Årets dugnad

Postet av Førde IL - Langrenn den 30. Apr 2018


I fjor var det Tour des Fjords, i år vert det Førdefestivalen!

Førde IL langrenn har i år fått dugnadsoppdrag under Førdefestivalen 4.-8. juli. Det gjeld relativt korte vakter på kveldstid i samband med dansetilskipingane i Førdehuset. Vi treng vakter over 18 år, og av begge kjønn. Tidspunkt er som følgjer:

Torsdag 5. juli: kl 21.00 - kl 00.30

Fredag 6. juli: kl 20.00 - kl 01.00

Laurdag 7. juli: kl 21.30 - kl 01.00 

Dette er ein godt honorert dugnad, som mellom anna er viktig for å skape aktivitet i gruppa, oppretthalde diverse refusjonsordningar, og halde treningskontingenten på eit relativt lågt nivå.

Ein del utøvarar får relativt stor økonomisk støtte frå klubben i form av ulike refusjonsordningar. Klubben håpar at desse vil gi tilbake til klubben ved å stille på dugnad!

Vi håpar mange kan stille sjølv om dette er ferietid for mange! Meld deg på i kommentarfeltet på facebook, eller på e-post orjan.igelkjon@enivest.net. Skriv kva vakt som passar for deg!



Dugnad på Langeland tysdag 24. april

Postet av Førde IL - Langrenn den 20. Apr 2018

Etter å ha avslutta ein flott skisesong er det no tid for den årlege dugnaden på Langeland og Skihytta Kleiva. Dei siste åra har det vore noko dårleg oppmøte på denne viktige dugnaden. Skihytta er eit viktig møtepunkt for alle oss som er glade i Langeland, og det er difor viktig at vi tar vare på hytta! Dersom vi er mange, er dette ei heilt overkommeleg oppgåve, og det kan til og med bli tid til ein triveleg prat!

Dugnaden vert tysdag 24. april. kl 17.30 til ca. kl 20.00.

Oppgåver som skal utførast er rydding av uteområdet, og inne i skihytta/smørbrød. Skihytta og smørebod skal støvsugast og vasket.

Det vert lett servering underveis.

Styret stiller – kjem du?  - i så fall kjekt😊    

Meld i kommentarfeltet (facebook) kven som kan komme, og kva en ynskjer å bidra med.



Kakebakarar til premiefesten

Postet av Førde IL - Langrenn den 18. Apr 2018

Skal det bli kakebord på premiefesten må vi ha kakebakarar. Det har tidlegare vist seg at skiløparar er glade i kaker, så vi treng mange! Heldigvis ser det ut til at dei også er flinke til å bake kaker 😀. Sjekk lista for å sjå om du er ein av årets kakebakarar. Du vel sjølv kva du vil bake.

Kakebakerliste Premiefest 2018.pdf



Hugs premiefest på søndag

Postet av Førde IL - Langrenn den 18. Apr 2018

Premiefest- søndag 22. april:

Oppstart kl 15:30, Scandic Sunnfjord Hotel

Premiering for SSF Cup 2018 – karusellrenn, dei som har delteke på 4 eller fleire renn får deltakarpremie

Lagsmeisterskap klassisk

Kaker og kaffi-pause (sjå kakebakarliste i anna oppslag)

Lagsmeisterskap frstil

Utdeling av skimerker

Trekning på loddsal

Trekning av hovudpremiar, alle som har gått 6 renn

Trekning av premar til dugnadspersonell  ( 4 eller fleire dugnader på arr)

 

Førde IL langrenn ynskjer vel møtt😊



Trenarkurs på sommarsnø

Postet av Førde IL - Langrenn den 17. Apr 2018

Sogn og Fjordane skikrins arrangerer trenarkurs på Sognefjellet i slutten av juni. Trenar I-kurs vert arrangert 26.-29. juni, og Trenar II-kurs 22.-26. juni. For utfyllande informasjon sjå skikrinsen sine nettsider   https://www.skiforbundet.no/so...

Trenarar er viktige for all den aktiviteten som skjer i klubben vår. Difor vil Førde IL langrenn dekke kursavgifta på trenarkurs for dei som ønskjer å delta.

Vi håpar nokon har lyst, og anledning til å delta på kurs. Påmeldingsfristen er 1. juni.



Premiefest søndag 22. april

Postet av Førde IL - Langrenn den 13. Apr 2018

Tradisjonen tru vert det sjølvsagt premiefest også i år. Denne vert arrangert søndag 22. april kl 15.30 på Sunnfjord Scandic Hotel.

Det vert premiering for skimerke, lagsmeisterskap og SSF- cup (karusellrenn). Det vert også loddsal.

Meir info kjem seinare.

Velkommen!



Knallsterk 5. plass til Førde på lagsprint i NM

Postet av Førde IL - Langrenn den 6. Apr 2018


Som mange sikkert fekk med seg på tv i går, tok Torstein Bu og Gjøran Tefre ein sterk 5. plass for Førde IL på lagsprinten under NM del 2 i Alta. Dette er same plasseringa som i fjor.

Klubben gratulerer!

I dag fredag er Torstein og Gjøran påmeldt til 10 km klassisk, og laurdag står 50 km på programmet. Lukke til vidare med avslutninga av sesongen!

https://www.firda.no/forde/nyh...