Informasjon om trening i haust
Postet av Førde IL - Langrenn den 6. Okt 2017
Informasjon om treningar framover hausten - for Førde IL langrenn:
Treningar frå veke 42 og fram til nyttår.
Trening på torsdagar, oppstart etter haustferien, dvs. frå torsdag 19.oktober.
1 og 2 klasse:
Ute ved Førdehuset torsdagar kl 18-19. Oppmøte ved muren framfor symjehallen. Kristin Burø og Ann T Kusslid er koordinator. Gruppa blir truleg delt i to.
3 og 4 klasse:
Ute ved Førdehuset torsdagar kl 18-19.Oppmøte på kunstgrasbana ved fotballmålet nærmast Førdehuset. Ola Sølvberg og Liv Jorunn Kleiven er koordinator. Gruppa blir truleg delt i to.
5 og 6 klasse:
Ute ved Førdehuset torsdagar kl 18-19. Oppmøte ved speakerbua på Førde stadion.
Koordinator Øyvind Helle og Yngve Thorsen.
7 klasse og eldre:
Ute/inne ved Sunde skule torsdagar kl 18-20.30. Eivind Skaar og Daniel Tormodset er koordinator.
Gruppa vil bli truleg delt i to, dette vil avheng noko av oppmøtet/deltakinga.
Oppmoding: alle blir oppmoda om å nytte refleksvest i samband med treningane.
Etter nyttår vil treningane føregå på Langeland og ski, så framt forholda tillet dette.
Påmelding: påmelding skjer via påmeldingsskjema på nettsida.
Treningsavgift for sesong 2017-18 vil bli tilsendt via Min Idrett ila. oktober månad. Som dei siste åra vil det også vere mogleg å bestille årskort parkering til Langeland til klubbpris, dvs. kr 500,- (ordinær pris er kr 750,-). Dette gjeld ved bestilling innen 30.11.17.
Vel møtt til våre aktive – og til nye som ynskjer å delta på langrennstrening
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.