Lov for Førde Idrettslag - sist endra 08.12.2019

Lenke: Lov for Førde Idrettslag - sist endra 08.12.2019.pdf

Viktig informasjon til alle idrettslag – nytt regelverk fra 1.1.2020.pdf


LOVNORM FOR IDRETTSLAG - Vedteken av Idrettsstyret 23. oktober 2019. 

 

LOV FOR FØRDE IDRETTSLAG 

Stifta 04.01.1920

Sist endra 08.12.2019

 

I. INNLEIANDE REGLAR 


§ 1       Formål 

  1. Formålet til idrettslaget er å drive idrett organisert i Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF).
  2. Arbeidet skal vere prega av frivillig innsats, demokrati, lojalitet og likeverd. All idrettsleg aktivitet skal byggje på grunnverdiar som idrettsglede, fellesskap, helse og ærlegdom.


§ 2       Organisasjon 

  1. Idrettslaget er sjølveigande og frittståande med berre personlege medlemmer. 
  2. Idrettslaget er medlem av [namn på særforbundet/særforbunda som idrettslaget er medlem av]. 
  3. Idrettslaget er medlem av NIF gjennom [namn på idrettskrins] og er tilslutta [namn på idrettsråd].
  4. Idrettslaget skal overhalde regelverket og vedtaka til dei overordna organisasjonsledda. Regelverket til NIF gjeld for idrettslaget uavhengig av kva som måtte stå i idrettslaget si eiga lov. 


§ 3       Medlemmer 

  1. For at ein person skal takast opp i idrettslaget, må vedkommande  
    1. akseptere å overhalde regelverket og vedtaka til idrettslaget og dei overordna organisasjonsledda
    2. ha gjort opp eventuelle økonomiske forpliktingar til idrettslaget og andre organisasjonsledd i NIF 
  2. Styret i idrettslaget kan i særlege tilfelle nekte ein person medlemskap. Før det blir gjort vedtak, skal personen gjerast kjend med bakgrunnen for saka og få ein frist på to veker til å uttale seg. Vedtaket skal vere skriftleg og grunngjeve, og det skal informere om høve til å klage. Vedtaket kan klagast inn til idrettskrinsen innan tre veker etter at det er motteke. Klagen skal sendast til styret i idrettslaget, som eventuelt kan gjere om på vedtaket. Dersom vedtaket blir halde ved lag, blir klagen send til idrettskrinsen innan to veker. 
  3. Medlemskap i idrettslaget er først gyldig frå den dagen kontingent er betalt.
  4. Medlemmen pliktar å overhalde regelverket og vedtaka til idrettslaget og dei overordna organisasjonsledda.
  5. Utmelding skal skje skriftleg og får verknad når ho er motteken.
  6. Idrettslaget kan ta medlemskapen frå ein medlem som etter purring ikkje betaler den fastsette medlemskontingenten. Ein medlem som skuldar kontingent for to år, taper automatisk medlemskapen sin i idrettslaget og skal strykast frå medlemslista til laget. 

    1. Styret i idrettslaget kan i særlege tilfelle ta medlemskapen frå ein medlem for ein periode på inntil eitt år. Før vedtak blir gjort, skal vedkommande gjerast kjend med bakgrunnen for saka og få ein frist på to veker til å uttale seg. Vedtaket skal vere skriftleg og grunngjeve, og det skal informere om høve til å klage. 
    2. Når ein medlemskap blir fråteken, kan den som saka gjeld, krevje at ordinært/ekstraordinært årsmøte handsamar saka. Personen har rett til å vere til stades når årsmøtet handsamar saka. Kravet må setjast fram innan éi veke etter at vedtaket er motteke, og årsmøtet må deretter haldast innan éin månad.
    3. Når ein medlemskap blir fråteken, kan vedtaket frå idrettslaget klagast inn til idrettskrinsen innan tre veker etter at vedtaket er motteke. Klagen skal sendast til styret i idrettslaget, som eventuelt kan gjere om på vedtaket dersom det er gjort av styret sjølv. Dersom vedtaket blir halde ved lag, blir klagen send til idrettskrinsen innan to veker. Vedtaket frå idrettslaget trer ikkje i kraft før klagefristen er gått ut, eventuelt når klagesaka er avgjord. 
  7. Idrettslaget skal føre elektroniske medlemslister i idretten sitt nasjonale medlemsregister i tråd med forskrift gjeven av Idrettsstyret.

 

II. TILLITSVALDE 

 

§ 4       Kjønnsfordeling

 

  1. Idrettslaget skal arbeide for lik kjønnsfordeling ved val/oppnemning til styre, komitear osv. og ved representasjon til årsmøte/ting. Ved val/oppnemning av styre, råd, utval/komité osv. og ved representasjon til årsmøte/ting i overordna organisasjonsledd skal båe kjønna vere representerte. Samansetjinga skal samsvare med kjønnsfordelinga i medlemsmassen, likevel slik at det ved val/oppnemning av meir enn tre personar skal veljast/oppnemnast minst to personar frå kvart kjønn. Regelen gjeld òg  der det blir valt meir enn éin varamedlem. Representanten for dei tilsette tel ikkje med når kjønnsfordelinga skal reknast ut.
  2. Dersom nokon blir vald eller oppnemnd til styre, råd, utval/komité osv. i strid med regelen, skal styret innan éin månad etter årsmøtet sende ut innkalling til ekstraordinært årsmøte, der det blir gjort nytt val. Eksisterande medlemmer i det aktuelle styret, den aktuelle komiteen osv. blir sitjande til det er valt/oppnemnt nytt styre, ny komité osv.
  3. Idrettsstyret kan påleggje idrettslaget å oppfylle vilkåra i regelen, medrekna å kalle inn til nytt årsmøte eller gjennomføre ny oppnemning.
  4. Idrettsstyret kan, når det ligg føre særlege forhold, gje dispensasjon frå denne regelen for eit val / ei oppnemning.

 

§ 5       Generelle reglar om røysterett, valbarheit, forslagsrett m.m.

  1. For å ha røysterett, for å kunne veljast til årsmøte-/tingvalde organ og for å kunne veljast/oppnemnast som representant til årsmøte/ting i overordna organisasjonsledd må ein ha fylt 15 år i løpet av kalenderåret, vore medlem av idrettslaget i minst éin månad og ha gjort opp dei økonomiske forpliktingane sine til idrettslaget. 
  2. Ein medlem kan ikkje samstundes ha meir enn eitt av desse verva i idrettslaget: medlem av styret, valkomiteen, kontrollutvalet, lovutvalet, revisor, medlem av utval som pålegg sanksjonar.
  3. Ein medlem kan ikkje ha styreverv i fleire idrettslag som deltek i same konkurranse. Tilsvarande gjeld andre tillitsverv som gjev høve til å påverke den aktuelle konkurranseaktiviteten, eller tilgang på informasjon som kan brukast til fordel for eitt av idrettslaga. 
  4.  Forslagsrett:
    1. Ein medlem har rett til å fremje forslag til og på årsmøtet i idrettslaget. 
    2. Styret i idrettslaget har rett til å fremje forslag til og på årsmøtet i idrettslaget. 
    3. Ein komité eller eit utval som har møterett, har rett til å fremje forslag til årsmøtet i saker som ligg innanfor arbeidsområdet deira, og representanten eller representantane for komiteen/utvalet har rett til å fremje forslag på årsmøtet innanfor arbeidsområdet til komiteen/utvalet. 
  5. Møte- og talerett:
    1. Ein representant frå overordna organisasjonsledd har møte- og talerett på årsmøtet i idrettslaget.
    2. Revisoren har møte- og talerett på årsmøtet i saker som ligg innanfor hans/hennar arbeidsområde.] 

