Rulleskiprosjektet får 1 mill frå Gjensidigestiftelsen!

Postet av Førde IL den 10. Des 2015



Bilde: Thomas Haugsbø (t.v.), Kjetil Bjørset og Børge Klakegg frå styret i Langeland Skisenter var ikkje vonde å be då Oddgeir Lunde frå Gjensidige Stiftelsen ville ha dei med på ein sjølvi tatt med «selfie stick». (Foto: Eline Kirkebø, Firda)

Langeland skisenter reknar med å byrje å bygge anlegget til våren.

Kjelde: Firda.no 10.12.2015

– No fell brikkene på plass, seier ein glad og letta styreleiar i Langeland skisenter, Kjetil Bjørset, etter at dei fekk 1.000.000 kroner i støtte frå Gjensidige Stiftelsen til «rullebana» på Langeland.

I tre år har dei arbeidd med tanken, og med dette solide økonomiske bidraget reknar dei med å starte arbeidet med den asfalterte løypa allereie til våren. Sommaren 2017 håpar dei kunne ta i bruk løypa, og at Langeland skisenter med det då er blitt eit heilårsanlegg.

Over all forventing

Børge Klakegg var den frå styret som fysisk søkte om støtta, men han hadde ikkje drøymt om at dei ville få ein heil million.

– Så mykje hadde eg ikkje tort å håpe på ein gong. No er eg berre utruleg glad og letta. Dette var det siste dyttet vi trengde for å få alt på plass, seier Klakegg.

Anlegg for fleire

– Tenk å komme seg så langt ut i naturen i rullestol, og kunne sjå Storehesten frå løypa, seier Klakegg

Med millionen anlegget no har fått i støtte, reknar dei også med å kunne realisere planane om ein «myldreplass»: Eit asfaltert område der til dømes nybyrjarar på rulleski eller menneske med funksjonshemmingar kan boltre seg på hjul under trygge tilhøve.

Dette har vege tungt hos Gjensidige Stiftelsen som i år deler ut 5,7 millionar til 32 prosjekt i fylket.

– I tillegg til tryggleiken for rulleskigåarane, kan dette støtte opp om fysisk aktivitet for fleire aldersgrupper og for både funksjonsfriske og funksjonshemma utøvarar, seier tillitsvalt i stiftinga, Oddgeir Lunde, om grunnen til at Langeland stakk av med ein såpass stor del av potten.

– Det er heilt avgjerande for oss å få eit slikt bidrag, og at vi slepp å gå til fleire titals næringslivsaktørar for å prøve å få noko tilsvarande, fastslår Bjørset.


PLANEN

  • 3,3 kilometer asfaltert løype i tilknyting til dagens løypenett på Langeland.
  • Kostnaden er rekna til om lag 8 millionar kroner.

Den største motivasjonen for å få på plass ei asfaltert løype har vore å auke tryggleiken for dei som står på rulleski, ved å gje dei eit alternativ til bilvegen. I tillegg er meininga at løypa også skal kunne nyttast av syklande, og også av rullestolbrukarar.

Les også: Får 2,2 millionar til rulleskibane


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.