Førde IL - Idrettsskole

Førde IL - Idrettsskole

Påmelding opna for FIL Sommaridrettskule 2021

Postet av Førde IL - Idrettsskole den 16. Apr 2021

Vi er så glad for at vi endeleg kan opne att for påmelding til FIL Sommaridrettskule 2021 som vert arrangert dei 2 første vekene etter skuleslutt mellom måndag 21. juni og fredag 2. juli 2021 (veke 25 og 26). 

Tilbodet passar for alle barn frå 1. klasse t.o.m. 5. klasse.

Sommaridrettskulen føregår på dagtid, måndag til fredag klokka 09:00 – 15:00. 

Aktivitetstilbodet er breitt og varierer litt frå år til år. Planen i år er m.a. friidrett, orientering, fjelltur, ballspel, bowling, dans, natursti og turn, men tek høgde for moglege endringar i aktivitetane. 

Obs! Barn som normalt har behov for assistent på skulen, må ha med seg assistent også her. 

PRISAR: Kr. 950 for 1 veke, kr. 1750 for 2 veker (+ gebyr til påmeldingsløysinga). 

Påmeldingsfrist er søndag 23. mai 2021.

Påmelding skjer elektronisk gjennom heimesida vår: Påmelding FIL Sommaridrettskule 2021

Påmeldinga er bindande.

Spørsmål kan rettast til hovudinstruktør Håvard M. Taule, på telefon 991 29 158 eller på e-post sommaridrett@fordeidrettslag.no


0 Kommentar

Kommentarer

Kommentarfelt er stengt

Levert av IdrettenOnline