§ 6       Røysterett, valbarheit og representasjonsrett for ein arbeidstakar 

  1. Med arbeidstakar etter denne regelen er det meint ein person som 
    1. utfører lønt arbeid for idrettslaget tilsvarande ein stillingsbrøk på meir enn 20 %, eller 
    2. får meir enn 1 G i lønn / andre ytingar frå idrettslaget gjennom eit kalenderår. 
  2. Ein arbeidstakar i idrettslaget har ikkje røysterett på årsmøtet i idrettslaget og kan ikkje veljast til styre, råd, utval/komité osv. i idrettslaget eller overordna organisasjonsledd. Ein tillitsvald som får relevant tilsetjing, pliktar å tre ut av tillitsvervet når vedkommande byrjar i stillinga, og kan ikkje tre inn att før tilsetjingsforholdet er avslutta.
  3. Ein arbeidstakar i idrettslaget kan ikkje veljast eller nemnast opp som representant til årsmøte/ting eller leiarmøte i overordna organisasjonsledd. Det kan heller ikkje veljast eller nemnast opp ein representant som er arbeidstakar i det organisasjonsleddet der representasjonen skjer.    
  4. Regelen er ikkje til hinder for at idrettslaget gjev dei tilsette rett til å peike ut éin eller fleire tilsetterepresentantar til styret i idrettslaget.
  5.  Ein person som er vald eller oppnemnd i strid med regelen, blir ikkje rekna som vald eller oppnemnd. 
  6.  Idrettsstyret kan, når det ligg føre særlege forhold, gje dispensasjon frå regelen for eit val / ei oppnemning. 

 

  § 7        Valbarheit og representasjonsrett for andre personar med tilknyting til idrettslaget

  1. Ein medlem som har ei økonomisk særinteresse i drifta av idrettslaget som overstig 1 G i løpet av kalenderåret, kan ikkje veljast til styre, råd, utval/komité osv. i idrettslaget eller overordna organisasjonsledd. Det same gjeld ein styremedlem, tilsett eller aksjonær med vesentleg innverknad i ein juridisk person som har slik økonomisk særinteresse som nemnd i første setning. Restriksjonen gjeld ikkje for ein styremedlem som er oppnemnd av idrettslaget. Ein tillitsvald som får slik økonomisk særinteresse, slikt styreverv, slik tilsetjing eller slik eigardel, pliktar å tre ut av tillitsvervet, og kan ikkje tre inn att før tilsetjingsforholdet m.m. er avslutta.
  2. Ein person som ikkje kan veljast etter første ledd, kan heller ikkje veljast eller nemnast opp som representant til årsmøte/ting eller leiarmøte i overordna organisasjonsledd. Det kan heller ikkje veljast eller nemnast opp ein representant med tilsvarande tilknyting til det organisasjonsleddet der representasjonen skjer. 
  3. Ein person som er vald eller oppnemnd i strid med regelen, blir rekna som ikkje vald eller oppnemnd.
  4. Idrettsstyret kan, når det ligg føre særlege forhold, gje dispensasjon frå denne regelen for eit val / ei oppnemning. 

 

