Reglar i turnhallen
Postet av Førde IL - Turn den 23. aug 2026
Reglar i turnhallen
Tryggleik, respekt og turnglede for alle
For at Førde IL Turn skal vere ein trygg, inkluderande og positiv arena for alle, er vi avhengige av at både turnarar, føresette og instruktørar bidreg til å følgje reglane i turnhallen.
Reglane våre er ikkje laga for å vere strenge eller vanskelege, men for å skape eit miljø der alle kan utvikle seg, oppleve meistring og ha det kjekt på trening.
Når alle følgjer dei same reglane, blir det enklare å ta vare på tryggleiken, vise respekt for kvarandre og få mest mogleg ut av treningane.
Kvifor er reglane viktige?
🤸 Tryggleik - Turn involverer apparat og øvingar som krev konsentrasjon og gode rutinar. Reglane er med på å redusere risiko for skadar og uønskte hendingar.
🤝 Respekt - Vi ønskjer eit miljø der alle kjenner seg inkluderte og verdsette. Difor tolererer vi ikkje mobbing, stygge kommentarar eller ekskludering.
🎯 Best mogleg trening - Når turnarane lyttar til instruktørane, møter presis og ventar på tur, får alle best mogleg utbytte av treningane.
💜 Fellesskap - Vi er éin klubb og eitt lag. Vi tek vare på kvarandre, hallen vår og utstyret vi nyttar.
Reglar i turnhallen
- Vis respekt for kvarandre. Ingen mobbing eller stygge kommentarar.
- Følg beskjedar frå trenarane.
- Møt presis og ver påkledd med tettsitjande klede.
- Vent på tur - ikkje snik i køa.
- Apparat skal ikkje brukast utan løyve frå instruktørane.
- Følg med når trenarane forklarer.
- Mat og drikke skal opphalde seg i garderoben.
- Langt hår skal vere sett opp med hårstrikk.
- Mobiltelefonar skal liggje i garderoben, og filming eller fotografering er ikkje tillate utan avtale.
- Rydd etter deg og ta vare på utstyret.
- Foreldre og søsken oppheld seg i sofaområdet ved inngangen. Opphald i hallen skjer berre etter avtale med trenarane.
- Svar i Spond om du kjem på trening eller ikkje.
Saman skapar vi eit godt treningsmiljø
Vi ønskjer at alle som kjem til Dragehallen skal oppleve turnglede, meistring og fellesskap. Då er det viktig at både små og store bidreg til å følgje reglane våre.
Takk for at de hjelper oss med å skape eit trygt, positivt og utviklande miljø for alle turnarane i Førde IL Turn.
💜 Turnglede • Meistring • Fellesskap 💜 🤸♀️🤸♂️

Velkomen til Førde IL Turn - Viktig informasjon!
Postet av Førde IL - Turn den 23. aug 2026
Dei komande vekene vil vi arbeide med å oppdatere og vidareutvikle heimesida til Førde IL Turn. Målet er å gjere det enklare for både foreldre, føresette og turnarar å finne informasjonen dei treng gjennom sesongen.
Viktig: Last ned Spond og bli med i rett gruppe
Spond er den viktigaste informasjonskanalen vår i det daglege. Her deler instruktørar oppmenn og styret informasjon om:
- Treningar
- På- og avmelding
- Arrangement
- Aktivitetsdagar
- Gymfestar
- Viktige beskjedar gjennom sesongen
- Dugnad
Det er svært viktig at alle foreldre og føresette lastar ned Spond-appen og melder seg inn i rett gruppe.
Vi oppmodar også alle om å:
- Aktivere varslingar i Spond
- Svare på invitasjonar og aktivitetar
- Registrere fråvær dersom turnaren ikkje kjem på trening
- Er du oppmann? Må du melde deg inn i gruppa som medlem, for å kunne administrere og dele informasjon i gruppene.
Dette gjer det enklare for instruktørane å planleggje og skape ei best mogleg treningsoppleving for alle.
Hugs også Min Idrett
Alle aktive turnarar må vere registrerte i Min Idrett. Dette er nødvendig for medlemskap, forsikring og deltaking i aktivitetar gjennom Norges Idrettsforbund.
Dersom du ikkje har registrert barnet ditt i Min Idrett, ber vi om at dette blir gjort så snart som mogleg.
Om barnet ditt ikkje er meldt inn etter 2 purringar står barnet i fare for å miste plassen sin!
Lenke til påmelding:
- Hvordan opprette bruker med Idrettens ID? (idrettsforbundet.no)
- Legg til barn (idrettsforbundet.no)
Praktisk informasjon
Treningsklede
For å få best mogleg utbytte av treningane anbefaler vi at turnarane møter i turndrakt og tights. Det er også fullt mogleg å nytte tettsittande overdel saman med shorts eller tights.
