag: Bergsøy (Fosnavåg, einaste lag i sitt fylke), Sotra, Vadmyra, Bjørnar, Skavøypoll, Dale og Florø. 

Dei fleste kampane går på stor bane, men tidvis tilpassar ein til ferdigheitsnivå og nyttar kort bane, eller minibane. Alle lag spelar to kampar i løpet av dagen. Det var lagt inn eit måltid midtvegs.

Tilrettelagt handball er eit fantastisk konsept, som verkeleg fremjar NHF sine verdiar: Begeistring, innsatsvilje, respekt og fair play. Trenarane sine ambisjonar er å sjå til at kampane blir spennande og kjekke. Speleregulerande tiltak vil vere aktuelt undervegs, dersom eine laget leiar med meir enn 4-5 mål, eller dersom eit lag strevar med å i det heile få ballen i mål.

I Førdehuset laurdag var det stor glede å spore hjå samtlege lag. Det er befriande å vere i gang igjen etter at meir enn eitt år har gått tapt handballmessig. Dette synte og igjen på innsatsen, som var svært god, og laga visste å juble når det vart siger. TH-serien er idrett på sitt vakraste.

TH-serien har i Sogn og Fjordane utvikla seg mykje. I starten for ti år sidan var det forsiktig oppstart av Førde-gjengen, som kvar gong måtte til Bergen, Os eller Arna for å spele kampar. Gradvis har det blomstra opp lag rundt oss. No er vi fire lag i gamlefylket. Det er kome signal om at Gloppen er i startblokka med eit lag.

Tekst: Terje Holvik, foto: Terje Holvik og Sissel Bruland Gurvin.



Kjekke handballopplevingar for J11

Postet av Førde IL - Handball den 21. Nov 2021

J11 hadde kampdag i Gaularhallen søndag 21. november.

 Det er mange handballspelarar J11 i Sunnfjord og Ytre Sogn. Førde og Florø har fleire lag i denne årsklassen.  Jølster, Hyllestad, Gaular, Dale og Eikefjord stiller med eitt lag kvar.  Særskilt imponerande er det kanskje med Høyang som stiller to gode lag i denne årsklassen.  Kanskje ein konsekvens av fleire hallar i regionen?  Det lovar uansett godt for rekrutteringa framover.

 Førdejentene har takla overgang til større bane og meir fysisk handball.  Eit jamnt lag der mange teiknar seg på scoringslista og legg ned stor innsats i både angrep og forsvar.  Nokre referansespelarar som går føre som gode eksempel både i kamp og trening og får med seg dei andre spelarane.  Fleire har potensiale til å gjere det bra i handballen.

 Trenarane Monika Litsheim og Harald Pilskog Stein har ein stor del av æra for dette.  Dei siste åra har dei trent to gonger i veka fram til skuleslutt i juni med oppstart igjen rett etter ferien i august.   Kjekke og varierte treningar med godt humør.  Samhald og inkludering står sentralt, men dei set også krav til innsats frå jentene.   Dette har dei respondert bra på.  Det er no nesten 20 jenter i dette kullet i klubben.  

 Begge Førde-laga vann sine kampar I Gaularhallen denne helga.  Laurdag sprang dei inn med A-laget til deira kamp mot Fyllingen.

 Trenarane Monika Litsheim og Harald Pilskog Stein.

Tekst og foto: Halvard Seljesæter.



Oppløftande trass tap mot Fyllingen

Postet av Førde IL - Handball den 20. Nov 2021

Førde-Fyllingen 27-32 (13-18): Med tanke på at vi møtte eitt av topplaga i 2. divisjon, var kampen i Førdehuset laurdag eit klart steg framover for heimelaget. Det trass i at laget onsdag fekk beskjed om at Jeanette Øksenberg er ute resten av sesongen på grunn av ein kneskade. I tillegg var Emma Gloppestad og Benedicte Frøyen Bergset ikkje tilgjengelege denne helga. 

Men denne gongen gjennomførte Førde-jentene ein heil kamp om ein ser bort frå nokre korte periodar med småslurv og dårlege avslutningar. Poeng vart det ikkje denne gongen heller, men det var ein godt nøgd gjeng som gjekk av bana.

Trenar Øyvind Fougli Vraalsen smilte godt etter sluttsignalet.

- Dette var oppløftande, vi spelte faktisk jamnt med dei etter pause.

Kampen vart ein halv time forseinka fordi Fyllingen syntest golvet var for glatt. Det vart ordna. Førde fekk ikkje den beste starten, Fyllingen netta tre gonger før heimelaget fekk vekk nullen på måltavla. Men derifrå var jentene påskrudde, og Fyllingen fekk aldri det heilt store forspranget. Rett nok var avstanden oppe i sju mål, men to kjappe Førde-kontringar i sluttminuttet gjorde at det stod 13-18 ved pause.

I andre omgang var avstanden ei stund nede i fire mål, men det enda med femmålstap, 27-32.

Kaptein Oda Vindheim gjekk i bresjen med pågåande og godt angrepsspel, ho vart toppscorar med 8 mål og vart kåra til Førde sin beste spelar. Premien var ein kniv frå kampsponsor Magne Hafstad AS, kanskje eit symbol på at laget har skjerpa seg....

Dei andre måla til Førde vart scora av desse: Martine Vindheim 4, Veslemøy Risnes Kjønås 4, Berenice Halvorsen 4 (3 på straffe), Ingrid Sofie Indrebø 4 (1 på straffe), Regine Boge Skadal 1, Rebekka Ølmheim 1 og Oda Hage Lambrechts 1. 

Kaja Mørner Melander var toppscorar for Fyllingen. Ho vart også kåra til beste spelaren på Fyllingen, som no toppar tabellen, rett nok med fleire kampar spelt enn Åsane. Førde er framleis under streken med sine tre poeng. Eit lyspunkt denne laurdagen var at Kjøkkelvik tapte mot Ålgård 2 og framleis står på tre poeng.

Oda Vindheim får bestemannsprisen av Geir Eikås.

Berenice Halvorsen sette inn tre straffekast.


Ingrid Sofie Indrebø noterte seg for fire mål.

Tekst og foto: Kjell Arvid Stølen.

 



Jeanette er ute resten av sesongen

Postet av Førde IL - Handball den 18. Nov 2021

Skaden Jeanette Øksenberg fekk i kampen mot Stavanger viser seg å vere så alvorleg at ho ikkje kan spele handball att før om eitt år.

- Fremre korsband er avrive, begge leddbanda er strekte, det eine er nesten av, det er også teikn til skade på bakre korsband, i tillegg til meniskskade, seier den uheldige Dale-jenta, som nett var komen i gang med spel for Førde igjen. Ho var ikkje med frå sesongstart.

- Eg har trent styrke på Spenst, og vart med på nokre treningar for å kjenne etter om det var gøy med handball igjen. Det var det. 

Difor melde ho seg til teneste for 2. divisjonslaget og gjorde comeback heime mot Ålgård. Det gjekk så bra at ho vart kåra til den beste spelaren på Førde. Men i neste kamp, mot Stavanger i Fjalerhallen, var det bråstopp i det 12. minutt.

- Eg kjende med ein gong at det var alvorleg då eg fekk ein kraftig vridning i kneet. 

Og no har ho fått fasiten. Det blir ein omfattande kneoperasjon, og handballspel kan ho sjå langt etter denne sesongen, og truleg også starten av neste.

Det unge og urutinerte Førde-laget kunne ha trengt rutinen og skotstyrken til Jeanette, men slik blir det ikkje. I kampen heime mot Fyllingen laurdag er det også usikkert om kaptein Oda Vindheim kan spele.

- Ho fekk ein skade i ryggen i bortekampen i Bergen sist laurdag, og ho måtte gi seg på treninga onsdag. Ho har vore til fysioterapeut att i dag, så vi håpar ho kan bli klar, seier mor og sportsleg leiar Oddny Sønnesyn.

Tekst: Kjell Arvid Stølen

Foto: Arkiv



Topplaget Åsane vart for sterke

Postet av Førde IL - Handball den 14. Nov 2021

Martine Vindheim måtte spele sentralt mot Åsane fordi søstera Oda var skada.

 Som venta vart Åsane for sterke då Førde i dag spelte sin andre kamp denne helga i Bergen. Åsane tok sin sjuande strake siger og er utan poengtap i 2. divisjon. For Førde vart det det sjuande tapet på rad. Og det starta veldig dårleg. Kaptein Oda Vindheim spelte ikkje på grunn av ein skade i ryggen, og det bar spelet preg av.

Det kom seg litt då Martine Vindheim vart flytta frå kanten inn i midten. Men det vart gjort mange feil i angrep, og Førde vart hardt straffa for det med mange kontringsmål imot. Pauseresultatet var 19-10 til heimelaget.

- Men vi fekk trent på ein del og er ok nøgde med delar av kampen, seier sportsleg leiar Oddny Sønnesyn. Anna Schrøder gjorde ein god kamp i mål og vart kåra til beste spelaren på Førde. 

Sidan Martine vart flytta inn i midten, fekk 16 år gamle Amalie Ness sjansen på vingen, og ho sette inn sine første mål i 2. divisjon. Ho vart nesten toppscorar for Førde med sine fire mål. Flest mål hadde Berenice Halvorsen med fem, fire av dei på straffekast. Benedicte Frøyen Bergset hadde tre, Veslemøy Risnes Kjønås tre, Ingrid Sofie Indrebø tre, Martine Vindheim to og Emma Gloppestad eitt mål.


Tekst og foto: Kjell Arvid Stølen.



Tap mot "gamle" lagvenninner

Postet av Førde IL - Handball den 13. Nov 2021

.

 Trass tap var det kjekt å møte tre tidlegare lagvenninner i kamp. Frå v. Martine Vindheim, Emilie Myklebust Sande, Benedicte Frøyen Bergset, Andrea Dolve Ellingsund, Andrea Boge Solås, Margrete Aske Mjåtveit og Oda Vindheim. Foto: Oddny Sønnesyn.

Den første av to kampar i Bergen denne helga enda med tap 27-23 mot Tertnes 2. Det var ein jamn og tøff kamp, der pauseresultatet var 14-14. Også andre omgang var jamn, sjølv om det til slutt vart firemålstap, seier sportsleg leiar Oddny Sønnesyn.

- For første gong i år gjennomfører vi to omgangar. Det er vi veldig nøgde med sjølv om vi taper til slutt. Vi synest vi tek steg for steg og håpar det snart blir betalt med poeng.

Det vart ein spesiell kamp for fleire av spelarane, fordi det var tre tidlegare lagvenninner på motstandarlaget, og dei tre var så avgjort med på å sikre at poenga vart verande i Bergen. Emilie Myklebust Sande (8), Andrea Dolve Ellingsund (5) og Margrete Aske Mjåtveit (3) sette inn 16 av dei 27 måla til Tertnes.

 På Førde var det som vanleg søstrene Oda og Martine Vindheim og strekspelar Benedicte Frøyen Bergset som tok størst ansvar.

- Men fleire kom inn og gjorde sine saker bra, mellom andre Agnete Ørnehaug. Det var eit surt tap, men vi tek med oss mykje bra, seier Oddny.

Etter som Kjøkkelvik og Nærbø spelte uavgjort, hamna Førde under nedrykksstreken med sine tre poeng. Søndag er det kamp mot Åsane, som enno har til gode å tape denne sesongen.

Måla til Førde: Benedicte Frøyen Bergset 5, Oda Vindheim 4, Martine Vindheim 4, Agnete Hjelmeland Ørnehaug 3, Emma Gloppestad 2, Berenice Halvorsen 2, Veslemøy Risnes Kjønås 1, Regine Boge Skadal 1, Ingrid Sofie Indrebø 1.  

 Tekst: Kjell Arvid Stølen.



- Kjekt å prøve handball igjen

Postet av Førde IL - Handball den 11. Nov 2021

Gøy på handballtrening. Dei to til høgre fekk med seg fire venninner på handballtrening. Frå v. Silje Taklo Flatjord, Silje Bergset Eide, Rosy Bird Fonn, Wilma Nedreø Aven, Hanna Kvammen og Nathalie Breidvik Nydal.


Koronaperioden har ført til at rekrutteringa til handballen har vore dårlegare enn elles. Førde IL Handball vil prøve å gjere noko med dette. Onsdag inviterte jentene på J15/16 med seg venninner på trening, og responsen var god. Dei ti frå laget som var med på treninga fekk selskap av 16 andre jenter, slik at det til saman vart uvanleg folksamt på treninga.
Og det såg ut til at det var gøy å vere med, sjølv om mange ikkje hadde teke i ein handball på mange år. Silje Taklo Flatjord, Silje Bergset Eide, Rosy Bird Fonn og Wilma Nedrebø Aven var samstemte i at dette vr moro. Men om dei kjem til å bli med på fleire handballtreningar er litt usikkert. Dei to venninnene deira som spelar på laget, Hanna Kvammen og Nathalie Breidvik Nydal, håpar iallfall at dei kan få litt fleire lagvenninner.

Ole Kristian Gjerstad, som leia denne treninga, sa at det var ei lita utfordring for dei nye, sidan det var uvant for dei med klister.

- Men eg trur det var OK for dei å vere med, og får vi tre-fire av dei til å bli med vidare, så er det flott. Men vi håpar sjølvsagt at endå fleire tykte det var så moro at dei vil kome på fleire treningar. 

Heile gjengen samla etter trening.

Tekst og foto: Kjell Arvid Stølen.

 



J16: Framgang mot Dale

Postet av Førde IL - Handball den 9. Nov 2021

J16 tok tysdag ettermiddag turen til Fjalerhallen for å møte det som truleg er seriens beste lag, nemleg Dale. Dale har med sine 05-jenter i haust deltatt i Bring-kvalik, og nokre av spelarane har og allereie debutert i 3. divisjon for senior. Dei har med andre ord solid erfaring frå fleire nivå opp frå 16-års serien i gamle Sogn og Fjordane. 

