10 nye krinsmeistrar frå Førde
Postet av Førde IL - Langrenn den 30. Jan 2017
I helga vart to av tre KM-distansar gjennomført. Sprintrennet som skulle vore arrangert i Årdal er utsett. Rennet i friteknikk, med Bjørn IL som arrangør, og rennet i klassisk med Sogndal IL som arrangør gjekk begge som planlagt i Hodlekve.
Førde IL langrenn fekk i løpet av helga 10 nye krinsmeistrar. Gratulerer til alle saman!
Foto er frå premieutdeling i klasse J13 år KM klassisk, med krinsmeister Mali Monica Engesæter på toppen av pallen. Fotograf er Merete Støfring.
KM friteknikk
J12 Johanne Støfring
G13 Erik Alnes Litsheim
J16 Gyrid Øygard
K17 Synneva Iren Kvile
G15 Thristan Engebø Ullebø
M18 Vetle Uhre Hammersvik
M19/29 Adrian Helgheim
KM klassisk
J12 Johanne Støfring
J13 Mali Monica Engesæter
M19/20 Adrian Helgheim
Menn Veteran Ola Hegrenes
G16 Øystein Støfring
K17 Synneva Iren Kvile
G15 Thristan Engebø Ullebø
J16 Gyrid Øygard
Fullstendige resultatlister finn de her:
Stengt kiosk helga 28.01 - 29.01.17
Postet av Førde IL - Langrenn den 27. Jan 2017
Det er ikkje snø i anlegget. Det er derfor ikkje grunnlag for å halde kiosken open.
Skilisens frå og med klasse 13 år
Postet av Førde IL - Langrenn den 27. Jan 2017
Vi minner om at betalt skilisens er ein føresetnad for å få starte i KM for dei som stiller i klasse 13 år og eldre.
Informasjon om skilisens finn de her
Krinsmeisterskap
Postet av Førde IL - Langrenn den 24. Jan 2017
Vi minner om at KM vert arrangert kommande helg, fredag 27.2 til søndag 29.2 . Fredag står friteknikk på programmet, laurdag er det sprint friteknikk, og søndag vert KM avslutta med klassisk.
Rennet som skulle vore arrangert på Sogn Skisenter fredag er flytta til Hodlekve på grunn av snøtilhøva. Resten går som planlagt.
Meir informasjon om KM og påmelding finn de her:
SSF Karusellrenn nr. 2 er utsett
Postet av Førde IL - Langrenn den 23. Jan 2017
SSF karusellrenn nr. 2 (fristil) er utsett på ubestemt tid, i påventa av skiføre.
Vi vil prøve å arrangere karusellrenna i den rekkefølgja dei er sett opp. Dette betyr at det kan bli vidare utsettingar for dei renna som er sett opp i februar. Det vil seie at renn nr. 2 med stilart fristil, skal arrangerast før renn nr. 3 i klassisk stil, osv.
Vi kjem attende straks vi har meir informasjon om gjennomføring av karusellrenna.
Stengt kiosk 22.01.17
Postet av Førde IL - Langrenn den 21. Jan 2017
Det er svært lite snø på Langeland. Det er ikkje snø nok til å ake i akebakken heller. I dag har kiosken halde ope til kl 1430. Det var ingen kundar. Det var lite aktivitet i heile anlegget. Dette gjer at ein vel å halde kiosken stengd i morgon.
Karusellrenn nr. 1
Postet av Førde IL - Langrenn den 16. Jan 2017
Endeleg har vi fått flotte forhold for å arrangere renn på Langeland!
I morgon tysdag 16.1 vert karusellrenn nr. 1 arrangert. Vi presiserer at dette er rennet som var sett opp førre tysdag, og at det går i klassisk stil. Det er også mannskapslista for renn nr. 1 som gjeld. Den finn de her: http://langrenn.fordeidrettslag.no/p/13915/dugnads...
Karusellrenn nr. 2 er utsett til tysdag 24.1.
Vel møtt til renn på Langeland!
Resultat frå Statoil Norgescup på Nes
Postet av Førde IL - Langrenn den 15. Jan 2017
Løparane våre har levert fleire gode resultat på Nes i Akershus i helga. Sterkast var kanskje Karoline Erdal med 7. plass i klassen K 19/20 år på løpet fredag.
Fredag 5 og 10 km friteknikk
M 18: Vetle Uhre Hammersvik nr. 27, Brage Burø Sunde nr. 57 og Eirik Nordeide Berg nr.188
M 19/20: Andreas Bjjørvik Fugle nr. 134
K 17: Synneva Iren Kvile nr. 47 og Ane Brekke nr. 60
K 18: Inga Kårstad Skaar nr. 21
K 19/20: Karoline Erdal nr. 7
Laurdag sprint klasssisk
M 18: Brage Burø Sunde nr 50, Vetle Uhre Hammersvik nr. 92 og Erik Nordeide Berg nr. 140
M 19/20: Andreas Bjørvik Fugle nr. 143
K 17: Synneva Iren Kvile nr. 72 og Ane Brekke nr. 91
K 18: Inga Kårstad Skaar nr. 41
Søndag 5, 10 og 15 km klasisk
M 18: Vetle Uhre Hammersvik nr. 70 og Eirik Nordeide Berg nr. 165
M 19/20: Andreas Bjørvik Fugle nr. 109
K 17: Synneva Iren Kvile nr. 77 og Ane Brekke nr. 95
Fullstendig resultatliste finn de her: http://www.skiforbundet.no/nes/resultater/
Norgescup for junior på Nes i Akershus
Postet av Førde IL - Langrenn den 13. Jan 2017
I helga er det Norgescup for juniorar på Nes i Akershus. Frå Førde er heile 9 utøvarar meldt på. Desse er:
- Eirik Nordeide Berg M 18
- Ane Brekke K 17
- Karoline Erdal K 19/20
- Andreas Bjørvik Fugle M 19/20
- Vetle Uhre Hammersvik M 18
- Adrian Helgheim M 19/20
- Synneva Iren Kvile K 17
- Inga Kårstad Skaar K 18
- Brage Burø Sunde M 18
I dag fredag er det 5 og 10 km fri på programmet, laurdag er det sprint for alle klassar, og helga vert avslutta med 5, 10 og 15 km klassisk på søndag.
