Trygg på trening

Postet av Førde IL - Handball den 19. Feb 2026

Vet du hva du skal gjøre dersom du har mistanke om at et barn kan være utsatt for vold og seksuelle overgrep? Vet du hva du skal gjøre dersom et barn åpner seg for deg og søker hjelp? Hva kan dere som klubb gjøre for å sikre at barn er trygge på trening?

Innen kort tid vil alle trenere og oppmenn inviteres til kurs i regi av håndballgruppen. Nettsiden er nå oppdatert med egen fane for "Trygg på trening" . Her ligger det link og qr kode direkte til varslingsskjema.


Du kan varsle anonymt ved å la namn og kontaktinfo stå tom.
Du kan òg laste opp vedlegg dersom det er nyttig for saka.

Kven kan du kontakte?
– Din trenar
– Lagleiar
– Klubbansvarleg for tryggleik: Linn Marie Solheim‑Sunde

Korleis melder du frå?
– Telefon: 971 71 697
– E‑post: forde@rvn.handball.no
– Digitalt skjema via QR‑kode eller lenka på nettsida

Kva skjer etter varsling?
– Meldinga blir behandla konfidensielt
– Klubbansvarleg vurderer og følgjer opp saka
– Alvorlege saker kan bli meld til barnevern, politi eller helsesjukepleiar
– Du får tilbakemelding dersom du har oppgitt kontaktinfo

Rutinen ligg på klubbens nettside og Facebook-side.
Ved akutt fare: ring 112 eller 113.

 




Årsmøte

Postet av Førde IL - Handball den 16. Feb 2026





Førde United med flotte opplevingar på Bergsøy si første Hjerteliga-samling

Postet av Førde IL - Handball den 16. Feb 2026

 Førde United på tur til Fosnavåg! 

Laurdag reiste Førde United til Fosnavåg der Bergsøy IL for aller første gong var vertskap for ei samling i Hjerteligaen sør for Sunnmøre. Det blei ein fantastisk dag full av spelglede, inkludering og gode opplevingar – akkurat slik Hjerteligaen skal vere! ❤️🤾‍♂️

Både nordfjordingar og sunnfjordingar tok turen, og vi fekk spela spanande og kjekke kampar mot både Stryn og Skavøypoll. Det var flott innsats, mykje smil og mange fine idrettsøyeblikk gjennom heile dagen.

Ein stor takk til Bergsøy IL for eit strålande arrangement og varme rammer rundt samlinga 🙌 Takk for oss – vi kjem svært gjerne tilbake!

No gler vi oss til neste samling:
📍 Førdehuset
📅 Siste helga i april

Vel møtt – dette vil du ikkje gå glipp av!





Sparebanken Norge Førde Cup 2026

Postet av Førde IL - Handball den 13. Feb 2026

                            Førde Cup 2026


Velkomen til ei ny kjekk handballhelg i Førde!
Førde IL Håndball inviterer alle handballglade lag frå 10 år til Senior, til Sparebanken Norge Førde Cup 28.–30. august 2026.
 Vi gler oss til å fylle hallane i Førde med spelarglede, god stemning og ekte handballengasjement. Turneringa passar for lag i alle aldrar, og vi lovar ei sosial, inkluderande og fartsfylt helg – perfekt for å sparke i gang den nye sesongen!

Påmelding

Påmeldinga opnar 15. februar 2026 i Profixio. Vi anbefalar tidleg påmelding – for dette vil du ikkje gå glipp av! https://www.profixio.com/app/sparebank-norge-fordehandballcup-2026

Kvifor delta?

  • Perfekt sesongoppstart – få kamptrening og samspel på plass før seriespelet.
  • Trygt og godt arrangert – ryddige kampoppsett, fokus på dommarutvikling og trivelege frivillige.
  • Perfekt for lagbygging – ei sosial helg med felles opplevingar for spelarar, trenarar og foreldre.
  • Kjekke aktivitetar utanom kampane – sentrum, bading i Sunnfjord, fjellturar eller shopping.
  • God tilrettelegging for alle nivå – like kjekt for breidde- og satsingslag.
  • Gåavstand mellom hallane – lettvint for både lag og foreldre som vil sjå mykje handball.

Vi gler oss til å ønskje dykk velkommen til Førde og årets startskot på handballsesongen.
 Vel møtt til Sparebanken Norge Førde Cup 2026!

Et bilde som inneholder tekst, grafisk design, skjermbilde, GrafikkKI-generert innhold kan være feil. 

 




Visjon og verdiar

Postet av Førde IL - Handball den 12. Feb 2026