Sikre deg årets julegåve!

Postet av Førde IL - Fotball den 3. Nov 2017


Ny og tøff hettejakke frå Umbro – like bra til både trening og fritid. Du kan kjøpe den hos vår samarbeidspartner Chatlet Sport1.

Jakka kjem i dame-, herre- og barnemodell og vert selt i ein begrensa periode.

Jakka er blåmelert i fukttransporterande materiale, med glidelåslommer på sidene. Poly tech teknologi.

Den finst i følgjande storleikar:

  • Barn: 116-164
  • Dame: 34-44
  • Herre: XS-3XL



Herrane leika seg til 3 poeng mot Fyllingsdalen

Postet av Førde IL - Fotball den 9. Sep 2017

KABOOOM! Førde  Fyllingsdalen: 4 – 2. Fyllingsdalen tok leiinga i første omgang, men trenar Bjørn Totland må ha servert gutta noko spesielt i pausen, for i andre omgang var det berre eitt lag på bana. Førdegutane var suverene og leika seg med lillaskjortene. Vegard Savland sprudla på bana og med hat-trick vart han kåra til banens beste. Øystein Myrkaskog kom også på skåringslista. Les meir frå kampen i Firda.

Laurdag 16.september spelar Førde borte mot Os. Kampstart klokka 15.

I 2.divisjon for damer tapte Førde 1 – 2 mot Sandviken2. Neste kamp blir spelt 16.september mot Arna Bjørnar2.



Klar for Førde Cup Innandørs? Påmeldinga er i gang!

Postet av Førde IL - Fotball den 23. Aug 2017

Vi har opna påmeldinga til Førde Cup innandørs i november frå 10.-12.november! Turneringa vert arrangert for 21.år på rad, og det brukar å vere rift om plassane! Så meld på laget ditt allereie no. Les heile invitasjonen og gå til påmeldinga her






Heftig og nervepirrande finale!

Postet av Førde IL - Fotball den 4. Aug 2017

Det var både jamt og spennande i finalen for G15 under Norway Cup der spelarane frå Førde møtte Hareid. Kampen enda 3 -2 til Hareid, og med det tok førdelaget ein historisk andreplass i eit A-sluttspel. Gutane har sjarmert tv-publikum og pressa med eit iaugefallande trenarteam ikledde dress, slips og bukseselar…

Vi gratulerer gutane med kjempeinnsats!

Så gratulerer vi også jentene på Førde2 som vann B-sluttspelet for J14.


Jentelaget til Førde, med både Førde1 og Førde2



FINALE i Norway Cup for G15-laget!!!

Postet av Førde IL - Fotball den 3. Aug 2017

«VI ER I FINALEN!». Slik ropte, jubla og hoia gutta på G15/17-laget på telefon heim til trenar Bjørn Totland etter at det vart klart at laget er det første førde-laget som kjem til ein A-sluttspelfinale i Norway Cup. Laget består berre av 15-åringar.



Iben Kvamme og Håkon Fjose har vore supertrenarar under heile turneringa.

Finalen mot Hareid vert sendt på fjernsyn i morgon fredag klokka 11.30.

For førdefolk som er ferierande i Oslo er det berre å ta turen til Ekebergsletta og finne bane 7. Dette blir utruleg spennande!

– Vi er så fornøgde med innsatsen, fortalde blant andre Kristian Bell til Totland etter kampen mot Rosendal der laget vann 2 – 0.

Laget har for anledningen hatt med seg to supertrenarar, der Asbjørn Fjose har fått spesielt merksemd for antrekket. Iben Kvamme har vore spelande assistentrenar. Med andre ord ein gjeng som har fiksa det meste sjølv.

Det var ikkje veldig mykje fornuftig som kom ut av telefonpraten med kompisgjengen som melde seg på Norway Cup i 12-time for jubelen og stoltheita går gjennom mobilen og heilt heim.

 

Heia Førde-gutta!



Jenter som har jobba for å nå Norway Cup

Postet av Førde IL - Fotball den 4. Jul 2017

-Både foreldre og jentene har jobba hardt og målretta for å endeleg kunne delta på Norway Cup. Det seier oppmann for Førde J14, Atle Skrede.

Dei 27 jentene på Førde J14 har lagt ned fleire hundre timar på dugnadsarbeid. Saman med foreldre har jentene rive eit stort kontorlokale for ein lokal entreprenør. Pengane dei fekk for jobben skal gå til deltaking på Norway Cup. I tillegg tok laget ein jobb før påske med å vaske ned innflyttingsklare leiligheiter. Alt for å nå målet som vart sett for to år sidan – deltaking på Norway Cup.

-Jentene kunne då velje mellom Dana Cup eller Norway Cup. Det var ikkje tvil – det var Norway Cup – verdas største fotballturnering, dei ville på. Når jentene for første gong reiser på ei turnering utanfor fylket klinkar vi til og reiser heilt til Oslo, ler Atle Skrede som er oppmann for laget.

Spennande med ny motstand

Tidlegare har jentene vore med på Førde cup, Eid cup, Grodås cup, Selje cup og Lerum cup, der dei har hevda seg godt.

-Det blir spennande å møte motstandarar frå heile landet, seier Skrede.

For å sikre at deltakninga på Norway Cup skulle bli så stor som mogeleg og sikre informasjon til foreldra, starta planlegginga tidleg med eit første foreldremøte i starten av desember. Dermed har jentene sikra seg at det er 96 personar som reiser, noko som betyr at heia-gjengen er solid.

(Saka held fram under bilete)

Tilpassa trening

-Denne gjengen er godt samansveisa og trenarar og foreldre. Profilen for laget er at «alle skal vere med». Dermed er det også mange rundt jentene som blir med, både av familie og venner, seier trenar Henrik Myklebust.

På treningane er opplegget differensiert for å treffe nivåa til dei ulike spelarane. Dessutan er det er lov å vere god og det er eit pluss at fotball er kombinert med andre idrettar. Åtte av jentene spelar på kretslaget. Men alle er like velkomne på trening, uansett om dei trenar ein eller fire gongar i veka.

-Jentene har tilbod om fire treningar i veka. Fleire av jentene driv andre idrettar som friidrett, alpint, symjing, handball og langrenn, seier Myklebust, som ønskjer allsidigheita velkommen. Han meiner det har bidrege til mindre fråfall i gruppa.

Lite fråfall frå fotballen

-Med dette som utgangspunkt er det lite fråfall i gruppa, 33 har blitt til 27 i løpet av siste året, der fleire har gått over til andre idrettar, seier Myklebust.

Han seier samhaldet blant foreldra er også godt og mål, visjon, treningshyppigheit er kommunisert tydleg, både på foreldremøte og Facebook.

-Vi har mange ressurspersonar i gruppa som har arrangert kurs med tema som leggmassasje basistrening, taping, akuttmedisinsk førstehjelp og trenar/oppmannsapparatet består av 6 personar, seier Myklebust.

På den siste treninga før sommarferien var jentene klokkeklare på ein ting: Dei gler seg til Norway Cup!



Suksess for Berge & Co Cup

Postet av Førde IL - Fotball den 30. Mai 2017


Spelarar i alderen 6 – 10 år møttest i helga til dyst i Hafstadparken under Berge&Co Cup. Publikum var upåklageleg; foreldre, besteforeldre og nokre små-misunnelege søsken hadde fulle hyre med å heie fram sine frå sidelinja. God stemning heile helga!



For ei dame!

Postet av Førde IL - Fotball den 23. Mai 2017

Marianne Undertun ofrar både liv og lemmar i kamp for FørdeFotballen. 8 operasjonar berre i kneet seier vel sitt. Men ho nektar å gje seg! Les meir i Firda.

Marianne Undertun har vore gjennom åtte operasjonar. Berre i knea. Og reiser 2,5 timer – kvar veg(!). for å spele for Førde.






Solid jobb, trass i tap

Postet av Førde IL - Fotball den 12. Mai 2017


Damelaget må seiast å ha levert ein solid kamp mot serieleiar Kaupanger i onsdagens kamp, trass i at laget tapte 2 – 0 på bortebane. Førdelaget heldt nullen til ut i andre omgang. Neste kamp for A-laget er søndag 21.mai mot Fana i Hafstadparken.

Allereie i kveld spelar 3.divisjon i Hafstadparken mot Stryn. Heia Førde!



Gutta stel eit poeng mot seriefavoritten

Postet av Førde IL - Fotball den 6. Mai 2017


I laurdagens kamp mot Brattvåg var strategien klar: jobbe, jobbe og jobbe. I vanvittig sjeldan varme på stadion kjempa gutta som løver.  På overtid var letta Stadion då alle trudde ballen gjekk i mål – men enda like utanfor. Alt i alt kan vi konstatere at Førdegutane ser ut til å gå gjennom eit hamskifte.

Så skal vi heller tole at Brattvåg-trenaren fortvilar over baneforholda på Stadion. Graset er heilt sikkert grønare i industribygda 😉

Les meir om kampen i Firda-Liven.