Tap mot eit betre lag

Postet av Førde IL - Handball den 16. Des 2023

D2: Førde-Åsane 24-33 (10-18): Annette Kaalstad (biletet) vart kåra til vår beste spelar i kampen mot Åsane, men ho og resten av laget kom til kort mot eit godt bortelag. Åsane var på andreplass på tabellen med 16 poeng før dette oppgjeret.

Kampen var i realiteteten tapt ved pause, då det stod 10-18 på måltavla. Det starta ikkje så ille, vi tok leiinga 2-0, og det stod 6-6 etter vel ti minutt. Men då kom ein periode der vi gjorde mange feil, skota sat ikkje, dermed fekk Åsane mange lette mål på kontringar.

I første delen av andre omgang auka Åsane leiinga til 11 mål, men derifrå og inn gjekk det betre for våre jenter. Åsane let sine nestbeste få spele ein god del, og vi knappa innpå. Til slutt vart det nimålstap.

Trenar Øyvind Indrebø konstaterte at vi tapte mot eit bedre lag.

- Vi gjorde for mange feil, særleg i første omgang. Åsane var gode i forsvar, og dei kunne ofte kontre på oss. Vi kom oss i andre omgang, men alt i eitt var det ein fortent siger til Åsane.

På plussida noterer vi at Oda Vindheim er i gang att etter å ha vore ute i fleire veker på grunn av sjukdom.

Tapet gjorde at vi fall ned på femteplass, etter som Rygge slo Reistad og kom opp på 15 poeng. Vi ståt med 14 poeng.

Måla til Førde: Estelle Ahlquist Lundh 8, Vilje Sande-Neset 4, Amalie Haugsbø Ness 2, Annette Kaalstad 2, Marie Erichsen Myklebust 2, Alexandra Afloarei 2, Kinga Lemiech 2, Oda Vindheim 1, Tuva Tefere Kalstad 1. 

Tekst: Kjell Arvid Stølen. Foto: Sissel Bruland Gurvin.




Vktig steg mot opprykk

Postet av Førde IL - Handball den 13. Des 2023

H4: Førde-Dale 35-25 (14-10): Unggutane frå Dale opna friskt, og heimelaget måtte sjå at det stod 1-5 på måltavla etter ni minutts spel. Angrepsspelet til Førde gjekk for sakte fart i starten, og avslutningane sat ikkje. Men så tok dei grep. Eit offensivt forsvar med Lars Engen Skadal som spydspiss gjorde at Dale-spelarane gjorde mange feil. Etter 18 minutt var vi a jour på 8-8. Til pause stod det 14-10 til Førde.

Dale hengde bra med dei første 20 minutta av andre omgangen og var berre tre mål bak på 26-23. Men derifrå og inn var det rått parti. Til slutt stod det 35-25 og heimelaget kunne juble for viktige poeng. Vi har 16 poeng på 8 kampar, med andre ord full pott. No er avstanden ned til Dale på seks poeng (Dale har ein kamp mindre spelt). Det betyr at om laget ikkje snublar i returkampane mot dei laga dei har slått med god margin, så vil det ikkje hjelpe Dale om dei vinn mot Førde i Fjalerhallen. Det meste tyder på at Førde går mot sitt andre opprykk på to år.

Måla til Førde: Daniel Kvidahl 11 (1 på straffe), Lars Engen Skadal 8 (1 på straffe), Jakub Rycerz 6, Thomas Niiranen Hamre 4, Kristian Henden 3, Øyvind Fougli Vraalsen 2, Ole Kristian Gjerstad 1.

Sivert Igelkjøn Åsnes var toppscorar for Dale med 7 mål.





Så kom første bortetapet

Postet av Førde IL - Handball den 10. Des 2023

D2: Bjørnar-Førde 24-20 (14-12): Det er første gongen Amalie Haugsbø Ness (biletet) er vår toppscorar i ein 2. divisjonskamp. Men det betyr sikkert ikkje så mykje, etter som det vart tap mot Bjørnar søndag. Dette er det første tapet på bortebane denne sesongen. Trenar Øyvind Indrebø sa etter sigeren over topplaget Gneist laurdag at det gjeld å nullstille seg til kvar kamp.

Førde-damene kom bra i gang mot Bjørnar og hadde ei tomålsleiing etter 14 minutt. Men då kom heimelaget sterkare, det var jamnt heilt til Bjørnar prikka inn to mål rett før pause og kunne starte andre omgang med 14-12.

Det var jamnt første delen av andre omgang også, men etter at Amalie hadde gitt oss 19-17 var det måltørke i meir enn 12 minutt for Førde.  Bjørnar sette inn fem mål denne perioden, slik at det stod 24-17 på måltavla med vel seks minutt igjen. Vi greidde å pynte litt på resultatet med tre mål mot slutten, slik at det til slutt vart 24-20, men poenga var ikkje innan rekkevidde.

Trenar Øyvind Indrebø kommenterer kampen slik:

- Det er krevjande med to tøffe kampar på ei helg. Prestasjonane i dag bar nok preg av at vi hadde ein fysisk krevjande kamp i går. Og når det buttar litt i mot i dag, har vi ikkje krefter fysisk og mentalt til å stå godt nok samla som lag.

Spelemessig møtte vi eit Bjørnar som spelte offensivt forsvar i 1. omgang, der vi av ein eller annan grunn ikkje får betalt for godt duellspel utanfor nimeteren, noko som burde resultert i meir bestrafning.

I 2. omgang spelar Bjørnar nedgruppert forsvar, men då klarar vi ikkje å få til det kollektive angrepsspelet som vi veit vi har inne. Summa summarum vinn eit godt Bjørnar-lag fortent. Vi reiser heim med to poeng etter ei tøff bortehelg, som kunne enda med alt frå 0 til 4 poeng. Erfaringa vår er at vi kan slå alle, men er ikkje vi skjerpa, kan vi tape mot alle.

Vi ligg framleis på fjerdeplass på tabellen med 14 poeng. Komande helg kjem Åsane til Førdehuset, eit godt lag som er på andreplass med 16 poeng.

Måla til Førde: Amalie Haugsbø Ness 4, Kinga Lemiech 3, Estelle Ahlquist Lundh 3 (2 på straffe), Annette Kaalstad 2, Tuva Tefre Kalstad 2, Vilje Sande-Neset 2, Alexandra Afloarei 2, Berenice Olga Halvorsen 1, Marie Myklebust 1.





Bortebragd mot Gneist

Postet av Førde IL - Handball den 10. Des 2023

D2: Gneist-Førde 32-33 (15-20): Gneist stod med ti strake topoengarar før Førde kom på besøk i Haukelandshallen laurdag. Men eit hardtkjempande og sterkt bortelag øydela den statistikken. 

Etter ein start der Gneist oppskriftsmessig tok leiinga, mellom anna etter tre mål frå eks Førde-spelar Emma Gloppestad, viste jentene våre kva som bur i dei. I ein fireminutts periode frå åtte spelte minutt sette Førde inn seks mål utan at Gneist reduserte, vi gjekk frå 5-5 til 5-11 på måltavla.

På det meste leia Førde med åtte mål. Gneist knappa litt innpå mot slutten av omgangen, slik at det stod 15-20 ved pause.

Etter pause var det eit skjerpa heimelag som etter kvart sytte for at det vart ein jamn kamp. Halvveges i omgangen stod det 25-25, og Gneist hadde leiinga ein gong, 28-27. Men våre jenter gav ikkje opp. Med eitt og eit halvt minutt igjen sette Estelle inn 31-32, før Gneist utlikna med eitt minutt igjen. Men evigunge Alex vart matchvinnar då ho kjempa inn 32-33 med eit halvt minutt igjen. Vi reid av det siste angrepet til Gneist, og dermed var det full jubel.

Trenar Øyvind Indrebø seier at dette var imponerande av laget.

- I møte med serieleiar og ubeseira Gneist, var vi sjølvsagt audmjuke, spente og skjerpa før kamp . Det vi presterer i første omgang er nok det beste vi har gjort så langt i sesongen. Kanskje, naturleg nok, jamnar det seg ut i andre omgang. Men vi i trenarteamet er særdeles fornøgde med den roa og lagmoralen vi har i avgjerande fasar, når kampen skal avgjerast. Ufatteleg kjekt med to poeng, men vi har likevel klare forbetringspunkt.

I ei avdeling der alle slår alle, gjeld det å nullstille seg til kvar kamp. Det gjeld også for oss i kamp mot Bjørnar søndag.

Den kampen går i Bjørnarhallen klokka 14, for dei som er i området og vil sjå jentene våre.

Måla til Førde: Estelle Ahlquist Lundh 8 (6 på straffe), Vilje Sande-Neset 5, Annette Kaalstad 4, Alexandra Afloarei 4, Kinga Lemiech 4, Amalie Haugsbø Ness 3, Marie Myklebust 3, Berenice Olga Halvorsen 1, Tuva Tefre Kalstad 1.




Marginane på vår side - endeleg!

Postet av Førde IL - Handball den 19. Nov 2023

D2: Førde-Rygge 28-26 (14-15): Etter at vi har tapt to jamne heimekampar tidlegare i sesongen, kunne vi endeleg juble for to poeng i eit tett oppgjer. Estelle Ahlquist Lundh (biletet) vart kåra til vår beste spelar og kunne sleppe jubelen laus saman Kjersti Erichsen, resten av laget og publikum. Førde låg bak det meste av kampen, på det meste med fire mål (9-13). Ved pause stod det 14-15 på måltavla, m.a. etter tre strake nettkjenningar frå Estelle.

Etter fem minutt av andre omgang var vi eitt mål føre, men det veksla heile vegen. Vel eitt minutt før slutt utlikna Rygge til 26-26. Så scora Vilje Sande-Neset for oss med 39 sekund att. Ti sekund seinare vart Alex utvist, men vi greidde å erobre ballen, vi tok timeout med 14 sekund igjen, og tre sekund før slutt sikra Vilje sigeren med sitt andre mål på 36 sekund.

Dermed stod jubelen i taket, vi er no oppe på 12 poeng og på fjerdeplass på tabellen.

Etter som Øyvind stod over av helsemessige grunnar, var det Oddny Sønnesyn som leia laget. Ho er glad for at det vart to poeng.

- Vi går inn i ein periode no der vi møter laga på øvre del av tabellen, som blant anna Rygge. Då er to poeng akkurat mot dei viktige å ta med seg. Vi møter eit godt Rygge-lag, og kampen blei så tett som vi rekna med heile vegen. Vi låg på eit tidspunkt under med fire mål, men på det jamne så var det eitt eller to mål som skilte laga.

Vi spelar ein forholdsvis rotete og litt tam kamp i etablert angrep. Men vi står bra i forsvar og får køyrt ein del ankomster som skaffar oss ein del mål. I tillegg står Andrea ein god kamp bakerst. Når det kokar litt på slutten så klarar vi å bli enige om og gjennomføre eit par gode etablerte angrep der vi får rulla ut Rygge, og som fører til mål. Og då klarer vi å hale i land ein særdeles deilig seier 🙏 

Stor kred til jentene som gjennomfører det vi blir enige om og held hovudet kaldt. No skal vi trene godt, spesielt på etablert angrep, før vi tek til på dei siste tre kampane før jul.

Måla våre: Estelle Ahlquist Lundh 10 (3 på straffe), Annette Kaalstad 6 (1 på straffe), Alexandra Afloarei 4, Vilde Sande-Neset 2, Kinga Lemiech 2, Amalie Haugsbø Ness 1, Marie Erichsen Myklebust 1, Tuva Tefre Kalstad 1.




Håpar på fleire minutt med toppnivå

Postet av Førde IL - Handball den 15. Nov 2023

Marie Erichsen Myklebust (biletet) hadde ein god kamp mot Fredrikstad 2, men dessverre enda det med eittmålstap etter ein kamp der prestasjonane svinga kraftig. Vi hadde leiing med seks mål halvveges i andre omgang, men greidde ikkje halde oppe nivået mot slutten.

Komande laurdag er Rygge HK motstandar i Førdehuset, og trenar Øyvind Indrebø håpar det ikkje blir ein ny berg- og dalbanekamp.

- Vi ser føre oss ein ny tøff kamp mot hardtsatsande Rygge. Prestasjonane svinga i førre kamp. No gjeld det å vise toppnivået vårt i større delar av kampen.

Rygge ligg på femteplass på tabellen med ni poeng, eitt poeng og ein plass bak Førde. Med andre ord ligg det an til ein ny jamn batalje i Førdehuset. Møt opp klokka 16 laurdag og ver med på å støtte laget, kanskje det er avgjerande for at poenga blir verande i Førde!




Fjerdedivisjonsdamene med god start

Postet av Førde IL - Handball den 29. Okt 2023

Vårt damelag i fjerde divisjon har hatt en god start på sesongen.


Sesongen startet med et klart tap for Sogndal sitt førstelag (18-37), men har siden dette snudd skuta.


Påfølgende kamper har endt med 23-18 seier over Sogndal 2, 19-18 seier over Syril og i dag tok de to nye poeng mot Gloppen med seieren 34-27.


Vi gleder oss stort til fortsettelsen for dette laget og, som er på vei opp og fram. Spennende tider i Førde Handball.


Vil du være med å spille håndball? Ta kontakt med Øyvind Vraalsen eller se våre nettsider for informasjon om aktuelle lag.




Surt eittmålstap mot Fredrikstad 2

Postet av Førde IL - Handball den 29. Okt 2023

D2: Førde- Fredrikstad 2 32-33 (18-16): Førde kunne ha toppa tabellen med poeng mot Fredikstad 2, men det enda med eittmålstap etter ein berg- og dalbanekamp. Fredrikstad kom best i gang og var på det meste føre med seks mål på stillinga 8-14 etteer 20 minutt. Men då kom heimelaget sterkt, knappa stadig inn på leiinga. Og då bortelaget fekk ei utvising, utnytta Førde det maksimalt, med tre mål i tomt bur, to av dei frå målvakt Andrea Boge Solås. Dermed var det 18-16 ved pause.

Den gode trenden heldt fram første delen av andre omgang. Eter 11 minutt var vi føre med seks mål, 26-20. Men då starta problema. Alt for mange angrep enda i rot og balltap. Det førde til fleire kontringsmål for Fredrikstad. Samstundes sleit forsvaret med å stanse dei tre gode bakspelarane til bortelaget. 

Amalie Haugsbø Ness sette inn seks mål.

 

Fredrikstad var føre med to mål to minutt før sluttsigalet gjekk. Vilje Sande-Neset fekk redusert ein gong, og Førde hadde sjansen til eitt mål til, men skotet enda utanfor. Dermed vill jubel blant dei raudkledde Fredikstad-jentene, som laurdag venn 31-24 mot Tertnes.

På plussida for Førde noterer vi at dei to unge kantspelarane Marie Erichsen Myklebust og Amalie Haugsbø Ness gjorde ein god kamp. Kinga Lemiech kjempa godt og vart nok ein gong kåra til vår beste spelar.

Måla til Førde: Kinga Lemiech 8, Amalie Haugsbø Ness 6, Vilje Sande-Neset 5, Marie Erichsen Myklebust 4, Estelle Ahlquist Lundh 3 (2 på straffe), Annette Kaalstad 2, Alexandra Afloarei 2, Andrea Boge Solås 2.

Kinga Lemiech vart kåra til vår beste.

 




Flott opphenting i Bergen

Postet av Førde IL - Handball den 29. Okt 2023

H5: Kjøkkelvik-Førde 28-32 (15-13): Etter å ha lege under i over 50 minutt av kampen, på det meste med seks mål, stod karane våre for ei solid opphenting og vann med fire mål mot Kjøkkelvik i Olsvikhallen. Dermed kunne dei innkassere den femte strake topoengaren i 4. divisjon, etter å ha knust Florø på heimebane forrige onsdag.

Det stod 15-13 til Kjøkkelvik ved pause, og heimelaget auka leiinga utover i andre omgang, før Førde verkeleg fekk opp dampen.

Måla til Førde: Jakub Rycerz 8, Ole Kristian Gjerstad 6, Lars Engen Skadal 6, Daniel Kvidahl 6, Matheus Diaz Boge 4, Trond Gjesdal 1 og Mathias Indrebø 1.

Førde er klart i teten med 10 poeng på fem kampar, Norrøna har fem på fire kampar.




Målet er to nye poeng

Postet av Førde IL - Handball den 26. Okt 2023


Etter fire nye bortepoeng i 2. divisjon er Førde-damene klare for heimekamp mot Fredrikstad 2 søndag klokka 12 i Førdehuset. Vi er i toppen av avdelinga vår med ti poeng på seks kampar, og målet er at det skal vere 12 poeng etter kampen.

