Det blir Kalsetrenn likevel!
Postet av Førde IL - Langrenn den 23. Feb 2017
Med bakgrunn i endra snøforhold det siste døgnet er det beslutta at Førde IL langrenn vil arrangere eit alternativt Kalsetrenn i lysløpenettet på Langeland. Rennet skal gå på terminfesta dato, førstkommande søndag 26. februar frå kl. 12. Rennet vil straks bli opna for påmelding.
NB! dette gjeld konkurranseklassen.
Det er framleis ikkje tilstrekkleg snø til at rennet skal kunne arrangerast som ordinært i langløypene.
Når/dersom ein får tilstrekkelege snøforhold i langløypene vil ein sette opp eit arrangement for turklassen.
Klasseoversikt/løypelengder:
Junior/Senior: 4 rundar i 5 km-sløyfa: løypelengde: 20 km Start kl. 13:05
Klasse 15-16 år: 2 rundar i 5 km-sløyfa: løypelengde: 10 km Start kl. 13:00
Klasse 13-14 år: 1 runde i 5 km-sløyfa: løypelengde: 5 km Start kl. 12:00
Klasse 11-12 år 1 runde i 3 km-sløyfa: løypelengde: 3 km Start kl. 12:05
Klasse 10 år og y. 1 runde i 2 km-sløyfa: løypelengde: 2 km Start kl. 12:10
Vi beklager sein informasjon og dette, men det var umogleg å ta ein slik beslutning før i dag. No håpar vi at mange har lyst til å gå skirenn på søndag, og at alle hjelper til å spreie ordet, sidan vi ikkje har fått tid til noko meir omfattande annonsering!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.