Vi visste at Dale ville bli ei tøff nøtt å knekke, men i garderoben var vi påskrudd og visste kva arbeidsoppgåver som venta for at vi skulle få ein god inngang til kampen. Kampen startar med at begge lag brenn fleire sjansar og har nokre tekniske feil framover på bana. Etter 10 minuttar er det berre 6 mål i målprotokollen med ei knapp 4-2-leiing til Dale. Vi taklar Dale sitt offensive 3-2-1 forsvar heilt ok, men vi utnyttar ikkje romma og muligheten for duellspelet og overgangar som oppstår ut frå det godt nok til å komme oss til nok klare målsjansar. Vi brenn og fleire sjansar på keeper, i stolpen eller utanfor. 

Bakover spelar vi i enkelte periodar veldig godt og set inn fleire gode taklingar. I etablert angrep scorar ikkje Dale veldig mange mål i 1. omgang, dei fleste kjem på ankomst og kontringar. Det gjer at vi har ein viss heng, men er heile tida eit lite hakk bak. Vi går til pause med 12-6, ein avstand som ikkje er altfor avskrekkande. 

I pausen blir vi enige om å knalle maks til, vise oss frå vår beste side og vere både hissigare og smartare i duellspelet med små konkrete justeringar. I 2 omgang spelar vi mykje meir som eit lag og får litt meir struktur på angrepa i staden for at det berre blir ein og ein som skal gjere ting. Dei gode periodane held seg litt lengre enn i 1. omgang. 

Vi er 5-6 mål bak heilt til om lag halve 2. omgang er spelt. Då set Dale inn eit lite ekstra gir og avgjer kampen til sin fordel. Hadde vi utnytta overtalet som oppstod i utvisningsperiodane til Dale så kunne vi kanskje skapt litt meir spenning, men i desse periodane gjer vi dessverre for mange tekniske feil eller kastar vekk ballen. 

Eit veldig godt Dale-lag vinn til slutt fortent 26-15, men det er likevel mykje positivt å ta med seg frå kampen. Fleire spelarar utmerka seg med positivt forteikn. Tuva Tefre Kalstad er hurtig og fintesterk, og i denne kampen får ho utnytta akkurat det veldig godt. Marie Erichsen Myklebust viser gode takter både på back og på kant, og Guro Bruland Gurvin er som vanleg knalltøff og tar ansvar både bakover og framover når det trengst. Ronja Nordbotten Holsen spelar ein veldig god 2 omgang, der ho tar fleire duellar og blir til slutt belønna med ein scoring. 

Bakerst følgjer målvakt og 07-spelar Elise Benjaminsen opp det gode spelet mot Sogndal, er tøff og reddar fleire 100 % sjansar, særleg i 2 omgang. Elise sin keepererfaring er på knappe tre månader. Ho begynte å stå i mål i september då vi mangla målvakt, og ho har hatt ei utruleg fin utvikling og framgang på den korte tida. Det lovar godt. Vi fortset å jobbe hardt i treningsarbeidet, og allereie neste tysdag er vi klare til å ta imot Gloppen på heimebane!

Tekst og foto: Eivind Stølen.



God første omgang, men bråstopp i andre

Postet av Førde IL - Handball den 6. Nov 2021

Martine Vindheim sette inn sju mål mot Stavanger, men poeng vart det ikkje denne gongen heller.

Den fjerde strake heimekampen til Førde-damene i 2. divisjon vart spelt i Dale, i Fjalerhallen. Også denne gongen kom heimelaget godt i gang. Søstrene Martine og Oda Vindheim sette inn mål etter mål i første omgang, og Førde kunne gå til pause med ei knapp leiing, 16-15.
Det starta bra også i andre omgang, Førde var oppe i tomålsleiing før det vart bråstopp. Medan Stavanger netta jamnt og trutt, ville det seg ikkje for Førde. Det enda til slutt 23-31, med andre ord berre sju heimemål på dei siste 30 minutta.
Trass i dette meiner trenar Øyvind Fougli Vraalsen at kampen mot Stavanger var mange steg opp frå tidlegare kampar. 



- Stavanger er det beste laget vi har møtt, og vi fekk dei heilt ut av eige spel. Det vart litt for langt mellom våre eigne mål, særleg i siste halvdelen av andre omgang. Men det var mykje bra, så vi tek dei rette stega som vi ønskjer.

Målscorarar for Førde: Martine Vindheim 7, Oda Vindheim 7, Benedicte Frøyen Bergset 4, Berenice Halvorsen 4, Emma Gloppestad 1.
Toppscorar for Stavanger: Maren Marki 8 mål.

 



Endå ein jamn kamp utan poeng

Postet av Førde IL - Handball den 31. Okt 2021

Kaptein Oda Vindheim måtte nok ein gong sjå at poenga glapp.

 

Førde-Ålgård2 23-25 (12-13). Førde-damene spelte nok ein jamn kamp på heimebane, men igjen vart det eit surt og knepent tap, denne gongen mot Ålgård2.  Heimelaget kom bakpå frå start og var på det meste fem mål bak, men ein solid innspurt på første omgang gjorde at dei berre var eitt mål bak ved sidebyte.

I andre omgang var Førde fleire gonger oppe på uavgjort, men mot slutten seig Ålgård frå igjen, og det enda med tomålstap.

Sportsleg leiar Oddny Sønnesynseier at det er tungt at det nok ein gong bikka feil veg.

- Vi får ein dårleg start, spesielt bakover og kjem bakpå med fem mål. Men vi jobbar oss inn i kampen igjen og går til pause eitt mål bak. Andre omgang vart  jamn , og vi spelte oss til mange gode sjansar. Men vi er for dårlege i avslutningsøyeblikket og bomma for masse. Dermed taper vi med to mål. 

- Det positive er at vi ser framgang begge vegar, og ikkje minst, vi har Jeanette Øksenberg tilbake på bana. Ho scora seks mål og var vår beste. No må vi berre riste av oss dette også og fokusere inn mot neste kamp. Vi har trua på det vi jobbar med, men vi må berre få nokon positive opplevingar no slik at vi snur denne trenden.  

Mål for Førde: Jeanette Øksenberg 6, Berenice Halvorsen 5, Oda Vindheim 4, Martine Vindheim 3, Emma Gloppestad 3, Agnete Hjelmeland Ørnehaug 1 og Veslemøy Risnes Kjønås 1. For Ålgård 2 vart Hege Grønningen toppscorar med ni mål.



Nok eit surt heimetap

Postet av Førde IL - Handball den 24. Okt 2021

Benedicte Frøyen Bergset sette inn sju mål, men nok ein gong vart det tap i sluttminutta.

Førde-Kjøkkelvik 29-30 (14-15)

Kjøkkelvik kom til Førde etter fire tap på rad, og var dermed eit lag Førde bør ta poeng mot. Men det skulle vise seg å bli eit svært jamt oppgjer, som laget frå Bergen til slutt vann med minst mogeleg margin. Førde, som hadde fått med att strekspelar Benedicte Frøyen Bergset, kom bra i gang  og hadde ei leiing på 5-2. Men det jamna seg ut, laga fylgde kvarandre tett fram til sidebyte, pauseresultatet var 14-15.