Men trenar Øyvind Indrebø åtvarar mot å tru at  det berre er å innkassere poenga. 

- Vi er førebudde på ein tøff kamp mot eit lag som har vunne to klare sigrar og tapt to kampar, (mot to av topplaga). Så vi møter eit meget godt lag på søndag, men den utfordringa skal vi ta. Til kampen stiller vi i all hovedsak med same lag som var i Bergen førre helg.

Møt opp og støtt laget vårt!




Heim frå Bergen med fire poeng!

Postet av Førde IL - Handball den 22. Okt 2023

D2: Tertnes-Førde 19-32 (7-13): Etter kalassiffer mot BSI laurdag vart det igjen ein veldig klar siger mot Tertnes, og dermed sanka Førde med seg fire av fire poeng på denne turen til Bergen. Vi er a poeng med Åsane og Hokksund, alle med ti poeng.

Etter at det var jamt fram til det stor 5-6 på måltavla, takka Førde for følgjet, og de stor snart 5-12. 

Etter seksmålsleiing ved pause scora vi sju mål utan ein einaste Tertnes-kvittering på sju minutt av andre omgang. Dermed var kampen avgjort, og siste delen var det jamnare. 

Kinga Lemiech, Annette Kaalstad og Vilde Sande-Neset hadde alle 5 mål, Amalie Ness 4, Marie Myklebust 4, Estelle Ahlquist Lundh 4 (2 på straffe), Tuva Tefre Kalstad 1 og Bianca Bruenech 1 mål.




Vi utklassa BSI!

Postet av Førde IL - Handball den 21. Okt 2023

D2: BSI-Førde 27-40 ( 12-23): Siger nummer fire denne sesongen er eit faktum. Jentene våre var rett og slett langt betre enn BSI, og dei to poenga var så godt som i boks ved pause. Vi leia med 11 mål etter ei avslutning av omgangen som lukta svidd. Vi gjekk frå 12-17 til 12-23 dei siste seks minutta.

Andre omgang starta også godt for vår del. Etter seks minutt var vi oppe i 15-målsleiing. Resten av kampen vart ei transportetappe der heimelaget slapp litt meir til. Det enda med 13-målssiger. Dermed er vi oppe i åtte poeng på fem kampar og pustar tetlaget Hokksund i nakken. 

Nesten alle utespelarane fekk nettkjenning.

Estelle Ahlquist Lundh vart toppscorar med 9 mål (3 på straffe), Kinga Lemiech hadde 7, Annette Kaalstad 6, Tuva Tefre Kalstad 4, Vilde Sande-Neset 4, Alexandra Afloarei 4, Marie Myklebust 3, Amalie Ness 2, Berenice Halvorsen 1.

Søndag møter vi Tertnes i Stemmemyren idrettshall klokka 14.30.  Er du i byen, så ta turen innom og støtt opp om laget vårt!




Tredje strake i 4. divisjon

Postet av Førde IL - Handball den 8. Okt 2023

H4 Førde- Juristforeningen IL 37-24 (17-14): Herrelaget tok den tredje topoengaren på rad då dei banka Juristforeningen IL med 13 mål på heimebane. Denne gongen kom karane for ein gongs skuld godt i gang og leia 4-0 før det var spelt fire minutt. Men juristane frå Bergen kom sterkare etter kvart og hadde 8-8 halvvegs i omgangen. Førde var i leiinga med tre mål ved pause.

Var starten på første omgang bra, så var starten på den andre super. For vi scora sju mål på under sju minutt utan at bortelaget kvitterte, og dermed var kampen i realiteten avgjort. Til slutt stod det 37-24 på måltavla.

Dermed er vi klart i toppen av tabellen med seks poeng på tre kampar.

Måla til Førde: Jakub Rycerz 8, Lars Engen Skadal 7, Daniel Kvidahl 6, Thomas Niiranen Hamre 6, Trond Gjesdal 2, Mathias Indrebø 2, Matheus Diaz Boge 2, Robert Herstad Sund 2, Øyvind Fougli Vraalsen 1, Jonas Espeseth 1. 




Klar siger på heimebane

Postet av Førde IL - Handball den 7. Okt 2023

D2 Førde-Glassverket 2: 30-17 (14-10): Så kom poenga også på heimebane, men ikkje utan malurt i begeret. Før det var spelt to minutt kom Martine Vindheim i ekspressfart på ei kontring og sette inn 2-0. Men ho landa forkjært, og det vart fort klar at ho hadde fått ein alvorleg kneskade. Kampen vart stansa i 20 minutt før ho vart trilla ut av ambulansepersonell. Trenar Øyvind Indrebø seier at det er ein korsbandskade, og det betyr at Martine er ute av spel resten av sesongen. Frå før er Benedicte Frøyen Bergset ute med korsbandskade. Oda Vindheim var sett ut av sjukdom, og dermed vart det meir ansvar på dei andre spelarane.


Og dei tok ansvaret. Etter ein første omgang der spelarane var prega av skaden til Martine, gjekk det mykje betre etter pause. Og den spelaren som gjekk føre i  kampen, var igjen Kinga Lemiech, som heilt fortent vart kåra til vår beste. Ho var som ein tiger i forsvar.

- Eg meiner ho burde ha blitt meir honorert av dommarane for forsvarsspelet sitt, seier Øyvind. Det vart dømt frikast til Glassverket i dei fleste tilfellla der Kinga kjempa til seg ballen.

I tillegg scora ho viktige mål som bidrog til ein trygg topoengar.

Ei anna som Øyvind vil trekke fram er Annette Kaalstad.

- Ho har hatt litt høge skuldrar i dei første kampane, ho har høge forventningar til seg sjølv. Men i dag fekk ho vist kva som bur i ho.

Måla til Førde: Annette Kaalstad 6, Estelle Ahlquist Lundh 6 (2 på straffe), Kinga Lemiech 5, Alexandra Afloarei 5, Marie Erichsen Myklebust 3, Vilde Sande-Neset 2, Amalie Ness 2, Martine Vindheim 1. 

Etter fire kampar har vi seks poeng, det same som Hokksund og Gneist i toppen av tabellen.

Kampen vart stansa i 20 minutt pga skaden til Martine.

 





No satsar vi på heimepoeng!

Postet av Førde IL - Handball den 5. Okt 2023

Laurdag 7. oktober klokka 14 håpar vi at mange tek turen til Førdehuset. Då skal Estelle Ahlquist Lundh (biletet) og resten av damene våre spele mot Glassverket 2. 

Etter eitt tap på heimebane slo damene til med to klare sigarar borte mot Reistad og Follo, og no håpar dei å vise heimepublikum at dei kan vinne også i Førdehuset.

Estelle, som er 26 år gamal, har blitt ein verdfull tilvekst i laget. Ho er svensk, men spelte på eit lag på Malta forrige sesong. Ho er ein spelar med erfaring og som tek ansvar. Mellom anna er ho ein sikker straffeskyttar. Sist sesong tapte vi poeng på at for mange straffekast vart brende.

Trenar Øyvind Indrebø har dette å seie om kampen mot Glassverket 2:

- Sidan serieopninga heime mot Hokksund har vi vore på Austlandet og spelt to kampar, som begge enda med siger. Men dette er historie. Årets lag består av jenter som har vore i klubben i mange år, saman med nye spelarar inn i klubben. Og naturleg nok er det ein prosess å få til optimal samhandling. Der føler vi at vi er på god veg, og sjølvsagt i stadig utvikling. 

No er vi klare for ny heimekamp - mot Glassverket 2. Dei har rett nok ikkje vunne kampar, men ein skal ikkje la seg lure av det, etter som dei så langt har møtt lag som truleg vil vere heilt i toppen av tabellen.

Vi har vore gjennom to gode treningsveker etter turen på Austlandet, og vi gler oss til å på nytt å slåst om poeng i Førdehuset. Men vi er førebudd på at dette blir ei tøff og spennande utfordring. Vi stiller med sju spelarar på bana, men jentene og støtteapparatet håpar på at vi har den «åttande spelaren» gjennom god støtte frå dykk på tribuna.




Toppar 4. divisjon etter bortesiger

Postet av Førde IL - Handball den 1. Okt 2023

BSI-Førde 27-34 (11-14): Lars Engen Skadal (biletet) og dei andre på herrelaget til Førde tok med seg to poeng heim frå turen til Bergen laurdag. Som vanleg tok det litt tid før våre karar kom skikkeleg i gang, så BSI var i føringa dei første åtte minutta. Då kom ein god Førde-periode, og etter det hadde vi kontroll på det meste, bortsett frå dommarane.

Ser ein på kampstatistikken skulle ein tru at det var ein stygg kamp, med 12 tominutts utvisingar og tre raude kort, to til BSI og eitt til Førde. Det var det Daniel Kvidahl som fekk tidleg i andre omgang.

Men ifylgje lagleiar Leif Otto Olsen var det slett ikkje nokon stygg kamp.

- Dommarane la seg på ei veldig streng linje, spelarane kunne knapt vere borti kvarandre. Eg synest det var ein fin kamp, med ei god tone mellom laga. BSI gav uttrykk for at det var kjekt å møte skikkeleg motstand.

No toppar Førde tabellen med fire poeng på to kampar.

Thomas Niiranen Hamre vart vår toppscorar med 10 mål, Lars Engen Skadal hadde 9, Jakub Rycerz 5, Daniel Kvidahl 4 (2 på straffe), Mathias Indrebø 2, Robin Gjesdal 2, Trond Gjesdal 1 og Matheus Diaz Boge 1. 




Dei slo til på bortebane!

Postet av Førde IL - Handball den 24. Sep 2023

D2: Reistad-Førde 28-42 (14-23) og Follo-Førde 22-31 (12-12): På bortebane losna det skikkeleg for damene våre. I to kampar som begge var jamne i starten enda det med veldig klare sigrar. Laurdag gjekk turen til Lier for å møte Reistad, som hadde vunne to av tre kampar før vi kom på besøk. Heimelaget hengde med ei kort stund, men det enda til slutt med 14-målstriumf. 

Kinga Lemiech sette inn 9 mål, Estelle Lundh 8, Martine Vindheim 6, Tuva Tefre Kalstad 4, Alexandra Afloarei 4, Annette Kaalstad 3, Oda Vindheim 3, Amalie Ness 2, Vilde Sande-Neset 2, Marie Myklebust 1. 

Søndag gjekk turen vidare til Follo 2.

Det var lenge jamt, uavgjort 12-12  ved pause, 17-17 etter 12 minutt av andre omgang. Men derifrå og inn viste Førde-damene seg som det klart beste laget, til slutt vart det så klart som 9-målssiger.

Estelle Lundh vart toppscorar med 7 mål, Martine Vindheim hadde 5, Kinga Lemiech 5, Alexandra Afloarei 4, Annette Kaalstad 4, Amalie Ness 3. Marie Myklebust 1, Andrea Boge Solås 1 og Tuva Tefre Kalstad 1.

Neste seriekamp er i Førdehuset 7. oktober kl 14. Motstandar er Glassverket 2. Då vil jentene gjerne vise heimepublikum det same som gav fire viktige bortepoeng denne helga.




God start på 4. divisjon

Postet av Førde IL - Handball den 17. Sep 2023

H4; Førde-Norrøna 29-19 (18-11): Herrelaget vårt starta 4. divisjon slik dei dreiv på i 5. divisjon i vår, det vil seie med klar siger. Men det såg ikkje slik ut i starten. Etter seks minutt stod det 1-5 på måltavla. Bergensarane såg ut som eit betre lag. Sakte, men sikkert kom det seg. Etter 14 minutt var vi a jour, og frå 12-11 stengde vi eige bur, slik at det stod 18-11 då dommarane bles til pause.

Andre omgang starta med fire mål til oss før Norrøna fann nettmaskane. På det meste var Førde oppe i 13-målsleiing. Det enda med ti mål i pluss. 

Lagleiar Leif Otto Olsen var bra nøgd med kampen. 

- Det var litt tungt i starten, vi brukar litt tid på å kome i gang i kampane, men siste delen av første omgang greidde ikkje Norrøna å henge med. 

Det høyrer med til historia at Norrøna slo Florø med fire mål i Florø laurdag.

Kristian Henden vart vår toppscorar med 8 mål. Daniel Kvidahl hadde 6 (1 på straffe), Lars Engen Skadal 5,Jakub Krzysztof Rycecz 4,  Matheus Diaz Boge 2, Ole Kristian Gjerstad 1, Mathias Indrebø 1, Kasper Eide 1, Thomas Hamre 1.

H5; Førde- Flaktveit 21-32 (11-17): Medan førstelaget tok to poeng i 4. divisjon, gjekk det ikkje like bra med andrelaget, som spelar i 5. divisjon. - Vi spelte ein OK førsteomgang, men med berre åtte spelarar vart det vanskeleg, seier lagleiar Leif Otto Olsen, som likevel er nøgd med laget sitt.




Tremålstap i serieopninga

Postet av Førde IL - Handball den 16. Sep 2023

K4: Førde-Hokksund 26-29 (14-12): Tidvis glitrande målvaktspel av både Sandra Yndestad Engen (biletet) og Andrea Boge Solås hjelpte ikkje. I den andre enden sat ikkje avslutningane som dei skulle i andre omgang, og det enda med eit tremålstap i serieopninga.

Det var bortelaget som kom best i gang i Førdehuset, og etter ti minutt stod det 3-6 på måltavla. Derifrå og inn gjorde Førde ein god førsteomgang og kunne gå til pause med 14-12.

I andre omgang var vi ei stund oppe i tremålsleiing. Kinga Lemiech, som vart kåra til vår beste spelar, herja med forsvaret til Hokksund og sette inn to kjappe mål. 

Men så var det slutt på effektiviteten. Gode kontringssjansar vart sosa vekk, og skota våre gjekk alle andre stader enn i nettet.

Trenar Øyvind Indrebø seier han er godt nøgd med spelet, og at vi kjem til gode sjansar.

- Hadde vi sett berre halvparten av dei skota som gjekk utanfor, så hadde vi vunne. 

- Var spelarane stressa?

- Nei, eg trur ikkje det var årsaka til at det vart bomma så mykje. Men vi har litt å jobbe med når det gjeld avslutningane.

Om det vart bomma mykje i ope spel, så kan det noterast på plussida at vi har fått ein veldig sikker straffeskyttar. Estelle Ahlquist Lundh sette inn alle dei fire straffene vi fekk.

Måla til Førde: Estelle Ahlquist Lund 7 (4 på straffe), Kina Lemiech 6, Martine Vindheim 5, Annette Kaalstad 3, Oda Vindheim 2, Tuva Tefre Kalstad 2 og Alexandra Afloarei 1.

Toppscorar for Hokksund var Ida Helene Dischler Hahn med seks mål, medan Linn Kristin Tandberg vart kåra til beste spelaren på bortelaget.




Annette gler seg til seriestart

Postet av Førde IL - Handball den 13. Sep 2023


Annette Kaalstad er bakspelar og kjem frå Gjerpen.

Laurdag førstkomande, 16. september klokka 18.30, startar seriealvoret, eller skal vi heller seie seriegleda. For 2. divisjonsspelarane gler seg stort til å vise kva dei står for, etter ein sommar med gode førebuingar og med ein spelarstall som er meir komplett enn på lenge.


Vi har fått inn forsterkingar på fleire plassar. Ei av dei nye er Annette Kaalstad, som kjem frå Gjerpen, der ho vart nummer to på scoringsstatistikken i si 2. divisjonsavdeling i fjor.

20-åringen frå Skien har tru på poeng mot Hokksund laurdag. Ho valde å gå til Førde fordi ho ynskjer seg ei ny utfordring.

- Eg hadde ein litt tøff sesong i Gjerpen i fjor. Eg følte at det var liten vilje der til å satse på oss yngre spelarane. Då Førde tok kontakt og sa dei ville satse på meg, slo eg til. 

Ein av grunnane til at Førde tok kontakt, var at Benedicte Frøyen Bergset kjende henne. Dei spelte i lag på Bamble då Benedicte gjekk på folkehøgskule i Grenland.

Annette har funne seg godt til rette i Sunnfjord, ho jobbar no i SFO, men skal snart ta til i Idrettsbarnehagen i Naustdal.

Men det er handball som er hovudprioritet. Ho er bakspelar, og håpet er at ho held fram som målgarantist, slik Emma Gloppestad var sist sesong.

