Kjekke handballopplevingar for J11
Postet av Førde IL - Handball den 21. Nov 2021
J11 hadde kampdag i Gaularhallen søndag 21. november.
Det er mange handballspelarar J11 i Sunnfjord og Ytre Sogn. Førde og Florø har fleire lag i denne årsklassen. Jølster, Hyllestad, Gaular, Dale og Eikefjord stiller med eitt lag kvar. Særskilt imponerande er det kanskje med Høyang som stiller to gode lag i denne årsklassen. Kanskje ein konsekvens av fleire hallar i regionen? Det lovar uansett godt for rekrutteringa framover.
Førdejentene har takla overgang til større bane og meir fysisk handball. Eit jamnt lag der mange teiknar seg på scoringslista og legg ned stor innsats i både angrep og forsvar. Nokre referansespelarar som går føre som gode eksempel både i kamp og trening og får med seg dei andre spelarane. Fleire har potensiale til å gjere det bra i handballen.
Trenarane Monika Litsheim og Harald Pilskog Stein har ein stor del av æra for dette. Dei siste åra har dei trent to gonger i veka fram til skuleslutt i juni med oppstart igjen rett etter ferien i august. Kjekke og varierte treningar med godt humør. Samhald og inkludering står sentralt, men dei set også krav til innsats frå jentene. Dette har dei respondert bra på. Det er no nesten 20 jenter i dette kullet i klubben.
Begge Førde-laga vann sine kampar I Gaularhallen denne helga. Laurdag sprang dei inn med A-laget til deira kamp mot Fyllingen.
Trenarane Monika Litsheim og Harald Pilskog Stein.
Tekst og foto: Halvard Seljesæter.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.