§ 8       Inhabilitet

  1. Ein tillitsvald, ein oppnemnd representant eller ein tilsett i idrettslaget er inhabil til å leggje til rette grunnlaget for ei avgjerd eller til å ta ei avgjerd 
    1. når vedkommande sjølv er part i saka, 
    2.  når vedkommande er i slekt eller svogerskap med ein part i opp- eller nedstigande linje eller i sidelinje så nær som søsken, 
    3.  når vedkommande er eller har vore gift med eller er trulova eller sambuar med ein part, 
    4. når vedkommande leier eller har ei leiande stilling i, eller er medlem av styret i eit organisasjonsledd eller ein annan juridisk person som er part i saka. 
  2. Like eins er vedkommande inhabil når det ligg føre andre særeigne forhold som er eigna til å svekkje tilliten til at vedkommande er upartisk; blant anna skal det leggjast vekt på om avgjerda i saka kan gje særleg fordel, tap eller ulempe for vedkommande sjølv eller nokon som vedkommande har nær personleg tilknyting til. Det skal også leggjast vekt på om ein part har reist inhabilitetsinnvending.    
  3.  Er ein overordna inhabil, kan heller ikkje ein som er direkte underordna i idrettslaget, avgjere saka.
  4.  Inhabilitetsreglane gjeld ikkje dersom det er innlysande at den tillitsvalde, den oppnemnde representanten eller den tilsette har ei slik tilknyting til saka eller partane at det ikkje vil kunne påverke standpunktet til vedkommande, og idrettslege interesser ikkje tilseier at vedkommande seier ifrå seg plassen sin. 
  5. Med part er det i denne føresegna meint ein person, medrekna juridisk person, som ei avgjerd rettar seg mot, eller som saka elles gjeld direkte. 
  6. I styre, komitear og utval tek organet sjølv avgjerda, utan at vedkommande medlem deltek. Dersom det i éi og same sak oppstår spørsmål om inhabilitet for fleire medlemmer, kan ingen av dei delta når deira eigen habilitet eller habiliteten til ein annan medlem skal avgjerast, med mindre organet elles ikkje ville vere vedtaksført i spørsmålet. I det sistnemnde tilfellet skal alle medlemmer som møter, delta. Medlemmen skal i god tid seie frå om forhold som gjer eller kan gjere vedkommande inhabil. Før spørsmålet blir avgjort, bør ein varamedlem eller ein annan person som kan tre inn i staden, kallast inn til å møte og delta ved avgjerda dersom det kan gjerast utan vesentleg tidsspille eller kostnad.
  7. I andre tilfelle avgjer vedkommande sjølv om vedkommande er inhabil. Dersom ein part krev det og det kan gjerast utan vesentleg tidsspille, eller vedkommande elles finn grunn til det, skal vedkommande sjølv leggje fram spørsmålet for sin næraste overordna, som så skal avgjere spørsmålet.
  8. Regelen gjeld ikkje på årsmøtet i idrettslaget.

 

§ 9       Vedtaksførleik, fleirtalskrav og protokoll

  1. Styre, komitear og utval i idrettslaget er vedtaksføre når eit fleirtal av medlemmene er til stades. Vedtak blir gjorde med fleirtal av dei røystene som er gjevne. Ved likt røystetal avgjer røysta til møteleiaren. 
  2. Vedtak kan gjerast ved skriftleg handsaming eller ved fjernmøte, dersom eit fleirtal av medlemmene sluttar seg til dette. Ved skriftleg handsaming blir kopiar av saksdokumenta sende samstundes til alle medlemmer med forslag til vedtak. Ved fjernmøte skal alle møtedeltakarane kunne kommunisere med kvarandre.
  3. Det skal førast protokoll frå styremøte. Protokollane skal vere tilgjengelege for medlemmene i idrettslaget, med mindre styret bestemmer noko anna i den enkelte saka.

 

§ 10     Refusjon av utgifter til tillitsvalde. Godtgjersle

  1. Ein tillitsvald kan få refundert naudsynte, faktiske utgifter som vedkommande har i samband med utføring av vervet.
  2. Ein tillitsvald kan få ei rimeleg godtgjersle for arbeidet sitt. 
  3. Godtgjersle til styret og dagleg leiar skal gå klart fram av vedteke budsjett og vedteken rekneskap.


III. ØKONOMI

 

§ 11     Rekneskaps- og revisjonsplikt m.m.  

