Førde Idrettslag sitt årsmøte er utsatt

Postet av Førde IL den 24. Mar 2021

Årsmøtet for Førde Idrettslag skulle vore avvikla i morgon, 25. mars. 

Som kjent har regjeringa innført fleire skjerpingar i høve gjeldande regelverk - med verknad frå nettopp 25. mars.  

Årsmøtet sorterer under arrangement, her er tilnærminga at alle arrangement er tilrådd avlyst fram til 12. april i første omgang. 

Førde Idrettslag forheld seg til denne tilrådinga og har med den bakgrunn utsett årsmøtet. 

 

Ny møtedato vil bli publisert straks regelverket tillèt det.


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline