Bruframlegget mellom Førdehuset og Hafstadparken vekker harme i Førde IL

Postet av Førde IL den 29. Okt 2017

Utklipp Firda 28.10.2017:

FØRDE: – Vi er harme, seier leiar Tor Starheim i Førde Idrettslag.

AV: Sigurd Løseth, Firda

Han reagerer sterkt på at Statens vegvesen tilrår å legge ei rundkøyring framfor Førdehuset og ta kunstgrasbana til parkeringsplassar i ei løysing for bru over Jølstra frå Hafstad til Angedalsvegen som ligg inne i Førdepakken.

– Førde IL har 1200 medlemmer som spelar fotball. Det er halvparten av medlemsmassen vår. Det er ikkje a-laget som blir råka, men breiddefotballen. Vi har ikkje ein kvadratmeter bane å avstå. Hafstadparke er alt sprengt, fastslår Starheim.

Han meiner forslaget vil vere øydeleggande for dagens tilbod og aktivitet, men knuser også planar for framtida.

Kunstgrasbana sentral

– Vi held på med eit konsept som vi kallar Nye Førde stadion der kunstgrasbana er ei heilt sentral brikke. Dette konseptet som ordførar, rådmann og kommunalsjef i Førde kommune kjenner godt til, og som naturlegvis Håkon Fimland var djupt inn inne i, omfattar ikkje berre fotballen, men også ei totalrenovering av friidrettsarenaen. Vi har venta på at Førdepakken skulle komme med utkastet sitt for bruløysing, men håpa naturlegvis at kunstgrasbana ikkje skulle gå med, seier Starheim.

I årevis har det vore ein debatt om å legge kunstgras på hovudbana, men fleirtalet i idrettslagsstyret har stemt det ned fordi Førde ville miste statusen som nasjonal friidrettsarena. Av omsyn til kastøvingane må det vere grus eller naturgras på anlegget.

– Det er ikkje lenger tilbake enn i 2013 at Førde-fotballen kjempa om opprykk til det som no heiter Obosligaen. Før sommaren det året leia vi heile avdelinga. I dette klimaet vart det igjen tenkt at vi måtte utvide fotballbana til 105 x 68 meter. I denne prosessen kom konseptet Nye Førde stadion på plass. Vi har også teikna inn 60 meter innandørs sprintbane og skyteanlegg under tribuneanlegget. Alt er gjennomtenkt og planlagt med plass til 1800 tilskodarar under tak, fortel Starheim.

Utandørskonsertar

– Anlegget vil også kunne bli brukt til utandørskonsertar og utvide Førdehuset sin status som storstova i byen, legg han til.

Starheim opplever at kommuneleiinga er begeistra for planane til 85 millionar kroner, men etter ein intern diskusjon er arbeidet stoppa opp. Også andre anlegg pressar seg fram i tida. Både handballen, turn, symjegruppa og volleyball har store behov og forventningar.

– Førde Idrettslaget har i lag med Førde industri- og næringssamskipnad likevel tankar om å presentere både idretten og næringslivet sine ønske og visjonar for Førdehuset, seier Starheim som midt opp i alt dette åtvarar kommunen sterkt mot å gløyme utviklingspotensialet utandørs når brutrasé over Jølstra skal fastleggast.

Dekket på kunstgrasbana ved Førdehuset er fullstendig utslite og underlaget knallhardt, og skulle vore skifta ut for lengst. I dag er det grendeserien og barnegruppa som spelar kampane sine på bana, i tillegg til at den vert brukt av skulane.

– Eg skal tilstå at Førde IL gjennom konseptet Nye Førde stadion har ansvaret for at bana ikkje har fått nytt kunstgras. Kommunen budsjetterte midlar i 2014, men dette blei lagt inn i konseptet for ny stadion, seier han.

Viktige synergiar

I staden for å legge desse planane i ruinar, meiner han Førde kommune må stå på for å få fram utviklingspotensialet som ligg i området.

– Hafstadparken har venta på brua for at idretten i endå større grad skal kunne dra nytte av synergiane mellom Førdehuset og Hafstadparken, både under Førde Cup og andre samanhengar. Avstanden er kort, ikkje berre i luftlinje, men også for praktiske funksjonar. Dette er også éin av grunnane til at Førde Idrettslag har lagt så stor innsats i å få bygt Hafstadparken, seier Starheim.