  1. Idrettslaget er rekneskaps- og revisjonspliktig og skal utarbeide ein årsrekneskap som årsmøtet vedtek. Årsrekneskapen skal underteiknast av alle styremedlemmene. Dersom idrettslaget har dagleg leiar, skal òg den daglege leiaren underteikne.
  2. Idrettslaget skal følgje ordinær lovgiving for rekneskap og revisjon der dette gjeld. Idrettslag med ein årleg omsetnad på fem millionar kroner eller meir skal engasjere revisor og følgje ordinær lovgiving for rekneskap og revisjon sjølv om dei ikkje er forplikta til dette etter ordinær lovgiving. For idrettslag som ikkje har rekneskapsplikt etter ordinær lovgiving, gjeld uansett dette:
    1. Rekneskapen skal vise ei oppstilling over inntekter og kostnader i rekneskapsåret og skal omfatte heile aktiviteten til idrettslaget. Dersom idrettslaget er delt inn i fleire grupper/avdelingar, skal aktiviteten i dei enkelte gruppene/avdelingane også komme fram i rekneskapen.
    2. Alle transaksjonar skal dokumenterast på ein måte som viser kvifor dei er rimelege.
    3. Rekneskapen skal bokførast og spesifiserast så ofte som det er rimeleg ut frå kva slags opplysningar det gjeld, og ut frå kva slags og kor stort idrettslag det gjeld.
    4. Rekneskapen med alle vedlegg, bokførte opplysningar og underdokumentasjon skal oppbevarast på ein trygg måte i minimum fem år etter utgangen av rekneskapsåret.
    5. Bankkonti skal vere knytte til idrettslaget og skal disponerast av minimum to personar i fellesskap. Alle utbetalingstransaksjonar skal vere godkjende av minimum to personar i fellesskap.
  3. Idrettslaget skal ha underslagsforsikring.


§ 12     Budsjett 

  1. På årsmøtet skal det vedtakast eit budsjett som inneheld alle hovudpostar i resultatrekneskapen. Eventuelle midlar som er sette av til arbeidet som kontrollutvalet gjer, skal spesifiserast særskilt.
  2. Budsjettet skal vere realistisk, og resultatet skal ikkje vise underskot med mindre det blir dekt av positiv eigenkapital.
  3. Det vedtekne budsjettet bør komme fram i ein eigen kolonne når årsrekneskapen blir lagd fram.

 

§ 13    Utlån og garanti

Idrettslaget kan ikkje gje lån eller stille garantiar for lån dersom ikkje lånet eller garantien er sikra med trygg pant eller anna fullgod sikring. Sikringa for lån og garantiar skal opplysast i note til årsoppgjeret. 

 

IV. ÅRSMØTE, STYRE, UTVAL M.M. 

 

§ 14     Årsmøtet 

  1. Årsmøtet er det høgaste styringsorganet i idrettslaget, og det blir halde kvart år innan utgangen av mars månad.
  2. Styret kallar inn til årsmøtet med minst éin månads varsel direkte til medlemmene, eventuelt på ein annan forsvarleg måte, medrekna ved kunngjering i pressa, eventuelt på internettsida til idrettslaget. Innkallinga kan vise til at saksdokumenta blir gjorde tilgjengelege på internettsida til idrettslaget eller på ein annen forsvarleg måte. I så fall skal det gå fram at dokumenta vil bli gjorde tilgjengelege seinast éi veke før årsmøtet. Forslag som skal handsamast på årsmøtet, må være sende til styret seinast to veker før årsmøtet. Fullstendig sakliste og andre naudsynte saksdokument med forslag til årsmøtet må vere gjorde tilgjengelege seinast éi veke før årsmøtet.
  3. Ved innkalling i strid med regelen avgjer årsmøtet høvesvis under godkjenning av innkallinga og godkjenning av saklista om årsmøtet er lovleg innkalla, og om det er saker som ikkje kan handsamast. 
  4. Alle medlemmene i idrettslaget har rett til å delta på årsmøtet. Årsmøtet kan avgjere at andre personar og/eller media kan vere til stades, eventuelt at årsmøtet berre er ope for medlemmer og andre med møterett.
  5. Årsmøtet er vedtaksført dersom det møter minst like mange røysteføre medlemmer som det er styremedlemmer som skal veljast av årsmøtet. Dersom årsmøtet ikkje er vedtaksført, kan det bli kalla inn til årsmøte på nytt utan krav til minimumsdeltaking.
  6. På årsmøtet kan det ikkje handsamast forslag om endring i lov eller reglar som ikkje er oppførte på den saklista som er gjord tilgjengeleg eller send ut. Andre saker kan handsamast når 2/3 av dei frammøtte med røysterett vedtek det ved godkjenning av saklista.

