Åsen & Øvrelid Fotballakademi

Postet av Helge Bjørke den 23. Sep 2024

Førde IL Fotball arrangerar akademi for gutar og jenter som er fødd frå 2015 til 2012. Akademiet er mynta på deg som elskar fotball, og ynskjer noko ekstra i kvardagen. Her vil du møta trenarar som ser deg og utfordrar deg. Dei forventar at du er påskrudd og tilstede i økta.

Vi vil ha fokus på fart i det vi gjer. Vi spelar masse, har skåringstrening, jobbar med teknikk og pasningar og mykje 1vs.1. Vi vil også ha sekvensar med styrketrening lagt inn i våre treningar, og vi legger til rette for keepertrening. 

Vi har god kapasitet på akademiet, og vil dele inn i treningsgrupper som går godt i lag. Spelarane må vera førebudd på å måtte delta med spelarar av ulik kjønn, og spelarar som er yngre/eldre.  

Oppstart

Akademiet starter opp i veke 42, og held på til og med veke 50. Vi legger opp til to økter per veke, og ei helgesamling i november. 

Ein kan velga å delta på ein eller to dagar per veke. 
For ein dag er prisen NOK 1.200,- 
For to dagar er prisen NOK 2.000,- 
*Dette inkluderar trening i haustferien og helgesamling

Sted: Hafstadparken


Treningsdagar

Mandag 17:00 - 18:30 

Onsdag 17:00 - 18:30 

Treningssamling laurdag 16. november

I haustferien er treningane mandag 11:00 - 13:00 og onsdag 11:00 - 13:00.


Påmelding

Påmeldingslinken finner du her.

Har du spørsmål, ta kontakt med sportsleg leiar Helge Bjørke (hb@forde-fotball.no) eller spelarutviklar Bjørn Totland (bjorn@forde-fotball.no).