Rekordstor gjeng symjarar kvalifisert til LÅMØ Vest 2018

Postet av Førde IL - Symjing den 23. Jan 2018

Førde IL Symjing har 17 kvalifiserte symjarar til LÅMØ Vest 2018. Aldri før har vi vore over 10 symjarar, så dette er veldig gledelig. Mykje av æra skal instruktørane i symjeskulen ha, for at dei har lært opp så mange gode symjarar i ung alder. Også trenarane har gjort ein god jobb med å få symjarane til å prestere så godt at dei har klart krava. Sjølsagt er det symjaren som må gjere jobben, og all ære til dei for alle dei treningstimane dei har lagt ned. Det er mykje hardt arbeid som ligg bak resultata, og det ser vi spesielt igjen på dei eldste symjarane.

Vi har to symjarar som ligg heilt i toppen i kvar sin årsklasse. Gutter 2006, der har vi Andreas Hvidsten, som innehar andre plassen i sin klasse. I gutter 2004 har Reinert S. Erland inntatt tredjeplassen, og han er også med å kjempe om å kvalifisere seg til ÅM seinare i vår.

Vi har fleire utøvere som kan være med å kjempe om medaljer i diverse øvelser, så vi har god trua på at det kjem til å bli eit av dei aller beste LÅMØ for Førde IL symjing sin del noken sinne. 

Så sett av helga 9-11 februar, og hvis ein ikkje kan være tilstede i AdO arena, så kan ein følge med på livetiming.




LÅMØ kvalifisering i Bergen 2018

Postet av Førde IL - Symjing den 21. Jan 2018

16 svømmere fra Førde symjeklubb tok turen til Bergen for å gjere ein siste innsats for å kvalifisere seg til LÅMØ Vest 2018. Symarane gjorde sine saker veldig bra, og alle forbedra seg på ein eller fleire øvelsar. 

To nye symjarar vart klare for LÅMØ. Det var Edvard Aamot (06) og Sunniva Skrede Hallanger (07). Edvard og Sunniva mangla nokre tider før denne helga på nokre øvelser, men gjorde sine saker bra, og kan no forberede seg til ei lang helg i Bergen på LÅMØ. 

Førde tok 15 gull i helga. Andreas Hvidsten (06) og Reinert S. Erland (04) sørga for 10 av dei. Begge to vant alle øvelsane sine. Henrik Stubhaug (03) og Sivert S. Verhage (02) tok dei andre gullmedaljane. I tilleg tok Førde symjarane mange medaljer i sølv og bronse.

Det var stor spenning da Henrik og Reinert symde 200 bryst, der det til slutt skilde berre 1/100 i Henrik sin favør. Henrik leda heile vegen, men Reinert kom ubehagelig nær på slutten. Begge var overlegne i forhold til resten av dei andre symjarane. 

Sivert S. Verhage tok også seieren på eit jevnt 100 fly heat, der det skilde berre 2 sekund på dei 4 første symjarane.

Stine Myrland (05) forbedra seg også på 200 bryst med tida 3:19:19, og svømte veldig bra på dei andre øvelsane også. Ho fekk 2 tredjeplasser på stemnet deriblandt 200 rygg, som var ein øvelse ho har vore sterk i lenge, og der ho symde omtrent på tida som ho fekk i Asker for berre to veke siden.

Alle dei yngre symjarane imponerte med store rekord forbedringer, og dei har heva seg mange hakk på berre nokre få veke.

 




Innhaldsrik helg for Førde symjarane.

Postet av Førde IL - Symjing den 7. Jan 2018

Første helga i 2018 var symjarane både på leir og på symjestemne i Asker. 

10 symjarar var på krinsleiren på Eid fra Førde, der dei har trent både i vann og på land fredag til søndag. Det var Sander Smørdal og Alexsander Mokkelbost som var trenarar. Symjarane var innlosjert på skule, og det har vert ein sosial helg med mykje bra trening. 

4 av symjarane våre har også vert på Asker Open. Der har dei persa og imponert med meget gode tider. Stine Myrland var den einaste av desse 4 som ikkje var inn på topp 24 på LÅMØ rankingen før helga, men ho gjorde sine saker meget bra og forbedra seg med 126 poeng. Dei tre andre gutane har også forbedra seg, så vi venter i spenning på oppdateringa på rankingen. 

Fra venstre: Stine Myrland, Nikolai Hvidsten, Andreas Hvidsten og Simen F. Grimeland

Det nærmar seg LÅMØ no, og det er berre eit stemne i Bergen igjen på kalenderen, + eit lite klubbmesterskap mandag 22/1, før endelig opptelling er klar.