 

§ 15     Leiing av årsmøtet

Årsmøtet blir leidd av éin eller fleire valde dirigentar. Korkje dirigent eller protokollførar treng vere medlem. 

 

§ 16     Oppgåvene til årsmøtet 

Årsmøtet skal

  1. godkjenne dei som har røysterett
  2. velje dirigent(ar)
  3. velje protokollførar(ar)
  4. velje to medlemmer til å underskrive protokollen
  5. godkjenne innkallinga
  6. godkjenne saklista
  7. godkjenne forretningsordenen
  8. handsame årsmeldinga frå idrettslaget
  9. handsame rekneskapen til idrettslaget, den økonomiske meldinga frå styret, meldinga frå kontrollutvalet [og meldinga frå revisor] 
  10. handsame forslag og saker    
  11. fastsetje medlemskontingent på minst kr 50, og treningsavgift, eller gje fullmakt til å fastsetje treningsavgifter
  12. vedta budsjettet til idrettslaget
  13. handsame organisasjonsplanen til idrettslaget
  14. gjere følgjande val: 
    1. styre med leiar, nestleiar, 5 styremedlemmer og 2 varamedlemmer
    2. kontrollutval med minst 2 medlemmer og minst 1 varamedlem
    3. representantar til ting og møte i dei organisasjonsledda der idrettslaget har representasjonsrett, eller gje styret fullmakt til å nemne opp representantane
    4. valkomité med leiar, to medlemmer og éin varamedlem
    5. eventuelt andre val i samsvar med organisasjonsplanen til idrettslaget
      Leiarar og nestleiarar skal veljast enkeltvis. Dei andre medlemmene skal veljast samla. Deretter skal varamedlemmene veljast samla. Der det blir valt fleire varamedlemmer, skal det veljast 1. varamedlem, 2. varamedlem osv.
  15.  Engasjere revisor til å revidere rekneskapen til idrettslaget


§ 17      Røysting på årsmøtet

  1. Med mindre noko anna er bestemt i denne lova, skal eit vedtak, for å vere gyldig, vere gjort med vanleg fleirtal av røystene. Ingen representant har meir enn éi røyst, og ingen kan røyste på vegner av andre. Blanke røyster skal reknast som ikkje avlagde. 
  2.  Valet skal vere skriftleg dersom det ligg føre meir enn eitt forslag eller det blir fremja krav om det. Blanke røyster, røyster på kandidatar som ikkje er føreslegne, eller røyster som inneheld fleire kandidatar enn det skal veljast, tel ikkje, og røystene skal reknast som ikkje avlagde. 
  3. Når eit val blir halde enkeltvis og ingen kandidat oppnår meir enn halvparten av røystene, skal det vere omval mellom dei to kandidatane som har fått flest røyster. Er røystetalet likt ved omval, skal valet avgjerast ved loddtrekning. 
  4. Når det ved eit val skal veljast fleire ved éi røysting, må alle ha meir enn halvparten av dei avlagde røystene for å bli rekna som valde. Dette gjeld ikkje ved val av varamedlemmer. Dersom ikkje mange nok kandidatar har oppnådd dette i første omgang, blir dei som har fått meir enn halvparten av røystene, rekna som valde. Det blir så omval mellom dei kandidatane som står att, og etter denne røystinga blir dei som har fått flest røyster, rekna som valde. Er røystetalet likt ved omval, skal valet avgjerast ved loddtrekning. 

 

