Odd Erik Gullaksen - Årets Eldsjel 2019

Postet av Førde IL den 11. Jun 2020

Odd Erik Gullaksen er vinnar av Årets eldsjelpris for framifrå dugnadsarbeid i Førde IL for 2019. Odd Erik er på mange måtar personen som har skapt handball-eventyret i Førde og Sunnfjord. Gjennom tusenvis av timar på reiser, i hallen og ikkje minst ved skrive og møtebordet, er han sjølve skaparen av den reisa som damelaget til Førde IL Handball, og i samarbeid med andre klubbar i området, har fått til. 

Odd Erik sitt engasjement i Førde Handball starta som trenar for minihandballen i 2003, og som trenar for aldersbestemte lag i fleire år. Frå 2007 kom han inn i sportsleg utval i handballgruppa, og han meisla då ut partnaravtalen som vart etablert med Florø handball. Som ei lekk i denne avtalen stod han bak den første islandske trenaren i Førde, Kristjan Adalsteinsson, som kom i 2009. Same året vart Odd Erik leiar i sportsleg utval, ein jobb han hadde i 10 år. Under Odd Erik sitt «regime» avanserte handballdamene frå 4. divisjon i 2009 til opprykk til 1.divisjon i 2017. Dei to første åra, på det det nest høgaste nivået i norsk topphandball, resulterte i 8. og 7. plass, medan årets sesong endte med nedrykk til 2. divisjon. 

 

I alle desse åra har Odd-Erik Gullaksen vore primus motor og ein stor del av drivkrafta bak arbeidet i Førde IL Handball. Han har vore sportsleg leiar og delteke på styremøta, og ikkje minst har han vore lagleiar på damelaget alle dessa åra. Han står bak alt som heiter spelarlogistikk, og har ordna alt som handlar om logistikk rundt laget. Frå reiser, treningssamlingar, kampar, dommarar, treningar og anna. Med andre ord har han hatt ein finger med i det meste i Førde IL handball i alle desse åra. Han gav seg offisielt i Førde Il Handball føre året sesong, men klubben dreg den dag i dag nytte av hans kompetanse. Han er eit ja-menneske som alltid ønskjer det beste for Førde-idretten. Han er positiv og er aldri vanskeleg å spørje om råd,  og den kunnskapen han sit inne med om handballen i fylket gjennom alle desse åra, er uvurderleg. Odd Erik har det siste året utdanna seg innan sekretariatarbeid, og er ofte å finne på indre bane i Førdehuset i sekretariatet som styrar kampavviklinga.

 

Førde 10.06.2020

Arne Helgheim, styreleiar Førde idrettslag.