OPNING AV FAMILIEBAKKEN MÅNDAG 18.03.19

Postet av Gina Ness Hallset den 17. Mar 2019

Hei alle skiglade Blomliavenner🏂🎿😁
OPNING AV FAMILIEBAKKEN MÅNDAG 18.03.19.
No er det lenge sidan det har vært aktivitet både her på sida og i bakken. Det har vært ein vinter med mykje mildvær og regn, noko som ikkje er så gunstig for skibakken. Men no dei siste dagane har vi derimot fått litt nysnø, og det må vi berre utnytte. Vi OPNAR DERFOR FAMILIEBAKKEN I MORGON MÅNDAG KL.18.00 - 21.00. Korleis det blir med opningstider framover lyt vi ta dag for dag og sjå an etter vær, føre og forhold i bakken. Følg med her på facebook og på heimesida, det vil bli lagt ut informasjon om vi opnar/stenger bakken på kort varsel.

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.