Ingrid Indrebø (biletet over) bidrog med eit par skikkelege susarar frå distanse, medan Martine Vindheim hadde ein veldig god dag på kanten. Det første kvarteret av andreomgang skifte laga om å ha eittmålsleiing, men så fekk Førde ein god femminuttsperiode. Då stod det brått 27-23 på måltavla. Trenar Øyvind Fougli Vraalsen tok timeout og formana jentene om korleis dei skulle ta vare på denne leiinga. 


 Forsvarsspelet fungerte godt i periodar, men strekspelaren til Kjøkkelvik var vanskeleg å få tak på.

Men i staden for å gjere nettopp det, vart altfor mange av angrepa avslutta for tidleg og på for dårlege sjansar, og Kjøkkelvik augna sjansen til å kome tilbake i kampen. På stillinga 29-28 til Førde fekk heimelaget ei kontring som dessverre gjekk i stanga og ut, og i staden prikka den gode strekspelaren til Kjøkkelvik, Charlotte Christiansen Fuglseth, inn to mål og sikra årets første siger til laget sitt.
Dermed vart det nok ein gong ein betutta gjeng som stod att poenglause på heimebane. Martine Vindheim vart kåra til den beste spelaren på heimelaget.
Målscorarar for Førde: Martine Vindheim 8, Benedicte Frøyen Bergset 7, Oda Vindheim 5, Veslemøy Risnes Kjønås 4, Regine Boge Skadal 2, Ingrid Indrebø 2 og Agnete Hjelmeland Ørnehaug 1.
Martine Vindheim gjorde ein veldig god kamp for Førde, og fekk eit gåvekort frå Coop Extra.

 



Mange mål og stor handballglede

Postet av Førde IL - Handball den 23. Okt 2021

Fleire av dei yngste laga i klubben hadde sine første kampar for sesongen denne helga.  Gutar 8 spelte kampar i Askvollhallen mot Høyang, Dale og Askvoll/Holmedal.  Gutane har knekt koden og varta opp med godt samspel, hurtige kontringar og aggressivt forsvarsspel. Lysta til å score er stor og det blir mange mål.  Det er eit godt samhold i laget.  Treningar i Førdehuset torsdagar 17-18, plass til fleire!

Tekst og foto: Halvard Seljesæter.



Trenar Øyvind: Det skal ikkje skje igjen

Postet av Førde IL - Handball den 21. Okt 2021

Ein betenkt trenar såg at Førde fall saman i andre omgang mot Årstad.

 

Søndag 24. oktober er det klart for ein ny heimekamp i Førdehuset. Motstandar er Kjøkkelvik. Trenar Øyvind Fougli Vraalsen var svært betenkt over det han såg i andre omgang mot Årstad sist laurdag. Etter å ha storspelt i første omgang og sikra ei leiing på sju mål til pause gjekk det skikkeleg skeis i andre omgang. Det enda med eit tomålstap.

- Vi hadde trening tysdag, då prøvde vi å snu det negative frå laurdagen til det positive. Her er vi godt i gang, og vi er samde om at dei siste 30 minutta mot Årstad har vi lært av, og det skal ikkje skje igjen, seier Øyvind.

Han siterer medtrenar Ole Kristian Gjerstad, som sa til jentene: Vi skal ta med oss det positive og lære av det negative.

- Vi er framleis eit lag i utvikling, og vi er alt godt i gang med å førebu oss inn mot ny kamp. Vi er inne i ein tung kampperiode med kampar på rekke og rad, så vi må kome oss inn i ein god flyt for å ta dei poenga vi fortener, seier Øyvind.

I kampen mot Årstad var ikkje Benedicte Frøyen Bergset med på grunn av sjukdom. Ho er klar igjen til kampen på søndag. 

Kjøkkelvik ligg nest sist på tabellen med null poeng på sine fire første kampar, medan Førde er på åttandeplass med sine tre poeng. 

Jentene er klare til å revansjere det sure tapet mot Årstad.


Tekst og foto: Kjell Arvid Stølen.

 

 


 



J15/16: Tap mot Stryn i første seriekampen

Postet av Førde IL - Handball den 19. Okt 2021


Etter ein godt gjennomført Vestkyst Cup i Florø, som enda med semifinale, så var det omsider tid for årets første seriekamp for J15/16 måndag ettermiddag. Turen gjekk til Stryn. Sidan fjorårssesongen har vi mista nokre spelarar, inkludert alle våre tre 05-spelarar. Dette har gjort at vi har gått fra å stille to lag til i år berre eitt lag, og vi er påmeldt oppover i 16-års serien med 06-lag, supplert med eit svært  hyggeleg tilskot av to 07-jenter frå klubben, som har tatt to steg opp i aldersklassane sidan i fjor! Vi kjem difor i stor grad til å møte lag med eldre spelarar i år, men den utfordringa er vi klar for med dei utviklingsmoglegheitar og erfaringar det gir!

Etter ein lang biltur, peptalk i garderoben og oppvarming var vi klare for kamp. Starten på kampen viser at dette Stryn-laget var absolutt eit lag vi kunne spele jamnt med. Aurora Haugsbø Næss får æra av å score vårt første offisielle mål for sesongen, det gjer at vi tar ledelsen 1-0. Deretter slit vi dessverre i motbakke resten av omgangen. I periodar viser vi kva vi er gode for, men det blir mykje bom eller ballmiss framover, og det stokkar seg i angrep. Den andre vegen får Stryn sine to store og skotsterke bakspelarar gå fritt opp og dunke ballen i mål frå 7-8 meter utan press gang på gang. I tillegg får linja deira litt for mykje rom i angrepet. Dette resulterer totalt i at vi ligg litt for langt bak til pause, på stillinga 15-9 til Stryn.

I pausen bestemmer vi oss for å ta store tak for å snu det, og 2. omgangen er av ein heilt anna sort. Sakte, men sikkert et vi inn forspranget og tvingar Stryn til fleire balltap på vår halvdel. Vi benyttar og sjansen til å sette fleire viktige scoringar på hurtige ankomstsjansar. Etter om lag åtte minutt etter ein god periode er vi fire mål bak og har muligheten til å gjere det spennande. 

Dessverre er det og i denne perioden vi bommar på sjansar vi skal sette og slepp inn mål som kunne vore unngått. Dette gjer at Stryn igjen får det forspranget dei treng og ser seg deretter ikkje tilbake igjen. Kampen endar til slutt 27-20 til Stryn. Vi tar med oss alt det positive frå kampen og forsøker samtidig å stadig ta nye steg i alle fasar i det vidare treningsarbeidet framover.

 Vi takkar Stryn for kampen. Gledelig å vere i gang igjen med ein ny handballsesong etter ein litt for lang koronapause, og vi ser fram til fortsettelsen. 

Heia Førde!