- Det er skytinga som er styrken min, men eg er også glad i å spele fri andre.

Medan motstandaren laurdag er ukjend for dei fleste i Sunnfjord, har Annette god kjennskap til laget.

- Eg har spelt mot dei, og eg har god tru på at vi kan slå dei. 

Hokksund har alt spelt ein kamp, dei tapte med to mål heime mot HK Rygge.

Ny på laget er også svenske Estelle Ahlquist Lundh (biletet under). Også ho er bakspelar. Ho, Kinga Lemiech og Annette Kaalstad utgjer ein skotglad trio som vi håpar vil gi oss mange poeng denne sesongen.

I tillegg er vår eigen lynving, Martine Vindheim, tilbake i Førde-drakta, iallfall i haustsesongen. Berre det er grunn til å ta turen til Førdehuset laurdag kveld.

Este

Trenar Øyvind Indrebø har denne vurderinga av dei nye spelarane og korleis han ser på seriestarten: 




- Endeleg er det seriestart, og vi opnar mot Hokksund heime førstkommande laurdag kl 1830.

Ettersom vi i år er kome i ei ny avdeling, er Hokksund eit heilt nytt bekjentskap for oss. Så vi kjenner relativt lite til laget. Fokuset vårt er uansett å prestere best mogeleg – så får det bli som det blir.

Vi har gjort gode førebuingar til sesongen generelt, og Hokksund spesielt. Så får vi sjå om dette er godt nok.

I år har det vore  treningskampar og cupkampar mot Volda (1.div) og Ørsta (3. div). I tillegg har vi spelt to kampar mot Florø (4.div). Vi har også fått spele mot vårt eige herrelag. Desse kampane har på kvar sin måte vore viktige for oss, slik at vi står best mogeleg klar for årets serie

Når det gjeld laget, er stammen den same som førre sesong. Det betyr at vi startar årets sesong på eit høgare nivå enn i fjor. Nokre spelarar har rett nok forlate klubben, men vi har fått tilvekst i Annette Kaalstad frå Gjerpen og Estelle Lundh frå Sverige. I tillegg vil Martine Vindheim spele for oss. Ho har til dagleg ein flott utviklingsarena i Gneist i Bergen. Det er også gledeleg at våre 06-jenter har teke steget og er ein del av stallen (Tuva Tefre Kalstad, Marie Erichsen Myklebust, Ronja Holsen og Guro B. Gurvin).

I tillegg er Emma Kråkenes og Anne Jørgensen frå fjorårets K4  teke opp i troppen, slik at vi har ein fin bukett av spelarar.

Jentene og støtteapparatet gler oss til kommande lørdagskveld. Vi håpar vi ser deg der, og at vi med eit entusiastisk heimepublikum har den «åttande spelaren».

Martine Vindheim er tilbake i Førde-drakta.

 

 

 




Tuva på regional landslagssamling

Postet av Førde IL - Handball den 7. Sep 2023

Tuva Tefre Kalstad er teken ut til regional landslagssamling for spelarar fødde i 2006 og 2007. Samlinga skal vere i Åsane Arena i Bergen tysdag 19. september. 

Ei fin fjør i hatten for både Tuva og for Førde IL Handball. Lukke til, Tuva!




Ein kjekk leksjon i effektiv handball

Postet av Førde IL - Handball den 5. Sep 2023

Førde-Bergen Håndball 24-60 (10-30): Å sleppe inn 60 mål på 60 minutt kan vere deprimerande, men det var slett ingen sure miner å sjå etter cupkampen mellom 4. divisjonslaget til Førde og eliteserielaget Bergen Håndball. Laga samla seg til fellesfoto framfor eit imponerande stort handballpublikum.

- Forsvarsmessig vart vi avkledde, seier Lars Engen Skadal, som feira bursdagen sin med å spele mot fotrappe bergensarar. 

- Men det var moro, og det er flott at folk får sjå handball på eit slikt nivå.

Og at eit 4. divisjonslag greidde å score så mange som 24 mål mot eliteseriemotstand er verd å merke seg.

Det starta ikkje så verst for heimelaget. Etter ti minutt stod det 6-9 på måltavla, men etter kvart fekk vi ei oppvising i kjapt, presist og effektivt kontringsspel, og ikkje minst frispeling av kantspelarane. 47 av dei 60 måla til Bergen Håndball vart scora av to kantspelarar og ein strekspelar. Dei hadde svært få avslutningar frå backane, alt handla om å få spelt fri kantane. Og dei var effektive. Høgrekanten Øystein Mostad prikka inn 27 mål, Jon Obrestad Salte på den andre kanten hadde 12 og strekspelar Marcus Soltvedt ni mål.

Øystein Mostad, litt av eit vingtalent, fekk bestemannspremien av Guro Bruland Gurvin.

 

Men vi hadde ein på heimelaget som også visste korleis ballen skulle finne vegen til nettmaskane, Daniel Kvidahl dundra inn 10 mål, trass i at han ikkje spelte meir enn vel halve kampen. Førde let alle spelarane få bra med tid på bana for å få oppleve korleis det er å spele mot slik motstand. Kvidahl og Mostad vart kåra til dei beste spelarane på laga sine. 

Daniel Kvidahl scora ti mål og var best av våre.

 

Som nemnt hadde veldig mange funne vegen til Førdehuset denne septemberkvelden. Gratis inngang var sikkert medverkande. Førde IL Handball og herrelaget må ut med 6000 kroner til gode føremål, sidan dei før kampen lova 100 kroner for kvart mål dei sleppte inn. Også publikum vart oppmoda om å bidra. 50 % av overskotet på kampen skal gå til BUA, resten til aktivitesfremjande tiltak i Sunnfjord.

Trass stortapet er det å håpe at mange av dei som tok turen til Førdehuset for å sjå denne kampen, kjem tilbake når seriealvoret tek til for både dame- og herrelaget vårt. Første høvet blir seriestarten i 2. divisjon 16. september. Då møter damene våre Hokksund.






Tap mot Volda, men vi gav dei kamp

Postet av Førde IL - Handball den 3. Sep 2023

Førde-Volda 22-28 (11-12): Det vart seksmålstap i tredjerundekampen i cupen mot Volda, som spelte i eliteserien i fjor, men Førde-damene med vår beste, Oda Vindheim (biletet), i spissen, gav sunnmøringane kamp, iallfall i første omgang. Det stod 12-11 til Volda ved pause. Starten av andre omgang vart vanskelegare, dermed vart det til slutt 28-22 til Volda.

Trenar Øyvind Indrebø har denne kommentaren etter kampen: 

- Det er alltid surt å tape handballkampar, det gjeld også i dag. Men dette var  nyttig kamptrening for oss inn mot seriestarten om 14 dagar. Vi kjenner det er godt for oss å gje Volda god kamp Dette er  truleg eit lag som vil bli i toppen av 1. divisjon.

Samtidig er det ikkje lenge sidan at vi var utfordra av eit lag i 3. div., så mykje handlar om spel-motspel, og vi må til ei kvar tid vere skjerpa.  Vi leverer ein svært god 1. omgang både i forsvar og i etablert angrep. Ein svak start på 2. omg gjer at Volda får det nødvendige roen i sitt spel. Likevel står vi opp i siste del av kampen.

Med tanke på fleire nye spelarar inn i troppen, har vi mykje å jobbe med. Men trenarteamet er godt fornøgd med der vi står pr tid. Så handlar det meste om kva vi gjer framover. Uansett, vi gler oss veldig til serieopning heime mot Hokksund laurdag 16. sept. kl 1830. Ingenting ville gle jentene meir enn at vi hadde fylt tribunane, slik at vi hadde hatt "den 8 spelaren" på bana. Vi sjåast.








Tøff cupmotstand fredag

Postet av Førde IL - Handball den 30. Aug 2023

Andrea Boge Solås kan rekne med ein travel kveld når Volda gjestar Førdehuset fredag.


Handballsesongen 2023/24 er alt i gang. I helga arrangerer vi Extra Førde Cup, og damene våre spelar cupkamp mot tøff motstand fredag kveld.
Her er trenar Øyvind Indrebø sin kommentar før den kampen:

Etter å ha slått Ørsta i Ørsta 25-24 i 2. runde i NM, møter vi Volda i Førdehuset fredag 1. september kl 1830.

Volda rykte ned frå eliteserien med knappast mogeleg margin i fjor, og har mål om å vere i toppen i årets 1. divisjon. Så det blir ei spennande og artig utfordring for oss. Vi var på treningsleir i Volda tidleg i august og spelte då treningskamp mot same laget, og tapte 33-15. Vi skal jobbe beinhardt for å gjere ein betre prestasjon fredag. Og vi gler oss veldig til å spele offisiell kamp på heimebane.

Ekstra kjekt er at kampen blir arrangert i inngangen til vår eigen Extra Førde Cup. Vi håpar kampen kan vere eit artig innslag for alle jenter, gutar og støtteapparat som skal delta i cupen.

Vi er inn i siste del av sesongførebuingane før serieopninga 16. september. Førebuingane har gått fint gjennom at vi har fått trent godt, samt at vi har jobba med å sveise laget saman.

Troppen består av 19 spelarar, med ei fin blanding av unge jenter frå vår eiga junioravdeling samt spelarar som har vore «ute ei vinternatt» tidlegare. Vi har også eit godt samarbeid med Dale, slik at alle spelarar har ein god kamp- og treningskvardag.




Møt sponsorane våre: Åsen & Øvrelid AS

Postet av Førde IL - Handball den 3. Jul 2023

Åsen & Øvrelid AS er ei av fem bedrifter som i vår forlenga sponsorkontrakten med Førde IL Handball. På biletet ser vi dagleg leiar Finn Ove Øen saman med gode representantar for handballen i Førde.

Leiar Rune Øksenberg i Førde IL Handball seier at han set stor pris på at entreprenørselskapet framleis vil støtte laget.

- Åsen & Øvrelid byggjer ikkje berre store og flotte anlegg, men er også med på å byggje Førde IL Handball. Det er vi veldig glade for. Utan sponsorane våre hadde vi ikkje vore i stand til å gi dei unge i Førde sjansen til å utøve denne fantastiske idretten.






Møt sponsorane våre: Elvetorget

Postet av Førde IL - Handball den 30. Jun 2023

Jonny Tjønn (t.h.), og Rune Øksenberg, Førde IL Handball.

Elvetorget har fornya kontrakten med Førde IL Handball. Leiinga i kjøpesenteret er opptekne av lokalt samarbeid som skaper eit levande lokalsamfunn.
- Det at Førde har ein god handballklubb for aldersbestemte lag og gode herre- og damelag i toppen er med på å sette Førde på kartet, seier Jonny Tjønn i FGH Invest, som eig Førde Torg og Elvegården, der Elvetorget held til..
- Vi i handballen oppmodar medlemmene våre og publikum til å handle lokalt, slik at vi framleis kan ha desse viktige støttespelarane våre, seier leiar Rune Øksenberg i Førde IL Handball.

Elvetorget kjøpesenter har over 30 butikkar og fire serveringsstader. I tillegg har fleire firma innan helse tilhald i senteret.  

.


I løpet av våren har Førde IL Handball fornya kontrakten med fem sponsorar, avtalar som er heilt uvurderlege for drifta av klubben, slik at vi kan gi dei unge eit godt tilbod innan idretten som gir så mykje glede. I tida framover kjem vi til å presentere alle desse støttespelarane våre. 

 




Møt sponsorane våre: Entreprenørservice AS

Postet av Førde IL - Handball den 25. Jun 2023

Dagleg leiar Thomas Østerbø i Entreprenørservice og styreleiar Rune Øksenberg i Førde Handball stadfestar at sponsorkontrakten er forlenga.

Utan dei trufaste sponsorane er det ikkje så mykje Førde Handball får gitt av tilbod til unge og litt eldre handballspelarar. Pengane dei bidreg med gjer at vi kan betale halleige, trenarar, dommarar, reiser og mykje anna.

Saman med styremedlem Ingvill Hafstad har Rune Øksenberg hatt møte med og fornya sponsorkontraktane med fem av sponsorane våre.  Ein av dei er Entreprenørservice AS, som har sagt ja til å sponse handballen i tre nye år.

Verksemda, som har hatt stor vekst dei siste åra, ser det som verdfullt å vere med og støtte opp om fritidstilbod i nærområdet. Vil du vite meir om Entreprenørservice AS, kan du gjere det på heimesida deira:





Serieopning heime mot Hokksund

Postet av Førde IL - Handball den 23. Jun 2023

Oda Vindheim og Benedicte Bergset gler seg til ny sesong og nye motstandarar. Foto: Photoevent.

Vi er godt i gang med sesongførebuingane inn mot komande sesong. I juni har fokuset vore det fysiske supplert med litt balløkter (alltid kjekt med ball). Ift til det fysiske er Spenst Førde ein viktig samarbeidspartner. I juli blir det individuell trening, etter eit individuelt oppsett program.

 

Terminlista er klar, og vi opnar mot Hokksund heime 16.september kl 1600. 

Her er heile terminlista.

Men før den tid skal det gjerast mykje førebuingsarbeid. Vi startar med fellesøkter i månadsskiftet juli-august. Så blir det treningsleir i Volda i midten av august.

I NM ( cup’en) fekk vi walk over i 1. runde, og møter Ørsta borte i runde 2, som skal spelast før 27. august. Vinnaren Ørsta – Førde får heimekamp mot 1. divisjonslaget Volda i 3. runde.

Når det gjeld spelarstall er det litt utskiftingar. Emma Gloppestad reiser til Bergen, Sara Dyrhol har valt å prioritere studier, Maren Totland Aase har flytta til Alta.  I tillegg har vi ikkje forlenga samarbeidsavtalen med Sogndal og Gloppen, slik at dei spelarane er ikkje aktuelle for oss i år.

Nye inn i stallen er våre eigne jenter Marie Erichsen Myklebust, Guro Bruland Gurvin og Ronja Holsen. Vilje Sande-Neset og Amalie Haugsbø Ness er også blitt ein fast del av troppen. I frå fjorårets Førde 2 er Emma Kråkenes og Anne Sofie Jørgensen teken opp i stallen.

I tillegg har vi fått ein ny tilvekst i Annette Kaalstad frå Gjerpen 2. Ho var sentral på 2. divisjonslaget i avdeling 2 og var nr 2 på scoringstabellen i avdelinga med 165 mål. Ho har vore på prøvespel hjå oss, og det vart treff både for ho og laget. Til samanlikning sette vår toppscorar, Emma Gloppestad, inn 123 mål.

Kort oppsummert – vi har eit godt utgangspunkt samanlikna med fjoråret, men det skal gjerast mykje godt og viktig arbeid framover-

God sommar 😊

Øyvind Indrebø




Veldig kjekt på Stord Handballfestival

Postet av Førde IL - Handball den 30. Mai 2023

J13 er nett komne heim frå ei pinsehelg på Stord Handballfestival. Og for ein festival det vart! Sju jenter drog avgårde og satsa på cuplivet utan innbytarar. Gjennom cupen fekk vi spele fire gruppespelkampar og ein sluttspelkamp. I gruppespelet enda vi på andre plass med to vinn, ein uavgjort og eitt tap, og dermed vidare i A-sluttpel. Kvartfinalen enda med tap, resultatmessig.

Som lag sit vi igjen med ein følelse av å ha vunne på veldig mange plan. Kampane og motstanden utvikla seg på forskjellige måtar. Jentene jobba seg gjennom kampane med ein stayervilje som kan blåse einkvar av banen. Kvar og ein tok ansvar, let bomskudd, utvisningar, røde kort, tap, og mål imot passere. Dette resulterte i mykje meistring og glede kor jentene jobba godt med det mentale fokuset og dermed henta fram det beste i seg sjølv undervegs i kampane. Skuffelsane vart difor ikkje like tunge å bere.

Vi fekk takknemlig hjelp frå J12 som ekstra tryggheit på benk dei to siste kampane. Jentene stod alle kampane fullt ut samla som lag. Ellers fekk vi vere saman med J12, sett nokre kampar saman, felles middag på kveld, disco, møte nye handballvener, danseshow, paradetog gjennom sentrum, sett innmarsj med medaljeutdeling og J13 finalen mellom Fyllingen og Åsane, kor Åsane inspirerte voldsomt. Handballfestivalen kan varmt anbefalast til andre Førde IL Handball-lag.

Tekst og foto: Anne Gry Dale Niemonen.




