Nærløp Bulingstjørna 25. april - Med resultat!

Nærløp Bulingstjørna 25. april - Med resultat!


Tid


Onsdag 25. april arrangerer FIL orientering nærløp ved Bulingtjørna, på vegen mot Holsen. Start fra kl. 18.00. Velkommen til alle interesserte!

Løyper som passar for alle! 

  • N-løype for nybegynnarar.
  • C-løype for for dei som vil prøve seg litt meir i terrenget.
  • A-lang og A-kort for dei vidarekommande.

Vi vil oppfordre løparane til å melde seg på løpet i Eventor. Dette er gratis, og tar kort tid for deltakarane å registrere seg. Registeringsarbeidet vil då bli enklare og spare tid for alle på løpsdagen.

Denne gongen vil vi også forsøke å ha ein eigen påmeldingskø for dei som har sesongkort. Ei namneliste med avkryssing for val av løype vil da vere tilgjengeleg før start.

RESULTAT OG BILETE (oppdatert liste lagt ut 26/4 kl 21.45):

PDF her: 03-Bulingtjørna Resultat-retta-260418.PDF



VEGVISAR: Følg merkinga med O-skjermar frå krysset ved Moskog: Køyr i retning Holsen (RV13) ved Moskogkrysset. Etter ca 2 km kjem du til Bulingstjørna.

Sving inn til høgre ca 150-200 meter etter rasteplassen. Ca 150 meter innover denne vegen er det god plass til parkering! Vegen er som alltid merka med o-skjermer.




Administratorer


Kommentarer

Du må logge inn for å poste i veggen.