§ 18     Ekstraordinært årsmøte 

  1. Ekstraordinært årsmøte i idrettslaget blir kalla inn av styret i idrettslaget med ein frist på minst 2 veker etter
    1. vedtak av styret i idrettslaget, 
    2. vedtak av styre eller årsmøte/ting i overordna organisasjonsledd, eller
    3. skriftleg krav frå 1/4 eller 50 av dei røysteføre medlemmene i idrettslaget.
  2. Saklista og andre naudsynte dokument skal leggjast ved innkallinga eller vere gjorde tilgjengelege på forsvarleg måte, og dette skal gå fram av innkallinga. 
  3. Ekstraordinært årsmøte er vedtaksført dersom det møter minst like mange røysteføre medlemmer som det er medlemmer av styret etter denne lova. Dersom det ekstraordinære årsmøtet ikkje er vedtaksført, kan det kallast inn til årsmøte på nytt utan krav til minimumsdeltaking.
  4. Ekstraordinært årsmøte i idrettslaget skal berre handsame dei sakene som er med i vedtaket eller i kravet/krava om innkalling av det ekstraordinære årsmøtet. 
  5. Ved innkalling i strid med regelen avgjer det ekstraordinære årsmøtet høvesvis under godkjenning av innkallinga og godkjenning av saklista om det ekstraordinære årsmøtet er lovleg innkalla, og om det er saker som ikkje kan handsamast.

 

§ 19     Disposisjonar som er vesentlege, omfattande eller utanom det vanlege

Disposisjonar som er vesentlege, omfattande eller utanom det vanlege sett opp mot storleiken på og verksemda i idrettslaget, kan berre vedtakast av årsmøtet.

 

§ 20     Styret i idrettslaget

  1. Idrettslaget blir leidd og forplikta av styret, som representerer idrettslaget utetter. Styret er det høgaste styringsorganet i idrettslaget mellom årsmøta. 
  2. Styret skal blant anna
    1. setje i verk regelverk og vedtak som kjem ifrå årsmøtet og overordna organisasjonsledd
    2. sjå til at midlane til idrettslaget blir brukte og forvalta på ein varsam måte i samsvar med dei vedtaka som er gjorde på årsmøtet eller i overordna organisasjonsledd, og sørgje for at idrettslaget har ei tilfredsstillande organisering av rekneskaps- og budsjettfunksjonen og ei forsvarleg økonomistyring
    3. nemne opp komitear/utval og utarbeide mandat/instruks for desse
    4. nemne opp ein ansvarleg for politiattestordninga og ein ansvarleg for barneidretten
    5. nemne opp representantar til årsmøte/ting i overordna organisasjonsledd dersom årsmøtet ikkje har valt representantar
    6. rapportere organisasjonsdata i samsvar med krav fastsette av Idrettsstyret 
  3. Styret skal halde møte når leiaren bestemmer det eller minst to av styremedlemmene krev det.

 

§ 21       Kontrollutval 

  1. Kontrollutvalet har desse oppgåvene: 
    1. sjå til at verksemda i idrettslaget blir driven i samsvar med regelverket og vedtaka til idrettslaget og overordna organisasjonsledd;
    2. følgje særleg med på at idrettslaget har ei forsvarleg forvaltning og økonomistyring, og at midlane til idrettslaget blir brukte i samsvar med lover, vedtak, løyvingar og økonomiske rammer; 
    3. få lagt fram for seg alle forslag til vedtak som skal handsamast på årsmøtet, og gje ei fråsegn om dei sakene som ligg innanfor arbeidsområdet deira;
    4. føre protokoll over møta sine, levere ei melding til årsmøtet, og revidere rekneskapen, med mindre idrettslaget har engasjert revisor. I så fall skal utvalet minst ha eit årleg møte med revisor, og dersom det trengst, kan utvalet engasjere revisor for å utføre dei revisjonsoppgåvene utvalet finn naudsynte
  2. Kontrollutvalet skal ha tilgang til alle opplysningar, utgreiingar og dokument som utvalet reknar som naudsynte for å utføre oppgåvene sine. 


§ 22      Valkomité

Valkomiteen bli vald på årsmøtet på fritt grunnlag, etter innstilling frå styret, og skal leggje fram innstilling på kandidatar til alle andre tillitsverv som skal veljast på årsmøtet. Ein medlem av ein valkomité som sjølv blir kandidat til eit verv, pliktar å tre ut av valkomiteen med mindre vedkommande skriftleg melder frå til valkomiteen og forslagsstillaren om at vedkommande ikkje er aktuell for vervet.

