Eiga nettside for Norgescup på Langeland

Postet av Førde IL - Langrenn den 27. Jun 2019

Det er oppretta ei eiga nettside for Norgescup-arrangementet som skal gå av stabelen på Langeland i 2020. Denne sida vil bli fortløpande oppdatert, og etterkvart vil du finne utfyllande informasjon både for løparar og publikum.

https://www.skiforbundet.no/forde/ 


Følg med! 



Treningsplan Juli 2019

Postet av Førde IL - Langrenn den 19. Jun 2019

Hei

 

Sjølv om det er sommar kan vi ikkje late vere å trene!

Inviterer alle som ynskjer å vere med på trening i juli. Øktene vert tilpassa alder og nivå!

 

Treningsplan Juli 2019

Torsdag 04. juli: 18:00 - 19:30 Rulleski Langeland: Divteknikk, leik og hurtigheit. Klassisk

Måndag 08. juli: 18:00 – ca.19:00 – Oppmøte Førde Stadion. Div intervall

Torsdag 11. juli: 18:00 - 19:30 Rulleski Langeland: Divteknikk, leik og hurtigheit. Skøyting

Måndag 15. juli: 18:00 – ca.19:00 – Oppmøte Førde Stadion. Div intervall

Torsdag 18. juli: 18:00 - 19:30 Rulleski Langeland: Divteknikk, leik og hurtigheit. Klassisk

Måndag 22. juli: 18:00 – ca.19:00 – Oppmøte Førde Stadion. Div intervall

Torsdag 25. juli: 18:00 - 19:30 Rulleski Langeland: Divteknikk, leik og hurtigheit. Skøyting

Laurdag 27. juli: 10:00 – 3000 meter Førde Stadion

Måndag 28. juli: 18:00 – ca.19:00 – Oppmøte Førde Stadion. Div intervall

 

Trenarar: Roger Pollen, Brage Burø Sunde, Vetle UhreHammersvik og Renate Pollen

Minimum ein av trenarane vil vere til stades på alle treningar!

 

Om de lurer på noko er det berre å ta kontakt!

Håpar å sjå deg J

Mvh Roger Pollentlf: 97125134

Eller sende epost: rogerpollen@hotmail.com

 



Norgescup på Langeland

Postet av Førde IL - Langrenn den 15. Jun 2019

Neste vinter den 14.-16. februar skal Førde IL arrangere norgescup for senior på Langeland.

https://www.firda.no/sport/langrenn/gaular/neste-ar-er-forde-idrettslag-100-ar-og-det-skal-markerast-pa-langeland/s/5-15-824805?access=granted

Vi gler oss!



Rulleskivettreglar

Postet av Førde IL - Langrenn den 15. Jun 2019

Vi er no inne i sesongen for rulleski, og i den anledning passar det å igjen minne om rulleskivettreglane. For at alle rulleskiløparar og dei vi møter langs vegen skal vere trygge oppfordrar klubben alle våre medlemmer til å setje seg inn i reglane.

https://www.skiforbundet.no/langrenn/skirenn/rulleski/rulleskivettregler/

I tillegg til det som står i desse reglane minner vi om at de er forsiktige når de møter dyr langs vegen, spesielt gjeld dette hest med ryttar/vogn. Hestar er vare for lyd og bevegelse, og er sjeldan godt vande med å møte rulleskiløparar langs vegen. For at både du som rulleskiløpar og hest og rytter skal ha ei trygg oppleving langs vegen ber vi om at du stoppar til hesten har gått forbi.

Vi oppfordrar også alle til å nytte det flotte anlegget for rulleski vi har på Langeland!



God innsats på Helse Førde-stafetten

Postet av Førde IL - Langrenn den 13. Jun 2019

Førde IL langrenn hadde mange løparar i aksjon under gårsdagens Helse Førde-stafett. I alt stilte 8 lag med 6 løparar på kvart lag. Laga for dei yngste løparane var i samarbeid med Førde IL friidrett. I tillegg tok fleire løparar heile løypa åleine. Bildet over viser alle ungdomsløparane våre. Ein flott gjeng!

Det vart også mange gode resultat, og nokre av desse var som følgjer:

Oliver Bosdal Thorsen og Aksel Bjørkhaug vart nr 1 og 2 på singelstafetten for ungdom og Roger Øye Pollen vart nr. 2 for senior. 

Førde langrenn lag 2 og 3 vart nr 1 og 2 i ungdomsstafetten og seniorlaget vårt vart nr. 2 i klassen for vaksne.

Bildet over viser laget vårt som vann ungdomsklassen: f.v Ludvik Rørvik, Tobias Holme. Mathias Helgheim, Thomas Tefre, Kasper Holme og Sigve Hafstad Ottesen.

Fullstendig resultatliste finn du her: https://xn--helsefrdestafetten-l4b.no/_files/200000099-85c6386c17/Resultat%20%202019-5.pdf 

Godt jobba til alle utøvarar og også til alle dykk som stilte på dugnad!



Dugnadsliste Helse Førde-stafetten.

Postet av Førde IL - Langrenn den 9. Jun 2019

Alle møter til oppsett tid ved hovedinngangen på sjukehuset. 

Tusen takk til alle som stiller opp på dugnad, dokke gjere ein fantastisk jobb😊😊