Tap mot eit betre lag

Postet av Førde IL - Handball den 16. Des 2023

D2: Førde-Åsane 24-33 (10-18): Annette Kaalstad (biletet) vart kåra til vår beste spelar i kampen mot Åsane, men ho og resten av laget kom til kort mot eit godt bortelag. Åsane var på andreplass på tabellen med 16 poeng før dette oppgjeret.

Kampen var i realiteteten tapt ved pause, då det stod 10-18 på måltavla. Det starta ikkje så ille, vi tok leiinga 2-0, og det stod 6-6 etter vel ti minutt. Men då kom ein periode der vi gjorde mange feil, skota sat ikkje, dermed fekk Åsane mange lette mål på kontringar.

I første delen av andre omgang auka Åsane leiinga til 11 mål, men derifrå og inn gjekk det betre for våre jenter. Åsane let sine nestbeste få spele ein god del, og vi knappa innpå. Til slutt vart det nimålstap.

Trenar Øyvind Indrebø konstaterte at vi tapte mot eit bedre lag.

- Vi gjorde for mange feil, særleg i første omgang. Åsane var gode i forsvar, og dei kunne ofte kontre på oss. Vi kom oss i andre omgang, men alt i eitt var det ein fortent siger til Åsane.

På plussida noterer vi at Oda Vindheim er i gang att etter å ha vore ute i fleire veker på grunn av sjukdom.

Tapet gjorde at vi fall ned på femteplass, etter som Rygge slo Reistad og kom opp på 15 poeng. Vi ståt med 14 poeng.

Måla til Førde: Estelle Ahlquist Lundh 8, Vilje Sande-Neset 4, Amalie Haugsbø Ness 2, Annette Kaalstad 2, Marie Erichsen Myklebust 2, Alexandra Afloarei 2, Kinga Lemiech 2, Oda Vindheim 1, Tuva Tefere Kalstad 1. 

Tekst: Kjell Arvid Stølen. Foto: Sissel Bruland Gurvin.




Vktig steg mot opprykk

Postet av Førde IL - Handball den 13. Des 2023

H4: Førde-Dale 35-25 (14-10): Unggutane frå Dale opna friskt, og heimelaget måtte sjå at det stod 1-5 på måltavla etter ni minutts spel. Angrepsspelet til Førde gjekk for sakte fart i starten, og avslutningane sat ikkje. Men så tok dei grep. Eit offensivt forsvar med Lars Engen Skadal som spydspiss gjorde at Dale-spelarane gjorde mange feil. Etter 18 minutt var vi a jour på 8-8. Til pause stod det 14-10 til Førde.

Dale hengde bra med dei første 20 minutta av andre omgangen og var berre tre mål bak på 26-23. Men derifrå og inn var det rått parti. Til slutt stod det 35-25 og heimelaget kunne juble for viktige poeng. Vi har 16 poeng på 8 kampar, med andre ord full pott. No er avstanden ned til Dale på seks poeng (Dale har ein kamp mindre spelt). Det betyr at om laget ikkje snublar i returkampane mot dei laga dei har slått med god margin, så vil det ikkje hjelpe Dale om dei vinn mot Førde i Fjalerhallen. Det meste tyder på at Førde går mot sitt andre opprykk på to år.

Måla til Førde: Daniel Kvidahl 11 (1 på straffe), Lars Engen Skadal 8 (1 på straffe), Jakub Rycerz 6, Thomas Niiranen Hamre 4, Kristian Henden 3, Øyvind Fougli Vraalsen 2, Ole Kristian Gjerstad 1.

Sivert Igelkjøn Åsnes var toppscorar for Dale med 7 mål.





Så kom første bortetapet

Postet av Førde IL - Handball den 10. Des 2023

D2: Bjørnar-Førde 24-20 (14-12): Det er første gongen Amalie Haugsbø Ness (biletet) er vår toppscorar i ein 2. divisjonskamp. Men det betyr sikkert ikkje så mykje, etter som det vart tap mot Bjørnar søndag. Dette er det første tapet på bortebane denne sesongen. Trenar Øyvind Indrebø sa etter sigeren over topplaget Gneist laurdag at det gjeld å nullstille seg til kvar kamp.

Førde-damene kom bra i gang mot Bjørnar og hadde ei tomålsleiing etter 14 minutt. Men då kom heimelaget sterkare, det var jamnt heilt til Bjørnar prikka inn to mål rett før pause og kunne starte andre omgang med 14-12.

