INFO JANUAR 2018

Postet av Førde IL den 1. Jan 2018


INFO JANUAR 2018.pdf

INFO JANUAR 2018

ÅRSMØTE I FØRDE IL  – torsdag 22.03.2018

Dato for årsmøtet er torsdag 22. mars 2018. Frist for innsending av saker er 22. februar. Særidrettsgruppene må avhalde sine respektive årsmøter seinast 8. mars. Vil særidrettsgruppene ha årsmøtet sitt på FIL-huset, må ein hugse på å booke møtelokale i god tid hos per.oyvind.storevik@fordeidrettslag.no.  

Årsfestmiddagen på FIL-Huset er booka laurdag 17. mars. Innbyding til dette kjem seinare, men vi ber særidrettsgruppene notere dato.

VALKOMITEEN TEK MOT  FORSLAG

til leiar og styremedlemer i Førde IL hovudlaget. Send forslag innan 22. februar til FIL valkomiteen:

  • Knut Folkestad, leiar folkestad@union.no
  • Nils Olav Kongsvik, medlem
  • Monica Litsheim, medlem
  • Steinar Gram (vara)           

ÅRSAVSLUTNING 2017 – frist 31.01.2018

Frist for innlevering av regnskapsdokumentasjon er onsdag 31. januar 2018. Resultatrekneskap, saldobalanser, hovudbøker osv. kan sendes på mail til revisor  kurt.hyllestad@bdo.no eller anne.mortensbakke.solheim@bdo.no (tlf. 47800028).

  • Lønnsytelsar/honorar utover kr. 10.000 skal som hovudregel lønnsinnberettast. Ta kontakt med Irene Bjørndal v/IB Rekneskap innan 10. januar viss du treng bistand med dette. Tlf. 41573418, irene@ibrekneskap.no.
  • Idrettslag/særidrettsgrupper som har færre enn 600 bilag i løpet av rekneskapsåret, kan nytte låsbart regneark som regnskapsprogram. NIF har utarbeidd ein Excel-mal som du finn i undermeny «regnskapssystem» HER
  • Alle idrettslag som har meir ein 600 bilag skal nytte rekneskapsprogram.
  • Rekneskapet må følgje Norsk Standard Kontoplan.
  • Lenke til NIF sine rekneskaps- og revisjonsbestemmelsar HER.

ÅRSMELDINGAR, REKNESKAP, BUDSJETT M.M. FRÅ GRUPPENE

må vere styret i hende innan 10.mars 2018. Vi sender alle årsmeldingane til trykking

i veke 11-2018. Hugs og referat frå årsmøter og oversikt over ny styresamansetning med epost og kontaktinfo. Særidrettsgruppene sine årsmeldingar vert trykt som vedlegg til hovedlaget si årsmelding. Dersom særgruppa vil framheve ting spesielt og evt. sende med bilder, må dei gjere dette på eiga sak (frist 1 mnd før årsmøtet i FIL Hovudlaget).

IDRETTSREGISTRERINGA 2017

Frist for idrettsregistreringa er 30. april 2017. Særidrettsgruppene/medlemmane pliktar å registrere/betale sitt medlemsskap via KlubbAdmin (registrering) / Min Idrett (betaling). Det er kun betalande medlemmer som kan rapporterast. I 2017 hadde Førde IL 1860 betalande medlemmar via vårt medlemsregister i KlubbAdmin (av cirka 2200 unike medlemmer til einkvar tid). Registreringa er grunnlag for tildeling av off.midlar til Førde IL, og seinare gjeld det som grunnlag for tildeling av blant anna LAM-midlar (aktivitetsmidlar) til gruppene.  

 

FINN FRIIS HAFSTAD MINNEFOND

sitt stipend går jf. statuttane til utøvarar innan ski, fotball eller friidrett og vert kunngjort på årsmøtet 22. mars og delast ut i forbindelse med 17. mai markeringa i Førde . Ein har berre høve til å vinne dette minnestipendet ein gong, så tidlegare vinnerar kan ikkje re-nominerast jf. minnestatuttane. Send begrunna framlegg til «Finn Friis Hafstad Minnefond» innan 1. mars. E-post post@fordeidrettslag.no.  

TOPPIDRETTSSTIPENDET 2017/2018

Styret i Førde IL vil kunngjere vinnar (-ar) av Førde IL sitt toppidrettstipend 2017/2018 på årsmøtet 22. mars. Også desse stipenda blir utdelt på 17. mai.

VÅR FELLES NETTSIDE: www.fordeidrettslag.no

Vi registrerer med glede at fleire av særidrettsgruppene brukar våre nettsider levert av IdrettenOnline. Systemet har eit relativt lågt brukargrensesnitt, er bra integrert med sosiale media som Facebook, Twitter og Instagram, og er gratis for særidrettsgruppene å ta i bruk. Nettsidene er i utgangspunktet reklamefrie, slik at særidrettsgruppene kan legge til eigne sponsorar. Vi utfordrar fleire til å sjekke ut denne nettportalen.

 

Førde, 1.januar 2018

 

Tor Starheim

Leiar Førde IL




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline