Zeekit ÅM 2023

Postet av Førde IL - Symjing den 29. Mai 2023

Nye LÅMØ/ÅM klubbrekordar av symjarane våre på ÅM i Bærum og mange nye personlege rekordar. 

Dei fire symjarane (på bildet fv) Even Bjørkhaug (09) Mathias Holme (08) Armandas Belaglovis (09) og William Wergeland (07) var alle kvalifisert til det store Årsklassemesterskapet i Bærum. Stemnet er for dei beste 13-16 åringane i landet. Totalt har dei forbedra seg på 17av 20 starter.

Armandas satte ny bestetid på 200 rygg symd av ein symjar fra Sogn og Fjordane gjennom alle tider i 14 års klassen på LÅMØ/ÅM. Han fekk tida 2:20:39. Han forbedra sin egen pers med ca 4 sekunder på denne øvelsen og fekk ein sterk sjetteplass på 200 rygg. Armandas forbedra dei personlege rekordar på alle øvelsane sine. Armandas enda tilslutt på ein flott 15 plass samanlagt med 1833 poeng.

Even forbedra seg på alle øvelsane denne helga, og han fekk ein meget sterk niande plass samanlagt med 1925 poeng. Even fekk tre plasseringar på topp 10, med beste plassering på ein åttande plass på 400 fri med tida 4:35:46. Han fekk niande plass på 200 medley med tida 2:28:09 og tiandeplass på 200 rygg med tida 2:27:48

Mathias forbedra sin eigen LÅMØ/ÅM klubbrekord i 15 års klassen på 100 butterfly med tida 1:02:32. Han tok også ny LÅMØ/ÅM klubbrekord på 200 rygg med tida 2:23:79. Mathias fekk fire topp 10 plasseringar, derav ein femteplass som beste plassering på 200 medley med tida 2:19:21. Han fekk sjuande plass på 100 butterfly og på 400 fri med tida 4:23:09. På denne øvelse, så gjekk han på ein sjeldan sprekk siste. Halvegs låg han meget godt an til ein sterk tid, men fekk det tungt på slutten. 200. På 200 bryst fekk han ein niande plass med tida 2:41:88. Mathias forbedrar seg på tre øvelsar, og endar på ein meget sterk sjuande plass samanlagt med 2267 poeng. 

William har hatt ein meget godt ÅM. Han kvalifiserte seg til NM-Ungdom på 400 fri med tida 4:22:35. Tida var ein sterk forbedring fra sist, med ca fem sekunder. William har forbedra seg på 4 av fem øvelser, og endar tilslutt på ein flott 24 plass sammenlagt med 2224 poeng.

No ventar Førdesprinten, Heia Open og AdO cup, før symjarane tek ferie. 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.