NorgesCup og OBOS Oslo Skifestival

Postet av Førde IL - Langrenn den 22. Jan 2024

I helga var fleire Førdeløparar på reise i Norge. 2 store arrangement tok sted på austlandet. Dette var sesongens første Norges Cup, som vart arrangert i kalde temperaturer på Lygna, samt OBOS Oslo Skifestival, i Holmenkollen, med ekte Kollentåke.


Total 11 Førdeløparar deltok ved sesongens første NorgesCup for juniorar og 2 utøvere Desse var:

K17Rebekka otternes Lundekvam
Aurora Furnes Degnepoll
Jenny Bjørkhaug
M17Sivert Høyvik
Steffen Vårdal Helle
M18Niklas Bosdal Torsen
Ludvig Rørvik
K19/20Guri Line Brekke
Lydia Årdal (Jølster)
M19/20Aksel Bjørkhaug
Stian Vårdal Helle
Erik Litsheim

Grunna sykdom og anna ymse, stilte ikke alle løparar til start alle dager. Proft smøreopplegg i regi av skikrinsen gav gode ski under svært kalde forhold. 2 løparar sikra seg NC poeng, med beste plassering i helge med ein 30. plass (Niklas) og 38. plass (Aksel). 

For 5 av utøverne var dette første møte med NorgesCup for juniorar. Det er dette dei har hatt fokus på gjennom sesongen, og spenningen er sjølvsagt stor. Med kuldegrader ned mot 17-18 minus, er dette også ei stor påkjenning på kroppen, og dei tek med seg gode erfaringer fram mot neste NC i februar i Trondheim.

For eldste juniorgruppe (menn og kvinner 19/20) vart rennet laurdag (15km friteknikk) gjennomført med fellesstart. Med  over 100 påmeldte i K19/20 og over 180 påmeldte i M19/20, var det eit lite under for dei som gjennomførte utan stavbrekk og anna uhell. Spennande arrangement syntes dei fleste. 


Skikrinsen syter alltid for god support på stadion, både medløypegjennomgang, skiprepp og sekundering. Det er ei oppleving å få delta ved slike nasjonale renn.


OBOS Oslo skifestival: Othilie Bosdal Thorsen og David Engeseter har i helga førebudd seg mot Hovedlandsrennet 2024 med å delta ved Oslo Skifestival laurdag og søndag. 5 km fri i kaldt, flott vinterver laurdag. Jaktstart klassisk søndag i Kollentåke og lett snødrev.

Othilie og David deltok saman med ungdommar frå heile landet. Med nær 100 til start i kvar klasse, har begge to hevda seg svært sterkt blant topp 20 beste. Det blir svært spennende å følgje med resultater for desse to ved Hovedlandsrennet på Gålå i mars. 

Skifestivalen er eit flott arrangement som absolutt kan anbefalast!





SSF KM-helg Hodlekve med bankett

Postet av Førde IL - Langrenn den 18. Jan 2024

26.-28. januar 2024 har Sogndal IL gleden av å ønskje velkomen til Hodlekve Skisenter og krinsmeisterskap i langrenn. Det vert gjennomført KM friteknikk, KM sprint og KM klassisk, samt bankett med premieutdeling desse dagane.
OBS: Påmeldingsfrist 19. januar!

Sjå deltajlar for program og informasjon på skikrinsen sine nettsider: https://www.skiforbundet.no/sogn-og-fjordane/nyhetsarkiv/2024/1/ssf-km-helg-hodlekve/

BANKETT: I samband med krinsmeisterskapen vert det invitert til bankett med middag, sosiale samvær, og premieutdeling for KM friteknikk og KM sprint på Quality Hotel Sogndal laurdag 27. januar frå kl. 18:00. På banketten vert det premieutdeling for klasse 11 år og eldre (KM-medlajar frå klasse 13 år og eldre). 

OVERNATTING: Skikrinsen har holdt av rom ved Quality Hotel Sogndal , sjå nettsida for meir informasjon. 



Innbydelse karusellrenn 2 - 16. januar 2024

Postet av Førde IL - Langrenn den 10. Jan 2024

Førde IL og Gaular IL inviterar til SSF karusellrenn  nummer 2 på Langeland Skisenter Tysdag 16. januar 2024 


Stilart: KLASSISK TEKNIKK – Første start kl. 18.00

Påmeldingsfrist: Mandag 15. januar kl 18!
NB ved påmelding etter frist, vert det krevd dobbel startkontigent (kr 100 eller 150 avhengig av klasse). 

Løyper: Standard løyper vert nytta (lysløypetrasé)

Det vert tilbud om smørehjelp (feste) på stadion. Ski må leverast i god tid før start 45-60 minutt. 
Dette skjer i garasjen på det nye arenabygget. 

Sjå ellers link til påmelding, innbyding  og mannskapsliste under.

Innbyding Karusellrenn 2 - 2024.pdf

Mannskapsliste karusellrenn 2.pdf

Lenke til påmelding: SSF KARUSELLRENN - 2 Klassisk | iSonen

Vel møtt til skirenn!



Startlister, tidsskjema og løypekart for sprint og distanserenn

Postet av Førde IL - Langrenn den 6. Jan 2024

Førde og Gaular ønskjer velkommen til Sprint og Distanserenn søndag 7. januar 2023. Her har vi publisert oversikt over tidsskjema for morgendagen, med forklaring på korleis sprint vert gjennomført med prolog og heatfordeling, samt løypekart for sprintrenn og distanserenn. 


For aldersgruppa 10 år og yngre:  Rennet gkennomførast som vanleg enkeltstart med 15 sekunds startintervall. i den lengste sprintløypa. OBS det vert ein kortare løype enn standard 1km sløyfe (ca 800m), sjå løypekart under. Det vert ikkje heat-gjennomføring for denne aldersgruppa. Det blir laga til nokre skileikelement nær stadion.       
 

For aldersgruppa 11 – 12 år og 13 – 16 år: Rennet gjennomførast med prolog, og deretter skal alle gå to heat. Sjå forklarande fil under med tidsskjema og gjennomføring for detaljer. Sjå løypekart under. 

Tidsskjema og forklaring gjennomføring og poengberekning sprint: 
Gjennomføring sprint med poeng.pdf

For juniorar og seniorar: Rennet gjennomførast som distanserenn i såkalte NorgesCup trasé (frå NorgesCup for seniorar i 2021). Sjå kart under. Dei som går 10km skal gå 2 rundar, og dei som går 15km skal gå 3 rundar.   Stravasegment for løypa: https://www.strava.com/segments/27020636

Startlistar sprint prolog 0 til 16 år: https://live.eqtiming.com/69823#dashboard

Startlistar for distanserenn junior og senior: https://live.eqtiming.com/70044#dashboard


LØYPEKART med forklaring   

Sprintløype kort  (ca 450m): Løype for 11-12 år (prolog + heat). Løypen går til venstre før brua på stadion. Tar så til høyre inn på nye skiskyttar standplass, gjennom denne og ut i skogsløypa mot nord. Følger så oppløpet ned over kul/bru inn på stadion og følger oppløp mot mål.

   

Sprintløype lang (ca 800m): Løype for 10 år og yngre (går kun prolog) og 13-16 år (prolog + heat). Denne følger løypa opp over brua fra stadion. Kutter over i møtande løype, og følger svingen ned under brua. Følgjer så same løype som kort løype, til venstre inn gjennom skiskyttar standplass, gjennom skogen og så inn på oppløp.     


Distanseløype 10km og 15km: Denne følgjer NC trasé som nemnt over. 10k går 2 runder, 3km går 3 runder. Det vert sett opp mellomtidsstasjon ved ca 2,8km og ved brua på stadion. Det er også sett opp markering for kvar KM.

                      



Innbydelse Karusellrenn tysdag 9. januar

Postet av Førde IL - Langrenn den 5. Jan 2024

Førde IL og Gaular IL inviterar til SSF karusellrenn på Langeland Skisenter Tysdag 9. januar 2024 

Stilart: FRI TEKNIKK – Første start kl. 18.00

Påmeldingsfrist: Mandag 8. januar kl 18!

Løyper: Standard løyper vert nytta (lysløypetrasé)

Det vert tilbud om smørehjelp (glid) på stadion. Ski må leverast i god tid før start 45-60 minutt. 
Dette skjer i garasjen på det nye arenabygget. 

Sjå ellers link til påmelding, innbyding  og mannskapsliste under.

Innbyding Karusellrenn 1 - 2024 (1) (1).pdf

Mannskapsliste karusellrenn 1 2024.pdf

Lenke til påmelding: SSF KARUSELLRENN - 1 Friteknikk | iSonen


Vel møtt på tysdag!



Førde Langrenn og Gaular Langrenn inviterar til SSF Krinsrenn Langeland

Postet av Førde IL - Langrenn den 5. Jan 2024

Førde IL og Gaular IL inviterar til SSF sprint- og distanserenn ved Langeland skisenter søndag 7. januar 2024.


Søndag 7. januar 2024 er det klart for krinsrenn på Langeland skisenter. 

For klassane 11-16 år blir det sprint friteknikk, og for junior- og seniorklasse blir det distanserenn friteknikk.  Sjå innbyding for nærare informasjon om distansar. Under finn du innbydelse, mannskapsliste, link til påmelding og oversikt med løypekart.

Distanseløypene vil følge FIS løyper som vart nytta under NC for seniorar 2021. Denne sløyfa er 5km. Dei som går 10km går to runder, og dei som går 15km går 3 runder. Sprintløypene foregår hovudsakleg på stadion. Løypekart vert etterpublisert. 

Følg lenke til påmelding under. Påmeldingsfrist fredag 5. januar. 
https://www.skiforbundet.no/sogn-og-fjordane/terminliste/arrangement/?eid=749099790

Innbyding SSF Sprint- og distanserenn 070124.pdf
Mannskapsliste SSF sprintdistanse.pdf



Løypekart 5km FIS løype: