Påmelding til Helse Førde-stafetten!

Postet av Førde IL - Langrenn den 21. Mai 2019

Påmelding til Helse Førde-stafetten 12 juni 2019.

Dersom du ynskjer å delta for Førde IL langrenn, kan du legge att ei melding i kommentarfeltet(facebook) evt sende ei mld til Monica Otternes - 91866557.

Løypegjennomgang vert tysdag 11 juni kl 18.00. Oppmøte ved hovedinngangen SSF.    

Laginndeling vil vere klar torsdag 6  juni og vert lagt ut på heimesida. 

Dei fra 13 år kan vere med på stafettlag, dvs 2006 årgang.

Yngre utøvara vert oppmoda til og stille på barneløpet!

https://www.helseførdestafetten.no/registrering/

Påmeldingsfrist 3 juni!!



Fellestreningar fram til skuleferien.

Postet av Førde IL - Langrenn den 20. Mai 2019

Vi startar med fellestreningar denne veka og fram til skuleferien. Treningane er for utøvara fra 13 år. Oppmøte kl 18.00. Vel møt til trening!! 😊



Hipp hurra for 17. mai!

Postet av Førde IL - Langrenn den 16. Mai 2019

Førde IL stiller som vanleg med fane i årets 17. mai-tog, og vi oppmodar våre medlemmer om å gå saman med resten av idrettslaget i toget!

Det er oppstilling til toget på kunstgrasbana frå kl. 10:30.

Faneberarar er som vanleg vinnarane av årets toppidrettstipend og Finn Friis Hafstad minnefond. Desse utmerkingane vert delt ut på folkefesten i idrettshallen etter toget (12.30). I år går tildelinga til følgjande utøvarar:

  • Karoline Holsen Kyte                     (FIL Friidrett - Toppidrettstipend)
  • Gjøran Tefre                                     (FIL Langrenn - Toppidrettstipend)
  • Håvard Gutubø Bogetveit           (FIL Skiskyting - Toppidrettstipend)
  • Ole Martin Erdal                              (FIL Skiskyting - Toppidrettstipend)
  • Karoline Erdal                                  (FIL Skiskyting - Toppidrettstipend)
  • Ane Brekke                                        (FIL Langrenn/FIL Friidrett - Finn Friis Hafstad minnefond)


Gratulerer med dagen!