Førde IL Sommaridrettskule 2022
Mandag 20. juni 2022 09:00 - lørdag 2. juli 2022 15:00 213 kommer

Førde IL Sommaridrettskule 2022

Påmelding
kr 1 206,00 – kr 2 333,00
inkl. avgifter · 3 billettyper
Mandag 20. juni 2022 09:00 - lørdag 2. juli 2022 15:00
Hafstadparken, Hafstadreina 24
6813 FØRDE
213 kommer

Program

20.06. 09:00 · Start
02.07. 15:00 · Slutt

Sted

Kart over Hafstadparken, Hafstadreina 24 FØRDE
Hafstadparken, Hafstadreina 24
6813 FØRDE
Åpne i kart

Pris

Påmelding fra kr 1 206,00 til kr 2 333,00 inkl. avgifter

Navn Pris
Påmelding veke 25 kr 1 206,00 inkl. avgifter
Påmelding veke 26 kr 1 206,00 inkl. avgifter
Påmelding begge vekene 25+26 kr 2 333,00 inkl. avgifter

Beskrivelse

Førde IL arrangerer sommaridrettskule dei 2 første vekene etter skuleslutt mellom måndag 20. juni og fredag 1. juli 2022 (veke 25 og 26). 

Tilbodet passar for alle barn frå 1. klasse t.o.m. 5. klasse. For å ha ei større kvalitetssikring på aktivitetane og gruppene, har vi sett eit øvre tak på 250 barn per veke. Påmelding etter «førstemann til mølla» prinsippet. 

Sommaridrettskulen føregår på dagtid, måndag til fredag klokka 09:00 – 15:00. 

Aktivitetstilbodet er breitt og varierer litt frå år til år. Planen i år er mellom anna friidrett, orientering, fjelltur, ballspel, bowling, natursti og turn, men tek høgde for moglege endringar i aktivitetane. 

Vi organiserer gruppene etter alder, skule og klasse. Det vil vere inntil 25 born og 2 til 3 instruktørar i kvar gruppe. I tillegg har vi med oss spesialinstruktørar innan enkelte aktivitetar.

Obs! Barn som normalt har behov for assistent på skulen, må ha med seg assistent også her. 

PRISAR: Kr. 1164 for 1 veke, kr. 2264 for 2 veker (+ gebyr til påmeldingsløysinga). 

Påmeldingsfrist er onsdag 31. mai 2022.

Viss påmelde ikkje er medlem av Førde IL må medlemskontingent på kroner 150,- betalast i tillegg. Kontingenten inkluderer barneidrettsforsikring på våre arrangement. I følge NIF-regelverk må medlemskontingent fakturerast separat.

Påmeldinga er bindande. Vi bemannar arrangementet fortløpande i samsvar med påmeldingane, så tilfelle med "uføresett sjukdom" eller "angrefrist" kan ikkje Førde IL ta økonomisk risiko for. Vert arrangementet avlyst på grunn av Covid-19 får de sjølvsagt pengane att.

Spørsmål kan rettast til hovudinstruktør Håvard M. Taule, på telefon 991 29 158 eller på e-post sommaridrett@fordeidrettslag.no



Kommentarer

Du må logge inn for å poste i veggen.