Nye lag i Førdehuset komande sesong

Postet av Førde IL - Handball den 15. Mai 2023

Sesongen 2022/23 enda med jubel etter ei sterk avslutning og sikker plass på tabellen. No siktar vi oss inn på komande sesong, og med det kampoppsettet Norges Håndballforbund har presntert, så blir det ein spennande sesong, med mange for oss nye lag på plass i Førdehuset. 

For laga frå Rogaland er bytte ut med lag frå Region Øst og Region Sør. Her er laga i avdelinga til Førde: 

Hokksund
Glassverket 2
Reistad
HK Rygge
Fredrikstad Bkl 2
Follo HK Damer 2
Åsane
Gneist
Tertnes
BSI
Førde
Bjørnar

Med andre ord blir det nokre lange reiser med turen til Fredrikstad og Rygge som den desidert lengste. Trenar Øyvind Indrebø har denne kommentaren til oppsettet:

- Dette betyr nye lag og nye utfordringar. Men utfordringar er til for å løysast, og vi ser positivt på endringa. Vi håpar og trur at vårt trufaste publikum set pris på å ta imot nuye motstandarar i Førdehuset.




Gå under fana til Førde IL 17. mai!

Postet av Førde IL - Handball den 10. Mai 2023

Vi i Førde IL Handball ynskjer å markere oss i toget 17. mai, seier styreleiar Rune Øksenberg.

- Difor oppmodar vi alle medlemmer, utøvarar, foreldre, oppmenn, trenarar og øvrig støtteapparat om å gå i toget bak Førde Idrettslag si flotte fane. Dersom du ikkje er oppteken den dagen, så vil vi gjerne ha deg med slik at vi får vist oss fram frå vår beste side.

Gå gjerne i speledrakter eller andre kle som fortel at du er ein del av den fine handballfamilien i Førde!




Planlegging av ny sesong i gang!

Postet av Førde IL - Handball den 3. Mai 2023

Ein nøgd Førde-trenar Øyvind Indrebø kan konstatere at laget presterte glimrande i vårsesongen og berga plassen i 2. divisjon med god margin. No er han og resten av klubben i full gang med å planlegge sesongen 2023/24.

I tillegg til å få fastlagd spelarstallen og støtteapparat kommande sesong, har det blitt jobba med å få på plass samarbeidsavtalar med andre klubbar som kan bidra til utviklingsarenaer for spelarar og trenarar i klubben.

Vi er difor svært fornøgde med å fått på plass to sentrale avtalar.

  1. Førde - Dale 
  • Kvinner Senior. Her er vi prestasjonsklubb og Dale partnerklubb
  • Dale - Førde Junior jenter (Lerøy og J17-20) Her er Dale prestasjonsklubb og vi partnerklubb. Denne avtalen betyr at våre unge jenter kan vere Førde-spelarar og samtidig delta på Lerøy og i J17-20-serien med Dale. Det er ein flott utviklingsarena.

Begge klubbane har eigne lag i kvinner 4. divisjon.

      2. Fana Handball Elite - Førde K2

Her er Fana prestasjonsklubb og vi partnerklubb.

Avtalen med Fana er også veldig spennande. Den betyr at ein kan vere Førde-spelar og både trene med og spele kampar for Fana som er eit eliteserielag, om ein held det nivået dei meiner ein skal ha.

Detaljane i avtalane er ikkje ferdig utarbeida. Men dette er viktige samarbeidsavtalar som gjer at vi kan legge til rette for utvikling av dei som vil og kan i klubben.

I tillegg opnar det seg mulegheit for at dei i Dale som ønskjer å ta nye steg i 2. divisjon, kan få mulegheiten til dette.




Avslutta med stil og timålssiger

Postet av Førde IL - Handball den 1. Mai 2023

Førde-Tertnes 31-21 (18-9): Jentene våre let det ikkje vere tvil om kva lagh som skulle ta poenga då Tertnes gjesta Førdehuset i den aller siste seriekampen i 2. divisjon sesongen 2022/23. Etter ni minutt stod det 9-2 til oss. Den leiinga vart auka til 18-9 ved pause. Mot slutten av kampen var vi oppe i 14-måls leiing,det enda med ein solid siger 31-21.

Trenar Øyvind Indrebø har denne kommentaren etter kampen: 

- Jentene avslutta årets sesong på ein best muleg måte. Etter å ha sikra plassen førre helg med vinnarskoring i siste sekund  mot Gneist, var vi i støtteapparatet litt spente på korleis dette ville slå ut på kampen mot Tertnes. Vi hadde stort fokus på å prestere, så fekk resultatet bli som det blir.

Det synte seg tidleg at det var liten grunn tl bekymring. Jentene ga gass ut frå startblokkene, og såg seg aldri tilbake. Det var ein solid 1. omgang der vi stod fram som eit LAG, og kampplanen vart gjennomført 100%.

2. omg vart nok litt urytmisk. Dette mellom anna på bakgrunna av at Tertnes prøvde fleire ulike forsvarsformasjonar, utan eigentleg å lukkast. Jentene heldt roen og vann også 2. omg.

Laget vil også takke eit fantastisk publikum som igjen bidrog til at jentene presterte.

Ein flott siste del av sesongen vart feira med grillfest saman med det nyopprykka herrelaget og vårt K4 lag.

No blir det ein velfortent «ferie» for jentene 😊

Med sigeren mot Tertnes  har Førde teke 12 poeng på dei siste sju kampane, vi enda på sjuendeplass med 17 poeng. Andrea Boge Solås vart kåra til vår beste spelar.

Måla til Førde: Kinga Lemiech 5, Emma Gloppestad 5, Oda Vindheim 5, Tuva Tefre Kalstad 5, Benedicte Frøyen Bergset 4, Amalie Ness 4, Vilja Sande Neset 2, Alexandra Afloarei 1.

Foto: Kjersti Erichsen.




G16: God innsats på Glasscup

Postet av Førde IL - Handball den 1. Mai 2023

Søndags morgon var gutane klare for kvartfinale mot Konnerud IL. I denne kampen fekk gutane sjå kor høgt nivå enkelte G16-lag har andre stader i landet. Førde-gutane viste tidvis glitrande angrepsspel, men Konnerud var betre enn oss i alle delar av spelet, og dei rodde i land en solid 27-17 siger. Med dette rauk Førde ut av Glasscup 2023, og måtte vende snuten heim.

 Vi ynskjer å takke sponsorar og føresette for mogelegheiten til å få ei kjekk og sosial avslutning på sesongen, og ikkje minst takk til Høyang IL for låne vekk minibussen sin!


Tekst og foto: Kristian Henden.




Takk til Kinga og resten av laget!

Postet av Førde IL - Handball den 27. Apr 2023

Den snuoperasjonen som Øyvind Indrebø og laget hans har stått for i årets 2. divisjon er imponerande. No står berre ein kamp att, plassen er sikra, og laget kan vende blikket mot hausten og ein ny sesong i 2. divisjon.

Trenar Øyvind Indrebø har dette å seie før kampen mot Tertnes laurdag:

- Då er vi straks klar for siste kamp for sesongen med heimekamp mot Tertnes. Dette er eit lag som vi spelte uavgjort mot i Bergen. Etter å ha lege under store deler av kampen, kom VI sterkt tilbake og tok leiinga på slutten. Men Tertnes scora i siste sekund, slik at det vart uavgjort. Vi er førebudde på ein tøff og travel kamp, men om vi held fram flyten vi har hatt dei siste kampane, er det ein sjanse for at begge poenga blir igjen i Førde.

Årets sesong har vore av den merkelege sorten, men ei fin reise. Før jul tapte vi dei fleste kampane (stod med 4 p), og vi tapte mykje i kvar kamp.

I treningane før jul og etter nyttår har jentene hatt ei fantastsik utvikling, og på dei siste seks kampane har vi teke 10 poeng. Ein ting er poenga, men måten jentene har stått fram på ift prestajonane, er ufatteleg imponerande.  Den jobben som er gjort sportleg og mentalt i spelagruppa har gjeve resultat. Vi har hatt ein solid kjerne som har stått i det og skapt utvikling. Det er også svært gledeleg at fleire av dei unge har teke store steg i år. I tillegg vart det ein positiv tilvekst at Kinga Lemiech kom inn i stallen.

Eit anna moment som har bidrege til utvikling, er at vi har samarbeida godt på tvers av seniorlaga i klubben. Herrelaget (som no har rykka opp i 4. div-gratulerer), Gutar 16 og vårt Førde 2-kvinner, har vore viktige bidragsytarar for at vi har hatt gode treningsøkter. Dette har i tillegg medført til viktig kulturbygging i klubben.

Når det gjeld neste sesong, er vi godt i gang med individuelle samtalar. Det blir jobba med å få behalde kjernen/dei sentrale spelarane som har drege mykje av lasset på reisa i år, inkl vår utanlandske spelar, Kinga. Vi trur at med desse på plass, supplert med unge talenfulle jenter, kan vi fortsette den gode utviklinga og etablere oss høgare på tabellen i neste sesong. I arbeidet med å legge til rette for talentutvikling, har vi inngått eit samarbeid med Dale på ungdoms- og seniorsida.

Til slutt vil jentene takke for den fantastiske støtta dei har fått på tribuna i Førdehuset. De har fleire gonger vore «den åttande spelaren» vår på bana.

Vi sjåast i Førdehuset kl 1500 på laurdag!

Ein nøgd leiartrio: Øyvind Indrebø, Kjersti Erichsen og Oddny Sønnesyn. Foto; Photoevent




Plassen sikra etter thriller mot Gneist

Postet av Førde IL - Handball den 23. Apr 2023


Førde-Gneist 28-27 (19-14): Dei gjorde det meir spennande enn publikum sette pris på, men det vart to poeng til slutt, då Emma Gloppestad sette ballen i ope mål med tre sekund att på klokka. Dermed er Førde på trygg grunn og kan sjå fram til ein ny sesong i 2. divisjon.

Det var Gneist som kom best i gang og sette inn to mål før Førde-damene tok tak i kampen. Og då snakkar vi verkeleg om å ta tak. 0-2 vart til 10-3 etter 12 minutt. Kontant forsvarsspel kombinert med kjappe kontringar og gode skot skapte gong på gong problem for Gneist. Så kom bergenslaget litt sterkare, men vi heldt oss godt føre fram til pause, då stod det 19-14 på måltavla.

Medan angrepsspelet hadde glidd lett i første omgang, kladda det desto meir etter pause. Dårlege val, mindre presise skot, tre straffe utan mål gjorde at det vart langt mellom våre scoringar, og Gneist tok sakte, men sikkert innpå. Då det stod att fem minutt, hadde Gneist utlikna til 25-25. 

Men jentene våre nekta å gi seg, snart stod det 27-25 til oss, og dei fleste trudde at no var det heile i boks. Men ei dårleg pasning gav bortelaget eit kontringsmål, og med berre eitt minutt igjen stod det 27-27. Vårt neste angrep vart avslutta altfor tidleg, og utan mål, og med 23 sekund igjen tok Gneist timeout. Då dommarane sette i gang spelet igjen, tok Gneist ut keeperen sin. Heldigvis for oss gjorde dei feil, Emma fekk tak i ballen og sette den i ope mål. Stor jubel både på bana og på tribuna. 

- Trenar Øyind Indrebø, de veit å gjere det spennande?

- Ja, du må ikkje snakke. Det var ikkje planlagt. Eg er veldig godt nøgd med første omgang, og totalt sett meiner eg vi vinn fortent mot eit godt lag. Det ville ha vore eit ran om Gneist hadde vunne.

- Og med 15 poeng er plassen i 2. divisjon sikra?

- Ja, BSI er to poeng bak oss, og sjølv om dei tek to poeng mot Årstad i siste serieomgangen og vi taper mot Tertnes, så er vi føre dei på innbyrdes oppgjer.

Men det dei fleste ikkje visste, er at Førde ville ha fått behalde plassen sjølv om vi hadde hamna på nestsisteplass. Ei omlegging i divisjonssystemet gjer at dei to nestsistelaga med flest poeng slepp nedrykk, og Førde ville ha vore blant dei med 13 poeng.

- Men det er godt at vi ordnar kontrakten sjølve og ikkje på grunn av ei serieomlegging, seier ein glad og letta Øyvind.


Emma Gloppestad sette inn 10 mål og vart igjen kåra til vår beste spelar. Dei andre måla vart scora av Kinga Lemiech 5, Oda Vindheim 4, Benedicte Frøyen Bergset 4, Amalie Haugsbø Ness 2, Tuva Tefre Kalstad 1, Agnete Hjelmeland Ørnehaug 1 og Sara Dyrhol Vatne 1 mål.




Plassen sikra etter thriller mot Gneist

Postet av Førde IL - Handball den 23. Apr 2023

Førde-Gneist 28-27 (19-14): Dei gjorde det meir spennande enn publikum sette pris på, men det vart to poeng til slutt, då Emma Gloppestad sette ballen i ope mål med tre sekund att på klokka. Dermed er Førde på trygg grunn og kan sjå fram til ein ny sesong i 2. divisjon.

Det var Gneist som kom best i gang og sette inn to mål før Førde-damene tok tak i kampen. Og då snakkar vi verkeleg om å ta tak. 0-2 vart til 10-3 etter 12 minutt. Kontant forsvarsspel kombinert med kjappe kontringar og gode skot skapte gong på gong problem for Gneist. Så kom bergenslaget litt sterkare, men vi heldt oss godt føre fram til pause, då stod det 19-14 på måltavla.

Medan angrepsspelet hadde glidd lett i første omgang, kladda det desto meir etter pause. Dårlege val, mindre presise skot, tre straffe utan mål gjorde at det vart langt mellom våre scoringar, og Gneist tok sakte, men sikkert innpå. Då det stod att fem minutt, hadde Gneist utlikna til 25-25. 

Men jentene våre nekta å gi seg, snart stod det 27-25 til oss, og dei fleste trudde at no var det heile i boks. Men ei dårleg pasning gav bortelaget eit kontringsmål, og med berre eitt minutt igjen stod det 27-27. Vårt neste angrep vart avslutta altfor tidleg, og utan mål, og med 23 sekund igjen tok Gneist timeout. Då dommarane sette i gang spelet igjen, tok Gneist ut keeperen sin. Heldigvis for oss gjorde dei feil, Emma fekk tak i ballen og sette den i ope mål. Stor jubel både på bana og på tribuna. 

- Trenar Øyind Indrebø, de veit å gjere det spennande?

- Ja, du må ikkje snakke. Det var ikkje planlagt. Eg er veldig godt nøgd med første omgang, og totalt sett meiner eg vi vinn fortent mot eit godt lag. Det ville ha vore eit ran om Gneist hadde vunne.

- Og med 15 poeng er plassen i 2. divisjon sikra?

Ja, BSI er to poeng bak oss, og sjølv om dei tek to poeng mot Årstad i siste serieomgangen og vi taper mot Tertnes, så er vi føre dei på innbyrdes oppgjer.

Men det dei fleste ikkje visste, er at Førde ville ha fått behalde plassen sjølv om vi hadde hamna på nestsisteplass. Ei omlegging i divisjonssystemet gjer at dei to nestsistelaga med flest poeng slepp nedrykk, og Førde ville ha vore blant dei med 13 poeng.

- Men det er godt at vi ordnar kontrakten sjølve og ikkje på grunn av ei serieomlegging, seier ein glad og letta Øyvind.


Emma Gloppestad sette inn 10 mål og vart igjen kåra til vår beste spelar. Dei andre måla vart scora av Kinga Lemiech 5, Oda Vindheim 4, Benedicte Frøyen Bergset 4, Amalie Haugsbø Ness 2, Tuva Tefre Kalstad 1, Agnete Hjelmeland Ørnehaug 1 og Sara Dyrhol Vatne 1 mål.





Søndag treng vi deg!

Postet av Førde IL - Handball den 20. Apr 2023

Det står att to kampar i 2. divisjon denne sesongen. To veldig viktige kampar med tanke på vår vidare eksistens på dette nivået. Komande søndag klokka 16 er Gneist motstandar på bane 3 i Førdehuset, veka etter kjem Tertnes til Førde. Før desse kampane er vi over nedrykksstreken, men BSI på nestsisteplass er berre eitt poeng bak, så vi bør ha minst to poeng på desse kampane for å trygge plassen.

Difor er det viktig at tribuna på bane 3 kan fyllast opp som på biletet over, og at alle som ynskjer å sjå handball på dette nivået gir laget vårt støtte i desse to kampane.

Førde har hatt stor framgang både spelemessig og resultatmessig i vår, vi har sanka åtte poeng på fem kampar. Med same innsatsen og spelet damene har vist i desse kampane, er det godt håp om å sikre oss dei poenga vi treng.

