Ope lagsmeisterskap torsdag 26. mars

Postet av Førde IL - Skiskyting den 23. mar 2026

Førde IL Skiskyting inviterar til ope lagsmeisterskap i skiskyting. Sjå innbyding,




Årsmelding for 2025

Postet av Førde IL - Skiskyting den 3. mar 2026



Årsmelding for 2025 ligg her: 




Då er første krinsrenn arrangert!

Postet av Førde IL - Skiskyting den 2. mar 2026

Vi hadde ein fantastisk dag på Langeland sundag 1. mars og arrangerte vårt første krinsrenn i sksiskyting sidan 2004 i Haukedalen. Sist vi arrangerte krinsrenn på Langeland meinar eg var i 1985! 

Våre utøvarar presterte utruleg bra og hevda seg godt, så det syner at trenar Robert sine formaningar har virka.  :-)

Resultat finn ein på EQ timing https://live.eqtiming.com/81391#result og omtale finn ein på Firda https://www.firda.no/dette-har-ikkje-skjedd-sidan-80-talet-veldig-etterlengta/s/5-15-2023592

Ynskjer å takke alle som stilte opp på dugnad og hjalp oss med å få til dette. Sjølv om dette var nytt for alle, så klarte vi å gjennomføre eit prikkfritt arrangement under fantastiske forhold.




Minner om årsmøte for 2025

Postet av Førde IL - Skiskyting den 19. feb 2026


Førde IL Skiskyting kallar inn til årsmøte onsdag 25. februar kl. 19:00

Møtestad: FIL huset, Hafstadparken

Vanlege årsmøtesaker med m.a.:

- årsmelding og rekneskap for 2025

- budsjett for 2025

- val av medlemmer til styre

- ev. andre innkomne saker

Alle som har lyst å kome er velkomne, sjølv om det berre er dei som er medlem av gruppa som har stemmerett. 

 

Førde I.L. Skiskyting

Helsing styret




Krinsrenn Skiskyting flytta til Sundag 1. mars på Langeland

Postet av Førde IL - Skiskyting den 19. feb 2026

OBS! Rennet er flytta til Sundag 1. mars.