Poenga sikra i første omgang

Postet av Førde IL - Handball den 11. Jan 2024

 Førde-Follo 2: 32-23 (19-5): Førde utklassa Follo etter alle kunstens reglar i den første halvtimen av 2. divisjonskampen i Førdehuset. Det stod 19-5 ved pause. 

- Første omgang var heilt suveren, seier trenar Øyvind Indrebø.

Andre omgang vart heilt annleis, bortelaget vann faktisk den 18-13. Dei scora seks mål mot slutten av kampen utan ei einaste Førde-kvittering. 

-Det er normalt at andre omgang blir jamnare etter ei slik overkøyring i første, seier Øyvind. Heilt på tampen hadde vi nye konsellasjonar, alle fekk spele. Guro Bruland Gurvin scora sitt første mål på dette nivået.

Men det var aldri fare på ferde, poenga vart att i Førde, og det er det som tel. Vi har no 16 poeng og ligg på fjerdeplass. 

Måla til Førde: Estelle Ahlquist Lundh 9 (3 på straffe), Annette Kaalstad 5 (1 på straffe), Oda Vindheim 4, Alexandra Afloarei 4, Kinga Lemiech 4, Amalie Ness 3, GuroBruland Gurvin 1, Andrea Boge Solås 1, Vilje Sande-Neset 1.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.