Andrea Boge Solås og resten av laget lovar full innsats søndag. Foto: Photoevent.

 

Trenar Øyvind Indrebø seier dette om kampen mot Gneist:

- Ny kamp med nye muligheiter for gode prestasjonar. Førre helg møtte vi topplaget Åsane. Kampen bar nok litt preg av at laga hadde vore gjennom ein påskeferie. Vi presterte likevel godt, men i nokre periodar var vi ikkje «nok på». Og då blir vi hardt straffa mot lag som Åsane.  

På søndag står Gneist for tur. Eit lag vi tapte mot i Bergen, og som har teke vesentleg fleire poeng enn oss, så langt, slik at dei er naturleg nok favorittar. Men vi har hatt fin utvikling, og vi er svært opptekne av å få til gode prestasjonar i alle spelets fasar.  Lukkast vi med det på søndag, har vi god tru på nye poeng på kontoen. 

Eit viktig bidrag for å få dette til, er solid støtte frå entusiastisk publikum på tribuna. Vi gler oss til kamp på søndag, og håpar mange tek turen til Førdehuset, og løftar fram jentene.




Kjekk avslutning på sesongen

Postet av Førde IL - Handball den 17. Apr 2023

J7 og G7 avslutta sesongen denne veka med fellestrening for spelarar og foreldre. Det var imponerande mange foreldre som hadde tatt på seg treningsklede og møtt opp i Førdehuset denne onsdagen, og dei fekk ein tydeleg leksjon frå borna om kva som er viktig å hugse på når ein spelar handball.

Borna rettleia foreldre i riktig teknikk i øvingar med kast og mottak, og dei forklarte velvillig bort korleis ein gjennomfører ulike typar skot på mål, før foreldra fekk sleppe til. Til slutt fekk foreldra prøve seg i kampsituasjon og borna fungerte som entusiastiske trenerar på sidelinja.

Tusen takk til foreldre som stilte opp. Det var ei kjekk oppleving for borna! Vi avslutta økta med is og konkluderte med at vi har mange gode og entusiastiske handballspelarar i dette alderstrinnet. Vi gler oss allereie til neste sesong starta.

Teks og foto: Anne-Grete Reikvam.




To knepne tap i fylkesmeisterskapen

Postet av Førde IL - Handball den 16. Apr 2023

J16-laget vårt vann serien denne sesongen og kom til fylkesmeisterskapen i Bergen. Jentene har verkeleg stått på siste åra med mykje trening, og dei har hatt fantastiske trenarar som har stilt opp.  

Alle jentene reiste til Bergen laurdag og overnatta på hotell. Dei var ute og åt på Egon og hadde det sosialt i lag med G16.  

Første kampen i dag var mot Askøy. Det var ein spennande og jamn kamp. Undervegs i kampen leda Førde med 5 mål. Askøy klarte å ta inn på og etter 25 min x 2 var resultatet 23-23.  Det vart då bestemt at dei som fekk første mål vann. Det var nokre spennande minutt, men det var Askøy som fekk første målet.  

Den andre og siste kampen spelte J16 mot Sotra. Sotra tok fort ledelsen, men kampen var jamn. Sotra vann med 2 mål.

Tekst og foto: Stine Haugsbø Ness.




Oppløftande, trass tap mot Åsane

Postet av Førde IL - Handball den 15. Apr 2023

Emma Gloppestad vart kåra til vår beste og fekk premie frå Enivest, overrekt av styremedlem Ingvill Hafstad i Førde Handball.


Førde-Åsane 24-30 (13-17): Når motstandaren er  på andreplass på tabellen og har sjanse til å rykke opp i 1. divisjon, skulle ein tru at det var stor skilnad på laga i Førdehuset laurdag ettermiddag. Det var det ikkje, om vi ser bort frå nokre korte, avgjerande periodar. Førde var heilt på høgde med Åsane i første delen av første omgang, vi leia med to mål, 9-7, etter 16 minutt. 

 

Men i sluttminutta av omgangen gjekk det bokstaveleg tala stang ut, og Åsane fekk straffekast og sikra seg ei firemålsleiing då laga tok pause.

I andre omgang var det også jamnt lenge, men Åsane hadde heile tida det nødvendige forspranget. Men jentene våre fekk vist heimepublikummet at dei har teke eit godt steg framover sidan det såg litt håplaust ut før jul. Benedicte Frøyen Bergset sprang inn fleire flotte kontringsmål, og Emma Gloppestad bidrog med gode skot og innspel. Ho vart kåra til vår beste spelar.

Trenar Øyvind Indrebø sa seg nøgd med spelet,

- Vi spelar jamnt med dei store delar av kampen, men ser at dei i avgjerande situasjonar er eitt knepp opp. Vi må nok ha eit par poeng i dei to siste kampane for å greie plassen, men det meiner eg vi skal greie. Innsatsen i dag gir bra påfyll med sjølvtillit.

I Bergen vann Stavanger over BSI, og om dei slår Årstad søndag er dei a poeng med Førde, men går føre på grunn av at dei har vunne innbyrdes oppgjer mot Førde.

Måla til Førde: Emma Gloppestad 7, Benedicte Frøyen Bergset 7, Oda Vindheim 5 (3 på straffe), Kinga Lemiech 2, Tuva Tefre Kalstad 2, Vilje Sande-Neset 1. 

Andrea Boge Solås hadde ein ny god kamp i Førde-målet. Mot slutten overlet ho plassen til Vibeke Solheim (biletet under), som gjorde fleire fine redningar, m.a. på straffekast.






Førde United feira 10-årsjubileum

Postet av Førde IL - Handball den 15. Apr 2023

Førde United fylte 10 år i 2022, sjølve feiringa av jubileet kom seint, men godt. Laurdag 15. april inviterte Odd Erik Gullaksen laget og støtteapparatet til nydeleg frukost på Scandic Sunnfjord Hotell, sponsa av hotellet. Førde United markerte opninga av den nyoppussa matsalen, og alle var strålande fornøgde.

Spelarane, foreldra og trenarane hadde ein fantastisk god start på dagen. Det vart ei flott markering med medaljar, kaffikrus og t-skjorter til utøvarane.

Forelderen som fekk premie for ekstraordinær dugnadsinnsats sa så fint om det å bidra: Dette er livet.

Odd Erik Gullaksen.

Tekst og foto: Rune Øksenberg.

 




Klar for serieinnspurt: Øyvind har trua!

Postet av Førde IL - Handball den 13. Apr 2023

Etter påskeferie og nokre kampfrie helger brakar det laust med dei tre siste kampane i 2. divisjon denne sesongen. Alle kampane går på heimebane, og først ut er oppgjeret mot tabelltoar Åsane komande laurdag 15. april klokka 16.00.

Det gjekk veldig bra i dei siste kampane før påske, og trenar Øyvind Indrebø håpar og trur at den trenden skal halde fram.

- Vi er no på oppløpssida i årets sesong med til slutt tre heimekampar i løpet av tre helger. Først ut er Åsane på laurdag, eit lag som framleis kjempar om opprykk til 1.div. Så dette er definitivt den tøffaste kampen av dei tre gjenståande kampane.

Vi hadde ei god prestasjonsutvikling dei fire siste kampane før påske. Det resulterte i 8 poeng på 4 kampar, og vi har trua på at vi tek dette med oss inn i serieinnspurten.

Vi gler oss til å kome i gang med kampane igjen, og håpar vi sjåast i Førdehuset!

Situasjonen før kampane i helga er at Førde ligg på åttandeplass med 13 poeng, bak oss har vi BSI med 12, Nærbø med 11, Stavanger med 9 og Årstad med 5 poeng. Årstad har berre to kampar igjen og er uansett klar for nedrykk. Stavanger og Nærbø har fire kampar att, dei møtest innbyrdes i siste serieomgang. No på laurdag spelar BSI mot Stavanger i Bergen.

På papiret er sjansane til poeng mot Åsane ikkje så store, men jentene gir seg ikkje utan kamp. Men utsiktene til å vinne er langt større i dei to siste kampane, mot Gneist og Tertnes. Tertnes spelte vi uavgjort mot i Bergen.




J13 avslutta med siger og uavgjort

Postet av Førde IL - Handball den 27. Mar 2023

Det var med friskt mot vi møtte opp til heimekamp i Jølstrahallen mot Florø laurdag. Heldigvis hadde dommar Hege fullstendig oversikt over hallen og vi vart kampklare kl 11, med provisoriske timeoutkort.

Det var stort sett ein jamn kamp med eit par opphentingsperiodar. På stillinga 7-4 tar Florø att Førde fram til 7-10 i 2. omgang, Trenar Trond drog heldigvis fram timeoutkortet av den sjeldne sort, og etter det vart det ein thriller av kamp. Vart så mykje thriller at sekreteriatet ikkje hang heilt med på Live og fekk ikkje registrert eine Florø målet. (Dette er altså meldt inn og vert ein orden på). Kampen vart avslutta på mest spennande vis 15-15 og begge lag skal vere nøgd med innsatsen.  

Dagen derpå var det tidlig avgårde til Eid med kampstart kl 11. Dette vart ein kamp der Førde i periodar vert liggande under, men klarar å hente seg inn att sakte, men sikkert. I andre omgang drar Førde i fra. Førde jobbar sterkt i forsvar og har hurtige angrep. Trenar Trond ynskjer gjerne at angrepet skal etablerast noko meir, men med ivrige måljegarar så vart det berre ord i lufta. 😅

Vi kjempa oss fram til ein knepen andre plass på tabellen, kor til slutt målforskjellen på 24 vart det avgjerande mot Askvoll/ Holmedal. Utrulig kjekt å følge jentene gjennom sesongen og reisa med både oppturar og nedturar, dette saman med eit veldig kjekt og takknemlig samarbeid med J12, alle foreldre, trenarar, dommarar, publikum og resten av klubben. Med innsats, vilje og humør gler vi oss til å jobbe fram mot Bergencup i sommar 😊 

Tekst og foto: Anne Gry Dale Niemonen




Avslutta med tap mot Jotun

Postet av Førde IL - Handball den 27. Mar 2023

Søndag 26.mars tok spelarane, føresette og Kristian turen til Årdal for å sjå j14 vise fram god handball. På turen fekk vi med oss flott natur, kjensla av god lagånd og mykje god latter. Vel framme blei jentene godt tekne i mot av blide sogningar, og jentene fekk servert god frukost før kampstart.

Jenter 14 har hatt god utvikling dei  siste månadene, noko som har sikra god sjølvkjensle før kampen mot Jotun. Vi har gått frå mange tap til mange sigrar etter at  Kristian tok styringa i trenarrolla.

 Kampen mot Jotun skulle vi absolutt ha moglegheit til å vinne om vi gjorde som vi veit vi kan. Med kollektiv kollaps, med innslag av eit par mål og nokre gode keeper-redningar, reiste vi  heim med eit 17-7 tap.

Jotun var eit klart betre lag enn oss i dag, ingen rop frå sidelinja kunne redde oss i land, og til slutt gjekk òg Kristian i nødmodus. Turen heim starta med skuffa jenter og enda med ein super avslutning i Jølstrahallen der vi fekk med oss Gutar 16 sin kamp mot Florø. Det vart rett nok tap der og, Florø vann 28-27.




Vi utklassa Årstad i andre omgang

Postet av Førde IL - Handball den 26. Mar 2023

Årstad-Førde 14-32 (7-8): Etter ein jamn førsteomgang resultatmessig losna det til dei grader i andre omgang for Førde mot Årstad. Benedicte Frøyen Bergset (biletet) gjekk i front og prikka inn ni mål.

Vi vann andre omgang 24-7 og sikra oss dermed dobbel poengfangst på turen til Bergen denne helga. No har vi 13 poeng og har klatra til åttandeplass på tabellen. Eit viktig steg mot fornya kontrakt, men sesongen er ikkje over, så det tryggaste er å plukke endå fleire poeng framover.

Måla til Førde: Benedicte Frøyen Bergset 9, Emma Gloppestad 6 (1 på straffe), Oda Vindheim 5, Kinga Lemiech 3, Tuva Tefre Kalstad 2, Alexandra Afloarei 2, Sara Dyrhol Vatne 1 og Guro Bruland Gurvin 1. Guro fekk dermed sitt første mål for 2. divisjonslaget. Gratulerer!

Trenar Øyvind Indrebø seier dette om kampen:

- Nøkkelkamp mot Årstad. Alltid litt spennande å gå inn i kamp 2 etter ein god prestasjon i går. I tillegg er Årstad eit uggent (positivt meint) lag å spele mot. Ein heilt annan måte å spele på enn for eksempel BSI. Kamputviklinga var vi eigentlig førebudde på, og snakka om på spelarmøtet i formiddag. Nemlig at dei holdt følgje, men om vi malar på, vil det betale seg. 

Så vi hadde ein god pausepreik. Og i 2. omgang såg vi oss aldri tilbake. Vi har no teke eit langt steg mot å sikre ny kontrakt. Spesielt med tanke på måten gruppa fungerre saman, og derigjennom presterer. Men vi har framleis tre kampar att i sesongen, alle heime, der vi er i utfordrarposisjon. Og der treng vi all den støtta vi kan få frå «den åttande spelaren». Sjåast på kamp.

PS: takk til alle som fylgde oss på tribuna i helga. Jentene set ufatteleg pris på den støtta😀




Hurra! Vi er over streken!

Postet av Førde IL - Handball den 25. Mar 2023

BSI-Førde 25-36 (13-21): Jentene våre levna ingen tvil; Det skulle bli to poeng mot BSI i Bergen, og det vart det til gagns. BSI kom best i gang i kampen og leia 5-3 etter seks minutt. Men dei neste seks minutta scora Førde sju mål utan ei einaste kvittering frå heimelaget, og dermed var det vi som hadde kontrollen med 10-5. Leiinga auka utover i omgangen, slik at vi leia 21-13 ved pause.

BSI kom best i gang også etter pause, og leiinga vår krympa til tre mål på stillinga 20-23, men derifrå og inn var det ikkje tvil om kven som skulle ta poenga. Til slutt stod det 25-36 på måltavla.

Dermed har vi passert både BSI og Stavanger på tabellen. I morgon spelar vi mot Årstad. Med same innsatsen som mot BSI kan vi også passere Nærbø og innta åttandeplassen.

Måla til Førde: Emma Gloppestad 11 (4 på straffe), Benedicte Frøyen Bergset 8, Kinga Lemiech 6, Oda Vindheim 5, Sara Dyrhol Vatne 2, Agnete Ørnehaug 2, Tuva Tefre Kalstad 1 og Alexandra Afloarei 1. 

Trenar Øyvind Indrebø er naturleg nok ein glad mann i kveld:

- I dag er vi i trenarteamet svært fornøgde med prestasjonen til jentene. Vår første omgang er nok den beste vi har gjennomført i år. Laget spelte med ein stor tryggheit og og ufatteleg  «power». Vi fikk ein litt skeiv start på 2. omgang. Men også her imponerte laget, med å ikkje stresse, men behalde roen i ein viktig fase. Så totalt sett veldig bra. No blir det å slappe av i kveld, og begynne førebuingane til kampen mot Årstad i morgon.

Benedicte set inn eitt av sine åtte mål. Foto Kjersti Erichsen.

Jubel etter velfortente poeng mot BSI. Foto:Kjersti Erichsen.




Jubel etter tap mot Florø

Postet av Førde IL - Handball den 23. Mar 2023

J16-laget vårt jubla som om dei hadde vunne, sjølv om det vart tap mot Florø 2 i Florø idrettssenter onsdag kveld. For med tomålstap 15-13 er vi framleis på topp på tabellen, med same poengsum som Florø 2. Hadde vi tapt med tre mål, ville Florø-laget gått forbi.

Nervane var på høgspenn for Førde-jentene, som hadde alt å tape, og det viste tydeleg i første omgang. Pauseresultatet var 8-3 til heimelaget.

Vi låg under med fire-fem mål nesten heile kampen. Men mot slutten tok jentene grep og reduserte til tomålstap, og vi vann andre omgang med 10-7. No står det att ein kamp, mot Florø 3 komande tysdag. Den må vinnast om vi skal vere kvalifisert til kampen om kretsmeisterskap i Bergen i april.







Slår vi BSI og Årstad igjen?

Postet av Førde IL - Handball den 22. Mar 2023

Slik jubla damene etter to poeng mot BSI i haust. Målet er å gjenta det i Bergen.

