Årsmøte friidrettsgruppa, søndag 25.02, kl 20

Postet av Førde IL - Friidrett den 13. Feb 2018

Førde IL Friidrett kallar inn til årsmøte søndag 25.02 , kl 20

Møtet vert halde i FIL-huset i Hafstadparken.

Årsmøtesaker:

- Vanlege årsmøtesaker

- Eventuelle innkomne saker

Saker som skal takast opp på årsmøtet må vere sendt inn til gruppestyret seinast torsdag 22.02.

Saker kan sendast pr. e-post til adressa: fil.friidrett@outlook.com

Helsing
Styret i friidrettsgruppa.




Krinslagssamling og dommarkurs

Postet av Førde IL - Friidrett den 5. Feb 2018

Litt info som kan vere nyttig å få med seg:

Krinslagssamling:

Siste helga i februar er det krinslagssamling for dei som er 13 år eller eldre på Sandane.

Dette er ei samling som er open for dei som har lyst.

Nemnde denne på trening idag, og det er fleire som har meldt seg på frå Førde, håpar det er fleire som har lyst.

Invitasjonen frå krinsen ligg her.

https://www.friidrett.no/k/sogn-og-fjordane/nyheter/krinslag-i-sogn-og-fjordane/

Dommarkurs:

Vi tek sikte på å kome igang med arrangering av stemne igjen. Då treng vi fleire dommarar.

Om foreldre eller andre har lyst, og det vert mange nok, så håpar vi å kunne dra igang eit kurs i Førde.

Om det er noken som allereie er dommarar, så gje ein lyd. Anten på melding eller til fil.friidrett@outlook.com

Helsing

Førde IL Friidrett