Klar siger på heimebane
Postet av Førde IL - Handball den 7. Okt 2023
D2 Førde-Glassverket 2: 30-17 (14-10): Så kom poenga også på heimebane, men ikkje utan malurt i begeret. Før det var spelt to minutt kom Martine Vindheim i ekspressfart på ei kontring og sette inn 2-0. Men ho landa forkjært, og det vart fort klar at ho hadde fått ein alvorleg kneskade. Kampen vart stansa i 20 minutt før ho vart trilla ut av ambulansepersonell. Trenar Øyvind Indrebø seier at det er ein korsbandskade, og det betyr at Martine er ute av spel resten av sesongen. Frå før er Benedicte Frøyen Bergset ute med korsbandskade. Oda Vindheim var sett ut av sjukdom, og dermed vart det meir ansvar på dei andre spelarane.
Og dei tok ansvaret. Etter ein første omgang der spelarane var prega av skaden til Martine, gjekk det mykje betre etter pause. Og den spelaren som gjekk føre i kampen, var igjen Kinga Lemiech, som heilt fortent vart kåra til vår beste. Ho var som ein tiger i forsvar.
- Eg meiner ho burde ha blitt meir honorert av dommarane for forsvarsspelet sitt, seier Øyvind. Det vart dømt frikast til Glassverket i dei fleste tilfellla der Kinga kjempa til seg ballen.
I tillegg scora ho viktige mål som bidrog til ein trygg topoengar.
Ei anna som Øyvind vil trekke fram er Annette Kaalstad.
- Ho har hatt litt høge skuldrar i dei første kampane, ho har høge forventningar til seg sjølv. Men i dag fekk ho vist kva som bur i ho.
Måla til Førde: Annette Kaalstad 6, Estelle Ahlquist Lundh 6 (2 på straffe), Kinga Lemiech 5, Alexandra Afloarei 5, Marie Erichsen Myklebust 3, Vilde Sande-Neset 2, Amalie Ness 2, Martine Vindheim 1.
Etter fire kampar har vi seks poeng, det same som Hokksund og Gneist i toppen av tabellen.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.