Vi turnar helst barbeint, då dette gir betre grep og kontroll under trening.
Turnarar med langt hår må setje håret opp før trening, gjerne i flette eller knute.
Vi har eit avgrensa lager av turndrakter som kan kjøpast ved å kontakte styret eller sende e-post til fordeturn@gmail.com. Det vert også gjennomført felles bestillingar av klubbklede med jamne mellomrom.
Oppmøte
Alle treningar går føre seg i Dragehallen, Sanderplassen 14, 6800 Førde.
Turnhallen ligg på baksida av Naustdal Dampbakeri og er eit naturleg samlingspunkt for turnaktiviteten vår gjennom heile året.
Treng du hjelp?
Dersom du ikkje finn informasjonen du leitar etter, eller treng hjelp med Spond eller Min Idrett, er du velkomen til å ta kontakt med oss.
📧 fordeturn@gmail.com
Turnglede • Meistring • Fellesskap 💜🤸♀️🤸♂️💜
Invitasjon til treningssamling i apparatturn 16.-18.august
Postet av Førde IL - Turn den 5. jul 2024
Førde IL Turn har gleden av å invitere til Treningssamling i apparatturn
Tid: 16.-18. august 2024
Sted: Dragehallen, Sanderplassen 14c, Førde
Alder: 9 år (2015) og eldre
Tema: Varme opp til ny sesong
Målgruppe: Barn og ungdommer som går på turn fra før, både konkurranseturnere og breddeturnere, som har lyst å prøve apparatturn. Det blir en spennende, gøy og utfordrende helg sammen med andre turnere.
Turnere som trener ved andre lag bør helst stille med egen trener, ta kontakt dersom ikke.
Foreløpig program:
Fredag kl 16: 3 timer trening. Pizza og bowling på kvelden
Lørdag kl 10: 2 x 3 timer treninger. Bading og bueskyting på ettermiddag/kveld
Søndag kl 10: 3 timer trening. Helgen avsluttes med lunsj
Påmelding: fakturafordeturn@gmail.com
I påmeldingen må du legge med navn, alder, klubb, navn og telefonnummer til foresatte og evt. matallergier og liknende. Gi beskjed hvis du ikke ønsker å være med på det sosiale etter trening.
Påmeldingsfrist: 10.august
Startkontigent: kr 500 per gymnast som også dekker lunsj alle dager, middag og sosial aktivitet fredag og lunsj søndag.
Betales til Vipps 108003. Merk betaling med «Treningssamling navn».
Turnveke i vinterferien 2023
Postet av Førde IL - Turn den 20. jan 2023
Førde IL Turn har gleden av å invitere til Vinterferie-Turn i veke 8, frå 1.-7.klasse.
Mandag tom. torsdag frå kl 09:30 - 14:30. Det vert to økter turn kvar dag og ca. ein time matpause.
Vi er no lokalisert i Dragehallen på Kronborg. Adresse: Sanderplassen 14. Inngang C.
Våre instruktører gler seg til å ta imot turnglade born og unge.
Tilbodet er både for eksisterande turnarar og dei som ikkje har turna tidlegare .
Vi har ca. 70 plassar ledige i veke 8.
Pris pr deltakar er kr 1000. Ein betalar inn til konto 3700 07 08 500, etter ein har fått bekrefta plass.
Merk: V8 Barnets namn
Td: V8 Ola Normann
Ta kontakt på epost: pameldingfordeturn@gmail.com eller Gro Anita Solheim på tlf 92 88 50 73 ved spørsmål.
Litt info:
Møt i turndrakt eller tettsittande treningskle
Ta med lunsj mat, drikkeflaske og evt. noko frukt.
Hugs å merke kle og drikkeflasker.
Vi må ha beskjed fra foreldre om barna skal sendast heim sjølve.
Meir informasjon vert sendt ut på mail i nokre dagar før oppstart .
Meld på i Skjemaet under
Treningssamling 28. og 29. januar!
Postet av Førde IL - Turn den 16. jan 2023
Laurdag 28.01 vert det samling for 5.-7. klasse, frå 10.00 - 16.00.
Søndag 29.01. vert det samling for 1.-4. klasse, frå 10.00-15.00.
Registrering startar 09.30 begge dagane.
Det vert to økter turn og ca. en times matpause midt på dagen.Vi er lokalisert i Dragehallen på Kronborg. Adresse: Sanderplassen 14. Inngang C.
Påmeldingskjema til treningssamling finn du her.