Komande helg spelar vi to enormt viktige 2. divisjonskampar i Bergen. Laurdag er BSI motstandar, søndag står Årstad på andre banehalvdelen. Begge laga er sikkert revansjelystne etter at vi vann mot dei i Førdehuset i haust, 31-22 mot BSI og 26-14 mot Årstad. På den andre sida er damene våre veldig motiverte for å sanke med seg fire poeng heim til Sunnfjord.


BSI har 10 poeng på niandeplass, vi har nipå ellevte- og nestsisteplass, medan Årstad er heilt sist med fempoeng. All erfaring tilseier at laga frå Bergen stiller med sterkare mannskap på heimebane enn dei gjorde i Førde, så vi bør ikkje la oss lure av at vi slo begge laga veldig klart i oktober.

Trenar Øyvind Indrebø vurderer det slik:

- Etter full pott i dei siste to kampane på heimebane, står vi framfor to spennande kampar i Bergen til helga mot henholdsvis BSI og Årstad. Dette er to lag som vi definitivt kan slå, men også lag som vi kan tape mot, dersom vi ikkje presterer godt. Men det har vi god tru på at vi skal gjere. Jentene og lagleiarteamet gler oss veldig til helga.  

For Tuva Tefre Kalstad (biletet under) blir det endå ein tur til Bergen. For ho er kalla inn til regional landslagssamling for jenter fødde i 2006 torsdag 30. mars. Ho er ein av tre venstrehendte kantspelarar som er tekne ut. Tuva har i dei siste kampane til Førde i 2. divisjon levert veldig viktige bidrag til poengplukkinga med sine fine skot frå høgrekanten.




Vi plukkar poeng - "imponert over jentene"

Postet av Førde IL - Handball den 19. Mar 2023

Sjølv om Nærbø litt overraskande kriga seg til ein eittmålssiger og to poeng mot Tertnes i Bergen søndag, så ser tabellsituasjonen for Førde langt lysare ut enn for vel ei veke sidan. Vi er framleis nestsist, men er a poeng med Stavanger, eitt bak BSI og to bak Nærbø. Stavanger tapte heime mot Gneist, og Årstad, som er heilt sist med 5 poeng, tapte stort mot Ålgård.

Etter 60 spennande og intense minutt laurdag kveld med knallhard kjemping drog vi i land endå ein siger i kampen for å halde oss i 2. divisjon! Mot Nærbø stod det 13-13 ved pause, men mot slutten fekk vi overtaket og vann 25-22.

Oda Vindheim vart vår toppscorer med 7 mål, Emma Gloppestad og Kinga Lemiech sette inn 6, Benedicte Bergset 3, Tuva Tefre Kalstad 2 og Alexandra Afloarei 1.

Kinga Lemiech (på biletet, saman med Merethe Solheim Klakegg) vart kåra til vår beste.  

Trenar Øyvind Indrebø seier dette om kampen: Vi er svært letta etter denne sigeren. Det var ein slitekamp frå start til slutt. I første omgang fekk vi ikkje tak på skot frå distanse, vi brende sjansar og mangla litt glød. Men etter ein god pauseprat stod jentene fram på ein mykje betre måte i forsvar. Med betre uttelling i angrep kunne vi hatt ei endå større leiing inn mot sluttminutta. Men når det er sagt er vi i lagleiinga svært nøgde med kampen. Vi er veldig imponerte over jentene!




Kampen mot Nærbø blir viktig

Postet av Førde IL - Handball den 14. Mar 2023

Gjekk du glipp av den spennande kampen mot Randesund sist laurdag og gledesscenene etterpå? Komande laurdag er det ny heimekamp, og den kampen blir endå viktigare å vinne. Motstandar er Nærbø, som står med ni poeng. Vi har sju poeng. Det seier seg sjølv at to poeng der kan få mykje å seie for kampen mot nedrykk. Dersom Nærbø tek begge poenga, vil dei vere fire poeng føre oss. Vinn vi, er vi a poeng.

Trenar Øyvind Indrebø er spent framfor kampen.

- Etter ein sterk prestasjon førre lørdag, går vi inn i ein spennande sesongavslutning. Vi har seks kampar igjen, og dei fleste av desse kampane er mot lag nær oss på tabellen, der vi kan både slå og tape mot dei fleste.

Foto: Photoevent.

- Første hinderet er Nærbø i Førdehuset førstkomande laurdagskveld kl 18.30. Det vart tap mot dei borte i serieopninga. Motivasjonen er stor for å revansjere det tapet. Det er sjølvsagt veldig gunstig å vinne ein slik kamp, men vi har fleire kampar der vi kan ta nødvendige poeng. Det betyr at vi MÅ ingenting, men vi er i ein fantastisk angrepsposisjon.

Førre laurdag var det kjempestemning i Førdehuset, noko som laget sette svært stor pris på. Vi håpar mange tek turen i Førdehuset komande laurdag, og kan vere den «åttande spelaren» på bana, seier Øyvind.

Så difor, kjære handball- og Førde-entusiastar: møt opp i Førdehuset laurdag 18. mars klokka 18.30 og hjelp laget vårt til to nye poeng! Støtte frå tribuna kan fort gje nokre plussmål.

Helga etter, den 25. mars, møter vi BSI i Bergen. Dette laget slo vi i Førdehuset i haust. BSI har 10 poeng, og vi kan  med andre ord passere både dei og Nærbø dersom vi får full pott i begge kampane. Innsatsen jentene la ned mot Randesund gav sjølvtillit i tillegg til poeng, med same gutsen i desse to viktige kampane er det god grunn til å håpe på det.




Opprykket er i boks!

Postet av Førde IL - Handball den 13. Mar 2023

H5 Førde-Dale 33-27 (14-13): Herrelaget vårt kunne juble for opprykk til 4. divisjon etter heimekampen mot Dale måndag kveld. Om ei knapp veke er BSI 2 motstandar i Førdehuset, og då kan vi kanskje juble for seriemeisterskap også. For vi har 17 poeng på ni kampar, BSI 2 har 12 på sju kampar.

Etter ein dramatisk kamp mellom Førde og Dale tidlegare i sesongen var det denne gongen god stemning mellom laga, og handballen stod i fokus. Og den vesle tribuna på kortveggen i Sal 2 var stappfull av folk.

Første omgang var jamn, det stod 14-13 til Førde ved pause. Den elektroniske måltavla svikta, det førte til to avbrekk i spelet. Men i pausen vart dette ordna, og sekretariatet slapp bruke gamaldagse metodar.

Dale kom godt i gang i andre omgang, godt anført av Mika Dahle. Med god fart på ballen og stor innsats kjempa dei seg til ei tomålsleiing. Men så fekk Dahle ein strekkskade, og det hemma både han og resten av det unge Dale-laget. 

Samstundes fekk Førde betre sving på angrepsspelet sitt og seig sakte frå, slik at det til slutt vart 33-27.

Måla til Førde: Daniel Kvidahl 11, Lars Engen Skadal 6, Ole Kristian Gjerstad 5, Thomas Niiranen Hamre 5, Robin Marvik Gjesdal 3, Øyvind Fougli Vraalsen 2, Simen Roligheten 1. 

Mika Johan Hillersøy Dahle vart toppscorar for Dale med 8 mål.




Endeleg jubel for to poeng!

Postet av Førde IL - Handball den 11. Mar 2023

Førde-Randesund 29-28 (16-13): Endeleg kunne spelarar, støtteapparat og det trufaste heimepublikummet sleppe jubelen laus. For etter svært spennande sluttminutt enda kampen mot Randesund med eittmålssiger. Og det var fullt fortent, for Førde hadde leiinga det aller meste av kampen og kunne dra i land to poeng mot eit lag som ligg mykje høgare på tabellen.

- Dette var bonuspoeng for oss, sa assistenttranar Oddny Sønnesyn etter kampen. Men ikkje minst er det eit resultat som gir oss sjølvtillit framfor serieinnspurten.

Kinga Lemiech hadde ein god start på kampen og hadde notert seg for fire mål alt etter 12 minutt. Då leia vi 6-4, og vi var oppe i femmålsleiing 14-9 med seks minutt igjen av omgangen. Den leiinga knappa Randesund inn til eitt mål, før to kjappe mål av Emma Gloppestad gjorde at vi auka til tre før pause.

I andre omgang var vi ei stund oppe i firemålsleiing, men så kom ein periode der skota ikkje var godt nok innstilte, og Randesund reduserte fleire gonger. Midtvegs i omgangen var det likt, 22-22, og med ti minutt igjen var bortelaget føre med to mål. 

Smilet til Andrea seier det meste om kva poenga betyr.

 

Men då vakna vinnarinstinktet hjå heimelaget. ikkje minst hjå målvakt Andrea Boge Solås. Ho hadde fleire gode og viktige redningar, og vart kåra til vår beste spelar. J16-spelar Tuva Tefre Kalstad sette inn tre viktige mål få høgrekanten. Innsatsen til Kinga Lemiech resulterte i utlikning 28-28 og at ein Randesund-spelar vart utvist. I overtal og med knappe to minutt igjen sette kaptein Oda Vindheim inn 29-28.

Det påfølgjande Randesund-angrepet enda med skot over, og Øyvind Indrebø tok timeout med 45 sekund igjen. Då spelet vart sett i gang att, var dommarane svært kjappe med å markere for passivt spel, og bortelaget fekk sjansen til å utlikne. Men då var Førde-forsvaret kompakt, og det enda med eit frikast som gjekk i muren.

Dermed var det vill jubel for svært tiltrengde poeng. Vi er no oppe på sju poeng, vi er framleis nestsist, men vi har tre lag innan rekkevidde, og det er seks kampar igjen. Og som Oddny Sønnesyn sa, eit slikt resultat og ein slik prestasjon avlar sjølvtillit. Det lovar godt for dei kampane som står att av sesongen.

Måla til Førde vart scora av Emma Gloppestad 10 (1 på straffe), Oda Vindheim 7 (3 på straffe), Kinga Lemiech 5, Benedicte Frøyen Bergset 3, Tuva Tefre Kalstad 3, Sara Dyrhol Vatne 1.

Toppscorarar for Randesund var Marlin Swift-Johannessen og Anne Benestad Rosenvold, begge 8 mål. Isabel Gunnerød vart kåra til deira beste.

Førde-muren stod imot då Randesund prøvde å utlikne på kampens siste kast.

 Tekst og foto: Kjell Arvid Stølen.




Ny kamp - ny sjanse til poeng

Postet av Førde IL - Handball den 9. Mar 2023

Kaptein Oda Vindheim og resten av 2. divisjonslaget til Førde IL Handball møter Randesund i Førdehuset laurdag klokka 16.00. Randesund spelte i 1. divisjon i fjor og ligg på tredjeplass på tabellen med 23 poeng. Vi ligg nest sist med fem poeng. Men vi tapte med berre fem mål i bortekampen på Sørlandet, så det var ikkje klasseskilnad på laga. Difor er det fullt mogeleg med to poeng laurdag dersom heimelaget har dagen og publikum møter opp og støttar oss. 

Trenar Øyvind Indrebø seier at han og laget gler seg til ein ny heimekamp.

- Vi er førebudde på at vi møter eit godt Randesund, som naturleg nok er favorittar. Men vi leverte ein god kamp mot dei borte, og har trua på at vi kan utfordre dei på heimebane. Det vil hjelpe oss å ha eit entusiastisk heimepublikum på tribuna.

På tribunen kjem det til å vere mange handballinteresserte jenter, for J11-lag frå heile Sogn og Fjordane er samla for å spele kampar i Førdehuset. Men det er sjølvsagt plass til alle som vil vere med på å heie fram jentene våre til to viktige poeng. Det trengst, for det er fire poeng opp til trygg plass. På den andre sida er det enno mange kampar att, mange av dei på heimebane, så det vil framleis vere håp i hengande snøre om det ikkje skulle bli siger.

Foto: Photoevent




Tabelltopp etter utklassing av Lindås

Postet av Førde IL - Handball den 19. Feb 2023

H5: Førde/Gloppen 2-Lindås 47-9 (23-5): Lindås kom til Førdehuset med berre ein innbytar, og det vart ein mildt sagt lite spennande kamp. Sjølv utan vår toppscorar Lars Engen Skadal var det som eit barneskirenn, for å sitere Petter Northug. Etter første omgang stod det 23-5, og heimelaget fortsette å male på etter pause, slik at det til slutt stod 47-9 på måltavla.

Dermed tronar vi på toppen av femtedivisjonstabellen, med 13 poeng, eitt føre BSI 2. Det står att to heimekampar, mot Fyllingen 3 den 5. mars og mot BSI 2 den 18. mars.

Måla til Førde: Daniel Kvidahl 17, Ole Kristian Gjerstad 7, Kristian Henden 7, Matheus Diaz Boge 6, Jakob Hoff 4, Robin Marvik Gjesdal 4, Øyvind Fougli Vraalsen 1, Simen Roligheten 1. 




Endå eit surt heimetap

Postet av Førde IL - Handball den 18. Feb 2023

Førde-Stavanger 23-26 (10-13): Førde låg under med fem mål då ni minutt var spelt av andre omgang. Då starta opphentinga, og med seks og eit halvt minutt igjen sette Kinga Lemiech (biletet) inn 22-22. Med ei slik utvikling trudde dei fleste i Førdehuset på at det endeleg skulle bli to poeng. Men slik gjekk det ikkje. Gjestene frå Stavanger drog det lengste strået og vann med tre mål.

- Vi vart litt for ivrige, seier trenar Øyvind Indrebø.

I staden for å spele og vente på gode sjansar, vart spelarane for utålmodige.

- Det var ein kamp der vi vart jagande etter heile tida, og det stressar spelarane, seier Øyvind, som heller ikkje var spesielt nøgd med dømminga i kampen..

Men det starta godt, særleg i forsvar. Vi var føre med 3-1 etter fire minutt, men så kom Stavanger sterkare, samstundes som det vart gjort mykje feil i vårt angrep. Ved pause leia Stavanger med tre mål.

Og starten av andre omgang var ikkje bra, Stavanger hadde femmålsleiing 17-12, før vi hadde ein god periode og var nær poengfangst. Men kvaliteten på angrepsspelet vårt varierte for mykje, og det meste av avslutningsansvaret fall på Kinga Lemiech og Emma Gloppestad. 

Kinga kriga inn 10 mål, viste skikkeleg fighting spirit, og vart fullt fortent kåra til vår beste spelar.

Med dette tapet er det fire poeng opp til trygg plass.

Måla til Førde: Kinga Lemiech 10 (2 på straffe), Emma Gloppestad 6, Oda Vindheim 3 (2 på straffe), Maren Totland Aase 2, Benedicte Frøyen Bergset 1, Sara Dyrhol Vatne 1.





Møt opp og støtt oss!

Postet av Førde IL - Handball den 17. Feb 2023

 Laurdag klokka 16.00 håpar vi at du er på plass på tribuna på bane 3 i Førdehuset. For då spelar Førde ein veldig viktig kamp. Motstandar er Stavanger, som ligg på 10. plass med sju poeng. Vi ligg på 11. og nestsiste plass med fem poeng. Det seier seg sjølv at to poeng her er enormt viktig i kampen for å halde plassen i 2. divisjon.

Kaptein Oda Vindheim og strekspelar Benedicte Frøyen Bergset (biletet) sette stor pris på støtta frå publikum i kampen mot Sola 2, sjølv om det ikkje vart poeng då. Laget kapra eitt poeng borte mot Tertnes sist søndag, og var sekundet frå å ta to, så det har sett ein ekstra kveik i jentene.

Det er framleis åtte kampar att av årets serie, og mange av dei er på heimebane, så trenar Øyvind Indrebø har trua på at laget no kan avansere på tabellen. Men støtte frå heimepublikum kan vere det som får kampen til å vippe i vår favør, så kom og hjelp oss til poeng!

Vi håpar at alle som støtta laget mot Sola2 møter opp laurdag og får med seg endå fleire.

 Foto: Photoevent og Kjell Arvid Stølen.




Låg under med seks mål, vann med fem

Postet av Førde IL - Handball den 15. Feb 2023

J16 Gloppen-Førde 19-24 (12-9): Onsdag drog J16 til Sandane for å møte Gloppen. Gloppen hadde ein periode i første omgang der dei leia med seks mål. Førde-jentene sleit med både forsvar og angrep.  Til pause var stillinga 12-9 til Gloppen. 

I starten av andre omgang greidde Førde-jentene raskt å hente inn leiinga.  Dei stod stødig i forsvar. Gode avtalar i angrep  førte til mange gode avslutningar, som gav flotte scoringar.  