Informasjon om arrangementet finn de her http://www.skiforbundet.no/nes/
Vi ønskjer heile gjengen lukke til!
Karusellrenn nr. 1 er utsett til 17. januar
Postet av Førde IL - Langrenn den 11. Jan 2017
Det er ikkje forhold for å arrangere skirenn på Langeland i morgon. Karusellrenn nr. 1 vert difor utsett til tysdag 17.1.
Når det gjeld trening i morgon vil trenarane komme attende med informasjon om dette i morgon.
Karusellrenn nr. 1
Postet av Førde IL - Langrenn den 10. Jan 2017
I løpet av morgondagen - onsdag - vil det bli gjort ei endeleg vurdering av om karusellrennet som skulle vore gjennomført i kveld, kan bli gjennomført torsdag kveld (12.1).
Dersom dette ikkje let seg gjere blir rennet utsett til tysdag 17.1. Karusellrenn nr. 2 vil i tilfelle bli utsett med ei veke til tysdag 24.1.
Karusellrenn nr. 1 er utsett
Postet av Førde IL - Langrenn den 8. Jan 2017
Mildveret dei to siste dagane har tæra på forholda på Langeland, og det er per i dag ikkje mogleg å arrangere renn. Karusellrenn nr. 1, som skulle arrangerast førstkommande tysdag er difor utsett. I følgje vermeldinga er det eit håp om betre forhold mot midten av veka, og vi opnar difor for at det kan bli arrangert renn torsdag dersom forholda tilseier det. Denne avjerda vil bli tatt seinare og informasjon vil bli sendt ut.
Førdeløparar i Skandinavisk cup
Postet av Førde IL - Langrenn den 8. Jan 2017
I helga har Torstein Bu og Gjøran Tefre representert Norge i Skandinavisk cup i Lahti. Laurdag var det sprint på programmet, og vi kan gratulere Gjøran med ein svært sterk 7.plass! Torstein enda på 62. plass. I dag har begge løparane gått 15 km klassisk. Torstein vart nr. 69 og Gjøran nr. 72.
Fullstendige resultatister finn de her https://www.langrenn.com/skandinavisk-cup-lahti-20...
Informasjon om stafett på Ullsheim søndag
Postet av Førde IL - Langrenn den 6. Jan 2017
Førde IL langrenn har meldt på ni lag til stafetten på søndag.
Første etappe er klassisk, andre og tredje etappe er friteknikk. Løpar nemnt først går klassisk etappe.
Start kl 12.
Felles oppmøte for Førde IL langrenn ved skihytta i Markane søndag 08.01.17 kl 10.45.
Dei påmelde laga er som følgjer:
Førde J og G 9-10 år
Andreas Lundekvam 2009
Rebekka Lundekvam 2007
Othilie Bosdal Thorsen 2008
Førde J 11-12 år
Guri Line Brekke 2005
Jenny Sølvberg 2005
Johanne Støfring 2005
Førde J og G 11-12 år
Niklas Bosdal Thorsen 2006
Elias Grimeland 2007
Maria Nordeide Berg 2006
Førde 1 J 13-16 1
Oda Grimeland
Mali Engeseter
Anne Kilnes
Førde 2 J 13-16 2
Benedikte Tveit
Thea Lundekvam
Hedda Kleiven Eikeseth
Førde 1 G 13-16 år
Oliver Bosdal Thorsen 2002
Ulrik Nielsen 2004
Øystein Støfring 2003
Førde 2 G 13-16 år
Elias Amsrud Husa 2004
Magne Aarøen 2004
Oliver Bosdal Thorsen 2002
Førde 3 G13-16 år
Sebastian Tveit 2001
Martin Espe 2004
Simon Espe 2001
Oppdaterte mannskapslister karusellrenn 1 og 2
Postet av Førde IL - Langrenn den 6. Jan 2017
Det er gjort nokre mindre endringar på mannskapslistene for karusellrenn 1 og 2. Oppdaterte lister finn de her: http://langrenn.fordeidrettslag.no/p/13915/dugnads...
Det har også komme spørsmål om datoane for dei resterande karusellrenna. Nedanfor finn de kopi av annonsa, som stod i Firda i romjula, med oversikt over alle seks renna.
Velkommen på SKItrening i morgon!
Postet av Førde IL - Langrenn den 4. Jan 2017
Det er flotte forhold på Langeland og vi startar opp med trening for alle grupper der i morgon.
1.- og 2. klasse trenar kl 18.00-19.00. I morgon blir treninga i friteknikk. Denne gruppa vil halde til på og rundt stadion. Det er kjekt om nokre foreldre har på ski og kan vere med og hjelpe til. Trenarane gler seg til å leike og trene på ski!
3. og 4. klasse trenar kl 18.00-19.00, og treninga vert i friteknikk
5. og 6. klasse trenar kl. 18.30-19.30, og desse skal gå friteknikk
7. klasse og eldre trenar kl. 18.30-20.00 og desse skal gå klassisk
For dei som skal gå klassisk bør det vere enkelt å smøre med blå Swix eller liknande dersom ikkje føret endrar seg frå i dag.
Vel møtt på trening!