Ny familieheis i Sunnfjord Skisenter Blomlia

Postet av Førde IL den 2. Des 2013

Førde IL sitt dotterselskap Sunnfjord Skisenter AS (Blomlia) hadde måndag 02.12.13 gleda av å presentere den nye famileheisen for Firda sine leserar. Familieheisen på 450 meter vil stå klar til sesongstart, opplyser prosjektleiar Hallvard Nygård og styreleiar Roger Strand. Godt jobba!

Nye 10 mill frå gåvmilde Trond Mohn!

Postet av Førde IL den 26. Nov 2013

Førde IL let seg nok ein gong forbløffe og begeistre av generøsiteten til Trond Mohn. Totalt 20 mill har han no bladd opp for at vi skal kunne realisere Hafstad Idrettspark. Tusen takk, Trond!

Nye Førde stadion?

Postet av Førde IL den 20. Jun 2013

Draumen om eit nytt intimstadion på eksisterande Førde kunstgras v/Førdehuset vart visualisert på firda.no 20.06.2013. Det planlagde anlegget har internasjonale banemål (68 x 105 meter) og tilskodarkapasitet på cirka 1500 under tak. Sidan Førde IL Fotball no leiar Oddsenligaen, har planleggingsarbeidet skutt fart.

Nytt klubbhus i Hafstadparken

Postet av Førde IL den 28. Mai 2013

Fredag 24.05.2013 kunngjorde Førde kommune at samarbeidsprosjektet mellom Førde IL, Kyrkjevegen Barnehage og Åsen & Øvrelid (entreprenør) hadde vunnet anbodskonkurransen om nytt, kombinert klubbhus og barnehage i Hafstadparken. Det nye bygget skal stå klart medio 2014.

Toppidrettsstipenda for 2012 til Sara, Håvard og Gjøran

Postet av Førde IL den 18. Mai 2013

Finn Friis Hafstad sitt minnestipend og Førde Idrettslag sine toppidrettsstipend for 2012 vart tradisjon tru utdelt etter folketoget på 17. mai. Klubben gratulererar Sara Eriksen (fotball), Håvard Gutubø Bogetveit (skiskyting/langrenn) og Gjøran Tefre (langrenn) med idrettsbragdene i 2012.

Vinnarane for idrettsåret 2012:Finn Friis Hafstad minnefond: Sara Eriksen (fotball - deltok på J16-landslaget dette året. Er også ein habil volleyballspelar for FVBK). Stipend kr. 10.000.

Førde IL toppidrettsstipend: Prisen delt mellom Gjøran Tefre (langrenn - på juniorlandslaget i 2012) og Håvard Gutubø Bogetveit (skiskyting og langrenn - var på juniorlandslaget i skiskyting i 2012). Sipend kr. 15.000 på kvar.