Påmelding til friidrett, 1-2.klasse og 3.-4.klasse. Opnar kl 20

Postet av Førde IL - Friidrett den 19. Sep 2018

Det nærmar seg haustferie, og vi legg ut dei plassane vi har tilgjengelig for påmelding.

Det gjeld 1.-2.klasse gruppa (torsdagar kl 18-19), og 3.-4.klasse gruppa (torsdagar kl 19-20).

Vi har ikkje mulighet å opne opp for påmelding på gruppa for 5.klasse og oppover.

Her er link til påmeldingsskjema som vert opna kl 20: https://friidrett.fordeidrettslag.no/events/ticketcart?eventid=1000024837


Informasjon om ein har fått plass, vil ein få etter at påmeldingsperioden er over.


(Dei som har svart på skjema om at dei ville fortsetje på friidrett, skal ha fått e-post ang. plass.)



Informasjon ang. innetrening og påmelding

Postet av Førde IL - Friidrett den 3. Sep 2018

Det kjem mange spørsmål rundt innetreningane våre, og påmelding til desse.

Ein kan gå inn her for å få meir informasjon: https://friidrett.fordeidrettslag.no/p/23632/treningstider







Tidsskjema stemne måndag 25.06

Postet av Førde IL - Friidrett den 25. Jun 2018

Tidskjema for stevne mandag 25.06. 
Kl 18: 60 meter
18.10: Kule og lengde
18.30: 800 meter
18.55: 3000 meter
19.15: 600meter
Utlevering av startnummer fra 17.30



Stemne på Førde Stadion 25.06, kl 18

Postet av Førde IL - Friidrett den 14. Jun 2018

Vi prøver eit nytt stemne på Førde Stadion måndag 25.06, kl 18.

Informasjon rundt stemnet:

Øvingar: 

60m (alle klassar frå 11 år)
600m (11-13 år)
800m (14år og eldre)
3000m (16år og eldre)
Lengde (alle klassar frå 11 år)
Kule (alle klassar frå 11 år)
Startkontingent: Det er gratis å delta på stemnet.

Ein kan melde seg på via denne linken: https://goo.gl/forms/dHsB6C6pN...

Utdeling av startnummer, og oppsetjing av heat går enklare når alle er forhåndspåmeldt.

Påmeldingsfrist: søndag 24.06 kl 20:00.






Esefjorden rundt og 1.mai løpet på Åheim

Postet av Førde IL - Friidrett den 15. Apr 2018

Løpssesongen er i gong for fullt.

1. mai er det fleire løp der løparar frå Førde IL Friidrett har vore med tidlegare.
Sjå sidene under for informasjon og påmelding:


Esefjorden rundt i Balestrand: 
http://esefjorden.balestrand-il.no/


1. mai løpet på Åheim:
http://www.aaheim.no/1mailoepet/informasjon-og-paamelding1mailoepet-201859-aar



Breimsstafetten

Postet av Førde IL - Friidrett den 10. Apr 2018

Det nærmar seg Breimsstafetten, og vi håpar at Førde IL Friidrett kan stille med fleire lag.
Vi har brukt å stille med både dame, jente-/gutelag, herrar veteran. 

Under står kontaktpersonar for ulike lag.

Damelag:
Kontakt: Halvard Brekke (99556990)

Jentelag:
Kontakt: Jøran Laukeland (95072118)/Håkon Løseth (91188952)

Herre veteran:
Kontakt: Jøran Laukeland (95072118)

Gutelag:

Kontakt: Paul Christian Sandal (41459301)

Ein kan melde frå til desse når det gjeld ønskje om deltakelse på lag , eller sende e-post til fil.friidrett@outlook.com


Konglelag: Dersom ein skal stille lag her, så må nokon ta ansvar for å rekruttere til eit eller fleire lag.



Krinslagssamlingar i april

Postet av Førde IL - Friidrett den 7. Apr 2018

Sogn og Fjordane Friidrettskrins arrangerer samlinger i april. For informasjon og påmelding, gå inn på linken.


https://www.friidrett.no/k/sogn-og-fjordane/nyheter/krinssamlingar-i-april/



Årsmøte friidrettsgruppa, søndag 25.02, kl 20

Postet av Førde IL - Friidrett den 13. Feb 2018

Førde IL Friidrett kallar inn til årsmøte søndag 25.02 , kl 20

Møtet vert halde i FIL-huset i Hafstadparken.

Årsmøtesaker:

- Vanlege årsmøtesaker

- Eventuelle innkomne saker

Saker som skal takast opp på årsmøtet må vere sendt inn til gruppestyret seinast torsdag 22.02.

Saker kan sendast pr. e-post til adressa: fil.friidrett@outlook.com

Helsing
Styret i friidrettsgruppa.




Krinslagssamling og dommarkurs

Postet av Førde IL - Friidrett den 5. Feb 2018

Litt info som kan vere nyttig å få med seg:

Krinslagssamling:

Siste helga i februar er det krinslagssamling for dei som er 13 år eller eldre på Sandane.

Dette er ei samling som er open for dei som har lyst.

Nemnde denne på trening idag, og det er fleire som har meldt seg på frå Førde, håpar det er fleire som har lyst.

Invitasjonen frå krinsen ligg her.

https://www.friidrett.no/k/sogn-og-fjordane/nyheter/krinslag-i-sogn-og-fjordane/

Dommarkurs:

Vi tek sikte på å kome igang med arrangering av stemne igjen. Då treng vi fleire dommarar.

Om foreldre eller andre har lyst, og det vert mange nok, så håpar vi å kunne dra igang eit kurs i Førde.

Om det er noken som allereie er dommarar, så gje ein lyd. Anten på melding eller til fil.friidrett@outlook.com

Helsing

Førde IL Friidrett