– Hadde ikkje Oddvar Huseklepp, Ove Farsund og Knut Folkestad vore så uthaldande i sitt verk, hadde det sannsynlegvis ikkje komme nokon Hafstad idrettspark. Det skulle gå 10–11 år med korridorpolitikk før det vart etablert ein utbyggingsavtale. På det tidspunktet hadde Førde Idrettslag og vår gode venn, kommunalsjef Håkon Fimland, som stod like mykje på for idrettslaget som for kommunen, samla inn 18 millionar kroner til prosjektet.

– Å fjerne éi av i alt tre kunstgrasbaner i området vil mildt sagt vere lite framtidsretta for senteret i den nye kommunen i Indre Sunnfjord, seier Tor Starheim.

Sjå video av Nye Førde Stadion på firda.no



Info januar 2016

Postet av Førde IL den 4. Jan 2016

INFO JANUAR 2016.pdf


ÅRSMØTE I FØRDE IL – torsdag 31.03.2016

Dato for årsmøtet vert sett til torsdag 31. mars 2016. Frist for innsending av saker er 1. mars. Særidrettsgruppene må avholde sine respektive årsmøter seinast 15. mars. NIF sitt idrettsting i mai 2015 vedtok dei nye årsmøtefristane.

VALKOMITEEN TEK MOT FRAMLEGG/NOMINASJONER

til leiar og styremedlemer i Førde IL hovudlaget. Send forslag innan 1.marstil FIL valkomiteen:

  • Knut Folkestad, leiar folkestad@union.no
  • Nils Olav Kongsvik, medlem
  • Monica Litsheim, medlem
  • Steinar Gram (vara)

ÅRSAVSLUTNING 2015 – frist 01.02.2016

Frist for innlevering av regnskapsdokumentasjon er måndag 1. februar 2016. Resultatrekneskap, saldobalanser, hovudbøker osv. kan sendes på mail til revisorkurt.hyllestad@bdo.no (tlf. ) eller anne.mortensbakke.solheim@bdo.no (tlf. 47800028).

  • Idrettslag/særidrettsgrupper som har færre enn 600 bilag i løpet av et regnskapsår, kan nytte låsbart regneark som regnskapsprogram (NIF har under utarbeiding ein Excel-mal, men denne vert ikkje lansert før medio februar 2016).
  • Alle idrettslag som har flere enn 600 bilag i løpet av et regnskapsår, skal nytte elektronisk regnskapsprogram.
  • Rekneskapet må følgje Norsk Standard Kontoplan.
  • Lenke til NIF sine rekneskaps- og revisjonsbestemmelsar HER.

ÅRSMELDINGAR og BUDSJETT FRÅ GRUPPENE

må vere styret i hende innan 17.mars 2016. Vi sender alle årsmeldingane til trykking

i veke 12-2016. Hugs og referat frå årsmøter og oversikt over ny styresamsetjing med epost og adresser/mobil. Særidrettsgruppene sine årsmeldingar vert trykt som vedlegg til hovedlaget si årsmelding. Dersom særgruppa vil framheve ting spesielt og evt. sende med bilder, må dei gjere dette på eiga sak (frist 1. mars).

IDRETTSREGISTRERINGA 2015

Frist for idrettsregistreringa 2015 er flytta frå januar til 30. april fom. 2016. NIF opplyser at vi vil få ein e-post påminning om dette. Særidrettsgruppene/medlemmane pliktar å registrere/betale sitt medlemsskap via KlubbAdmin (registrering) / Min Idrett (betaling). Det er kun betalande medlemmer som kan rapporterast. I 2015 hadde Førde IL 1700 betalande medlemmar via vårt medlemsregister i KlubbAdmin (av cirka 2000 unike medlemmer til einkvar tid). Registreringa er grunnlag for tildeling av midlar til Førde IL, og seinare gjeld det som grunnlag for tildeling av blant anna LAM-midlar (aktivitetsmidlar) til gruppene.

FINN FRIIS HAFSTAD MINNEFOND

sitt stipend går jf. statuttane til utøvarar innan ski, fotball eller friidrett og vert kunngjort på årsmøtet 31. mars og delast ut i forbindelse med 17. mai markeringa i Førde . Ein har berre høve til å vinne dette minnestipendet ein gong, så tidlegare vinnerar kan ikkje renominerast jf. minnestatuttane. Send begrunna framlegg til leiar Sveinung Nordtveiti minnefondet innan 1. mars. E-post sveinung@narleik.no.

TOPPIDRETTSSTIPENDET 2015

Styret i Førde IL vil kunngjere vinnar (-ar) av Førde IL sitt toppidrettstipend 2015 på årsmøtet 31. mars. I 2015 er det heile 9 av våre klubbmedlemmer som har fått gleda av å representere Norge i internasjonale tevlingar og meisterskap, og det er forventa at kampen står mellom dei som har konkurrerert med «flagget på brystet». Særidrettsgruppene har tidlegare år blitt oppmoda om å nominere kandidater til toppidrettstipenda, men vi ser det ikkje føremålstenleg å gjenta denne oppmodinga i år.

NY FELLES NETTSIDE: www.fordeidrettslag.no

Førde IL har nyleg inngått avtale med IdrettenOnline (Bloc AS) om ny nettside for Førde Idrettslag. Systemet har eit relativt lågt brukargrensesnitt, er bra integrert med sosiale media som Facebook, Twitter og Instagram, og er gratis for særidrettsgruppene å ta i bruk. Nettsidene er i utgangspunktet reklamefrie, slik at særidrettsgruppene kan legge til eigne sponsorar. Underteikna er i gang med utrulling, og det vil bli tilbod om meir nettkursing etter kvart.


Førde, 4.januar 2016

Tor Starheim

Leiar Førde IL

Tlf. 91876772

tor.starheim@gmail.com



Rulleskiprosjektet får 1 mill frå Gjensidigestiftelsen!

Postet av Førde IL den 10. Des 2015



Bilde: Thomas Haugsbø (t.v.), Kjetil Bjørset og Børge Klakegg frå styret i Langeland Skisenter var ikkje vonde å be då Oddgeir Lunde frå Gjensidige Stiftelsen ville ha dei med på ein sjølvi tatt med «selfie stick». (Foto: Eline Kirkebø, Firda)

Langeland skisenter reknar med å byrje å bygge anlegget til våren.

Kjelde: Firda.no 10.12.2015

– No fell brikkene på plass, seier ein glad og letta styreleiar i Langeland skisenter, Kjetil Bjørset, etter at dei fekk 1.000.000 kroner i støtte frå Gjensidige Stiftelsen til «rullebana» på Langeland.

I tre år har dei arbeidd med tanken, og med dette solide økonomiske bidraget reknar dei med å starte arbeidet med den asfalterte løypa allereie til våren. Sommaren 2017 håpar dei kunne ta i bruk løypa, og at Langeland skisenter med det då er blitt eit heilårsanlegg.

Over all forventing

Børge Klakegg var den frå styret som fysisk søkte om støtta, men han hadde ikkje drøymt om at dei ville få ein heil million.

– Så mykje hadde eg ikkje tort å håpe på ein gong. No er eg berre utruleg glad og letta. Dette var det siste dyttet vi trengde for å få alt på plass, seier Klakegg.

Anlegg for fleire

– Tenk å komme seg så langt ut i naturen i rullestol, og kunne sjå Storehesten frå løypa, seier Klakegg

Med millionen anlegget no har fått i støtte, reknar dei også med å kunne realisere planane om ein «myldreplass»: Eit asfaltert område der til dømes nybyrjarar på rulleski eller menneske med funksjonshemmingar kan boltre seg på hjul under trygge tilhøve.

Dette har vege tungt hos Gjensidige Stiftelsen som i år deler ut 5,7 millionar til 32 prosjekt i fylket.

– I tillegg til tryggleiken for rulleskigåarane, kan dette støtte opp om fysisk aktivitet for fleire aldersgrupper og for både funksjonsfriske og funksjonshemma utøvarar, seier tillitsvalt i stiftinga, Oddgeir Lunde, om grunnen til at Langeland stakk av med ein såpass stor del av potten.