Førde fortsette å jobbe godt både i forsvar og angrep resten av kampen, noko som gav oss sigeren, vi vann 24-19. Ein flott og nervepirrande kamp, og laget er framleis ubeseira hittil i sesongen. 

Tone Helen Breidvik Nydal




Første poengtapet til herrelaget

Postet av Førde IL - Handball den 13. Feb 2023

Fyllingen 3-Førde/Gloppen2 34-34 (18-20): For første gongen denne sesongen fekk Førde-herrane kamp til døra, og det enda med poengdeling mot Fyllingen3 i Framohallen i Bergen. Det vart ei deamatisk avslutning på kampen. Etter at Førde leia med to mål ved pause, var Fyllingen3 i føringa det meste av andre omgang.

Med ti minutt igjen leia heimelaget med to mål. Då reduserte første Thomas Niiranen Hamre (på biletet over) til 32-31, før Daniel Kvidahl sette inn to mål, og vi var eitt mål føre. Då fekk Thomas raudt kort, og Fyllingen3 utlikna på straffekast.

Lars Engen Skadal sette inn ny eittmålsleiing 48 sekund før slutt, men heimelaget greidde å utlikne 14 sekund før sluttsignalet.

Dermed ligg vi på andreplass på tabellen med 11 poeng. BSI2 har 12 poeng med ein kamp meir spelt. Og no har Førde att berre heimekampar, så topplassen er absolutt innan rekkevidde.

Måla til Førde: Lars Engen Skadal 10, Daniel Kvidahl 9, Thomas Niiranen Hamre 6, Ole Kristian Gjerstad 5, Ole Jørgen Ravnøy Olsen 2,  Robin Marvik Gjesdal 2.




Handballglede i Askvollhallen

Postet av Førde IL - Handball den 13. Feb 2023

Laurdag 11. februar blei nest siste Intersport 4`ar turnering for sesongen arrangert. Det var 13 motiverte og ivrige jenter frå Førde J7 som møtte opp i Askvollhallen denne regntunge laurdagen. Vi stilte med tre lag, og det blei dermed mykje speletid for alle jentene som var med.

Vi laga mange flotte mål, hadde fleire gode redningar av målvakt og hadde ein veldig fin dag i Askvoll, både sosialt og handballmessig. No gler vi oss til vi skal spele på heimebane i Førdehuset 19. mars, den siste turneringa for sesongen.




Eitt poeng mot Tertnes, veldig nær to

Postet av Førde IL - Handball den 12. Feb 2023

Tertnes-Førde 26-26 (12-12): Med 11 sekund igjen, på stillinga 26-25 til Førde, tok Tertnes timeout, og i det aller siste sekundet greidde tidlegare Førde-spelar Margrethe Mjåtveit å hindre at Førde fekk med seg to poeng frå Bergen. Men det vart iallfall eitt poeng, etter heilhjarta innsats.

Førde kom godt i gang i kampen og leia 4-1 før det hadde gått seks minutt. Så kom Tertnes sterkare og hadde på det meste ei tremålsleiing, før Førde scora tre på rappen og utlikna til 12-12 ved pause.

I andre omgang var Tertnes stort sett i føringa, på det meste 19-16. Men Førde-jentene nekta å gi opp. Kaptein Oda Vindheim (biletet over) gjekk føre og scora mellom anna fire mål frå straffemerket.

Då det stod att tre minutt av kampen, var Førde i leiing etter mål av Emma Gloppestad (biletet over). Tertnes utlikna til 25-25, men igjen var Emma frampå med sitt åttande mål, og det såg ut til å bli vinnarmålet. Veldig surt då Margrethe Mjåtveit øydela festen for tidlegare lagvenninner med sitt mål nummer fire for Tertnes.

Måla til Førde: Oda Vindheim 8 (4 på straffe), Emma Gloppestad 8 (1 på straffe), Kinga Lemiech 3, Benedicte Bergset 2, Alexandra Afloarei 2, Maren Totland Aase 1, Tuva Tefre Kalstad 1, Sara Dyrhol Vatne 1. 

Laurdag spelte Førde mot topplaget Ålgård, som vann 39-23 etter 20-10 ved pause. I den kampen hadde Førde ein bra start og heldt fylgje med serieleiaren i ti minutt. Då stod det 6-6. Derifrå vart Ålgård for sterke, og det enda til slutt med eit 16-målstap. Kinga Lemiech gjorde ein god kamp for Førde og sette inn sju mål. Det same hadde Oda Vindheim, av dei fire på straffe, Benedicte Bergset hadde fire, Maren Totland Aase to, Tuva Tefre Kalstad, Sara Dyrhol Vatne og Thea Sønnesyn eitt kvar.

Emma Gloppestad var ikkje med til Rogaland.

Trenar Øyvind Indrebø har tru på at dette berre er starten på klatring på tabellen.

- Fantastisk innsats av jentene i helga! God øving mot Ålgård laurdag og ein svært god moral og prestasjon av laget i dag. Begge dagar følgde vi kampplanen svært bra. Etter ein god start i dag med 4-1 ledelse, tek dei igjen oss og vi ligg bak det meste av tida, men vi var tru mot opplegget, og stressa ikkje. God og roleg stemning i heile kampen. Det står det stor respekt av!

Der og då er det sjølvsagt surt å tape det eine poenget, men det er viktigare det poenget vi tok. Vi leda for første gang i 2 omg når det var 3 min igjen! Samla sett leverte vi ein svært solid kamp, og stadfestar at vi har svært gode mulegheiter å klatre på tabellen!




Ver med og ta eit tak!

Postet av Førde IL - Handball den 10. Feb 2023

Å vere med på handball gir mykje glede, mange kjekke opplevingar, samhald, kameratskap og lagkjensle. Enkelte spelarar, som Marit Ova Bøyum og Martine Vindheim, har gjort det så godt at dei no spelar på norsk toppnivå. Men for dei fleste er det nok med å vere med på eit lag, av og til vinne, andre gonger tape. Uansett er det kjekt for dei fleste som vel denne idretten.

Men for at dei skal få sjansen til å oppleve alt det handballen kan gi dei, er dei avhengige av at nokon legg til rette for det. Det må pengar til for å leige hall til trening og kampar, til dommarutgifter. Nokon må syte for at det finst trenarar og oppmenn til alle laga, at laga har drakter og alt anna dei treng.

Dette er eit ubetalt arbeid, det å sitte i styret i handballgruppa, å vere med i sportsleg utval, vere oppmann.  Men dei som vel det, får mykje att for den tida dei brukar på tilrettelegginga. Det å  sjå gleda hjå ungane på bana, sjå samhaldet, er god betaling.

Eira Weseth, som vart kåret til Årets eldsjel på Idrettstinget i januar, fortalde at ho fekk beskjed frå faren sin om å seie ja dersom ho vart spurd om å ta eit verv innan idretten. - For du får meir igjen enn det du gir, sa han.

Les meir om dete her: https://www.nrk.no/vestfoldogtelemark/si-ja_-oppfordrer-arets-ildsjel-eira-_73_-1.16248856

No er det snart årsmøte i Førde IL Handball, og det er ledige verv. Så om du får spørsmål om å vere med på laget, så gjer som Eira Weseth: Sei ja!




Samarbeid med fotballgruppa

Postet av Førde IL - Handball den 10. Feb 2023

På styremøtet 7. februar var ei av sakene eit utkast til samarbeidsavtale med fotballgruppa. Målet er å unngå unødvendige konfliktar, og syte for at gutar og jenter som ynskjer det, kan drive med både handball og fotball lengst mogeleg. Styret hadde framlegg til eit lite tillegg i avtalen, vi ynskjer at det skal vere møte mellom gruppene på leiarnivå to gonger i året.

På møtet orienterte leiar i sportsleg utval, Øyvind Fougli Vraalsen, om at det no blir sett i gang eit guteprosjekt, med tanke på å få fleire gutar med frå neste sesong. Han har teke kontakt med Jølster Il om samarbeid, og vil og snakke med Gaular IL.

Øyvind Indrebø fortalde om status for damelaget i 2. divisjon. Sjølv om laget har tapt dei tre kampane etter nyttår, er han meir optimistisk no enn før jul, med tanke på å berge plassen. Vi har fått på plass ein ny spelar, polske Kinga Lemiech, og det er framleis 20 poeng å kjempe om.

Rekneskapen for 2022 er  klar. Den viser eit overskot på vel 165.000 kr. Leiar Rune Øksenberg seier at det har vore jobba godt for å skaffe inntekter og for å halde kostnadene nede. Vi har eit godt grunnlag for drift av handballgruppa framover. Eit godt overskot på Extra Førde Cup  er hovudårsaka til det positive resultatet.

Det vart avgjort at vi skal avvikle årsmøtet den 8. mars klokka 18.00 i Hafstadparken, så sant det er ledig der. Viss ikkje, blir årsmøtet på Scandic Sunnfjord Hotell.




Rett mann på rett plass

Postet av Førde IL - Handball den 6. Feb 2023

Førde IL Handball har slite litt med å stille med nok dommarar, og difor var det viktig å finne ein dommaransvarleg som kunne få orden på dette. Og då var det naturleg å spørje Terje Holvik.

- Eg var ikkje i tvil då eg fekk spørsmålet. Eg har lang erfaring som dommar, eg har både formell og praktisk kunnskap. Eg dømmer kampar rundt om i heile tidlegare Sogn og Fjordane, og eg ser kor stor trong det er for å rekruttere fleire til å dømme kampane, seier Terje.

53-åringen er gløppar, og han representerer framleis moderklubben STIL (Sandane Turn og Idrettslag) når han dømmer, sjølv om han har budd i Førde sidan 1999.

- Eg tok til å spele handball då eg var 12 år, men vi var allsidige og dreiv med fleire idrettsgreiner. Etter kvart vart det mest handball, og eg spelte til eg var 27 år. Men eg starta tidleg med å dømme fotballkampar, alt som 12-åring, saman med Steinar Holvik, som seinare vart fotballdommar på høgt nivå. Handball tok eg til å dømme då eg var 16.

Og der har Terje satsa mykje tid og krefter.

- I 2002 starta eg og Kjetil Hansen på eit utdanningsløp i Handballforbundet, eit veldig tidkrevjande løp. Vi var ti par som starta då, eitt av dei er i dag det beste i landet, dei dømmer m.a. i VM.

- Det meste prellar av

Sjølv har Terje dømt i 1. divisjon. I dag er det stort sett 3. divisjon og aldersbestemt handball det går i. For tida dømmer han mest i lag med Torstein Kvam frå Jotun, snart 73 år og framleis going strong. Og Terje har ikkje tenkt å gi seg med dømming, sjølv om det av og til kan gå ei kule varmt.

- Det meste av kjeft prellar av, sjølv om det til tider kan bli i meste laget. For det meste er det moro å vere dommar, og det er det vi prøver å formidle til dei unge som no har sagt ja til å ta dommarutdanning. Eg ser ingen grunn til å gi meg, det er god gubbetrening og hjernetrening.

Ti på dommarkurs

Det første resultatet av Terje si gjerning som dommaransvarleg er at Førde no har ti unge som har teke til på Dommar 1-kurs. I tillegg har vi veteranen Jan Erik Odden som framleis dømmer kampar. Terje meiner det er ein fordel for unge handballspåelarar å ha dommarerfaring.

- Dei tener på det, både som spelar og dommar. Eg ser at dei som har dømt kampar ofte er i forkant som spelar. Og eg har som mål å få dei til å bli ivrige og ambisiøse. Vi må skape eit dommarmiljø, vi skal treffast og utveksle tips og gode råd.

I tillegg til dei ti på Dommar 1-kurs har vi tre 14-åringar som er barnekampleiarar. Dei er flinke og ivrige, og vil nok gjennomføre Dommar 1-kurs når dei fyller 15 år.

Starta Førde United

Terje er utdanna vernepleiar, har hatt Førde kommune og no Sunnfjord kommune som arbeidsplass og har jobba med psykisk utviklingshemma. Det er litt av bakgrunnen for at han starta Førde United.

- Eg jobba 50 prosent i Handballforbundet og vart kjend med Gullserien. Eg kjende mange som eg visste ville ha glede av å vere med på handball. Det finaste eg har vore med på innan handball var då spelarane på Førde United fekk drakter. Det er stort for dei å gå rundt i kle med klubbeffektar og kjenne på klubbkjensla.

Terje Holvik som lagleiar for Førde United.




Kjempekamp av Andrea, men ikkje poeng

Postet av Førde IL - Handball den 5. Feb 2023

Førde-Sola 2 19-21 (9-9): Andrea Boge Solås stod som ein levande vegg og vart veldig fortent kåra til vår beste spelar i kampen mot Sola 2 i Førdehuset. Ho ville nok mykje heller hatt to poeng, for det var absolutt innan rekkevidde mot eit litt redusert Sola-lag, som dagen før spelte uavgjort mot Tertnes. Gjestene pådrog seg heile åtte utvisningar, men heimelaget var ikkje flinke til å utnytte overtalet.

Oda Vindheim scora på to straffekast, men vi bomma på fire.

 

I det heile var det i angrep det svikta. Forsvarsspelet fungerte godt, og i etablert forsvar tok Andrea det meste som kom. Etter 19 minutt var vi i føringa med 5-3, og til pause stod det 9-9. 

Vi tok leiinga 10-9 i første angrepet i andre omgang, men derifrå var det lite som stemte offensivt. Veldig mange angrep vart sosa bort med tekniske feil og pasningar rett i armane på forsvaret. Det førde til ei rad med kontringar, dei fleste av måla til Sola 2 i andre omgang kom på den måten. Med fem minutt igjen var bortelaget føre med fire mål, og vi greidde berre å knappe inn med to.

Det høyrer med til historia at vi berre sette inn to av dei seks straffekasta vi vart tildelt. Med full effektivitet der hadde poenga blitt i Førde.

Trenar Øyvind Indrebø var nøgd med forsvarsspelet, men var frustrert over at så mange angrep vart øydelagde av feil val og tekniske feil.

Kinga Lemiech debuterte med to mål.

 

Polske Kinga Lemiech fekk sin debut for Førde etter å ha landa på Bringeland laurdag kveld. Med meir samtrening med laget vil ho nok bli ein god tilvekst når det snører seg til mot slutten av sesongen. Mot Sola vart det med to scoringar.

Benedicte Bergste på streken.

 

Av utespelarane var det Benedicte Bergset den som var mest effektiv framover på bana med sine seks spelemål.

Måla til Førde: Benedicte Bergset 6, Oda Vindheim 6 (2 på straffe), Kinga Lemiech 2, Maren Totland Aase 2, Ronja Nordbotten Holsen 1, Sara Dyrhol Vatne 1 og Emma Gloppestad 1. 

I tillegg til innsatsen til Andrea i mål, var det mykje å gle seg over på tribuna. Coop Extra hadde lova gåvekort til den gruppa som heia mest på heimelaget. På biletet under ser du dei som sikra seg det gåvekortet.

J11-jentene fekk springe inn på bana saman med heimespelarane.

 

 




Sparebanken Vest med rekordhøgt kundeutbyte

Postet av Førde IL - Handball den 4. Feb 2023

Generalsponsoren vår, Sparebanken Vest, hadde eit godt år i 2022, og det kjem kundane til gode. I tillegg til å støtte Førde IL Handball og mange andre gode føremål, deler banken overskotet sitt med kundane. Les meir her:




Kom og lag stemning i Førdehuset!

Postet av Førde IL - Handball den 1. Feb 2023

Søndag 5. februar klokka 13 spelar damelaget vårt ein veldig viktig kamp i 2. divisjon. Motstandar er Sola 2, som har vunne 11 av sine 14 kampar denne sesongen. Vi er nest sist og treng sårt poeng. Difor treng vi heilhjarta støtte frå tribunane.

Vi inviterer difor til kjempestemning i Førdehuset. Still eit supporterlag og ver dei som skaper mest stemning på tribuna. Det laget som lagar mest stemning og moro vinn fire gåvekort frå vår sponsor Coop Extra på kr 250 pr stk. Ta med deg vener, foreldre, besteforeldre, tanter, onklar, kollegaer, naboar etc. Gjer som Roger Klakegg og Rune Øksenberg, ta på deg artige effektar og ta med supporterutstyr til kamp!

 Alle som stiller supporterlag kjem gratis inn. Har du ikkje supporterutstyr har vi mange forskjellige hattar (som i VM) og effektar som du kan kjøpe i inngangspartiet før kampen. Elles kan du kle deg ut i det du har i skåpet 👍 Velkomen på kamp og til veldig god stemning for å heie damene våre fram til siger!

Damene lovar å gi alt, og får til litt ekstra når dei får god støtte frå heimepublikum.




Matheus feirar ti mål med god (?) mat

Postet av Førde IL - Handball den 29. Jan 2023

Førde sitt herrelag reiste søndag nedover til Lindås i godt humør. Etter ein ruskete kamp forrige helg var målet for kampen rett og slett å halde fokus gjennom heile kampen. Herrane byrjar kampen litt tregt dei første fem minutta der både forsvarsspelet og angrepsspelet lugga.

Men etter nokre småjusteringar sat det defensivt, og angrepsspelet fekk god flyt. Dette gjorde til at Førde rykte frå og gjekk til pause med ein solid18-6-leiing. I andre omgang klarer herrane å halde fokus, og stengje igjen bakover. Lindås vert slitne, og Førde får mange enkle kontringsmål.

Kampen endar med siger 37-14, og herrane kan reise heim til Førde med to poeng i bagasjen. I dag var det ein kamp der unggutta bidrog på ein særs god måte. Dei gjorde ein god jobb både defensivt og offensivt. Matheus frå G16 noterte seg i dag for 10 scoringar, og viste med det at han held nivået på herrelaget med bravur. 

Tekst: Robin, Trond, Ole og Kristian.

Foto: Lars.




Tap, men årets beste kamp

Postet av Førde IL - Handball den 25. Jan 2023

Randesund-Førde 28-23 (16-15): 2. divisjonsdamene våre spelte jamnt med Randesund i første omgang i Kristiansand onsdag kveld, men i andre omgang greidde heimelaget å opparbeide seg ei leiing som gjorde at det til slutt vart femmålstap. Før pause fylgde laga kvarandre tett, for det meste med Randesund i leiinga, men vi var føre på 10-11 og 12-13.

Andre omgang starta med tre mål frå heimelaget, så eitt på straffe frå Emma Gloppestad, før det kom tre mål til frå Randesund. Dermed stod det 22-16 på måltavla. Då tok Øyvind Indrebø timeout, og Oda Vindheim prikka inn to mål. Resten av kampen var jamn.

Øyvind seier dette om kampen: Vi møtte eit lag på bortebane som berre har tapt tre kampar i år og kom ned frå 1.div. Så det var eit godt lag. I det perspektivet er vi i trenarteamet godt fornøgde med gjennomføringa av kampen. Vi synest samhandlinga i angrep er begynt å sitte, slik at vi skaper meir tryggleik og gjennom det spelar jentene opp kvarandre.

I tillegg var jentene gode i duellspelet/smartnessen bakover, og der også tek samarbeidet til å sitte. Viktigast av alt, vi er svært fornøgde med moralen i laget, og viljen til å jobbe for kvarandre. 

Det er alltid surt å tape. Men vi må sette ting  litt i perspektiv – vi gjorde årets beste kamp.

Emma Gloppestad (biletet) var igjen vår toppscorar med 11 mål, fire av dei på straffekast. Oda Vindheim hadde fire mål, Benedicte Bergset to, S Vatne to, Mari Rusten, Agnete Ørnehaug, Maren Aase, Tuva Tefre Kalstad og Sara Dyrhol Vatne eitt kvar.




J11-Tøff kamp i Hyllestad

Postet av Førde IL - Handball den 24. Jan 2023

Laurdag tok Førde J11 turen til Hyllestadhallen, og der var det spelt ein jamn og tøff kamp. Jentene var i føringa heile kampen, men Hyllestad nekta Førde å stikke av. Det klabba litt for jentene, mykje bom og vi fann ikkje heilt flyten, og kanskje er det Hyllestad som skal ha skryt for dette. 

Det vart mange duellar og fin fight, noko ein skal gi dommaren skryt for at dei fekk lov til. Vi hadde mange avslutningar og mykje bom, mange prøvde, men det var litt stang ut. Uansett skal jentene ha skryt for å stå på og ikkje gi opp, for det er god læring å ikkje alltid få det til. Det vart 13-11 til Førde, i ein spennande kamp.

Tekst: Bernt Ove Berntsen Foto: Monica Berntsen




J14 med slitesiger mot Bjørn

Postet av Førde IL - Handball den 24. Jan 2023


Jenter 14 har hatt god utvikling den siste tida, noko som har sikra god sjølvkjensle før kampen mot Bjørn i Gaupne.  Dette var ein kamp vi burde, og skulle vinne, men ein skal ikkje selje skinnet før Bjørnen er skoten. Det har vi nok ein gong kjent på i dag.

Vi starta bra og fekk raskt ei god leiing med 7-1 etter at fem minutt var spelt. Jentene gjekk i fella som ein ofte går i når ein leiar: dei slappa av og gløymde oppgåvene sine. Dette resulterte i ei lita 12-9 leiing til pause.  

Jentene sitt spel var ikkje til å kjenne att frå dei siste kampane, og i pausa fekk jentene klar melding om å spele handball sånn Kristian veit dei kan.  Noko betring blei det, men etter halvspelt 2.omgang var stillinga  15-15.

Førdejentene innsåg at det kunne gå mot tap og klarte å samle seg så mykje at dei til slutt drog sigeren i land med 20-18. Det er godt at vi kan dra i land ein siger sjølv om vi ikkje kan skryte over godt spel. 

Tekst og foto: Linn Solheim-Sunde




Kjedeleg eittmålstap mot Florø for J13

Postet av Førde IL - Handball den 21. Jan 2023

I dag reiste ein motivert og spent J13-gjeng til Florø for å spele kamp. Sidan Florø ligg på førsteplass på tabellen var jentene ekstra gira på å spele ein god kamp og helst ta seieren. Og det blei ein svært spennande og jamn kamp.

I første omgang følger laga kvarandre tett. Førde sitt spel ber preg av litt nervar og ein del personlege feil, men dette kjem seg utover omgangen. Heimelaget leia 9-7 ved pause. I andre omgang jobbar jentene svært godt i forsvar, og angrepa sit mykje betre. Når det gjenstår tre minutt av kampen er stillinga 16-16.  Dessverre slepp vi inn eit mål i siste minuttet, og kampen enda 17-16 til Florø. Eit kjedeleg tap, men ein god og spennande kamp.


Tekst og foto: Anne Grethe Varpe




Herrelaget utan poengtap

Postet av Førde IL - Handball den 21. Jan 2023

Førde-Skjergard 33-20 (15-11): Førde hadde få problem med å innkassere sin fjerde strake topoengar då botnlaget Skjergard kom på besøk i Førdehuset. På biletet over set Thomas Niiranen Hamre inn eitt av sine tre mål. Skjergard kom til Førde utan innbytarar, og i starten såg dei aldeles hjelpelause ut. Førde gjekk fort opp i 6-0-leiing. 

Men så skjer det som ofte skjer når motstandaren er svak. Heimelaget tok til å gjere enkle feil, samstundes som Skjergard-spelarane fekk litt sjølvtillit. Dermed stod det brått 8-5 på tavla. Inn mot pause greidde ikkje Førde å auke leiinga med meir enn eitt mål, slik at det stod 15-11 ved halvtid.

Andre omgang vart langt betre. Etter 19 minutt var vi 14 mål føre. Men då kom ein ny downperiode, der Skjergard scora tre mål utan at vi kvitterte. Det kom seg att litt mot slutten, slik at sluttresultatet vart 33-20.

Lars Engen Skadal (nr. 6) vart toppscorar mot Skjergard. T.v. Matheus Diaz Boge.

 

Lars Engen Skadal vart toppscorar med 13 mål, av dei to på straffe. Daniel Kvidahl sette inn ti mål, Robin Gjesdal tre, Thomas Niiranen Hamre tre, Kristian Henden to, og Jakob Hoff og Simen Roligheten eitt kvar.

Sjølv om Førde er utan poengtap er det BSI2 som toppar tabellen i 5. divisjon. Dei har 12 poeng på sju kampar, medan vi har åtte på våre fire.

Daniel Kvidahl set inn eitt av sine ti mål.


 Tekst og foto: Kjell Arvid Stølen.




Førde G-16 viste musklar og vann fortent.

Postet av Førde IL - Handball den 21. Jan 2023

  Førde G16 møttest til kampførebuing og felles lunsj før kampen mot Gloppen 2 i kantina til beste banken, Sparebanken Vest! Førdegutane var kamplyste og klare på at dei skulle vise Gloppen 2 kven som er best! Gutane storspelte både framover og ikkje minst i forsvar og vann vel fortent 25-18.

Takk til den flotte Generalsponsoren til Førde IL handball for lån av lokale, det sette gutane stor pris på!

Tekst og foto: Merethe Solheim Klakegg.




Martine og Marit saman i E-cup for Fana

Postet av Førde IL - Handball den 15. Jan 2023

Det har vore ei stor veke for Martine Vindheim. Frå spel i 2. divisjon for Gneist fekk ho onsdag sjansen til å vise seg fram i ein toppseriekamp for Fana mot Sola i Stavanger. Og søndag vart draumeveka toppa med europacupkamp mot danske Ikast i Bergen.

Og den vesle lynvingen frå Førde gjorde seg på ingen måte bort. Etter to mål mot Sola dobla ho til fire mot Ikast, tre av dei i første omgang. Då heldt Fana godt fylgje med det meir meritterte danske laget, stillinga ved pause var 15-15. Men i andre omgang vart motstanden for sterk. Ikast vann til slutt 35-24.

Ein ekstra bonus for Martine var at ho fekk spele på lag med Marit Ova Bøyum igjen. Bakspelaren frå Vassenden har gjort det godt i Fana eit par år no. Mot Ikast vart ho mest brukt som forsvarar.

Les meir om kampen her: 

https://ehfel.eurohandball.com/women/2022-23/matches/details/202312020904015/fana-ikast-handbold/




Martine scora to i toppseriedebut

Postet av Førde IL - Handball den 11. Jan 2023

Martine Vindheim forlet Førde IL Handball i fjor vår etter å ha vore med på å berge plassen i 2. divisjon. I Bergen spelar ho no for Gneist, også det i 2. divisjon. Men Gneist er samarbeidsklubb med toppserielaget Fana, og onsdag den 11. januar fekk Martine sjansen til å vise seg fram på aller høgaste nivå i norsk handball. Ho vart teken ut til seriekampen Sola-Fana, og ho var ikkje verre enn at ho kvitterte med to mål, eitt i kvar omgang.

Rett nok vart det tap, heimelaget Sola vann 32-25, men like fullt sikkert ei stor oppleving å få kjenne på nivået, og igjen vere lagvenninne med Marit Ova Bøyum. Marit kom ikkje på scoringslista i denne kampen, ho vart i store delar av kampen berre brukt som forsvarsspelar.




Emma utteken til regional landslagssamling

Postet av Førde IL - Handball den 11. Jan 2023

Emma Gloppestad vart kåra til vår beste spelar i siste seriekampen mot Hinna. No er gloppejenta teken ut til regional landslagssamling for jenter fødde i 2004 og 2005. Samlinga blir i Laksevåg Idrettshall i Bergen torsdag. Av dei 38 jentene som er innkalla er Emma den einaste som ikkje er frå Bergensområdet.

Eit anna talent, vår eigen Georg Marskar Strønen, er teken ut til bylagssamling for gutar fødde i 2007. Samlinga er i Sotra Arena 14. og 15. januar. I alt 34 gutar er tekne ut, mellom dei tre frå Gloppen, ein frå Florø, ein frå Eid og ein frå Dale.




Vi får sportsleg utval

Postet av Førde IL - Handball den 11. Jan 2023

På styremøtet i Førde Il Handball tysdag 10. januar fortalde sportsleg leiar Øyvind Fougli Vraalsen at han no har fått tromma saman eit sportsleg utval med ti medlemmer. Der er gute- og jentespelarar, trenarar, oppmenn, dommarar og foreldre representerte. Planen er at dei skal møtast ein gong i månaden. Planen er at det også skal etablerast eit trenarforum og eit spelarforum.

På styremøtet kunne elles nestleiar Merethe Solheim Klakegg fortelje at arbeidet med Extra Førde Cup 2023 er godt i gang. Ein arrangementskomite med mange gode krefter skal ha sitt første møte onsdag 11. januar.

Ho minner elles om at det snart er årsmøte, og då må alle lag sende inn ein liten rapport til årsmeldinga om det som har skjedd i 2022.




Kan søke om økonomisk støtte for dei yngste

Postet av Førde IL - Handball den 11. Jan 2023

Hugs fristen 13.01: Det er no mogeleg å søkje om støtte til å få dekt lisensen for 13-åringane.

Les meir her:

https://www.handball.no/nyheter/2022/12/kan-soke-om-okonomisk-stotte-for-de-yngste/




Avtalen med Coop er forlenga

Postet av Førde IL - Handball den 9. Jan 2023

Leiar Rune Øksenberg i Førde IL Handball og butikksjef Ørjan Alme i Coop Extra smiler breitt etter at sponsoravtalen mellom Coop Nordvest og Førde Il Handball vart forlenga. Avtalen gjeld i to år framover, og Rune seier at det er ein viktig kontrakt for oss. 

- Coop Nordvest er ein mangeårig samarbeidspartner med lokal forankring, og som har bedrifter innan daglegvarer, byggevarer, gullsmed, kle og Bakar Jon. I desember vart Coop Extra lågprisvinnar. Det er ein viktig bidragsytar som kjenner klubben godt.

Samarbeidet er gjensidig, i samband med Extra Førde Cup handla Førde Il Handball mykje av matvarene pluss andre varer på Coop Extra. Rune oppmodar medlemmene i handballgruppa om å bruke tenestene til Coop så mykje som råd.





Førde 2 med sterk bortesiger

Postet av Førde IL - Handball den 9. Jan 2023

Syril-Førde 2 26-28 (17-15): På bortebane mot eitt av dei bete laga i 4. divisjon viste jentene på Førde 2 ein vinnarmoral som det står respekt av. Syril hadde før denne kampen tapt berre to av ni oppgjer. Trenar Ole Kristian Gjerstad seier at dei visste at dei kunne hamle opp med Syril etter eit tidvisst jamt oppgjer sist, der Syril til slutt vann 30-23. 

- Det blei ein jamnspilt kamp der vi slit mykje bakover i første omgang, vi klarer ikkje komme oss i rett posisjon før Syril set trykk, og vårt offensive forsvar fører til at Syril kjem til mange enkle gjennombrot. Heimelaget leia 17-15 til pause. 

- Vi gjer nokre omstillingar inn i neste omgang og har hovudsakleg fokus på jobben som må gjerast bakover. Vi klarer etter kvart å overta leiinga, men kampen er tett heile vegen inn. Det var ein kamp som bølga veldig i prestasjonane, både enkeltspelarar og det kollektive spelet var tidvis veldig godt, men vi har og for mange feil i begge endar av bana. 

Men vi er kjempefornøgde med at vi denne gongen klarde å halde heilt inn og fekk med oss to sterke poeng heim til Førde. Laget fortset å ta steg, kamp for kamp, så er det ekstra gøy å sjå korleis våre yngste jenter taklar seniorhandball. Dei går i krigen, kjempar i forsvar og tek ansvar framover. Miksen av ungjentene og ein herleg gjeng av meir rutinerte spelarar gjer at Førde K4 er ein trygg og god utviklingsarena som det blir spennende å følgje videre. 

Tuva Tefre Kalstad vart vår toppscorar med ti mål, Guro Bruland Gurvin sette inn seks mål.




Øyvind: Spelemessig framgang!

Postet av Førde IL - Handball den 8. Jan 2023

Førde-Hinna 20-23 (10-14): Det vart eit tremålstap i første kampen i 2023. Vi var fire mål bak ved pause, men ei god avslutning av kampen gjorde at Førde vann andre omgang med eitt mål.

Emma Gloppestad vart vår toppscorer med sju mål, to av dei på straffe. Oda Vindheim hadde fire, Benedicte Bergset fire (eitt på straffe) Tuva Tefre Karlstad eitt og Alexandra Afloarei eitt mål. Emma Gloppestad vart kåra til vår beste spelar.                        

Trenar Øyvind Indrebø:Alltid surt å tape. Men spelemessig framgang.  Vi er gode i forsvar etter at vi la om frå 5:1 til 6:0. Spelte oss til fleire sjansar framme enn tidlegare. Det som var synd var at vi ikkje utnytta godt nok å kontre pga godt forsvar. Når vi gjorde det, tok vi raskt innpå. Mellom anna låg vi bak 16-18! Fornøgd også med moralen i laget!


Foto: Randi Bekken