Det var jamnt første delen av andre omgang også, men etter at Amalie hadde gitt oss 19-17 var det måltørke i meir enn 12 minutt for Førde.  Bjørnar sette inn fem mål denne perioden, slik at det stod 24-17 på måltavla med vel seks minutt igjen. Vi greidde å pynte litt på resultatet med tre mål mot slutten, slik at det til slutt vart 24-20, men poenga var ikkje innan rekkevidde.

Trenar Øyvind Indrebø kommenterer kampen slik:

- Det er krevjande med to tøffe kampar på ei helg. Prestasjonane i dag bar nok preg av at vi hadde ein fysisk krevjande kamp i går. Og når det buttar litt i mot i dag, har vi ikkje krefter fysisk og mentalt til å stå godt nok samla som lag.

Spelemessig møtte vi eit Bjørnar som spelte offensivt forsvar i 1. omgang, der vi av ein eller annan grunn ikkje får betalt for godt duellspel utanfor nimeteren, noko som burde resultert i meir bestrafning.

I 2. omgang spelar Bjørnar nedgruppert forsvar, men då klarar vi ikkje å få til det kollektive angrepsspelet som vi veit vi har inne. Summa summarum vinn eit godt Bjørnar-lag fortent. Vi reiser heim med to poeng etter ei tøff bortehelg, som kunne enda med alt frå 0 til 4 poeng. Erfaringa vår er at vi kan slå alle, men er ikkje vi skjerpa, kan vi tape mot alle.

Vi ligg framleis på fjerdeplass på tabellen med 14 poeng. Komande helg kjem Åsane til Førdehuset, eit godt lag som er på andreplass med 16 poeng.

Måla til Førde: Amalie Haugsbø Ness 4, Kinga Lemiech 3, Estelle Ahlquist Lundh 3 (2 på straffe), Annette Kaalstad 2, Tuva Tefre Kalstad 2, Vilje Sande-Neset 2, Alexandra Afloarei 2, Berenice Olga Halvorsen 1, Marie Myklebust 1.





Bortebragd mot Gneist

Postet av Førde IL - Handball den 10. Des 2023

D2: Gneist-Førde 32-33 (15-20): Gneist stod med ti strake topoengarar før Førde kom på besøk i Haukelandshallen laurdag. Men eit hardtkjempande og sterkt bortelag øydela den statistikken. 

Etter ein start der Gneist oppskriftsmessig tok leiinga, mellom anna etter tre mål frå eks Førde-spelar Emma Gloppestad, viste jentene våre kva som bur i dei. I ein fireminutts periode frå åtte spelte minutt sette Førde inn seks mål utan at Gneist reduserte, vi gjekk frå 5-5 til 5-11 på måltavla.

På det meste leia Førde med åtte mål. Gneist knappa litt innpå mot slutten av omgangen, slik at det stod 15-20 ved pause.

Etter pause var det eit skjerpa heimelag som etter kvart sytte for at det vart ein jamn kamp. Halvveges i omgangen stod det 25-25, og Gneist hadde leiinga ein gong, 28-27. Men våre jenter gav ikkje opp. Med eitt og eit halvt minutt igjen sette Estelle inn 31-32, før Gneist utlikna med eitt minutt igjen. Men evigunge Alex vart matchvinnar då ho kjempa inn 32-33 med eit halvt minutt igjen. Vi reid av det siste angrepet til Gneist, og dermed var det full jubel.

Trenar Øyvind Indrebø seier at dette var imponerande av laget.

- I møte med serieleiar og ubeseira Gneist, var vi sjølvsagt audmjuke, spente og skjerpa før kamp . Det vi presterer i første omgang er nok det beste vi har gjort så langt i sesongen. Kanskje, naturleg nok, jamnar det seg ut i andre omgang. Men vi i trenarteamet er særdeles fornøgde med den roa og lagmoralen vi har i avgjerande fasar, når kampen skal avgjerast. Ufatteleg kjekt med to poeng, men vi har likevel klare forbetringspunkt.

I ei avdeling der alle slår alle, gjeld det å nullstille seg til kvar kamp. Det gjeld også for oss i kamp mot Bjørnar søndag.

Den kampen går i Bjørnarhallen klokka 14, for dei som er i området og vil sjå jentene våre.

Måla til Førde: Estelle Ahlquist Lundh 8 (6 på straffe), Vilje Sande-Neset 5, Annette Kaalstad 4, Alexandra Afloarei 4, Kinga Lemiech 4, Amalie Haugsbø Ness 3, Marie Myklebust 3, Berenice Olga Halvorsen 1, Tuva Tefre Kalstad 1.