Men skal vi spele fotball på ei gangbru?

Postet av Førde IL den 25. Okt 2018

Når Førde Idrettslag forsvarar eit tilsynelatande nedslitt idrettsanlegg midt i Førde sentrum, så må ein tole å bli stempla som konservativ og lite endringsvillig. Men forsvaret for kunstgrasbana ved Førdehuset handlar om så mykje meir ein eit utslitt banedekke.

Dette handlar om at:

  • Ein av noregs største fotballklubbar fortener å bevare sitt areal og utviklingspotensiale
  • Eit av Sunnfjord sine mest aktive idrettsanlegg fortener å bli bevart
  • Visjonen om nye Førde stadion fortener å bli realisert
  • Førdehus-området fortener å  bevare sin status som storstove for både idrett og kultur
  • Våre folkevalgte kan ikkje ta for gitt at det finnast sentrumsnære erstatningsareal å "flytte" bana til, og ei heller at ein slik eventuell flytteprosess kan finansierast med bompengar. 

Nesten 1400 medlemmer i Førde IL Fotball

Allereie på 70-tallet hadde vi fleire 11ar-baner ein i dag. Vi hadde Førde IL sitt eige anlegg på Kronborg Idrettspark (kjøpt i 1939), Festplassen som vart opna i 1963, og vi fekk to nye baner ved Førdehuset frå 1976. I tillegg hadde vi 11ar-bane også på Haugum. Heile 5 baner i 1978, berre 4 baner i 2018 – førti år seinare. Banene som står att, er godt synlege frå Hafstadfjellet: To ved Førdehuset, og to på Hafstadparken. Kronborg vart ekspropriert til sjukehusveg og næringspark rundt tusenårs-skiftet. Festplassen er for lengst blitt parkeringsanlegg, og Haugum er omgjort til 7ar-bane. Og for ordens skuld: Det var like mange grendabaner på 70-tallet også.

I mellomtida har fotball-interessa i Førde nærast eksplodert. Førde IL Fotball teller no 1380 betalande medlemmer fordelt på mellom 120-130 lag til ein kvar tid. I praksis ein av norges største fotballklubbar målt i aktivitetstall. I dag greier man å gi alle eit fullverdig trenings- og kamptilbod, men det er berre så vidt kabalen går opp. Det er sjølvsagt heilt uaktuelt at eit så stort idrettsmiljø, som allereie sliter med banekapasiteten, nok eingong skal måtte avstå areal til fordel bruer og parkeringsplassar! 

Kunstgrasbana – framleis eit av Sunnfjord sine mest aktive idrettsanlegg

Kunstgrasbana er ikkje noko vakkert skue slik den framstår i dag, men dette skal Førde IL tilstå vi har litt medansvar for. Nytt banedekke skulle opphavleg vore byta allereie i 2014, men Førde IL vart samde med Førde kommune om å omdisponere desse 5 mill til prosjektet nye Førde stadion. Forfallet til tross: Kunstgrasbana er likevel framleis eit av Sunnfjord sine mest nytta idrettsanlegg. På dagtid er arealet brukt både av Førde ungdomsskule, Førde barneskule og Hafstad VGS. På kveldstid er det hovudkamparena for Førde IL fotball sine aldersbestemte lag i alderen 10 – 13 år (oftast med 2 parallelle kampar), og på sommartid er det hovudarena for FIL Sommaridrettsskulen med rundt 250 born og 30 instruktørar. Ein tradisjonsrik idrettstilbod som i 2018 vart arrangert for 31. gong. 

Nye Førde Stadion

Førde IL sin visjon om ei fotballbane med internasjonale banemål 105 x 68 meter, inntil 2.800 sitteplassar under tak, innandørs friidrettsbaner,  innandørs skytebane (slik at nokre av våre fremste idrettsprofilar innan skiskyting slepper trappetrening på Skyttartun). Og ikkje minst eit totalrenovert friidrettsanlegg , også det med sitteplassar under tak. Eit utandørs stadionamfi  ved Førdehuset som med litt vidsyn også kan brukast til større utandørs konsertar, utstillingar og 17. mai arrangement m.m. Kalkylen er på 75 mill. I ein storkommune med 25.000 innbyggarar og antatte visjonar om ytterlegare folketalsvekst, er ikkje slike anleggsplanar vidløftige  i det heile. Vi må berre sikre at våre  framtidige eldsjeler har tilstrekkeleg med areal å bygge på, og så ville Førde IL som med Hafstadparken, aktivt vere med i kronerullinga for prosjektet.


