Toppidrettstipend og Finn Friis Hafstad Minnefond - 2019/2020:

Postet av Førde IL den 15. Mai 2020

Toppidrettstipend 2019/2020

 

Gjøran Tefre -  langrenn:

Beste prestasjon siste sesong:

2 plass i verdenscup på team sprint i Planica og 8 plass under prøve VM i WC Oberstdorf, samt samanlagtsiger i Skandinavisk cup. 

 

Håvard Gutubø Bogetveit - skiskyting:

Beste prestasjon siste sesong:

3. plass i IBU cup Ridnaun, Italia både på sprint og fellesstart - 5. plass sammenlagt i IBU cupen.

 

Karoline Erdal - skiskyting:

Beste prestasjon siste sesong:

1.plass IBU cup, Sjusjøen og Osrblie, Slovakia i sprint.

Singel mix-stafett gull i EM saman med lagkamerat Endre Strømsheim.

 

Karoline Holsen Kyte - motbakkeløp:

Beste prestasjon siste sesong:

NM gull i motbakkeløp, Mefjellet opp og siger i Skåla Opp.


Finn Friis Hafstad Minnefond - 2019/2020:

 

Mathias L. Sagevik, (Førde IL fotball )

Vinnar av årets Finn Friis Hafstad Minnefond:

- «gjennombrudd» som seniorspelar i 2019 

- årets unge spelar i 2019 for A-lag, menn 

- 22 kampar i Kretsligaaen 2019 (6 mål)

 

Toppidrettstipenda er på kr 10.000,- og Finn Friis Hafstad Minnefond er på kr 7.500,-.

Tradisjonelt brukar desse utmerkingane å bli delt ut i samband med 17.mai feiringa i Førde.

I år blir det som kjent ikkje høve til tradisjonell feiring - vi lyt dermed finne ein anna  egna «arena» for overrekking ved seinare høve.

 

Førde Idrettslag gratulerer prisvinnarane så mykje – og ynskjer lukke til med vidare satsing!


•    Ynskjer alle ein riktig god 17.mai😊



0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert avIdrettenOnline