Tekst: Eivind Stølen



Poenga rauk etter kollaps i andre omgang

Postet av Førde IL - Handball den 16. Okt 2021


Oda Vindheim vart kåra til beste spelaren til Førde, men greidde ikkje glede seg over det etter tapet.


Førde-Årstad 19-21 (14-7). At det skulle bli tap mot Årstad var det få som trudde etter ein veldig god førsteomgang av heimelaget. Forsvarsspelet sat som det skulle, det resulterte i mange kontringar, og søstrene Oda og Martine Vindheim prikka inn mål etter mål. Årstad verka som eit heller middelmådig lag. Men etter pausen var rollene bytte heilt om. Årstad kom best i gang trass i at dei hadde ein spelar utvist, medan Førde-spelarane verka ukonsentrerte.


Ein betutta gjeng etter at det vart tap.

Tekniske feil, skotbom, og ein Årstad-keeper som brått tok det meste som kom, gjorde at bergensarane sakte, men sikkert åt seg innpå. Spelarar som verka tafatte i første omgang fekk meir og meir sjølvtillit, medan Førde heldt fram med å gjere feil i angrep og sleppe inn lette mål. Det unge og urutinerte heimelaget greidde ikkje å finne tilbake til flyten frå første omgang, og til slutt vart det tomålstap.

Berre fem mål vart sette inn bak Årstad-keeperen, medan bortelaget prikka inn 14 i andre omgang. Dermed gjekk Årstad forbi Førde på tabellen.

Målscorar for Førde: Oda Vindheim 7 (2 på straffe), Martine Vindheim 5, Veslemøy Risnes Kjønås 2, Regine Boge Skadal 2, Ingrid Sofie Indrebø 2 og Emma Gloppestad 1. 

Toppscorar for Årstad vart Mona Skjærpe Klungtveit med 6 mål.

Martine Vindheim sette inn fem mål.

Tekst og foto: Kjell Arvid Stølen.



Støtt laget mot Årstad!

Postet av Førde IL - Handball den 15. Okt 2021




Oda lærde å gå på handballbana

Postet av Førde IL - Handball den 14. Okt 2021


Oda Vindheim - frå maskot til kaptein. Foto: Kjell Arvid Stølen.

Oda Vindheim (21) er ikkje av dei som ruvar på handballbana, men ho har teke lange steg som spelar sidan ho var med på å rykke ned frå 1. divisjon. Då fekk ho relativt korte innhopp som høgre kantspelar og heilt mot slutten som midtspelar.  No er ho kaptein på 2. divisjonslaget til Førde, ho er motoren i laget som midtspelar, og ho er toppscorar.

Ho er samd i at ho har hatt ei rivande utvikling. Den tidlegare maskoten er blitt vaksen.

Heile troppen til Førde sesongen 2021/22. Foto: Photoevent.

Oda kan nesten seiast å ha fått handballen inn med morsmjølka. Far Arild Vindheim har spelt handball for Førde, og mor Oddny Sønnesyn har hatt ein lang karriere som spelar på Førde. Mykje av den tida hadde ho døtrene Martine og Oda med seg på trening og kampar. 

- Eg trur faktisk eg lærde å gå på handballbana, og interessa for å spele sjølv kom tidleg, seier Oda.

No er ho vaksen og er saman med storesøster Martine, målvakt Andrea Boge Solås og strekspelar Benedicte Frøyen Bergset dei einaste som er att frå laget som spelte i 1. divisjon sesongen 2019/2020. Lagleiarane har gitt henne stort ansvar, og ho har teke utfordringa. Etter tre bortekampar er fasiten ein siger, ein uavgjort og eitt tap.

- Det har gått bra så langt. Det blir spennande å sjå korleis det går laurdag i heimekampen mot Årstad. Vi satsar på poeng.

I tillegg til å vere spelefordelar og kaptein, har Oda teke ansvaret for å ta straffekast, og ho er toppscorar på laget etter tre kampar.

- Eg har scora ein del mål også på langskot. Når eg ikkje har høgda til å skyte over muren, må eg vere smart og finne opningane på andre måtar. Eg har trent mykje på stegskot. Det kjem kanskje overraskande på motstandarane når eg skyt.

Ho håpar mange finn vegen til Førdehuset laurdag 16. oktober klokka 16. Sjukepleiestudenten presiserer at alle inngangspengane skal gå til rosa sløyfe-aksjonen. Motstandaren Årstad er på niandeplass med to poeng, to plassar og eitt poeng bak Førde før kampen.

Oda har gått i fotspora til mora også utdanningsmessig. Ho studerer sjukepleie. Foto: Kjell Arvid Stølen.

Tekst: Kjell Arvid Stølen.




Marit - frå benkeslitar til best på laget

Postet av Førde IL - Handball den 7. Okt 2021


Marit jublar for scoring - det skjer stadig oftare. Foto: Bjørn Erik Nesse.

Den tidlegare Førde-spelaren Marit Ova Bøyum har denne sesongen utvikla seg til å bli ein av dei mest sentrale spelarane på toppserielaget Fana i Bergen. Dei første par åra etter overgangen frå Førde var det mykje benkesliting. Ein skade gjorde også sitt til at det vart lite speletid. Men etter at ho trente seg opp att etter skaden har det meste gått vegen for Marit. Og ordtaket om at den eines død kan vere den andres brød kan kanskje brukast

- Ho som spelte mest på min plass (bakspelar) vart skadd, og det gjorde at eg etter kvart fekk meir speletid.  Eg fekk tillit frå trenaren, og det gjorde at eg tok steg for steg. Eg er avhengig av å ha det trygt rundt meg, og det har eg no i Fana. Det går framleis litt opp og ned, men eg er tryggare på det eg gjer, og eg håpar at eg no er meir etablert  på laget. Eg får iallfall mykje speletid.

Ho har alltid vore sterk i forsvar, no har ho utvikla det vidare. Foto: Bjørn Erik Nesse.

Marit har teikna seg på scoringslista i alle seriekampane til no denne sesongen, mot det elles så suverene topplaget Vipers sette ho inn tre mål då Fana spelte uavgjort. I den påfølgjande bortekampen mot Romerike vart det fem mål, og Marit vart kåra til den beste spelaren på Fana.

- Det var sjølvsagt kjekt å bli kåra til beste spelaren, men bortsett frå det var det ein kjip kamp, vi var slett ikkje nøgde med uavgjort mot det laget. Det kjendest som eit tap.

Marit starta handballkarrieren sin som 10-åring i Førde. På Vassenden der ho voks opp, var det ikkje handballtilbod på den tida. Som 16-åring vart ho teken opp i troppen til damelaget til Førde og utvikla seg etter kvart til ein god bakspelar.

- Eg trivdest godt i Førde, eg hadde mange fine folk rundt meg, utan dei ville eg ikkje ha kome dit eg er i dag. Det er mange eg kunne nemne, men Odd Erik (Gullaksen) var ein viktig person for meg. Det var ikkje lett å reise derifrå. Eg håpar det går godt med Førde i 2. divisjon.

Med auka sjølvtillit kjem måla frå distanse. Foto: Bjørn Erik Nesse.

Eit par av åra som Førde-spelar pendla ho til og frå Sogndal, der ho tok ein bachelor i kroppsøving og idrett. Saman med lagvenninna Martine Vindheim opplevde ho mellom anna tunnelbrannen i Fjærlandstunnelen på ein av turane mellom Førde og Sogndal.

- Då var det godt å vere to.

Etter å ha jobba i barnehage den første tida i Bergen, er Marit no student på Høgskulen på Vestlandet, ho studerer folkehelse. I tillegg til eigne treningar, er ho med og trenar yngre lag i Fana.

Neste kamp i serien er heime i Bergen mot Storhamar, eitt av topplaga. Fana er i skrivande stund på sjetteplass på tabellen med åtte poeng. Målet er topp fem.

 Tekst: Kjell Arvid Stølen.




Kjekt med minihandball

Postet av Førde IL - Handball den 5. Okt 2021



Jenter 9 i Førde IL Handball hadde si første trening for sesongen tysdag 5. oktober. Sju jenter møtte opp, litt få på grunn av at nokre var opptekne med fotballkampar, seier trenar Anne-Grete Reikvam. Ho håpar på litt betre oppmøte etter kvart. Ho synest det er kjekt å trene desse ivrige småjentene. Dei fleste av dei starta med handball som sjuåringar. Men for Ada Kristine Husa var det denne ettermiddagen eit første møte med handballen.


Ada Kristine Husa hadde si første handballtrening og får instruks frå Anne-Grete før ho skal skyte.

Anne-Grete Reikvam har sjølv spelt handball for Førde. No har ho engasjert seg for å gi eit tilbod til dottera Karoline og dei andre niåringane. Ho ser gjerne at andre foreldre også stiller opp, for det er mange lag som treng hjelp.


Guro Rokkones klar til å fyre av, medan dottera til Anne-Grete, Karoline Knausgård, ventar på tur.

Medan jenter 9 hadde si første trening tysdag denne veka, får gutar 8 si første torsdag 7. oktober, også dei har trening frå klokka 17 til 18. Sidan det er haustferie i veke 41, blir det først i veke 42  dei andre minihandballaga kjem i gang. G9 trenar måndag frå 17.30 til 18.30, J7/G7 onsdag frå 17 til 18 og J8 onsdag frå 18 til 19. Alle treningane er i Førdehuset.


Spel tre i angrep mot tre i forsvar inngår i treninga.

I minihandball er måla, mindre. Likevel er det ikkje alltid like lett å avverge scoring. Her er det Ragnhild Hjelmeland Berqvam som vaktar buret.



Vil barnet ditt spele handball?

Postet av Førde IL - Handball den 5. Okt 2021



Har guten eller jenta di lyst til å lære å spele handball? Då må du vere om deg, for alt i neste veke startar  dei første treningane i minihandball. Først ute er jenter 9 år (4. klasse), som trenar tysdag klokka 17-18, første trening var 5.10. Gutar 8 år trenar torsdag, også det 17-18, første gong 7.10. Jenter/gutar 7, jenter 8  og gutar 9 kjem ikkje i gang før i veke 42 pga haustferien. Sjå elles treningstidene i plakaten over. Alle treningene er i Førdehuset.



Endeleg i gang att

Postet av Førde IL - Handball den 26. Sep 2021


Då var vi endeleg i gang igjen. Førde sine J11 sesongdebuterte i helga med fire kampar i ein nyoppussa Høyangerhall.  Ein siger, eitt tap og to uavgjort vart fasiten i fire tette og underhaldande kampar.  Jentene har trena to gonger i veka sidan skulestart og har teke store skritt sidan den amputerte fjorårssesongen. Trenarane Monika Litsheim og Harald Pilskog Stein har arbeidd målbevisst med jentene og var godt nøgd med å vere i gang med sesongen.  Ein fin og samansveisa gjeng. Neste stopp er Vestkystcup i Florø om 14 dagar.



Berga eitt poeng i sluttsekunda

Postet av Førde IL - Handball den 26. Sep 2021


Andrea Boge Solås (t.v.) hindra Nærbø-mål i sluttsekunda og berga uavgjort. Oda Vindheim (i midten) sette inn sju mål og Benedicte Frøyen Bergset fem. Foto: Oddny Sønnesyn.

Fasit etter to kampar i Stavanger i helga er eitt poeng mot to gode lag.

Laurdagskampen mot Hinna var jamn lenge, men ein periode på ti minutt i første omgang øydela mykje for Førde. Då fekk Hinna eit forsprang på fem mål, slik at pauseresultatet vart 15-10. Andre omgang var jamn, men vi greidde aldri å ta inn forspranget, seier sportsleg leiar Oddny Sønnesyn. Det vart til slutt sjumålstap, 29-22. Oda Vindheim vart toppscorar med ni mål, fire av dei på straffe. Benedicte Frøyen Bergset hadde fire mål, Ingrid Sofie Indrebø tre, Martine Vindheim to, Agnete Hjelmeland Ørnehaug, Veslemøy Risnes Kjønås, Regine Boge Skadal og Oda Hage Lambrechts eitt kvar.

Søndagskampen mot Nærbø var jamn frå start til slutt. Heimelaget hadde ei tremålsleiing på det meste, men vanvittig god lagmoral gjorde at Førde henta det inn. På slutten veksla laga om å leie, Førde hadde sjansen til å score sigersmålet, men det vart Nærbø som fekk den siste sjansen. Det skotet tok Andrea Boge Solås, og dermed enda kampen 23-23. Igjen vart Oda Vindheim toppscorar (sju mål, tre på straffe), Benedicte Frøyen Bergset sette inn fem, Martine Vindheim fire, Berenice Halvorsen to, Ingrid Sofie Indrebø to, Emma Gloppestad eitt, Agnete Hjelmeland Ørnehaug eitt og Veslemøy Risnes Kjønås eitt mål.

- Vi er både litt skuffa og litt nøgde med å dra frå Stavanger med eitt poeng, seier Oddny. Men vi har fått ein god start med tre poeng på tre kampar og gler oss veldig til dei neste fire kampane på heimebane. Førde ligg på sjetteplass på tabellen.





Positivt møte med hovudsponsoren vår

Postet av Førde IL - Handball den 24. Sep 2021


Frå v. Aina Strandos og Lars Solnørdal frå Sparebanken Vest, leiar Geir Eikås og sportsleg leiar Oddny Sønnesyn i Førde IL Handball. Foto: Kjell Arvid Stølen.


Fredag 24. september hadde leiar Geir Eikås og sportsleg leiar Oddny Sønnesyn eit møte med hovudsponsoren vår, Sparebanken Vest. Dei fortalde banksjef Lars Solnørdal om utviklinga i klubben den siste tida, om korleis vi har stabla oss på beina att etter koronapausen og nedrykket frå 1. divisjon.  Som alle veit, måtte damelaget vårt starte nesten på scratch etter at dei aller fleste av spelarane frå 1. divisjonstida er vekk.

No handlar det om å prøve å få samarbeidet med dei andre klubbane i tidlegare Sogn og Fjordane fylke til å gå bra. Dette krev mykje koordinering for å få alle spelarane samla til fellestreningar. Den første seriekampen enda med siger, no er sportsleg leiar Oddny Sønnesyn spent på korleis det går i helga med to kampar i Stavanger.

Geir snakka litt om intensjonen om å få til samarbeid med naboklubbane også på aldersavgrensa nivå.

Han fortalde om økonomien i laget, som no er på fote att etter å ha vore dårleg ein periode. Mindre utgifter til løn og reise har hjelpt på, pluss at sponsorane, mellom dei Sparebanken vest, har vore der også i motgangstider. Vi hadde ikkje greidd oss utan dei, seier Geir Eikås.

Avtalen med Sparebanken Vest går ut ved nyttår. Den 19. november er det avtalt eit nytt møte om vegen vidare.



Knallstart med sterk bortesiger

Postet av Førde IL - Handball den 12. Sep 2021

Førde feia all tvil til side og knalla til med åttemålssiger borte mot Viking i serieopninga i 2. divisjon. 31-23 vart sluttresultatet.

Kapteinsteamet. Oda Vindheim, Andrea Solaas og Veslemøy Kjønås var saman med 11-målscorar Benedicte Bergset dei sentrale i dagens siger. Det var èin kamp mot eit lag med lite tempo, og det var det vi tok dei på, seier sportsleg leiar Oddny Sønnesyn. 

- Det var tøft forsvarsspel, kjappe ankomstar og rush. Vi tok ei tidlig leiing, og sjølv om kampen svinga litt så klarte vi å halde roen, fortsette det hurtige ankomstspillet og dra sakte frå. Èin skikkeleg lagseier rett og slett .

Pauseresultatet var 17-12 til Førde.



Guro og Marie på landslagssamling

Postet av Førde IL - Handball den 10. Sep 2021




Oppløftande start for nye Førde

Postet av Førde IL - Handball den 25. Aug 2021

Det nykomponerte Førde-laget imponerte i 45 minutt mot Tertnes.


Førde-Tertnes 16-37 (9-15)

Berre to spelarar var att frå det Førde-laget som spelte i 1. divisjon 2019/2020 då Førde onsdag møtte toppserielaget Tertnes frå Bergen i cupkamp. Keeper Andrea Boge Solås (kåra til beste spelaren på Førde) og Oda Vindheim er sentrale i det nykomponerte laget. Martine Vindheim er og framleis med, men fekk ikkje fri frå lærarjobben i Bergen for å reise heim til Førde. Difor var ikkje forventningane dei heilt store før møtet  med Tertnes. Men særleg i første omgang og første delen av andre omgang hengde Førde overraskande  godt med . Også trenar Øyvind Fougli Wraalsen var overraska over kor godt jentene matcha laget frå Bergen. – Men utover i andre omgang  vart det tungt, og då kom Tertnes lett til og auka forspranget frå7 til 21 mål. 

Slitne Førde-spelarar gjorde fleire feil i angrepsspelet, og då vart dei kontra i senk. Likevel kan laget ta med seg ei positiv oppleving frå kampen, og kanskje kan målsettinga framfor seriespelet i 2. divisjon  bli heva eit lite hakk?

Kor sterkt var så dette Tertnes-laget som vann med 21 mål? Dei spelarane som stilte i Førdehuset var ukjende namn for dei fleste. Trenar  Tore Johannessen  seier at dei mangla tre-fire spelarar, bortsett frå dei var det eliteserielaget som slo Førde. Også Tertnes har hatt stor utskifting i laget i løpet av koronapausen. Johannessen var misnøgd med utteljinga i første omgang , men totalt sett nøgd med gjennomføringa av kampen.

Leiar Geir Eikås i Førde IL Handball gir Fanny Skindlo premien som beste Tertnes-spelar


Andrea Boge Solås vart kåra til beste spelaren på Førde



FØRDE HANDBALL CUP 2021 AVLYST

Postet av Førde IL - Handball den 9. Aug 2021

Hei alle!

Vi hadde i det lengste håpa at vi skulle komme til trinn 4 i gjenopninga av Norge. Slik det er no med dagens regelverk og utsetjinga av gjenopninga , ser vi dessverre at vi ikkje kan gjennomføre Førdecup på ein trygg og forsvarlig måte. 

Takk for påmeldinga, vi håper de tek turen tilbake neste år. 

Dei som har betalt i forkant vi få refundert dette i løpet av kort tid. 

Mvh 

Førde Handball v/arrangementskomiteen.



Samarbeid skal gi ny slagkraft

Postet av Førde IL - Handball den 16. Jun 2021

Heile gruppa samla i Jølstrahallen.

Frå laget som spelte i 2019/2020-sesongen er berre tre spelarar att: Andrea Boge Solås i mål, og systrene Martine og Oda Vindheim.  Martine skal flytte til Bergen, men vil vere med på å få i gang att laget.  Men for å få eit slagkraftig lag håpar Førde IL Handball på samarbeid med andre klubbar i Sogn og Fjordane. Laurdag  12. juni var difor spelarar frå Førde, Florø, Dale, Gloppen og Sogndal samla i Jølstrahallen under leiing av trenar Øyvind Fougli Vraalsen.

Sportsleg leiar Oddny Sønnesyn og trenar Øyvind Fougli Wraalsen på treningssamlinga i Jølstrahallen.

Sportsleg leiar i Førde Handball, Oddny Sønnesyn, seier at dei legg lista lågt med tanke på 2. divisjon 2021/22.

- Målet er å få etablert eit nytt lag og å halde oss i divisjonen. Vi veit lite om nivået til dei andre laga i avdelinga vår, og tilstanden deira etter koronapausen. Tidlegare erfaring tilseier at det er stor nivåskilnad mellom topp og botn i 2. divisjon, så vi håpar at vi greier å ta nok poeng til å fornye kontrakten.

Av dei spelarane som var med på samlinga i Jølstrahallen er det særleg fem unge jenter som Oddny Sønnesyn ser på som spennande talent som på sikt kan få moglegheiten i 2. divisjon:

  • Frå Dale: Regine Boge Skadal (f. 2003) (ja, ho er veslesøstera til Andrea og Kjerstin). Ho synte på samlinga fram gode hoppskot og frispelingar av kantspelarar. Ho har god fysikk, harde skot og god speleforståing, Ho kan spele både venstre bakspelar og midtback.
  • Frå Gloppen: Emma Gloppestad (f. 2004). Primært bakspelar. Har gode skot og god fysikk.
  • Frå Sogndal: Synne Bakke Dvergedal (f. 2005) (dotter til Tone Bakke og barnebarnet til Svein Bakke, som i tillegg til fotballegende var ein god handballspelar). Ho kan spele både back og på strek. Gode skot og sterk fysikk, er ei høg  jente.
  • Frå Florø: Bernice Halvorsen (f. 2003). Primært bakspelar. God på finter og gjennombrot.
  • Frå Førde: Amalie Ness (f. 2005). Ei jente med god fysikk. Med eksplosivitet. Kan spele både midtback og kant.

Regine Boge Skadal frå Dale kan gå inn i rolla systera Kjerstin hadde i Førde. Bal t.v. Synne Bakke Dvergedal frå Sogndal.

Parallelt med den sportslege oppkøyringa har det frå styret i Førde IL Handball vore jobba mykje med å få reforhandla eksisterande  sponsoravtalar og med å få nye sponsorar. Dette har resultert i eit bra grunnlag for å gå i gang att med seriespel både for 2. divisjonslaget og for laga i dei aldersavgrensa klassane.

Til treningssamling i Jølstrahallen stilte Coop med mat og drikke. Takk så mykje for det!

Tekst og foto: Kjell Arvid Stølen


Trenar Øyvind Fougli Wraalsen instruerer  spelarar frå Dale og Sogndal.

Andrea Boge Solås held fram som målvakt.

Martine Vindheim er ei av tre som er att frå laget som spelte 1. divisjon.



FØRDE HANDBALL CUP 2021

Postet av Førde IL - Handball den 1. Jun 2021

Førde IL – Handball inviterer til Førde handball Cup, ei turnering open for alle lag tilslutta Norges Håndballforbund, og etter NHF`s reglement.

Turneringa er meint som ein "Kick off " før sesongstart for spelarar, trenarar og dommarar. (Ved liten påmelding i ein oddeklasse – får laga tilbod om å delta i klassen over) 

Vi lovar ei innhaldsrik handballhelg i Førde denne helga. 

Kampane vert avvikla i Førdehuset og Halbrendshallen, og overnatting vert på Førde Ungdomskule og Halbrend skule. Dersom stor pågang er det aktuelt at nokre innleiande kampar laurdag vert avvikla i Naustdal (då senior/evnt. 16 års kampar) 

I tillegg til dei sportslege aktivitetane, vil vi ha sosiale aktivitetar for store og små gjere dette til ei minnerik helg i Førde. For dei som treng ekstra utfordringar, vert også Førde Opp arrangert denne helga: http://fordeopp.no 

 

Klasseinndeling:        (enkelte klasser kan bli slått saman om lite påmeldinger i årstrinn)

J10 - 2011 og yngre

G10 - 2011 og yngre

J11 - 2010 og yngre

G11 - 2010 og yngre

J12 – 2009 og yngre

G12 – 2009 og yngre

J13 - 2008 og yngre

G13 - 2008 og yngre

J14 - 2007 og yngre

G14 - 2007 og yngre

J15 - 2006 og yngre

G15 - 2006 og yngre

J16 – 2005 og yngre

G16 - 2005 og yngre

J18 - 2003 og yngre

Kvinner Senior 3. divisjon og lågare

G18 – 2003 og yngre

Menn senior 3. divisjon og lågare


Spelesystem: 

Innleiande kampar vert spelt i puljar med fortrinnsvis 4 lag og spelt som seriesystem.
Alle laga er garantert minimum 4 kampar. Klassane J/G 13 og eldre går til sluttspel og finalespel.
 Planlagt speletid pr. kamp: t.o.m. 11 og 12 år 1x 15 min, andre 1x 20 min

 

Påmelding: 

All påmelding skjer HER 

Siste frist for påmelding/turneringsavgift er 01.Juli 2021. 

Eventuelle spørsmål knytt til kampoppsett: dagfinn.vik@enivest.net (evt: sissel@brulandtrevare.no)

Vi tek atterhald om at turneringa kan bli fullteikna, så ver rask og meld deg på. Turneringsavgifta venter vi med å ta imot til vi er sikre på at turneringa vil kunne gjennomførast. 

Turneringsavgift (påmeldingsavgift): 

  • Kr 1.350,- pr lag 

Deltakarkort: (1 leiar gratis pr. lag) 

A-kort: Kr 350,- (inkl. diskotek laurdag kveld og andre aktivitetstilbod (alle må ha minimum A-kort) 

B-kort: Kr 990,- som A-kort – med tillegg av 2 overnattingar på skule, samt frukost og middag laurdag, og frukost og lunsj søndag. 

Evnt.: Kr 85,- i tillegg for kveldsmat fredag (må tingast på førehand). 

1.aug. er frist for å bestille/betale Deltakarkort/Tenester, samt registrere tal spelarar og lagleiarar seinast 20. aug. 

Alle påmeldingar og innbetalingar skal utførast i Profixio (sjå lenkje lenger oppe under påmelding). Alle spelarar som deltek på cupen får kvar si t-skjorte.  Oppgjev samla tal og storleik ved påmelding for laget ditt. 

Overnatting: Det vert overnatting på skular i nærleiken av hallane. Lag som overnattar er sjølve ansvarlege for å klargjere klasseromma til overnatting, samt rydde klasseromma tilbake før avreise. Romma skal vere rydda ut til kl 1200 søndag. På skulane vert det kontinuerlig vakthald. 

Vi ynskjer at alle spørsmål kring cupen vert stilt på mail til sissel@brulandtrevare.no (evt facebook)

 

Følg oss på Facebook for oppdatert informasjon undervegs. 

 



Årsmøtereferat og -melding

Postet av Førde IL - Handball den 26. Mar 2021


Den 2. mars blei det avholdt årsmøte for Førde-handballen i FIL-huset etter alle kunstens koronaregler. Avtroppande styreleiar, Rolf, vart valt som møteleiar og losa møtet trygt igjennom både årsmelding, budsjett, framlegg til strategi for 2021/22, val av nye styremedlemmar, med vidare.  


Strategien legg opp til ei balansert satsing mellom topp og bredde, og ein ambisjon om å sementere Førde-handballen som flaggskipet i Vestland nord for Sognefjorden og vere på plass i 1. divisjon innan 2025. Skal vi lykkast med dette krevst det i tillegg knallhard jobbing og godt regionalt samarbeid. 

 

Torje Hirth, Halvard Seljesæter og Laila Tefre Dvergsdal blei vald inn som nye styremedlemmar, mens Stig Roger, Bente og Rolf gjekk ut. Da vanke sjølvsagt ein kvist som takk for innsatsen. Alle tre har lagt ned ein fenomenal jobb i eit krevjande år. 


På bilete over ser vi Dagfinn Vik, Erling Benjaminsen og Oddny Sønnesyn som vart heidra for særdeles lang og god innsats for handballgruppa. Klem blei det ikkje, men ein konvolutt med ei lita påskjønning vanka det på dei. Veldig kjekt!  


For sjølv om det har vore eit krevjande år, som for dei fleste idrettslag, so er det eit lyspunkt: økonomien. Ein har klart å snu den økonomiske situasjonen og ein sitt no med positiv eigenkapital og utsiktar for langsiktige inntekter. Det gjev eit godt utgangspunkt for arbeidet vidare. 


Her finn de vedlagt fil med protokoll og årsmelding med rekneskap: Førde Handball 2020 årsmelding og rekneskap.pdfProtokoll årsmøte 2021.pdf God lesnad! 


Med helsing,

Henrik Nordal på vegne av styret