Førdehuset treng framleis idretten

Førdehuset stod ferdig i 1976. Det vart eit pionérprosjekt i regional kultursatsing som vekte internasjonal merksemd. På eit areal på vel 12.000 kvadratmeter, og med felles inngang, kunne ein finne konsertsal, kino, bibliotek, Sogn og Fjordane Teater, utstillingshall, kunstnaratelier, idrettshall  og symjehall i skjønn foreining. I tillegg vart det bygt to store idrettsbaner utandørs. Seinare er arealet blitt utvida fleire gonger både til fordel for både idrett og kultur. Når vi tenker på Førdehuset som signalbygg, og samstundes veit kor samlande  Førdehus-området har vore for lokalpatriotismen, så burde i grunn heile området vore freda til nettopp idrettslege og kulturelle formål. Idretten treng Førdehuset, og Førdehuset treng både idrett og kultur for å bevare sin status som storstove. 

Praktiske og økonomiske konsekvensar av bru-alternativ 2

Statens Vegvesen, rådmann og planutvalet har no innstilt på at den utskjelte kunstgrasbana – på folkemunne «betongen» - skal ofrast til fordel for ny bru og utvida parkeringsplass forran Førdehuset. I saksutgreiinga blir det lagt opp til erstatningstiltak, men det blir ikkje presistert og konkretisert at dette skal vere i form av eit 9.000 kvm sentrumsnært fotballanlegg. Nei, det kan like gjerne vere i form av ei gang- og sykkelbru til Hafstadparken? 

Men kjære folkevalgte: Skal vi spele fotball på ei gangbru?

Vi får inntrykk frå enkelte hald at viss man tek kunstgrasbana, så kan denne «lett» både flyttast og finansierast av Førdepakken. Dette er ikkje så opplagt som det høyrest ut. Hafstadparken er kanskje stor, men det er likevel ikkje nok areal til ny 11ar bane der i dag. Den kan ikkje plasserast på austsida av Hafstadparken, for der er det aktivt landbruksareal. Arealet på vestsida, mellom Hafstadparken og Hafstad VGS, er i dag regulert til andre formål. Blant anna moské. Viss det blir slik at ein skal blande både religion og jordbruksvern inn i ein eventuell flytteprosess, så er det fare for at dette blir ein særdeles langdryg og komplisert prosess. Det kan like gjerne ende med at eventuell erstatningsbane blir lokalisert langt utanfor den verdifulle og logistikkvennlege aksen mellom Førdehuset og Hafstadparken. 

Det er heller ikkje gitt at det er lovleg å finansiere fotballanlegg med bompengar. Stort sett er det fenomenet «ekspropriering»  som aktualiserer erstatning i byplan-saker, men ekspropriering er det jo ikkje snakk om her. Førde kommune står som eigar av kunstgrasbana i dag, og omregulerar man eigen grunn til andre formål… så kan man vel ikkje søke erstatning hos bilistane som tredjepart? Andre økonomiske konsekvensar av å destruere  eit idrettsanlegg, er jo dette med refusjon av tildelte spelemidlar. Vi trur at val av bru-alternativ 2 kan bli eit langt meir kostbart alternativ ein mange ser føre seg i dag. I verste konsekvens risiker våre folkevalte å fatte eit bru-vedtak som ikkje kan finansierast av bompenge-midlar, men i staden påfører nye Sunnfjord kommune ein flyttekostnad på  inntil 35 – 40 millionar. Dårleg nyttekost, elendig samfunnsøkonomi.

Gå for alternativ 4 – eller dropp bilbrua!

Når ikkje den opphavlege brua kunne byggast, så innstiller Førde IL på at bru-alternativ 4 er det beste attverande alternativet for idretten. Viss dette ikkje er mogleg av økonomiske omsyn, er Førde IL sine interesser sekundært best tent med at ein droppar bilbrua og bygger berre ei rein gang- og sykkelbru i staden. Eit alternativ som ofrar kunstgrasbana og samstundes gravlegger visjonen om nye Førde stadion, er i alle samanhengar eit uleveleg alternativ for våre medlemar. Både no, og om 40 år.


Førde 23.10.2018

Tor Starheim

Styreleiar i Førde IL


Merk: Opprinneleg sendt som lesarinnlegg til Firda 23.10.18




Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.