– Det er heilt avgjerande for oss å få eit slikt bidrag, og at vi slepp å gå til fleire titals næringslivsaktørar for å prøve å få noko tilsvarande, fastslår Bjørset.


PLANEN

  • 3,3 kilometer asfaltert løype i tilknyting til dagens løypenett på Langeland.
  • Kostnaden er rekna til om lag 8 millionar kroner.

Den største motivasjonen for å få på plass ei asfaltert løype har vore å auke tryggleiken for dei som står på rulleski, ved å gje dei eit alternativ til bilvegen. I tillegg er meininga at løypa også skal kunne nyttast av syklande, og også av rullestolbrukarar.

Les også: Får 2,2 millionar til rulleskibane



NIF: Enklere idrettslag 2016

Postet av Førde IL den 4. Des 2015

Enklere_idrettslag.jpg


Viktig informasjon fra Norges idrettsforbund til alle idrettslag
På Idrettstinget i juni 2015 ble det fattet vedtak som får betydning for alle idrettslag i NIF. Det er blant annet besluttet at flere rapporterings- og søknadsfrister for idrettslagene skal samles, slik at idrettslagene har færre frister å forholde seg til. Dette vil gjøre driften av idrettslagene enklere, og vil innebære at det i 2016 blir noen nye frister.

For å hjelpe idrettslagene har NIF etablert følgende nettside der all ny informasjon er samlet:

Enklere idrettslag på 1-2-3:
https://www.idrettsforbundet.no/klubbguiden/enklere_idrettslag_2016/

Nedenfor har vi oppsummert de tre viktigste punktene:

1: Årsmøtet må avholdes innen 31. mars

NIF jobber for å forenkle driften av idrettslag, og et viktig element er å samkjøre flere søknadsfrister og effektivisere rapporteringsprosessen. Dette medfører et behov for å fastsette en siste frist for når idrettslagene må ha avholdt sine årsmøter. Denne fristen er satt til 31. mars. NIF har utarbeidet informasjon til idrettslagene for gjennomføring av årsmøter, samt maler for innkalling, protokoll m.m. Se nettsiden.

MERK: Idrettslaget må vedta en ny lov på sitt årsmøte i 2016:
Som følge av flere endringer i NIFs lov, er lovnormen for idrettslag endret. Alle idrettslag må vedta den nye lovnormen som sin egen lov på neste årsmøte. Det er i tillegg vedtatt nye regnskaps- og revisjonsbestemmelser for små organisasjonsledd. Disse trer i kraft fra 1. januar 2016.

2: Rapportering av medlemsopplysninger innen 30. april

Fristen for idrettsregistreringen flyttes fra 31. januar til 30. april. NIF vil synkronisere opplysningene fra idrettslaget med Brønnøysundregistrene, slik at idrettslagene ikke behøver å melde inn nytt styre til Brønnøysundregistrene. Fra 2016 vil idrettslag som har en brutto omsetning under kr 5 millioner kunne søke om momskompensasjon samtidig med idrettsregistreringen. Denne ordningen er planlagt utvidet til å gjelde for alle idrettslag fra og med 2017.

3: Elektronisk medlemsregister innen 31. desember 2016

Idrettslag er pålagt å føre en elektronisk medlemsliste i et datasystem godkjent av NIF. NIF har utviklet en gratis elektronisk løsning for medlemsadministrasjon («KlubbAdmin»), som gir en automatisk og forenklet rapportering av medlemsopplysninger. Alle idrettslag må ha registrert sine medlemmer i KlubbAdmin eller et annet godkjent system innen 31. desember 2016.

Mvh NIF Informasjon



Strøm & Hermansen skal trene A-damelaget

Postet av Førde IL den 11. Nov 2015

John Erik Strøm og Bente Hermansen har takka ja til å trene A-damelaget som spelar i 3. divisjon i 2016. Hovudtrenar Strøm kjem frå trenarjobben for Førde 3 i 5. divisjon, men har elles lang fartstid både som spelar og trenar for Kvik Halden. Ass.trenar Bente Hermansen debuterar som trenar, men har solid spelarbakrunn frå norske og utanlandske toppklubbar. Vi ynskjer den nye duoen lukke til!

2015.11.11 Firda om John Erik Strøm og Bente Hermansen som overtek A-damelaget i FIL Fotball.jpg