Haustferieturn 2026
Mandag 5. oktober 2026 09:30 - onsdag 7. oktober 2026 14:30

Haustferieturn 2026

Arrangør: Førde IL - Turn
Påmelding fra
kr 750,00
inkl. avgifter
Mandag 5. oktober 2026 09:30 - onsdag 7. oktober 2026 14:30

Program

05.10. 09:30 · Start
07.10. 14:30 · Slutt

Pris

Påmelding kr 750,00 inkl. avgifter

Beskrivelse

Førde IL Turn har gleda av å invitere til Haustferieturn i veke 41 for 1. - 7.klasse.

Tilbodet er for både aktive turnarar og dei som ikkje har turna tidlegare.

Måndag t.o.m onsdag frå kl.09.30 - 14.30. To økter turn kvar dag og 30-45 min. matpause. 

Påmeldinga er bindande. Vi bemannar opp med instruktørar i samsvar med tal på deltakarar, og Førde IL Turn kan difor ikkje ta økonomisk risiko ved uforutsett sjukdom o.l.

Dersom den påmelde ikkje er medlem av Førde IL, må medlemskontingent på 150 kr betalast i tillegg.

OBS! Barn som til vanleg har behov for assistent på skulen, må ha med seg assistent her òg.

Billettavgift: 

750,- 


Litt info:

  • Møt i turndrakt eller tettsittande treningskle
  • Hår i flette eller hestehale
  • Ta med lunsj og drikkeflaske og evt noko frukt
  • Hugs å merke kle og drikkeflasker
  • Vi må ha beskjed fra foreldre om borna skal gå heim sjølve 

Kontaktinformasjon:
Ta kontakt på e-post eller telefon ved spørsmål: pameldingfordeturn@gmail.com (skriv sommarferieturn i emnefeltet) eller ring 97 54 53 17 (Øystein Sellevold). 


Kommentarer

Du må logge inn for å poste i veggen.