 

§ 23      Grupper

  1. Årsmøtet i idrettslaget kan vedta å opprette og leggje ned grupper, og korleis desse skal organiserast og leiast. Dette blir vedteke i samband med den årlege handsaminga av organisasjonsplanen til idrettslaget, jf. § 16 pkt. 13.
  2. Dersom årsmøtet i idrettslaget ved handsaminga av organisasjonsplanen har vedteke å opprette grupper med gruppestyre, gjeld følgjande: 
    1. Kvar gruppe skal ha eit gruppestyre på minst tre medlemmer. Gruppestyret blir valt på årsmøtet. Gruppa føreslår kandidatar til gruppestyret til valkomiteen. Eventuelt kan årsmøtet gje hovudstyret fullmakt til å nemne opp gruppestyre etter forslag på kandidatar frå gruppa. 
    2. Gruppa held eit årleg møte før årsmøtet i idrettslaget. Hovudstyret fastset ein siste frist for å halde det årlege møtet. Møtet blir kalla inn av gruppestyret med frist på minst éi veke. Det årlege møtet skal handsame rekneskapen til gruppa, og kan fremje innspel til hovudstyret om blant anna rekneskapen, årsmeldinga, treningsavgifta, budsjettet og årsplanen til idrettslaget.  
    3. Gruppestyret konstituerer seg sjølv, med mindre årsmøtet har vedteke noko anna.
    4. Gruppestyret fastset ei eventuell årleg treningsavgift innanfor ramma av fullmakt som er gjeven av årsmøtet.  
  3. Gruppestyret eller representantar for grupper kan ikkje inngå avtalar eller på annan måte forplikte idrettslaget utan fullmakt frå hovudstyret.


V. ANDRE REGLAR


§ 24     Lovendring

  1. Styret skal oppdatere lova i samsvar med eventuelle endringar i lova/lovnorma til NIF, og gjere endringane kjende for medlemmene i idrettslaget så snart dei er vedtekne av styret. 
  2. Andre lovendringar kan berre vedtakast på ordinært eller ekstraordinært årsmøte i idrettslaget etter å ha vore oppførte på saklista, og krev 2/3 fleirtal av røystene. Endringane trer i kraft straks, med mindre årsmøtet vedtek noko anna. Dersom årsmøtet vedtek lovendringar, blir protokollen send til idrettskrinsen. Ved eventuell motstrid mellom regelverket til idrettslaget og regelverket til NIF går regelverket til NIF føre. Idrettskrinsen kan, som overordna organisasjonsledd, påleggje naudsynt endring for å unngå motstrid med regelverket til NIF. 
  3. Endringar i §§ 24 og 25 kan ikkje vedtakast av idrettslaget sjølv med mindre endringane følgjer av regelverket eller lovnorma til NIF.

 

§ 25     Oppløysing, samanslutning, utmelding og anna opphøyr

  1. Forslag om oppløysing må vedtakast med 2/3 fleirtal på to årsmøte på rad, der det andre årsmøtet må haldast minimum tre månader og maksimum seks månader seinare. Dersom årsmøtet i idrettslaget vedtek oppløysing samrøystes, er idrettslaget oppløyst utan påfølgjande årsmøte. Idrettslaget skal skriftleg varsle idrettskrinsen og særforbundet seinast 14 dagar før årsmøtet i idrettslaget handsamar forslag om oppløysing. 
  2. Samanslutning med andre idrettslag blir ikkje rekna som oppløysing av idrettslaget. Vedtak om samanslutning eller utmelding frå særforbund og/eller NIF skal gjerast i samsvar med vedtektene om lovendring, jf. § 24.
  3. Ved utmelding går idrettslaget sine eigedelar til NIF eller formål godkjende av Idrettsstyret dersom det er ytt offentleg støtte / spelemidlar til desse eigedelane. Ved oppløysing eller anna opphøyr av idrettslaget går overskytande midlar i laget etter avvikling til eit formål godkjent av idrettskrinsen. Underretning om at idrettslaget skal løysast opp, skal sendast til idrettskrinsen 14 dagar før idrettslaget held det ordinære årsmøtet sitt for handsaming av saka. 
Levert av IdrettenOnline