Første test på å arrangere renn er fullført

Postet av Førde IL - Skiskyting den 10. Des 2025

Tysdag kveld hadde vi eit test renn for gjengen på skiskyttar treninga. Det var for dårleg føre for skigåing inn på standplass, så det vart med joggesko. Vi sprang ei runde på ca 500m langs gamlevegen 3 ganger med 2 skytingar. Resultat finn du på Eqtiming ( https://live.eqtiming.com/79843#dashboard ). Etter på var det samling i skihytta med litt mat og god drikke. Der vart det delt ut diplom for dei som fullførte skiskyttarskulen.




Den første skiskyttar skulen i Sunnfjord er fullført!

Postet av Førde IL - Skiskyting den 29. Sep 2025



Denne helga har Førde IL Skiskyting arrangert skiskyttar skule for første gang. Det var 19 ungar i alderen 10-14 år som deltok med føresatte. Skiskyttar gruppa stod som arrangør og hadde god hjelp frå Norges skiskytter forbund og Stryn VGS for å ha 10 instruktørar på plass. Stor takk til alle som bidrog denne helga i fantastik vær på Langeland. Her er info som forbundet har lagt ut på si side.
https://skiskyting.no/artikler/fullt-hus-i-forde/





Årsplan sesongen 2025/2026

Postet av Førde IL - Skiskyting den 26. Sep 2025

Under er gruppa sin årsplan for sesongen.





Lyst å prøve skiskyting?

Postet av Førde IL - Skiskyting den 26. Mai 2025

Kom og prøv torsdag 29. mai på Langeland.


Plakat årsplan Skiskyting 2025-26.pdf




Årsmelding for 2024

Postet av Førde IL - Skiskyting den 27. Feb 2025

Då er årsmøtet gjennomført og vedlagt ligg årsmeldinga for 2024. Stor takk til Lars for å ha laga ei flott årsmelding.

2024 Årsmelding for Førde IL skiskyting 2024.pdf




Årsmøte for 2024

Postet av Førde IL - Skiskyting den 21. Feb 2025

Førde IL Skiskyting kallar inn til årsmøte onsdag 26. februar kl. 19:00

Møtestad: Energihuset, Firdavegen 5 (Enivest)

Vanlege årsmøtesaker med m.a.:

- årsmelding og rekneskap for 2024

- budsjett for 2025

- val av medlemmer til styre

- kven kan møte på årsmøte for Førde IL

- info om rekruteringsarbeidet for 2025

- ev. andre innkomne saker

Saker som skal fremjast på årsmøtet må sendast styret innan 19. februar.

Alle som har lyst å kome er velkomne, sjølv om det berre er dei som er medlem av gruppa som har stemmerett. 

Gje gjerne ein lyd til Torbjorn.os@enivest.net om du kjem.

 

Førde I.L. Skiskyting

Helsing styret